Innstilling frå næringskomiteen om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2006 og fisket etter avtalane i 2004 og 2005
Dette dokument
- Innst. S. nr. 28 (2006-2007)
- Kildedok: St.meld. nr. 22 (2005-2006)
- Dato: 09.11.2006
- Utgiver: Næringskomiteen
- Sidetall: 6
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Sammendrag
- 2. Komiteens merknader
- 3. Komiteens tilråding
Til Stortinget
Ein omfattande del av norsk fiske (målt i vekt) skjer på bestandar som vi deler med andre land. Dei kyststatane som deler ein eller fleire fiskebestandar, skal samarbeide om regulering og vern av bestandane.
Kyststatane har ei plikt til å fremje ei forsvarleg ressursforvalting som samstundes skal ta omsyn til dei økonomiske behova til kystbefolkninga. Norske styresmakter legg vekt på dette når den norske fiskeripolitikken blir utforma. I tråd med dette fører Noreg årleg to- og fleirsidige forhandlingar med ei rekkje land om forvalting og vern av fiskebestandar, om gjensidig fangstløyve- og fiskekvotar, og om einsidig løyve for fiskarar i nokre land til å fiske i dei norske 200-milssonene. Noreg har inngått ulike typar fiskeriavtalar som opnar for utanlandsk fiske i norske havområde. Noreg har mellom anna inngått avtalar om forvalting av felles fiskebestandar og kvotebyte på eksklusive bestandar med Russland og EU og avtalar om gjensidige fangstrettar med Færøyane, Grønland og Island.
I tråd med dei etablerte rammeavtalane fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land. Dei viktigaste tosidige forhandlingane for 2006 er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er også ført forhandlingar med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegner av Sverige om ein avtale om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone. Som følgje av det polske EU-medlemskapet frå 1. mai 2004 har Noreg sagt opp den tosidige rammeavtalen med Polen.
I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2006 blei partane samde om ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 471 000 tonn, medrekna 21 000 tonn murmansktorsk. Det er framleis grunn til å uroe seg over situasjonen for norsk kysttorsk. Den samla norske kvoten for norsk arktisk torsk er på 219 700 tonn, medrekna 21 000 tonn norsk kysttorsk. Dette er i tråd med forvaltningsplanen vedteke under den 31. sesjonen i fiskerikommisjonen.
Noreg og Russland har sett ein totalkvote for norsk arktisk hyse på 120 000 tonn for 2006. Ettersom loddebestanden er på eit botnnivå, blei det heller ikkje i 2006 opna for fiske etter lodde. Noreg og Russland er også for 2006 samde om eit kvotebyte på eksklusive bestandar.
Russland fastsette unilateralt ei kvote på kongekrabbe på 3 millionar krabbar i 2006, mens Noreg fastsette ei norsk kvote på 300 000 krabbar. I forståing med Russland har Noreg i 2006 vidareført vestgrensa for den felles forvaltinga av kongekrabbe ved 26 austleg lengdegrad (Magerøya) for å kunne redusere spreiinga av kongekrabbe vest for denne grensa. Landa er einige om å vidareføre samarbeidet om forsking på kongekrabba sine biologiske og økologiske effektar.
I 1993 blei Noreg og Russland samde om å etablere "Det permanente utval for forvaltings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren". Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida. Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom kontrollstyresmaktene i dei to landa, inkludert utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata. Noreg og Russland innførte gjensidig satellittsporing av fiskefartøy frå 1. september 2000.
Eit hovudfokus for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvalting og kontroll i Barentshavet i 2005 har vore arbeidet med ein styrka kontroll med omlasting av fisk i Barentshavet. Det blei i samband med forhandlingane om ein kvoteavtale for 2006 vedteke ei rekkje tiltak for å få bukt med det ulovlege fisket som skjer i Barentshavet.
Som for 2005 speglar også kvoteavtalen med EU for 2006 den vanskelege bestandssituasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen. Partane har mellom anna vedteke å redusere kvoten på torsk ytterlegare slik at den no er den lågaste nokosinne. Vidare er totalkvotane for hyse, sei og raudspette reduserte frå 2005 til 2006. Noreg og EU er dessutan samde om å fortsette det felles arbeidet med å forbetre utnyttinga av botnfisk.
