Sammendrag

Låneramma i Husbanken er på 14 mrd. kroner i 2009, etter ein auke på 2 mrd. kroner i tiltakspakka som Regjeringa la fram 26. januar 2009, jf. St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid.

I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett bad fleirtalet i finanskomiteen Regjeringa følgje utviklinga og kome tilbake til Stortinget om naudsynt, jf. Innst. S. nr. 355 (2008–2009).

Det er framleis stor etterspurnad etter husbankfinansiering. Kommunane vidareformidlar òg meir startlån enn i tidlegare år.

Per 15. september 2009 er 87 pst. av låneramma brukt opp. For at Husbanken skal kunne halde aktiviteten oppe på om lag same nivå som hittil i 2009, og ikkje gå tom for utlånsmidlar, gjer Regjeringa framlegg om å auke låneramma i Husbanken med 2 mrd. kroner i 2009.

Sidan auken i låneramma vil skje mot slutten av 2009, vil berre ein mindre del av låna kome til utbetaling i år. I utrekninga er det lagt til grunn at 1/24 av auken i låneramma kjem til utbetaling i 2009. Det er på bakgrunn av dette behov for å auke løyvinga på kap. 2412, post 90 Lån til Husbanken med 83 mill. kroner i 2009. Sjølv om det blir gitt tilsegn om lån i 2009, vil berre ein mindre del av låna kome til utbetaling i 2009.

Det blir ingen administrative konsekvensar av auken.