Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra utenrikskomiteen om Noregs deltaking i den 55. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 54. generalforsamling

Innhold

Til Stortinget

Den 55. generalforsamlinga vil verte hugsa som den mest vedtaksføre på mange år. Drøftingane under tusenårstoppmøtet og den semja om FN si rolle på 2000-talet som er nedfelt i erklæringa frå toppmøtet, sette ramma for arbeidet under haustsesjonen. Arbeidet i Generalforsamlinga var meir fokusert enn tidlegare, og viljen til dialog og samarbeid, med unntak av eit knippe saker, var sterkare.

Forsamlinga viste vilje til å prioritere to store og påtrengjande spørsmål, som etter tusenårsmøtet stod fram som prøvesteinar på FN si evne til å møte utfordringane i det nye hundreåret: styrking av organisasjonen sin kapasitet til å takle komplekse fredsoperasjonar (gjennomføring av Brahimi-rapporten) og å sikre FNs finansar ved å endre bidragsskalaene for utrekning av medlemslanda sine bidrag til FNs regulære budsjett og budsjettet for fredstryggjande operasjonar.

Diskusjonen om Brahimi-rapporten var til tider vanskeleg med trekk av nord-sør-motsetningar. Somme utviklingsland frykta at iverksetjinga av rapporten ville gå på kostnad av FN sine utviklingsretta aktivitetar. Det viste seg likevel mogleg å byggje bru over motsetningane. Den endelege handsaminga av Brahimi-rapporten i komiteen for administrative og budsjettmessige spørsmål medførte ei monaleg styrking av FN-sekretariatet for dette føremålet.

I komiteen for administrative og budsjettmessige spørsmål vart det vedteke at FN skal gå over til resultatbasert budsjettering. Dette er eit av dei viktigaste framlegga i Generalsekretærens reformpakke og har tidlegare møtt hardnakka motstand frå utviklingslanda (G77). Budsjettkomiteen godkjende òg langt på veg Generalsekretærens framlegg til nye stillingar for å styrkje tryggleiken til FN-personell i felten. Samla er desse vedtaka ein omfattande reformpakke som vil auke effektiviteten og gjere organisasjonen meir tidsretta.

Det store gjennombrotet er likevel vedtaka om ny bidragsskala både for det regulære budsjettet og for budsjettet for fredstryggjande operasjonar. Frå amerikansk side har ein i lengre tid kravd at USAs del av det regulære budsjettet skal setjast ned frå 25 til 22 pst. og frå ca. 30,4 til 25 pst. for fredstryggjande operasjonar. Kompromisset som vart oppnådd oppfyller det amerikanske kravet om redusert del til FNs regulære budsjett og delvis kravet til nedsett del til FNs budsjett for fredstryggjande operasjonar, og gjev grunnlag for at USA betaler ein vesentleg del av den uteståande gjelda si. Det aller viktigaste ved vedtaket er likevel at det skaper eit tryggare grunnlag for den framtidige finansieringa av FN, noko som òg vart retningsgjevande for Noregs haldning i saka der ein freista å medverke til ei omsamd løysing. Den 55. generalforsamlinga vil verte hugsa som ei reformgeneralforsamling.

Årets generalforsamling, tusenårsforsamlinga, vart innleidd med eit tre dagars toppmøte med deltaking av 152 stats- og regjeringssjefar. Det er den største forsamlinga av toppleiarar nokon gong.

Innlegga som stats- og regjeringssjefane heldt på toppmøtet, dreidde seg i hovudsak om sentrale, overgripande tema som òg står på dagsordenen for den 55. generalforsamlinga og i Tryggingsrådet: auka innsats for fred og tryggleik, høve og utfordringar ved globaliseringa, enkeltmenneske sine rettar versus staten sine rettar, respekt for menneskerettar, fattigdomslindring, økonomisk og sosial utvikling gjennom godt styresett, auka internasjonalt samarbeid og ressursoverføringar, effektive tiltak mot miljøøydeleggingar og bevaring av ressursgrunnlaget. I dei fleste innlegga vart det lagt vekt på at FN-systemet måtte reformerast og vidareutviklast, og at det trengst større ressursar. Frå alle hald vart det understreka at FN enno vil trengast som eit forum for samarbeid om å løyse sams problem i ei verd der folk vert meir og meir avhengige av kvarandre.

