Tilrådinga frå komiteen til punkta 2, 4, 5 og
6 blir fremma av ein samla komité.
Tilrådinga frå komiteen til punkta 1 og 3 blir fremma
av Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet
og Kristeleg Folkeparti.
Komiteen har elles
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjere følgjande
vedtak:
Stortinget samtykkjer i at:
1. Bompengeselskapet
får løyve til å krevja inn bompengar til delvis bompengefinansiering
av utbygging av fylkesveg 45 i Gjesdal og Sirdal kommunar etter
vilkåra i Prop. 127 S (2009–2010) og Innst. 328 S (2009–2010). Samferdselsdepartementet
får fullmakt til å inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet og
fastsetja nærare reglar for finansieringsordninga.
2. Nytt Autosys blir gjennomført innafor
ei kostnadsramme på 700 mill. 2009-kroner.
3. Prosjektet Fv 64 Atlanterhavstunnelen
får ei revidert kostnadsramme på 900 mill. kroner.
4. Samferdselsdepartementet får fullmakt
til å pådra staten forpliktingar knytt til gjennomføringa av investeringsprosjektet
dobbeltspor Holm–Holmestrand–Nykirke med dei føresetnader som er
omtalt i Prop. 127 S (2009–2010) og Innst. 328 S (2009–2010), innafor
ei kostnadsramme på 5 720 mill. kroner.
5. Samferdselsdepartementet får fullmakt
til å pådra staten forpliktingar knytt til gjennomføring av investeringsprosjektet
Vålåsjø kryssingsspor, som omtalt i Prop. 127 S (2009–2010) og Innst.
328 S (2009–2010), innafor ei kostnadsramme på 120 mill. kroner.
6. Samferdselsdepartementet får fullmakt
til å pådra staten forpliktingar knytt til gjennomføring av investeringsprosjektet
Bodø godsterminal, som omtalt i Prop. 127 S (2009–2010) og Innst.
328 S (2009–2010), innafor ei kostnadsramme på 132 mill. kroner.