Eg viser til brev av 26. mai d.å. frå arbeids-
og sosialkomiteen vedlagt representantforslag 73 S (2013-2014) frå
stortingsrepresentantane Fredric Holen Bjørdal, Dag Terje Andersen, Anette
Trettebergstuen og Lise Christoffersen om strategi for betre arbeidsmoglegheiter
for menneske med nedsett arbeidsevne. Komiteen ber om mi vurdering
av forslaget.
Sjølv om vi har høg sysselsetjing og låg arbeidsløyse,
er det ei særleg utfordring at mange i yrkesaktiv alder står utanfor
arbeidslivet og tek imot offentlege ytingar. Dette forsterkast av
at ein stadig mindre del av befolkninga er i yrkesaktiv alder. Mange
har nedsett arbeidsevne. Ei viktig oppgåve framover er å medverke
til at fleire personar med nedsett funksjonsevne eller helseproblem
får ta i bruk si arbeidsevne. Så langt har vi ikkje lykkast godt
nok med å hjelpe dei over i arbeid. Betre inkludering av utsette grupper
i arbeidslivet er eit av hovudmåla for denne regjeringa.
I representantforslaget vert det presentert
ei rekkje forslag som ledd i ein strategi for å betre moglegheitene
til arbeid for menneske med nedsett arbeidsevne. Representantforslaget
byggjer på drøftingar i Meld. St. 46 (2012-2013) Flere
i arbeid som regjeringa Stoltenberg II la fram 9. august 2013.
Meldinga vart overbrakt det nye Stortinget.
Fleire av forslaga som vart drøfta i meldinga krevde
meir utgreiing, og var etter mi vurdering ikkje konkrete nok. Eg
trakk difor Meld. St. 46 (2012-2013) Flere
i arbeid tilbake hausten 2013. Eg varsla då at regjeringa
ville kome tilbake til Stortinget med eigne vurderingar og forslag
i ei ny melding.
I den nye meldinga vil det vere ein brei gjennomgang
av arbeidsmarknadspolitiske strategiar og tiltak for å medverke
til at fleire kan delta i arbeidslivet, og hindre at arbeidstakarar
fell heilt ut av arbeidslivet. Vi legg i meldinga opp til å sjå nærmare
på kva for verkemiddel som kan få fleire med nedsett arbeidsevne
eller funksjonsevne i arbeid. Fleire av forslaga som er nemnde i
representantforslaget, vil vere aktuelle å drøfte i den nye meldinga.
Særleg vil eg leggje vekt på å forbetre og utvikle verkemiddel som
legg betre til rette for bruk av ordinært arbeidsliv som kvalifiseringsarena,
til dømes gjennom auka bruk av lønstilskott.
Eg vil i den nye meldinga og sjå på korleis
arbeidslivet skal innrettast for å gjere det enklare å kome inn
i arbeidslivet. Vi ønskjer ein trygg, men fleksibel arbeidslivspolitikk.
Regjeringa ser på arbeidsmiljølova for å tilpasse ho til eit meir moderne
samfunn. Det tyder mellom anna å gje større rom for mellombelse
tilsetjingar.
Gradering av sjukefråvær kan for mange sjukmeldte
vere eit viktig grep for å sikre tilknyting til arbeidsplassen.
Departementet følgjer difor med på utviklinga i bruken av gradert
sjukmelding, både gjennom styringa av Arbeids- og velferdsetaten
og gjennom publisering av statistikk og aktuell forsking. I den
nye IA-avtalen er Regjeringa og partane i arbeidslivet samde om
at det framleis er ynskjeleg å legge til rette for økt bruk av graderte
sjukmeldingar. Regjeringa la 23. mai fram ein lovproposisjon med
forslag til forenkling av regelverket for oppfølging av sjukmeldte
arbeidstakarar. Lovproposisjonen tydeleggjer blant anna at Arbeids-
og velferdsetaten skal kunne ha ei meir aktiv rolle tidlegare i
sjukefråværsperioden. Forslaga om forenkling og mindre byråkrati
i oppfølginga av sjukmeldte arbeidstakarar inneber at det vil bli
frigjort ressursar både på arbeidsplassane og i Arbeids- og velferdsetaten.
Dette gir grunnlag for ein tidlegare, konstruktiv dialog om relevante
sjukefråværstiltak.
Arbeids- og velferdsetaten har hovudansvaret for
oppfølginga av sjukmeldte utan eit arbeidsforhold, og desse skal
som hovudregel følgjast opp som andre brukarar utan arbeid. Arbeids-
og velferdsdirektoratet skal rapportere på denne oppfølginga. Rapporteringa
viser at det framleis er for få av dei sjukmeldte utan arbeidsgjevar
som vert følgde opp innan gitte fristar. Eg vil følgje den vidare
utviklinga, og sette i verk fleire tiltak viss det viser seg nødvendig.
Fleirtalet av dei som har nedsett arbeidsevne
er mottakarar av arbeidsavklaringspengar (AAP). Den kommande stortingsmeldinga
om arbeid vil blant anna gå gjennom ulike sider ved ordninga og
den oppfølginga som AAP-mottakarane får frå Arbeids- og velferdsetaten.
Samtidig vil eg presisere at arbeidsavklaringspengar er ei relativt
ny ordning, og det er førebels lite kunnskap om dei meir langsiktige
effektane av ordninga. For å sjå om ordninga fungerer etter hensikta,
er det naudsynt å sjå heile perioden på AAP i samanheng. Oppfølgingsintensiteten,
samt resultata i form av overgang til arbeid eller uførepensjon
i perioden 2010–2013, kan ha vore prega av at ingen nådde maksimal
stønadsperiode på arbeidsavklaringspengar før 1. mars 2014.
AAP-ordninga har no eksistert i fire år, og
det er difor på tide å evaluere ordninga. Mellom anna er Sintef
i gang med eit større prosjekt som skal gi meir kunnskap om korleis
ordninga fungerer i praksis. Eg meiner det er viktig å ha eit godt kunnskapsgrunnlag
før vi eventuelt foreslår større regelendringar på AAP-området.
Den kommande stortingsmeldinga om arbeid vil diskutere viktige problemstillingar
og skissere det vidare arbeidet med å vurdere ordninga.
Meld. St. 46 (2012-2013) Flere
i arbeid drøfta mellom anna utfordringane med unge menneske som
står i fare for å falle utanfor arbeid og utdaning. Eg deler uroa
for at unge menneske fell varig utanfor utdanning og arbeidsliv.
Samfunnet går glipp av verdfull arbeidskraft og mange unge menneske
får ikkje brukt sine evner og ressursar i arbeidslivet, og kan difor
heller ikkje forsørgje seg sjølve. Unge som mistar tilknyting til
arbeid og utdanning, står og i fare for å miste tilknyting til viktige
sosiale nettverk. Meldinga foreslo blant anna ei utviding av målgruppa
for garantiordninga for unge med nedsett arbeidsevne. Dette følgde
regjeringa opp i statsbudsjettet for 2014. Eg vil fortsette arbeidet
med garantiordningane for unge med sikte på å få til god måloppnåing.
Garantiordningane for unge er likevel berre
ein del av det arbeidet NAV-kontora gjer for å få unge i arbeid
eller utdaning. Det er breidda av tiltak og verkemiddel som er viktig
for å lykkast i oppfølginga av unge, saman med målretta og godt
samarbeid med andre aktørar. Vi har difor vidareført Jobbstrategien
for personar med nedsett funksjonsevne i 2014. Her vert det særleg satsa
på unge under 30 år for å få fleire unge i jobb.
Mange av dei som registrerer seg som arbeidslause
hos Arbeids- og velferdsetaten, har ikkje fullført vidaregåande
opplæring. Etterspørselen etter ufaglærte på arbeidsmarknaden vert
over tid svakare. Har ein svake kunnskapar og ferdigheiter, er ein
og meir sårbar ved omstillingar i arbeidslivet. Regjeringa vil derfor
utvikle ein ny og heilskaplig politikk for personar som har svake
grunnleggjande ferdigheiter. Kunnskapsdepartementet, Barne-, likestillings-
og inkluderingsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet
arbeider no saman om ei melding til Stortinget. I denne meldinga
vil vi og vere opptekne av situasjonen for utsette unge, og tiltak
og strategiar for personar utan fullført vidaregåande opplæring.