Stats- og regjeringssjefane drøfta utfordringane for FN i det nye hundreåret i fire rundebord. Statsminister Jens Stoltenberg representerte Noreg i rundebordsdrøftingane og la vekt på kollektivt ansvar. Dette krev deling av goda og mekanismar som sikrar finansiering og utvikling av nye samarbeidsformer. Statsministeren framheva vidare at det krevst ei vidare utvikling og styrking av heile FN-systemet for å styrkje det kollektive ansvaret.

Både generaldebatten og rundeborda var prega av Generalsekretærens omfattande og poengterte rapport til tusenårsforsamlinga om utfordringane for FN og verdssamfunnet. Rapporten gav ei ramme om toppmøtet som inspirerte debattane og la grunnlaget for slutterklæringa frå tusenårstoppmøtet. Stats- og regjeringssjefane la vekt på det som samlar. Samtidig var mange utviklingsland opptekne av å markere kritiske synspunkt på spørsmål som såkalla humanitær intervensjon, den sivile sektoren si deltaking i FN-systemet, gjevarlanda sitt ansvar for å auke hjelpa, budsjetta for FN og meiningsinnhaldet i omgrepet godt styresett. Slike spørsmål utgjorde vanskelege punkt under framforhandlinga av slutterklæringa frå toppmøtet. Erklæringa fekk likevel ei tilfredsstillande og positiv form for alle partar. Ho står fram som ein sams dagsorden for fred, tryggleik, sosial og økonomisk utvikling, menneskerettar og vern av miljøet, basert på eit sams sett av verdiar forankra i FN-pakta. Ho inneheld òg konkrete og ambisiøse målsetjingar for m.a. fattigdomslindring, ivaretaking av borna sine behov og vern av dei svake, kamp mot HIV/AIDS og andre sjukdomar, busetjing, likestilling og berekraftig utvikling. Ho speglar òg ei allmenn semje om at FN-systemet og Tryggingsrådet må reformerast, og at det krevst eit nærare samarbeid med Bretton Woods-institusjonane og WTO.

Generalforsamlinga vedtok ein resolusjon om ein årleg gjennomgang av målsetjingane og pliktene i toppmøteerklæringa på grunnlag av rapportar frå Generalsekretæren.

Årets debatt i Generalforsamlinga, i veka etter toppmøtet, vart prega av toppmøtet og den positive tonen i erklæringa. Utanriksminister Thorbjørn Jagland heldt det norske innlegget som la vekt på den sterke norske støtta til FN og det multilaterale system. I debatten såg ein likevel tendensar til at gamle og nye motsetningar mellom gjevarland og utviklingsland vart skarpare profilerte enn under toppmøtet på tusenårsforsamlinga.

Midtaustenspørsmålet er eit godt eksempel på at motsetningar kan vere av ein slik karakter at konsensus vert uråd. Den skjerpa konflikten mellom Israel og palestinarane har medverka til ei meir konfrontasjonsprega line i FN òg. Motsetningane kulminerte med spesialsesjonen i Generalforsamlinga og Tryggingsrådet si avvising av framlegget om ein FN-observatørstyrke i dei okkuperte områda den 18. desember i fjor.

Drøftinga i Generalforsamlinga av reform av Tryggingsrådet viste enno ein gong at det er fleirtal for ei reform av Rådet både når det gjeld samansetjing og verkemåte. Men heller ikkje i år utkrystalliserte det seg ei løysing som kan ha von om å få to tredels fleirtal i forsamlinga.

Noreg vart den 10. oktober 2000 valt inn i Tryggingsrådet saman med Irland, Colombia, Mauritius og Singapore for perioden 2001-2002. Det er tjue år sidan Noreg sist hadde sete i Tryggingsrådet.

