Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og råder Stortinget til
å gjøre følgende
vedtak til lov
om endringer i opplæringslova, privatskolelova og folkehøyskoleloven
(leksehjelp m.m.)
I
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande
opplæringa blir det gjort følgende endringer:
§ 2-12 tredje ledd skal lyde:
For private grunnskolar gjeld også §§ 2-2, 2-5 første,
andre, tredje og sjette ledd, 2-9, 2-10, 2-11, 8-2, 9-1, 9-2, 9-3,
9-4, 9-5, 9-6, kapittel 9a, §§ 10-1, 10-2, 10-6, 10-6a, 10-9, 11-1,
11-2, 11-3, 11-4, 11-7, 11-10, 13-3b, 13-7a, 13-10, 14-4,
15-3 og 15-4.
§ 3-1 femte ledd nytt fjerde punktumskal lyde:
Kravet om sakkunnig vurdering gjeld ikkje for elevar
med rett til særskild språkopplæring etter § 3–12.
§ 3-1 nytt ellevte og tolvte ledd skal lyde:
Den som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring
som ein del av ungdomsretten etter første ledd, har etter søknad
rett til eitt års påbygging til generell studiekompetanse. Det same
gjeld andre som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring innan utgangen
av det året dei fyller 24 år. Retten gjeld dei som har fullført
og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014, eller seinare. Retten
kan takast ut når som helst innan utgangen av det året vedkommande
fyller 24 år. Lovføresegna i tredje ledd om at retten må takast ut
i løpet av ein samanhengande periode på fem, alternativt seks år,
gjeld ikkje her.
Det er eit vilkår for rett til vidaregåande opplæring
at søkjaren har lovleg opphald i landet. Ungdom som oppheld seg
lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve,
har likevel berre rett til vidaregåande opplæring etter denne paragrafen når
dei er under 18 år og det er sannsynleg at dei skal vere i Noreg
i meir enn tre månader. Dei som oppheld seg lovleg i landet i påvente
av å få avgjort søknad om opphaldsløyve, og som fyller 18 år i løpet
av eit skoleår, har rett til å fullføre påbegynt skoleår. For dei
som får avslag på søknaden om opphaldsløyve, gjeld retten til vidaregåande
opplæring etter denne paragrafen fram til dato for endeleg vedtak.
§ 4A-1 nytt tredje ledd skal lyde:
Det er eit vilkår for rett til grunnskoleopplæring at
søkjaren har lovleg opphald i landet. Dei som er over opplæringspliktig
alder, og som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort
søknad om opphaldsløyve, har likevel berre rett til grunnskoleopplæring
etter denne paragrafen når dei er under 18 år og det er sannsynleg
at dei skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Dei som oppheld
seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve,
og som fyller 18 år i løpet av eit skoleår, har rett til å fullføre
påbegynt skoleår. For dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve,
gjeld retten til grunnskoleopplæring etter denne paragrafen fram til
dato for endeleg vedtak.
§ 4A-3 nytt syvende ledd og åttende skal lyde:
Den som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring
som ein del av ungdomsretten etter § 3-1 første ledd, har etter
søknad rett til eitt års påbygging til generell studiekompetanse.
Det same gjeld andre som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring innan
utgangen av det året dei fyller 24 år. Retten gjeld dei som har
fullført og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014, eller seinare.
Retten kan takast ut når som helst etter fullført og bestått fag-
og yrkesopplæring.
Det er eit vilkår for rett til vidaregåande opplæring
at søkjaren har lovleg opphald i landet. Vaksne som oppheld seg
lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve,
har likevel ikkje rett til opplæring etter denne paragrafen.
§ 5-5 andre ledd skal lyde:
Skolen skal ein gong i året utarbeide
skriftleg oversikt over den opplæringa eleven har fått, og ei vurdering
av utviklinga til eleven. Utviklinga til eleven skal vurderast
ut frå måla som er sette i den individuelle opplæringsplanen til
eleven. Skolen sender oversikta og vurderinga til eleven
eller til foreldra til eleven og til kommunen eller fylkeskommunen.
§ 13-1 første ledd andre punktum skal lyde:
Ansvaret gjeld ikkje elevar og andre som fylkeskommunen
har ansvaret for etter §§ 13-2, 13-2 a og
13-3a.
Ny § 13-2 a skal lyde:
§ 13-2 a. Plikt for fylkeskommunen
til å sørgje for grunnskole- og vidaregåande opplæring i fengsel
Fylkeskommunen har ansvaret for å oppfylle retten
til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring etter denne lova
for innsette i fengsel innanfor vedkommande fylkeskommune.
Når opplæringa skjer i fengsel, skal kriminalomsorga
sørgje for nødvendige lokale til formålet.
§ 13-3 fjerde ledd oppheves.
§ 13-3 nåværende femte og sjette ledd blir nye fjerde og
femte ledd.
§ 13-5 oppheves.
§ 13-7 a første ledd skal lyde:
Kommunen skal ha eit tilbod om leksehjelp i grunnskolen.
II
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til
statstilskot blir det gjort følgende endringer:
§ 7-1c oppheves.
§ 7-1e første ledd skal lyde:
Skolen skal ha eit tilbod om leksehjelp i grunnskolen.
III
I lov 6. desember 2002 nr. 72 om folkehøyskoler blir
det gjort følgende endringer:
Ny § 6 skal lyde:
§ 6. Politiattest
Styret ved den enkelte folkehøyskole avgjør om de
som skal tilsettes fast eller midlertidig ved skolen, må legge fram
politiattest med tilsvarende innhold som er nevnt i politiregisterloven
§ 39 første ledd. Styret ved skolen vurderer i så fall konsekvensene
av eventuelle merknader på politiattesten i den enkelte tilsettingssak.
Nåværende §§ 6 til 8 blir nye §§ 7 til 9.
IV
Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer.