Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Noregs deltaking i den 66. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 65. generalforsamlinga i FN
Dette dokument
- Innst. 32 S (2012–2013)
- Kildedok: Meld. St. 19 (2011–2012)
- Dato: 24.10.2012
- Utgiver: utenriks- og forsvarskomiteen
- Sidetall: 4
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Den 66. sesjonen i FNs generalforsamling var prega av etterverknadene av den arabiske våren, spørsmålet om statusen til Palestina, debatten om finansiering av det regulære FN-budsjettet, oppkøyringa til FN-konferansen om berekraftig utvikling (Rio+20) i Brasil i juni 2012 og eit EU som sleit med å definere rolla si i FN.
Utviklinga i Midtausten var hovudfokus i generaldebatten. Dette nådde ein topp då president Abbas leverte inn medlemskapssøknaden frå Palestina til generalsekretæren, og då president Abbas og Israels statsminister Netanyahu presenterte diametralt ulike versjonar av årsakene til at det er stillstand i fredsprosessen. Dei fleste nasjonale innlegga stadfesta òg at skiljelinjene i Palestina-spørsmålet står ved lag. Det palestinske folket sine ambisjonar om både å bli godkjent som stat i FN og å oppnå full medlemskap blei ikkje oppfylt. Eit anna spørsmål som då reiste seg, var om Palestina ville be generalforsamlinga vedta ein resolusjon som oppgraderte den palestinske statusen til observatørstat (frå observatør, som Palestina er i dag) utan å gje full medlemskap. Dette spørsmålet låg latent heile hausten, utan at Palestina tok initia-tiv til å leggje fram noko utkast til resolusjon.
Parallelt gjekk det føre seg ein prosess i FNs særorganisasjon UNESCO, der spørsmålet om full palestinsk medlemskap vart reist. Generalkonferansen i UNESCO vedtok 31. oktober med 107 ja-stemmer, 52 avståande og 14 nei-stemmer at Palestina skal takast opp som fullverdig medlem i organisasjonen. Noreg stemte ja.
Tryggingsrådet vedtok i mars 2011 resolusjonar som autoriserte maktbruk i Libya, og som til slutt leidde til at Gadaffi-regimet braut saman. Alt ved innleiinga av generalforsamlinga i september 2011 vart dei nye overgangsstyresmaktene i landet (NTC) innvilga rett til å representere Libya i FN. Noreg støtta opp om vedtaket for å gje dei nye overgangsstyresmaktene i Libya dei nødvendige akkreditiva til FN. Tryggingsrådsresolusjon 1973 om maktbruk for å verne sivile har skapt eit «post 1973-traume» blant mange land i FN på grunn av den effektive måten NATO gjennomførte tiltaka FN autoriserte i Libya. Ei rekkje land er blitt endå meir vare overfor regimeskifte som underliggjande mål når temaet er vern av sivile.
Ein resolusjon som fordømde menneskerettsovergrepa som syriske styresmakter har gjort mot si eiga befolkning samla stor oppslutning både i 3. komité og i plenum. Noreg var blant pådrivarane for å få han vedteken.
Sør-Sudan vart teken opp som den 193. medlemen i FN i forkant av generalforsamlinga i år. Som følgje av den arabiske våren har likevel ikkje fokuset på Sudan og Sør-Sudan i Tryggingsrådet og FN elles vore så sterkt som venta.
Noreg vidareførte arbeidet for reform av FN, mellom anna gjennom å følgje opp Stoltenberg-panelets rapport om «Eitt FN». Saka møter framleis motstand frå enkelte tonegjevande land i G77, men eit internasjonalt møte i Uruguay i november og konti-nuerleg press frå både programland og gjevarland heldt saka varm.