I 1999 blei Noreg, EU og Færøyane samde om ein trepartsavtale for forvalting av makrell i Nordaust-Atlanteren. Med denne avtalen aksepterte Noreg og EU at Færøyane er kyststat til makrellen. Partane har inngått tilsvarande avtalar for kvart av åra 2001 til 2006.
Trepartsavtalen mellom Noreg, EU og Færøyane inneheld ein sameint langtidsstrategi for forvaltinga av makrell som skal sikre at uttaket av bestanden skjer innanfor forsvarlege biologiske rammer. Dette vil gje grunnlag for eit berekraftig fiske og høgare langtidsutbytte.
Forvaltingsregimet for makrell har vore gjenstand for usemje mellom Noreg og EU ei lang rekkje år. Hovudproblemet er deling av kvota mellom partane. Til no har Noreg og EU berre avtalt årlege ad hoc-arrangement for makrellen. På grunnlag av kjennskap til makrellen sitt utbreiingsmønster, har ein på norsk side meint at ein har eit rettkome krav til ein høgare del av makrellen. Det norske kravet er til no avvist frå EU si side.
Dei tre kyststatane vedtok ein såkalla "referanse-TAC", som var utgangspunkt for drøftingane i den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn for 2006. På årsmøtet i NEAFC vedtok partane ei regulering av makrell i internasjonalt farvatn som inneber ein kvote for dette området på 42 289 tonn. Island har sett fram formelle reservasjonar mot denne reguleringa.
Situasjonen for nordsjøsildbestanden er god, men den har hatt sviktande rekruttering dei fire siste åra. I samsvar med den felles forvaltningsplanen er totalkvota difor redusert med 15 pst. til 454 751 tonn i 2006.
Noreg har for 2006 inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen. Noreg har vidare inngått tosidige kvoteavtalar for 2006 med Færøyane og Grønland. I kvoteavtalen pliktar Færøyane og Grønland seg til å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor norsk eller russisk fiskerijurisdiksjonsområde. Det er for 2006 også utveksla kvotar med Island i tråd med "Smottholsavtalen" og den tilhøyrande tosidige avtalen, medan Noreg i 2005 vidareførte trepartsavtalen med Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen. Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005.
Det er ikkje inngått ein fempartsavtale mellom Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren for 2006. Noreg har likevel inngått ein førebels tosidig avtale om norsk vårgytande sild for 2006 med EU og med Russland. Avtalen med Russland inneber at dei kan fiske sild etter tradisjonelt mønster i NØS nord om 62ºN og i fiskerisona ved Jan Mayen.
Sidan 1999 har dei landa som er definerte som kyststatar til kolmule - Noreg, EU, Færøyane, Island og Grønland - arbeidd med å etablere eit forvaltningsregime for heile kolmulebestanden. 16. desember 2005 underteikna partane ein kyststatsavtale om kolmule. Avtalen tek opp i seg ein langsiktig forvaltningsstrategi som inneber ein reduksjon i fiske til forvaltningsmåla er nådd. Noreg ser avtaler om sonetilgang som svært viktig med tanke på å verne viktige oppvekstområde for kolmule, mellom anna i norsk økonomisk sone.
Partane i NEAFC blei på årsmøtet i 2005 einige om reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet i 2006 og fastsette ein totalkvote på 62 416 tonn. Av dette har Noreg ein andel på 2 231 tonn. Russland har reservert seg mot reguleringa i NEAFC.
Delar av uerbestanden i Irmingerhavet, som blir forvalta av NEAFC, har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området. Den norske uerkvoten for 2006 er, som i åra 2001 til 2005, ein totalkvote for begge områda. Den norske totalkvoten for 2006 er totalt på 3 331 tonn etter overføringar som følgje av kvoteavtalane med EU og Grønland.
Rekefisket ved "Flemish Cap" (NAFO-område) har sidan 1996 vore regulert gjennom grenser for kor mange fartøy som kan delta i fisket, og kor mange døgn dei kan fiske samla. Norske fartøy kan samanlagt fiske 1 985 fiskedøgn i 2006, og 32 norske fartøy kan ta del i fangsten.
Noreg har også i 2005 vore representert i ulike møte i globale og regionale forvaltnings- og verneorganisasjonar som IWC, NAMMCO, CITES, CCAMLR, ICCAT og SEAFO.
Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgivinga frå Det internasjonale havforskingsrådet, ICES ("International Council for the Exploration of the Sea"). Rådgivinga frå ICES vert utarbeidd av Den rådgivande komiteen for fiskeriforvaltning, ACFM ("Advisory Committee on Fisheries Management"). ACFM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren. ACFM er sett saman av ein forskar frå kvart av dei 19 medlemslanda i ICES i tillegg til leiaren. Råda frå ICES inneheld ei skildring av tilstanden til bestanden, forvaltingsmål, opsjonstabell med konsekvensar av ulik utnytting, rådgjeving og dessutan tabellar og figurar som illustrerer historia til bestanden. Havforskingsinstituttet omset rådgjevinga frå ICES til norsk, kommenterer og utdjupar der det er naudsynt, og legg alt ut på Havforskingsinstituttets internettside.
Sidan 1997 har Noreg vore med på å vedta langsiktige forvaltingsplanar for alle fellesbestandane i Barentshavet saman med Russland, dei viktigaste botnfiskbestandane og sild i Nordsjøen saman med EU, makrell i Nordaust-Atlanteren saman med EU og Færøyane, norsk vårgytande sild saman med EU, Russland, Island og Færøyane, samt seinast i desember 2005 for kolmule. Slike planar er ein viktig føresetnad for å oppnå målet om ei berekraftig forvaltning av alle dei kommersielle fiskebestandane som Noreg deler med andre land.
I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen. Kontrollen blir utøvd av Kontrollseksjonen i Fiskeridirektoratet og den ytre etaten til direktoratet med 7 regionkontor, inklusive eit inspektørkorps langs kysten. Kystvakta er underlagt Forsvarsdepartementet. Kystvakta har ansvaret for kontrollen på havet, i første rekkje utanfor 4 nautiske mil.
Fiskeridirektoratet står for kontroll ved landing av fangstar, og har også ein viss kontroll på sjøen i særlege område og i spesielle fiskeri. Direktoratet har også ansvar for kvotekontrollsystemet både for utanlandske og norske fartøy.
Ein viktig del av kontrollen går føre seg under utøvinga av fisket. I denne fasen blir det kontrollert at fisket skjer med riktig reiskap, til rett tid og på rett område. Frå 2006 er talet på inspektørar ytterlegare redusert og er no 6-7 inspektørar på vel 30 fartøy. Frå og med 2005 er det montert ferdsskrivarar (blue-box) på alle kvalfangstfartøya. Dette reduserer behovet for inspektørar.
Utanlandske fartøy som får løyve til å fiske i norske jurisdiksjonsområde er pålagde å rapportere fangstane til Fiskeridirektoratet. Frå 2000 har Fiskeridirektoratet gjennom satellittsporing også kunnskap om kor fartøya oppheld seg i norsk jurisdiksjonsområde og kan derfor sette i verk meir målretta kontroll.
Kystvakta har direkte tilgang til dei opplysningane som er lagra på databasen i kvotekontrollsystemet og satellittsporingsdatabasen.
Noreg har no fått på plass kontrollavtalar og avtalar om gjensidig satelittsporing med dei viktigaste samarbeidspartane på fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU-landa.
Kontrollavtalen som blei inngått mellom Noreg og Portugal 16. februar 2006, er den fyrste avtalen Noreg inngår som også omfattar gjensidig rapportering av landingar av fisk frå tredjelands fartøy. Noreg vil arbeide vidare for å revidere avtalane med dei andre europeiske landa, og i samarbeid med EU-kommisjonen styrke den samla kontrollinnsatsen i Nordaust-Atlanteren.
Eit viktig nytt framsteg i kontrollsamanheng er etablering av satellittsporing av fiskefartøy. Det ligg no føre satellittsporingsavtalar mellom dei landa som har felles fiskeriinteresser i Nordaust-Atlanteren.
Fiskeridepartementet innførte frå 1. juli 2000 satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 m. Slike fartøy vil vere underlagt sporing i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vil alle norske fartøy, uansett størrelse, sporast ved fiske i internasjonalt farvatn. Det er også sett krav om satellittsporing av alle fartøy i NEAFC-området. I NAFO-området er det krav om 100 pst. dekning av satellittsporing og bruk av observatørar på alle fartøy.
Norske styresmakter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg og uregulert fiske. Eitt sentralt tiltak har vore den såkalla "svartelistinga" av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i uregulert fiske i internasjonalt farvatn, kan bli nekta lisens i Noregs økonomiske sone. Ein kan vidare nekte desse fartøya å føre norsk flagg, og under visse vilkår også nekte dei å lande fangst.
Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestanden torsk nord om 62ºN fullt ut i 2004 og 2005, medan det sto noko att av hysekvoten i begge desse åra.
I Nordsjøen blei dei norske kvotane av fellesbestandane makrell og sild oppfiska i 2004 og makrell oppfiska i 2005, medan det sto att ein rest av seikvoten begge åra og sild i 2005. Kvotane på dei andre konsumfellesbestandane blei ikkje utnytta i same høge grad.
Til saman blei det i 2004 fiska 456 000 tonn kolmule i internasjonalt område, medan det i 2005 blei fiska 473 000 tonn. I 2004 og 2005 blei kolmulekvotane i både Færøy-sona og EU-sona nytta meir eller mindre fullt ut.
Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalane med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, kveite, uer og reker av stor verdi. Desse kvotane blir stort sett godt utnytta.
Rekefisket ved Flemish Cap blei innsatsregulert i 1996. Rekefisket ved Flemish Cap er eit viktig potensielt driftsalternativ for rekeflåten, særleg er dette tilfellet for Grønlandsrekeflåten. Det var fem fartøy som deltok i rekefisket ved Flemish Cap i 2004, medan to fartøy deltok i 2005.
I sesongen 2004/2005 nytta dei norske fartøya nesten heile den norske loddekvoten i områda ved Jan Mayen, Grønland og Island.
Kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62ºN er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.
Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar, sild, makrell og industrifisk. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av torske-, hyse- og seikvotane sine i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak har også vore gjennomgåande høg for EU.
Når det gjeld EU sitt fiske i Norsk økonomisk sone (NØS) i Nordsjøen var det låg utnytting av kvotane, med unntak for makrell der kvoteutnyttinga var høvesvis 83 pst. og 93 pst. i 2004 og 2005.
I høve til kvotane sine har Færøyane fiska mykje sild og makrell i Nordsjøen i 2004 og 2005. Grønland har sidan kvoteavtalen blei inngått i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumartar i Nordsjøen. Sverige utnyttar i hovudsak godt dei bilaterale kvotane sine i norsk del av Nordsjøen.
Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen, NAFO, fastset kvotar i internasjonalt farvatn i området mellom Grønland, Canada og USA.
Bestanden av blåkveite er dramatisk endra. På årsmøtet hausten 2003 blei partane etter til dels lange og vanskelege forhandlingar einige om at dei over ein fireårsperiode skal trappe ned uttaket av blåkveite frå 20 000 tonn i 2004 til 16 000 tonn. Standing Committee on the Fishing Activities of Non-Contracting Parties in the Regulatory Area kom med ei anbefaling om eit system for å svarteliste fartøy som har delteke i eit IUU-fiske i NAFO-området og som tilhøyrer statar som ikkje er medlemmer av organisasjonen. Dette vart vedteke på årsmøtet, slik at NAFO og no har eit slikt system.
Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen, NEAFC, sitt myndigheitsområde er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor 200-milssonene.
I desember 2005 vart kyststatane for første gong samde om regulering av fisket etter kolmule. Partane i NEAFC blei på årsmøtet i 2005 videre samde om reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet i 2006. NEAFC har gjort vedtak om å avgrense fangsten av norsk vårgytande sild i områda utanfor nasjonal jurisdiksjon i 2004, men vedtaket vil først tre i kraft når ein kyststatsavtale for norsk vårgytande sild er på plass.
På årsmøtet i NEAFC i 2000 vedtok partane for første gong ei regulering av fisket etter makrell i internasjonalt farvatn.
Noreg tok opp spørsmål knytta til tapte og forlatte garn i djuphavsfiske på årsmøtet. Som eit resultat vart det vedteke eit mellombels forbod mot fiske med garn på djupare vatn enn 200 meter inntil NEAFC har utvikla eit teknisk regelverk for garnfiske, med regler mellom anna om røkting av garn.
Partane vedtok på årsmøtet i 2005 for første gong ei såkalla svarteliste, det vil seie ei liste over fartøy som ikkje hadde rett til å fiske i NEAFC sitt område eller som har motteke fisk frå slike fartøy. NEAFC si permanente gruppe for kontroll og handheving fekk på årsmøtet i oppdrag å leggje fram eit forslag til regelverk for havnestatskontroll etter ein modell utvikla av FAO. Forslaget skal leggjast fram på årsmøtet i 2006.