Tryggingsrådet er no inne i ein svært travel og arbeidskrevjande periode. Rådet har i løpet av dei siste åra vist stor handlekraft. I inneverande periode har Rådet vedteke ein fredstryggjande operasjon i Etiopia/Eritrea, overvakt og sertifisert tilbaketrekkinga av israelske styrkar i Libanon og, for fyrste gong på fleire år, drøfta situasjonen i Midtausten og i dei palestinske områda. Rådet har òg handsama Brahimi-rapporten og slutta seg til hovudkonklusjonane. Rådet vil halde fram med utdjupinga si av vilkår for og gjennomføring av breitt baserte fredsoperasjonar. Interessant og positivt er det òg at Rådet sin humanitære dagsorden heile tida vert utvida, og dei mange humanitære dagsordenspunkta i seinare tid er supplerte med m.a. HIV/AIDS, kvinner, fred og tryggleik og vern av sivile i væpna konfliktar. Nytt er det òg at Rådet oftare og oftare held opne debattar og møte der ikkje-medlemsland òg kan delta. Noreg har støtta denne utviklinga og vidarefører engasjementet sitt for større openskap som medlem av Rådet. Det ligg såleis godt til rette for at det vide tryggleiksomgrepet som ligg til grunn for politikken vår i Tryggingsrådet, med vekt på ei heilskapleg tilnærming til fredsbygging, vil stø oppunder Rådets vidare arbeid med desse spørsmåla.

Noreg har under den 55. generalforsamlinga stått på lina med å halde eigne innlegg og i mindre grad slutte seg til EU-innlegg. Dette har vore ei følgje av kampanjen for medlemskap i Tryggingsrådet og for å gje Noreg ein skarpare profil i organisasjonen. Men det har òg vore ein funksjon av at ein ikkje i alle saker har samanfallande synspunkt med EU. Noreg har som i tidlegare år òg søkt å medverke til kompromiss og utnytte dei tradisjonelt gode kontaktane til ei rekkje viktige utviklingsland for å minske motsetningane mellom industri- og utviklingsland. Danmark, Finland og Sverige er på mange måtar eit vindauge inn i EU, som òg gjev høve til innsikt og påverknad for dei andre nordiske landa. Noreg hadde òg nær kontakt med andre likesinna land, særleg innan JUZCANZ-gruppa, som er samansett av OECD-land utanfor EU og fungerer som eit uformelt forum for utveksling av opplysningar og synspunkt.

EU står no fram som ei sentral forhandlingsgruppe i FN-systemet og opptrer med omsamde forhandlingsposisjonar og talar med ei røyst. Dette gjev EU ein framståande posisjon og forhandlingskraft i organisasjonen. Denne rolla vert styrkt ytterlegare ved at dei assosierte landa i Sentral- og Aust-Europa samla følgjer EU i dei fleste spørsmåla. EU sine standpunkt og haldningar ligg som regel nær dei norske.

USA har vore svært aktiv under Generalforsamlinga, fyrst og fremst for å få kompromisset om nye bidragsskalaer på plass. Det er likevel klart at Clinton-administrasjonen har lagt større vekt på FN-samarbeidet i amerikansk utanrikspolitikk det siste året, kanskje ikkje for å vareta grunnleggjande amerikanske interesser, men i aukande erkjenning av at ei forsterka globalisering krev universelle tilnærmingsmåtar til sams problem.

Dei faste medlemene av Tryggingsrådet, USA, Storbritannia, Frankrike, Russland og Kina, spelar i kraft av sin posisjon der alltid ei viktig rolle i FNs andre organ. Frankrike og Storbritannia er meir anonyme i Generalforsamlinga på grunn av EU-samarbeidet. Kina har ein sentral posisjon mellom utviklingslanda og opererer både innanfor og utanfor G77. Russland legg mykje prestisje og ressursar i Tryggingsrådsarbeidet og søkjer aktivt å gjere innverknaden sin gjeldande i dei andre organa. Landet viser stor aktivitet under Generalforsamlinga, særleg når det gjeld sosiale og økonomiske spørsmål, og har ofte standpunkt som ligg nær opptil G77 i ei rekkje spørsmål. At Russland og Kina medverka vesentleg for å nå eit kompromiss om nye bidragsskalaer må sjåast som uttrykk for dei framleis investerer i FN-systemet og i eit universelt samarbeid som ei mogleg motvekt til ei dominerande supermakt i internasjonal politikk.

G77 har under denne Generalforsamlinga vist større grad av forhandlings- og kompromissvilje enn på mange år. Dette har i vesentleg grad medverka til ei vedtaksfør forsamling, som gjorde viktige reformer moglege. Likevel kunne ein spore monaleg kløyving mellom utviklingslanda i ei rekkje saker.

Debatten under den 55. generalforsamlinga gav ingen vesentleg framgang i spørsmålet om utviding av Tryggingsrådet. Eit framsteg i arbeidsmetodane er at stadig fleire møte no vert haldne i open sesjon. Det avteikna seg vidare ein klar tendens i retning av at Rådet opnar for diskusjonar om særlege emne, også tema som tradisjonelt ikkje har vore på Rådet sin dagsorden i skjeringspunktet mellom konflikthandtering, humanitære spørsmål og utvikling.

Arbeidet i 1. komité under den 55. generalforsamlinga bar preg av lite dramatikk, og det var få saker som skapte debatt. Dette kom i stor grad av det positive utfallet av den 6. tilsynskonferansen for Ikkje-spreiingsavtala (NPT), som vart halden i New York i mai 2000. Der kom ein fram til semje om eit sluttdokument som mellom anna inneheld eit konkret handlingsprogram for kjernefysisk nedrusting. Mellom dei sakene som fekk mest merksemd i 1. komité, var "Ny agenda"-landa sin resolusjon om kjernefysisk nedrusting, der teksta i hovudsak var henta frå sluttdokumentet frå NPT-tilsynskonferansen.

Arbeidet med Midtausten-spørsmål var vanskeleg i lys av den omfattande valden i dei palestinske områda og mangelen på framgang i fredsprosessen. Det vart halde ein spesialsesjon i Generalforsamlinga og eit ope møte i Tryggingsrådet for å drøfte utviklinga i regionen. Det vart etter begge møta vedteke resolusjonar som fordømde "Israels overdrivne bruk av makt mot palestinarar". Eit resolusjonsutkast som vart handsama i Tryggingsrådet i desember med framlegg om utplassering av ein FN-observatørstyrke i dei okkuperte palestinske områda fekk ikkje nok ja-røyster.

Utanom handsaminga i Generalforsamlinga sitt plenum av dagsordenspunkt om fremjing av varig fred og berekraftig utvikling i Afrika og samarbeidet mellom FN og OAU, knytte det seg særleg interesse til handsaminga av spørsmålet om kva rolle diamantar spelar i konfliktar. Noreg var medframleggsstillar til konsensusresolusjonen, som legg opp til at det vert etablert eit globalt sertifiseringssystem for diamantar. Vona er at eit slikt registreringssystem skal medverke til å auke stabiliteten i Afrika ved å gjere det vanskelegare å finansiere væpna konfliktar med sal av diamantar.

Koplinga mellom ulovleg diamanthandel og væpna konfliktar har òg stått på dagsordenen til Tryggingsrådet i samanheng med konfliktane i Den demokratiske republikken Kongo, Angola og Sierra Leone.

Rådet brukar 60-70 pst. av tida si på spørsmål knytte til Afrika. Særleg mykje tid gjekk i 2000 med til å handtere konfliktane og FN-operasjonane i Den demokratiske republikken Kongo og Sierra Leone.

Den demokratiske omveltinga i Jugoslavia (FRJ) frå oktober 2000 medverka til at landet vart teke opp som medlem i FN, og til større sjansar for ei positiv utvikling i konfliktar der FN har fredstryggjande operasjonar.

FNs mangeårige operasjonar i Kypros (UNFICYP) og Georgia (UNOMIG) spelar enno viktige stabiliserande roller i sine respektive konfliktområde, i påvente av at partane, med hjelp frå FNs generalsekretær og representantane hans, skal kunne kome fram til varige fredsløysingar.