I debatten om reform av Tryggingsrådet vart det tydeleg at frontane i spørsmålet om utviding framleis er temmeleg fastlåste. Brasil, India, Tyskland og Japan (G4) gjorde eit poeng av at 80 land har støtta ini-tiativa deira til å auke talet på faste medlemer. Dei landa som set seg imot ei utviding (Uniting for Consensus, UFC), med Pakistan og Italia i spissen, peikte på at ei slik utviding aldri vil få kvalifisert fleirtal. Alle dei fem faste medlemslanda uttrykte liten vilje og lite engasjement for reformer, inkludert vetoretten. Valet av fem nye tryggingsrådsmedlemer kravde denne gongen i alt 17 valomgangar før alle dei fem seta var fordelte. Dei fem landa som vart valde inn var Guatemala, Marokko, Togo Pakistan og Aserbaj-dsjan.
Hovudtemaet for årets høgnivåveke var ikkje-smittsame sjukdomar. Andre viktige spørsmål var knytte til berekraftig utvikling, kampen mot terror og openheit og kamp mot korrupsjon. I tillegg vart det halde høgnivåkonferansar om aktuelle landsituasjonar som Libya og Haiti og sveltekatastrofen på Afrikas Horn. På same måten som tidlegare år var Noreg vertskap for Trygve Lie-symposiet om dei grunnleggjande fridomane, der temaet denne gongen var sosia-le media og demokrati. Noreg leidde også møtet i den internasjonale støttegruppa for palestinske styresmakter (AHLC), som slo fast at palestinske styresmakter har nådd dei måla dei sette seg for institusjonsbygginga for ein levedyktig stat. For nærmare omtale av høgnivåveka og sidearrangementa, sjå meldinga.
Det vert stadig klarare at verda ikkje lenger kan delast i to grupper av land: utvikla land på den eine sida og utviklingsland på den andre. Mellominntekts-landa ser på det som ein trussel at gjevarlanda konsentrerer seg om dei fattigaste landa, og arbeidde hardt for å behalde utviklingsbistanden frå FN i eigne land.
Som følgje av den interne usemja i EU om konsekvensane Lisboa-traktaten skal ha for måten EU arbeider på i andre internasjonale organisasjonar på det utanrikspolitiske området, har interessa for nordiske innlegg auka. Usemja gjorde at EU ikkje fekk spelt den politiske rolla under generalforsamlinga som var venta medan EU-landa i langt større grad tok ordet i nasjonal kapasitet.
Det har vore stor interesse for og høge forventingar til samarbeidet blant BRICS-landa (Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika). Erfaringane så langt viser likevel at dei i liten grad samordnar synspunkta sine seg imellom.
Årets sesjon vart i stor grad prega av eit resolusjonsutkast om revitalisering av multilaterale kjernefysiske nedrustingsforhandlingar som Noreg, Aus-terrike og Mexico stod bak. På basis av fleire opne konsultasjonsrundar og ikkje minst mange bilaterale samtalar konkluderte Noreg, Austerrike og Mexico med at tida ikkje var inne for å be om ei avstemming over resolusjonen. Dersom det heller ikkje kjem framgang i nedrustningskonferansen i Genève i løpet av 2012, vil det vere større vilje til å tenkje i nye baner under den 67. sesjonen i FN-generalforsamlinga.
Uroa omkring Nord-Korea og Iran og uavklarte spørsmål rundt Syrias tidlegare kjernefysiske aktivitetar prega mykje av debatten om atomvåpen og førte til fleire rundar med hissige replikkutvekslingar. På same måte som andre vestlege land hadde Noreg ein tydeleg bodskap overfor desse tre landa. Eit positivt aspekt ved sesjonen var den breie oppslutninga om regionale kjernevåpenfrie soner.
Noreg var blant dei landa som etterlyste reform av arbeidsmetodane til både 1. komité og nedrustingskommisjonen (UNDC).
Det er ei utfordring å få ein god dynamikk i forhandlingane i 2. komité. Dessverre er det dei mest steile og i denne samanhengen mest konservative G77-delegasjonene som legg premissa for arbeidet. I 2. komité vert oppgåva til dei vestlege landa ofte å avgrense skadeverknadene av forslaga frå G77, som står bak dei aller fleste resolusjonane.