Det vart vidare semje om å foreta ei evaluering av organisasjonen i 2006.
Noreg er medlem av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen, IWC, som regulerer fangst av større kvalartar. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot dette forbodet, og er derfor ikkje bunden av det. Før IWC vil oppheve moratoriet, vil organisasjonen ha på plass eit revidert forvaltingsregime. Dette har det vore arbeidd med sidan 1994. Arbeidet står no i stampe. Saka vil bli drøfta på årsmøtet i juni 2006.
Forskarane i IWC har etablert spesielle prosedyrar for vurdering av dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Kvoteberekningsmodellen, som er svært konservativ, er utvikla slik at den kan brukast til å berekne kvotar for alle bardekvalartar. Den norske kvoten fastsetjast på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i IWC sin vitskapskomité. For 2006 har Noreg autonomt vert fastsett ein norsk kvote på 1 052 dyr. Under årsmøtet i 2006 vil Noreg legge fram forslag til ei justering av kvoteberekningsmodellen basert på forsking som er gjennomført i Noreg. Ein reknar med at det vil føre til høgare kvotar for norsk fangst.
Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen, NAMMCO, blei etablert i 1992. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men studiane og samarbeidet omfattar òg dei store kvalartane. Noreg er saman med Færøyane, Grønland og Island medlem i kommisjonen.
NAMMCO har lykkast godt i arbeidet med å forbetre jaktmetodar, eit arbeid som har interesse langt utover medlemslanda i NAMMCO. Representantar frå alle dei nordiske landa, Russland, Canada og USA deltok på eit seminar om jaktmetodar for sel hausten 2004. Resultatet av dette arbeidet gir grunnlag for å revidere delar av det norske regelverket for selfangst.
Noreg går inn for at NAMMCO skal prioritere arbeidet med økosystembasert tilnærming til forvalting av sjøpattedyra i våre havområde.
Konvensjonen om internasjonal handel av trua dyre- og planteartar, CITES, regulerer internasjonal handel med artar frå vill fauna som anten er trua av utrydding, eller som kan bli det om ikkje handelen blir regulert. I 1983 blei vågekval ført opp på liste I under CITES. Dette inneber eit forbod mot handel med produkt av vågekval. Noreg har reservert seg mot denne listinga fordi vågekvalen ikkje fyller kravet om å vere trua av utrydding.
Noreg har arbeidd for å få opna for kontrollert handel med produkt av vågekval ved å fremje forslag om å endre listinga av vågekval. Dette blei for tredje gong forsøkt oppnådd på CITES sin partskonferanse i april 2000, utan at ein fekk det nødvendige 2/3 fleirtal.
Etter ei samla vurdering blei det frå norsk side i januar 2001 gjort vedtak om å opne for eksport av norske produkt av vågekval under bestemte vilkår.
Dei siste 10 åra har det vore ei aukande interesse i CITES for å liste fisk og andre marine artar. Noreg har fått aksept for at forslag til listing av marine artar skal vurderast av eit ekspertpanel i FAO før CITES kan ta stilling til dei.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, fra Fremskrittspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Magnhild Holmberg og Øyvind Korsberg, fra Høyre, Torbjørn Hansen og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Sosialistisk Venstreparti, Aud Herbjørg Kvalvik, fra Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn, fra Senterpartiet, lederen Lars Peder Brekk, og fra Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til departementets utredning om de ulike fiskeriavtalene Norge har med andre land for 2006 og fisket etter disse avtalene i 2004 og 2005.
Komiteen viser til at en omfattende del av norsk fiske (målt i vekt) skjer på bestander som vi deler med andre land. De kyststatene som deler en eller flere fiskebestander skal samarbeide om regulering og vern av bestandene. Kyststatene har plikt til å fremme en forsvarlig ressursforvaltning som samtidig skal ta hensyn til de økonomiske behovene til fiskerinæringen og betydningen det har for nasjonaløkonomi og bosetting.
Komiteen er bekymret over at årelangt overfiske kan gi seg utslag i reduserte nasjonale kvoter og medføre et dårligere driftsgrunnlag for fiskeflåten.