Ei folkerøysting på Aust-Timor i 1999 gav eit overveldande fleirtal for sjølvstende. Etter omfattande valdshandlingar frå proindonesisk milits, utan at det indonesiske militæret greip inn for å hindre dette, vart det oppretta ein fleirnasjonal styrke, leidd av Australia, som seinare vart teken over av ein omfattande FN-operasjon. Operasjonen skal òg utgjere ein overgangsadministrasjon og støtte opp under den humanitære hjelpa og oppbygginga av ein sivil administrasjon og infrastruktur. Det vart teke viktige steg mot fullt sjølvstende i 2000, mellom anna med etablering av ei overgangsregjering. Ein syner elles til kap. 3.3 i meldinga når det gjeld FN si rolle i regionale konfliktar.

Talet på militært personell knytt til FNs fredstryggjande operasjonar var midt på 90-talet oppe i ca. 80 000. Per 31. desember 2000 var talet ca. 30 000, ein auke på ca. 20 000 frå 1999. Sivilt politi talde på same tidspunkt ca. 7 800, ein auke på ca. 3 300 frå 1999.

Noreg deltok per 31. desember 2000 i 9 av FNs 15 fredstryggjande operasjonar, med 34 militære offiserar i fem operasjonar og med 49 polititenestemenn i fem operasjonar. Dette er ein auke på 38 polititenestemenn og militære offiserar frå 1999. I tillegg deltok Noreg per 31. desember 2000 med om lag 1 200 soldatar i dei FN-autoriserte, men NATO-leidde, fredsoperasjonane på Balkan. Dei samla utgiftene til FNs fredstryggjande operasjonar er for 2000 kostnadsrekna til ca. USD 2 mrd., ein auke på ca. USD 700 mill. frå 1999.

Forhandlingane i 2. komité‚ fokuserte under den 55. generalforsamlinga på økonomiske spørsmål i lys av det komande høgnivåmøtet om Finansiering for utvikling, førebuingane til tiårsgjennomgangen av FN-konferansen om miljø og utvikling, MUL-konferansen, samt tema gjeld, globalisering, handel og utvikling. Frå alle aktørane si side la ein vekt på å skape eit best mogleg klima for dei vanskelege forhandlingane som vil finne stad i den førebuande komiteen for Finansiering for utvikling. I tillegg medverka semja som vart oppnådd kring Tusenårserklæringa, til å gje eit grunnlag for omsamde tekster på tema som fattigdomslindring, globalisering og gjeld.

Prosessen fram mot høgnivåmøtet i mars 2002 vert sett på som ein av dei mest sentrale i FN på utviklingsområdet den komande perioden, og det vert lagt vekt på å trekkje inn alle relevante aktørar - Bretton Woods-institusjonane, WTO, privat sektor og det sivile samfunnet - i førebuingane.

Dei sentrale miljøprosessane i FN går føre seg i eigne fora under miljøkonvensjonane. FNs kommisjon for berekraftig utvikling (CSD) er sentral i oppfølgingsarbeidet etter UNCED. Førebuingane til tiårsgjennomgangen av toppmøtet i Rio (Rio + 10) og ei rekkje andre konferansar, mellom anna HABITAT II + 5, klimaforhandlingane og MUL-konferansen prega drøftingane under Generalforsamlinga. Etter til dels svært vanskelege forhandlingar fekk ein eit kompromiss der RIO + 10 vil vere både ein gjennomgang av kva som er oppnådd, og samtidig ein konferanse som ser framover. Under forhandlingane om dei andre miljørelaterte resolusjonane var utviklingslanda særleg opptekne av å utvide mandatet til Det globale miljøvernfondet (GEF).

Handsaminga av menneskerettsspørsmål under den 55. generalforsamlinga var i stor grad prega av motsetningar på område der sterke tradisjonar og religiøse førestellingar gjer seg gjeldande. I fleire saker var motsetningane av ein slik karakter at konsensus ikkje var oppnåeleg. Fleire resolusjonar vart difor tekne til votering enn på tidlegare generalforsamlingar.

Når det gjeld landresolusjonane, er tendensen ei svakare oppslutning. Dette gjeld særleg Iran- og Irak-resolusjonane. I Noregs innlegg om menneskerettar la ein vekt på verdien av kampen mot rasisme. Det vart i den samanhengen vist til den komande Verdskonferansen mot rasisme, som ein frå norsk side vonar vil medverke til at det vert sett i verk fleire tiltak mot rasisme i medlemslanda i FN.