I innlegg og i forhandlingane la Noreg særleg vekt på innovativ finansiering, nasjonal skattlegging, nasjonal fordelingspolitikk, ulovleg kapitalflyt, energi for alle, berekraftig utvikling og Rio+20-konferansen, grøn økonomi, mødre- og barnehelse, Hiv/Aids og kvinnerettar. Noreg bidrog òg til at angrep på omtalen av den reproduktive helsa til kvinner ikkje nådde fram.
Sesjonen i 3. komité i år bar sterkt preg av den arabiske våren og pågåande folkelege protestar verda over. Den overordna prioriteringa for Noreg under årets sesjon var arbeidet med å leie forhandlingane om to resolusjonar om menneskerettsforsvararar og internt fordrivne. I tillegg arbeidde Noreg for auka oppslutning om landresolusjonane om Iran, Myanmar og Nord-Korea, og ikkje minst den nye resolusjonen om Syria.
Forhandlingsklimaet i 3. komité hadde hardare frontar enn nokon gong før – dette skuldast ikkje minst at komiteen og resolusjonane spegla den arabiske våren. Det var særleg sterk motstand mot forsøk på å få inn referansar til politiske overgangsprosessar og tilgangen til fredelege protestar i resolusjonstekstar.
Debatten i 4. komité vart prega av spørsmålet om refusjonssatsen for personell og utstyr i FN-operasjonar. Desse satsane har ikkje blitt auka på ti år, og mange utviklingsland som stiller militære troppar til rådvelde for FN-teneste, har uttrykt veksande frustrasjon over dette. Utviklingslanda dominerer blant dei største militære bidragsytarane til operasjonane. Samtidig er det vestlege land som betaler den største delen av operasjonskostnadene. Løysinga vart ei minneleg ordning med utbetaling av eit eingongsbeløp. I tillegg vart det vedteke å opprette ei rådgjevingsgruppe som skal leggje fram forslag til vidare handtering av spørsmålet om storleiken på refusjonssatsane.
FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA) er eit av hovudspørsmåla 4. komité har til behandling. Den finansielle situasjonen for UNRWA er framleis kritisk, og organisasjonen har gjennomført viktige reformer for å få ned kostnadene samtidig som det vert gjort målretta forsøk på å utvide kretsen av gjevarland. 5. komité vedtok å auke finansieringa av det internasjonale personellet i UNRWA over FN-budsjettet.
Arbeidet i 5. komité var prega av økonomiske krisetider og innleiinga til amerikansk valkamp: Budsjettkutt og til dels reform var høgt prioritert av tonegjevande vestlege land i forhandlingane om FNs toårige budsjett. Kjernebudsjettet for 2012–2013 er på USD 5,15 milliardar. Dette er eit kutt samanlikna med førre budsjettperiode – for første gong sidan 1997. FN-sekretariatet, som no har både ny controller og ny budsjettdirektør, innser at sjølve budsjettprosessen må reformerast. Dette får støtte frå Noreg og fleire likesinna, men det var ikkje mogleg å få utviklingslanda med på denne typen reformtenking. Dei er opptekne av å behalde mest mogleg kontroll i generalforsamlinga. FNs oppfølging av internrevisjon blir styrkt, som følgje av at komiteen godkjende at det skal opprettast ei ny nestleiarstilling (ASG) for OIOS (FNs kontor for internt ettersyn). Dette resultatet var langt frå gjeve, og frå ein norsk ståstad må det sjåast på som ei klar forbetring.
Finansieringa av dei politiske FN-operasjonane, som t.d. operasjonane i Libya, Afghanistan og Irak, vart behandla, men då komiteen ikkje kunne komme til ei løysing, vart den endelege behandlinga utsett til hausten 2012.