Det er særleg viktig at unge kjem raskt ut av NAV-kontoret
og inn i eit aktivt tilvære. Arbeids- og sosialdepartementet har
nå sendt på høyring eit forslag om å innføre krav til aktivitet
for mottakarar av sosialhjelp, med særleg fokus på lågterskeltiltak
og arbeidstrening for unge for å fremje overgang til arbeid. I dag
har NAV-kontoret ein rett, men ikkje ei plikt til å stille vilkår ved
tildeling av økonomisk stønad, og det er stor variasjon i kommunane
sin bruk av denne retten. Regjeringa ønskjer både auka bruk av vilkår
om aktivitet ved tildeling av sosialhjelp og meir lik praksis mellom
kommunane. Regjeringa foreslår difor ei lovendring som inneber at
NAV-kontora får både rett og plikt til å bruke vilkår om aktivitet
ved tildeling av økonomisk stønad med mindre tungtvegande grunnar
taler mot det.
Uavhengig av dei nye meldingane, er det behov for
raskt å kome i gong med å gjere endringar, slik at fleire som i
dag står utanfor arbeidslivet kan kome i jobb. Skal vi lykkast med
å få fleire i arbeid, må vi og fornye og styrkje tiltaksarbeidet.
Det er gjennom åra oppretta mange overlappande ordningar som gjer
systemet komplisert og uoversiktleg. Det er difor naudsynt å forenkle
regelverket for arbeidsmarknadstiltaka slik at arbeidsgjevarar og
arbeidssøkjarar lettare kan få oversikt over den hjelpa arbeids-
og velferdsforvaltninga kan gje, og tiltaka kan verte lettare å
ta i bruk.
Forslag om å forenkle og slå saman overlappande
ordningar innanfor avklarings- og oppfølgingsområdet er nå sendt
på høyring. Samstundes foreslår regjeringa å leggje opp til eit
større mangfald av leverandørar og fagmiljø i attføringsarbeidet
gjennom å kjøpe avklarings- og oppfølgingstenestene. Det er viktig
for tenesteutviklinga på arbeidsmarknadsområdet at fleire aktørar
kan sleppe til. Det vil gje brukarane større valfridom i tenestetilbodet.
I tillegg har vi lagt til rette for ei auke i talet på tiltaksplassar
for personar med nedsett arbeidsevne i 2014. Det er eit løft for
dei som står i fare for å hamne heilt eller delvis utanfor arbeidslivet,
og det kjem og funksjonshemma med nedsett arbeidsevne til gode.
Eg vil vidare leggje grunnlaget for ei god vidareutvikling
av arbeids- og velferdsforvaltninga slik at vi kan nå dei langsiktige
måla med NAV-reformen. Ein viktig føresetnad for dette er at NAV-kontora
fungerer godt. NAV har ei sentral rolle i arbeidet med å hjelpe
personar som ikkje klarer å kome i jobb på eigenhand. For å få gode råd
om korleis vi best kan lykkast med dette, har eg mellom anna snakka
med NAV-tilsette om deira røynsler, og eg har invitert brukarar
til å dele sine historier direkte med meg. Med bakgrunn i dette
har eg nedsett ei ekspertgruppe som skal gå gjennom arbeids- og
velferdsforvaltninga, og spesielt sjå på NAV-kontoret sin innsats. Målet
med dette arbeidet er å hjelpe fleire frå trygd til arbeid, gjennom
mellom anna å gjere ting enklare og medverke til betre brukaropplevingar.
Gjennomgangen har søkjelyset på heile NAV-kontoret si verksemd.
Ekspertgruppa vil arbeide fram til midten av mars 2015.
Representantforslaget reiser fleire gode forslag for
å nå målet om å få fleire i arbeid. Fleire av forslaga i representantforslaget
vil som nemnt vere aktuelle å drøfte i den nye meldinga.