Samtidig med at behovet for humanitær hjelp er større enn nokon gong, heldt tendensane til sviktande respekt for internasjonal humanitær rett og tryggleik for humanitært personell fram. Styrking av tiltak for betre tryggleik for humanitært personell og FN-personell var på denne bakgrunnen det mest sentrale temaet då Generalforsamlinga handsama humanitære spørsmål.

I dei mellomstatlege forhandlingane om humanitære spørsmål går ein vanskeleg balansegang mellom oppmodingar til respekt for internasjonal humanitær rett og tryggleik for humanitært personell og dei som treng humanitær hjelp, på den eine sida, og respekt for nasjonal suverenitet og ikkje-innblanding på den andre.

Denne spenninga går òg igjen i forhandlingane om landminetiltak. Under handsaminga av dette dagsordenpunktet vart det frå fleire hald lagd vekt på at resultata av Landminekonvensjonen og det praktiske arbeidet i felt no for alvor byrjar å verte synlege. Talet på produsentar og eksportørar av landminer er sterkt redusert, mange miner er destruerte, og store område er rydda for miner.

FNs generalforsamlings spesialsesjon om oppfølging av FNs kvinnekonferanse i Beijing i 1995, "Kvinner 2000: likestilling, utvikling og fred på 2000-talet," òg omtala som "Beijing + 5", vart halden i New York 5-9. juni 2000. Spesialsesjonen resulterte i ei politisk erklæring og eit sluttdokument om "Ytterlegare tiltak og initiativ for å gjennomføre Beijing-erklæringa".

FNs økonomiske situasjon ved utgangen av 2000 viste for andre år på rad positiv likviditet for det regulære budsjettet. Medlemslanda si gjeld til FN var likevel USD 2,3 mrd., og av dette var brorparten til FNs fredstryggjande operasjonar. Det er god von om at USA vil innbetale USD 582 mill. - om lag halvparten av totalgjelda til FN - i 2001, som følgje av at USAs krav om nedsett del til FNs regulære budsjett vart vedteke, og at kravet om nedsett del til FNs fredstryggjande operasjonar delvis vart innfridd. Forhandlingane om budsjettskissa for 2002-2003 resulterte i ein sluttsum på vel USD 2,5 mrd., som inneber ein mindre reell vekst.

Respekt for folkeretten og den internasjonale rettsordenen er grunnleggjande føresetnader i FN-pakta og i FNs institusjonelle system. Etableringa av dei to internasjonale ad hoc-straffedomstolane for krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskja i høvesvis det tidlegare Jugoslavia og Rwanda, og vedtakinga av vedtektene for Den internasjonale straffedomstolen (Roma-vedtektene) inneber store framsteg når det gjeld styrking av folkeretten gjennom internasjonal institusjonsbygging.

Noreg ratifiserte 16. februar 2000 Roma-vedtektene for Den internasjonale domstolen. Vedtaket om å opprette ein permanent, global straffedomstol må sjåast på som eit gjennombrot for folkeretten. Etableringa av domstolen føreset ratifikasjon av 60 statar. Ved utgangen av år 2000 hadde 27 statar ratifisert vedtektene. Heile 139 statar, medrekna USA, Israel og Iran, hadde underskrive vedtektene.

For Noreg sin del er det i samband med den 55. generalforsamlinga òg særleg grunn til å peike på det norske initiativet til å få oppretta eit frivillig forvaltingsfond for kontinentalsokkelføremål i regi av FN. Fastlegging av dei ytre grensene for kontinentalsokkelen utover 200 nautiske mil er underlagt visse prosedyrar og tidsfristar i Havrettskonvensjonen, og fleire av utviklingslanda har vanskar med å oppfylle desse vilkåra. Føremålet med fondet er å hjelpe dei fattigaste kyststatane, medrekna små utviklingsøystatar, med å finne ut om kontinentalsokkelen deira strekkjer seg utover 200 nautiske mil, og kor omfattande eit eventuelt program for kartlegging av sokkelen vil kunne verte.