Viktige tema under denne sesjonen var mellom anna kampen mot terrorisme, universaljurisdiksjon, rettsstatsprinsipp (rule of law) og rapporten frå Folkerettskommisjonen.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Laila Gustavsen, Eva Kristin Hansen, Svein Roald Hansen, Sverre Myrli, Tore Nordtun og Helga Pedersen, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen, Morten Høglund, Siv Jensen, Sylvi Listhaug og Karin S. Woldseth, fra Høyre, Peter Skovholt Gitmark, Ivar Kristiansen og lederen Ine M. Eriksen Søreide, fra Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, fra Senterpartiet, Lars Peder Brekk, og fra Kristelig Folkeparti, Dagfinn Høybråten, har merket seg at den 66. sesjonen i FNs generalforsamling bar preg av ettervirkningene fra den arabiske våren og spørsmålet om statusen til Palestina, EUs rolle i FN og finan-siering av FN-budsjettet. Komiteen vil peke på at deltagelse i den ordinære generalforsamlingen er viktig, for dette er en arena der svært mange stats- og regjeringssjefer møtes, og hvor bilaterale møter er like viktig som plenumsmøtene.
Komiteen er av den oppfatning at saker som den arabiske våren, Sikkerhetsrådets resolusjon om maktbruk i Libya, og Israel–Palestina-spørsmålet er både viktig og nødvendig å drøfte i plenum. Komiteen har også merket seg at en resolusjon som fordømte menneskerettighetsovergrepene som syriske styresmakter har gjort mot sin egen befolkning, ble drøftet i plenum. Komiteen mener det er beklagelig at Sikkerhetsrådet ikke har vært i stand til å samle seg om sterkere tiltak mot Syria for om mulig å stanse borgerkrigen i landet.
At ikke alltid utfallet av sakene blir slik enkelte medlemsland forventer, er prisen man må betale for demokratiske prosesser.
Komiteen har merket seg at nok en gang er reformarbeidet i FN på dagsordenen; det er dessverre liten fremdrift å spore. Komiteen mener at FN, til tross for et omfattende og langsiktig fokus på reformarbeid, fremdeles synes å være preget av fragmentering og et tungrodd og ineffektivt byråkrati som fungerer som bremseklosser for tiltrengte omstillinger i organisasjonen. Det er komiteens mening at dette skyldes medlemslandenes politiske prioriteringer, men også manglende vilje og evne til omstilling i organisasjonen internt.
Komiteen har også merket seg at det stadig dukker opp nye fraksjoner og konstellasjoner i forbindelse med votering om hvem som skal få plass i de ulike komiteene. Det er ikke lenger et naturlig skille mellom utviklingsland, utviklede land, kontinenter, religiøse grupperinger eller allianser. Dette mener komiteen er en svært interessant utvikling, som bør følges nøye.
Komiteen er av den oppfatning at skal arbeidet i de seks faste komiteene ha noe for seg, må man, slik også Norge etterlyste, reformere arbeidsmetodene slik at komitéarbeidet i større grad enn tilfellet er i dag blir dagsaktuelt og relevant.
Komiteen vil, når det gjelder komitéarbeid, spesielt vise til arbeidet i menneskerettighetskomiteen. Skal denne komiteen kunne spille en rolle i det internasjonale menneskerettighetsarbeidet, er det viktig å sikre en sammensetning av komiteen som ivaretar de hensyn komiteen er satt til å forvalte.
Komiteenviser for øvrig til at Stortinget i høstsesjonen 2012 skal behandle stortingsmelding 33 om Norge og FN; felles framtid, felles løsninger, hvor FN som institusjon, dets arbeid og Norges rolle vil bli behandlet, og hvor partiene vil diskutere dette i et bredere omfang.
Komiteenhar for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Meld. St. 19 (2011–2012) – om Noregs deltaking i den 66. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 65. generalforsamlinga i FN – vedlegges protokollen.
Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 24. oktober 2012
Ine M. Eriksen Søreide |
Karin S. Woldseth |
leder |
ordfører |