Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om desse
lovendringane:
Regjeringa vil styrkje kompetansen hos lærarane og
dermed heve kvaliteten i grunnopplæringa og læringsutbyttet for
elevane. Målet er at lærarar skal ha relevant utdanning i alle fag
dei underviser i. For å medverke til dette vil regjeringa lovfeste
eit krav om at den som skal undervise i eit fag, må ha relevant
kompetanse i undervisningsfaget, med dei unnatak og overgangsreglar som
er naudsynte for å sikre best mogleg gjennomføring. Kompetansekrava
i dag er berre knytte til det å bli tilsett i undervisningsstilling.
I desse er det ikkje gjort endringar.
Regjeringa gjer framlegg om ein ny § 10-6 a som
vil opne for at skoleeigar kan tilsetje på vilkår av at påbyrja
utdanning vert fullførd, dersom ingen ak-tuelle søkjarar fyller
kompetansekrava.
Regjeringa vil på bakgrunn av høyringsrunden ikkje
no ta inn noko krav om spesialpedagogisk kompetanse, eit krav det
vil vere vanskeleg å oppfylle no, og heller ikkje for undervisning
for vaksne.
Nykomne minoritetsspråklege elevar skal etter lovframlegget
kunne organiserast i særskilde innføringstilbod, dersom dette er
til beste for eleven. Dette gjeld så vel grunnskolen som vidaregåande
skole.
Regjeringa foreslår vidare eigne lovføresegner om
opplæring av elevar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon
(ASK). Dette er mest ei presisering av gjeldande rett.
Regjeringa meiner opplæringstilbodet i små og verneverdige
fag er eit ansvar for den offentlege skolen. Regjeringa ser likevel
behovet for eit supplement og legg inn eit unnatak i privatskolelova
§ 2-2 når det gjeld godkjenning, for skolar som berre gir slik opplæring.
Tanken er at utøvarar i faga skal kunne møtast og fagtradisjonar
haldast oppe gjennom private opplæringstilbod i tradisjonelle handverksfag.
Framlegga i proposisjonen vil i hovudsak ikkje ha
vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
Lovendringane skal etter framlegget ta til å
gjelde frå ulike tidspunkt: Regjeringa tek sikte på at lovendringane
om kompetansekrav og tilsetjing på vilkår blir sette i verk 1. januar
2014, medan ei føresegn som gir høve til å godkjenne private skolar
som tilbyr små og verneverdige handverksfag, blir sett i kraft 1. juli
2012. For forslaga elles tek regjeringa sikte på at dei skal bli
sette i kraft 1. august 2012.