Komiteen viser til at Fiskeridirektoratet har estimert at overfisket på norskarktisk torsk i Barentshavet ligger på om lag 100 000-120 000 tonn hvert år. Dette utgjør over 20 pst. av totalkvoten og har en førstehåndsverdi på ca. 1,5 mrd. kroner. Videre er det estimert at det i 2005 ble fisket 36 300 tonn hyse utover totalkvoten. Til tross for en rekke tiltak fra norsk side har ikke overfisket i Barentshavet avtatt i særlig grad de senere år.
Komiteen viser til det arbeidet som har vært mellom Norge og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet. I 2005 har det vært arbeidet med en styrket kontroll med omlasting av fisk i Barentshavet. Det ble i forbindelse med forhandlingene om en kvoteavtale for 2006 vedtatt en rekke tiltak for å få bukt med det ulovlige fisket som skjer i Barentshavet.
Komiteen mener at kontroll med ressursuttaket på felles fiskebestander krever et nært samarbeid mellom de landene som deler ressursene. Et slikt samarbeid er inngått med begge de to partene som Norge deler viktige fiskeressurser med: Russland og EU. Komiteen viser til at Norge også har inngått avtaler om kontroll direkte med enkelte medlemsland i EU og flere andre stater.
Komiteen viser til at kontrollavtalen som ble inngått mellom Norge og Portugal 16. februar 2006, representerte en oppdatering av slike avtaler og er den første avtalen Norge inngår som også omfatter gjensidig rapportering av landinger av fisk fra tredjelands fartøy. Norge vil arbeide videre for å revidere avtalene med de andre europeiske landene, og i samarbeid med EU-kommisjonen styrke den samlede kontrollinnsatsen i Nordøst-Atlanteren. Komiteen mener etableringen av satellittsporing av fiskefartøy er et viktig fremskritt i kontrollsammenheng.
Komiteen viser til at under kvoteforhandlingene mellom Russland og Norge er kongekrabbekvoten for 2006 fastsatt med 3 mill. individer til Russland og 300 000 individer til Norge. Russland får en økning på 1,6 mill. individer fra 2005 til 2006, samtidig øker den norske andelen fra 280 000 individer til 300 000 individer, en økning på kun 20 000 individer fra 2005 til 2006.
Komiteen viser til at Kongekrabben er en introdusert art og en økonomisk ressurs, men medfører store problemer for den tradisjonelle fiskeflåten. Komiteen viser til at det er bare noen få fiskere som gis tillatelse til å beskatte bestanden øst for 26 grader øst. Det fiskes i dag fritt vest for 26 grader øst.
Komiteen peker på at kongekrabben er en introdusert art og bør behandles deretter. Et tiltak for å redusere arten som bør vurderes, er et pålegg om å beholde fangede hunnkrabber om bord ved fangst.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at forvaltningen av kongekrabben er en stor utfordring, som krever omfattende utredning. Flertallet viser til at den fremtidige forvaltningen av kongekrabben vil bli behandlet i en egen melding til Stortinget.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre er noe forundret over det lave norske totaluttaket med begrunnelse i den totale økningen for 2006.
Disse medlemmer er skeptiske til at forvaltningen av kongekrabbe er basert på at den totale bestanden skal vokse, til tross for at det er en introdusert art. Denne forvaltningspraksisen kommer blant annet til syne gjennom at fangede hunner blir sluppet ut igjen.
Komiteen viser til at i fiskeriforhandlingene med Russland om en kvoteavtale for 2006 ble partene enige om en totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 471 000 tonn. Kvoteavtalen med EU for 2006 viser den vanskelige bestandssituasjonen for flere av bunnfiskbestandene i Nordsjøen. Partene har blant annet vedtatt å redusere kvoten på torsk ytterligere slik at den nå er den laveste noensinne. Videre er totalkvotene for hyse, sei og rødspette redusert fra 2005 til 2006. Norge og EU er dessuten enige om å fortsette det felles arbeidet med å forbedre utnyttingen av bunnfisk.
Komiteen viser til at Norge for 2006 har inngått kvoteavtaler med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen. Norge har videre inngått tosidige kvoteavtaler for 2006 med Færøyene og Grønland.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende
vedtak:
St.meld. nr. 22 (2005-2006) - om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2006 og fisket etter avtalane i 2004 og 2005 - vedlegges protokollen.
Oslo, i næringskomiteen, den 9. november 2006
Lars Peder Brekk leder |
Øyvind Korsberg ordfører |