Bak i meldinga er ei rekkje vedlegg, m.a. innlegga til Hans Majestet Kongen under Tusenårstoppmøtet og til utanriksminister Thorbjørn Jagland under hovuddebatten i Generalforsamlinga.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Haakon Blankenborg, Kjell Engebretsen, Kirsti Kolle Grøndahl, Marit Nybakk, Hill-Marta Solberg og Tom Thoresen, fra Kristelig Folkeparti, Kjell Magne Bondevik og lederen Einar Steensnæs, fra Høyre, Jan Petersen og Siri Frost Sterri, fra Senterpartiet, Johan J. Jakobsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Lisbet Rugtvedt, fra Venstre, Lars Sponheim, og representantene Dag Danielsen og Fridtjof Frank Gundersen, mener meldingen gir en god gjennomgang av FNs 55. ordinære generalforsamling, som også ble markert som tusenårsforsamlingen. Komiteen vil understreke den unike posisjonen som FN har som internasjonal institusjon med globalt medlemsskap og globalt mandat og viser i den forbindelse til at FNs 189. medlemsland ble innlemmet under den 55. generalforsamlingen. FNs status og tillit i verdenssamfunnet ble også stadfestet ved den store oppslutningen om tusenårsforsamlingen, med den største samlingen av toppledere noensinne.

Komiteen vil vise til at Norge bl.a. var representert ved Hans Majestet Kongen og statsminister Jens Stoltenberg, i tillegg til den valgte delegasjonen ledet av utenriksminister Thorbjørn Jagland.

Komiteen har merket seg at det fra norsk side ble lagt ned et betydelig diplomatisk arbeid forut for at Norge den 10. oktober ble valgt inn i FNs sikkerhetsråd. Komiteen har videre merket seg at Regjeringen har satt opp tre hovedmålsettinger for arbeidet i Sikkerhetsrådet:

  • – Sammenhengen mellom fred og utvikling

  • – FNs evne til å planlegge og gjennomføre fredsoperasjoner

  • – Særlig vekt på Afrika

Norge har i tillegg fått formannsskapet i sanksjonskomiteen for Irak.

Komiteen vil vise til utenriksministerens redegjørelse om arbeidet i Sikkerhetsrådet og den påfølgende stortingsdebatten.

Komiteen registrerer for øvrig at med plass i Sikkerhetsrådet er FN-dimensjonen blitt viktig i det bilaterale forholdet til Russland.

Komiteen vil legge vekt på de forpliktelsene som FNs medlemsland har etter tusenårsforsamlingen for å øke innsatsen for fred og trygghet, styrke menneskerettighetene, bekjempe fattigdom og sikre en god sosial og økonomisk utvikling gjennom et godt styresett. Komiteen har merket seg at slutterklæringen fra generalforsamlingen har et eget kapittel med fokus på Afrikas særskilte behov. Komiteen vil i den forbindelse vise til at Sikkerhetsrådet bruker 60-70 pst. av sin tid på saker som angår Afrika.

Komiteen registrerer at det i den 55. generalforsamlingen var en del uenighet knyttet til menneskerettigheter for kvinner, og en nederlandsk initiert resolusjon om bl.a. æresdrap av kvinner. Resolusjonen ble til slutt vedtatt mot 25 stemmer. Komiteen har videre merket seg at i Norges innlegg om menneskerettigheter ble det lagt stor vekt på verdien av kampen mot rasisme og den kommende Verdenskonferansen mot rasisme. Norge var også medforslagsstiller til resolusjonen om Burma.

Komiteen mener det er tatt et viktig skritt fremover i reformprosessen med vedtaket om at FN skal gå over til resultatbasert budsjettering. Det samme gjelder vedtakene om en ny bidragsskala både for det regulære budsjettet og for budsjettet for fredsbevarende operasjoner.

Komiteen tar til etterretning at Norge denne gangen sammen med flere NATO-land stemte for New Agenda Coalition-initiativet om atomnedrustning.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til meldingens omtale av at Norge under spesialsesjonen om Midtøsten stemte avholdende til en resolusjon som fordømte Israels overdrevne maktbruk overfor sivile palestinere under det palestinske opprøret. Dette medlem mener at meldingen ikke på en overbevisende måte argumenterer for at denne stemmegivningen var riktig, og viser til at det er viktig for FNs troverdighet at en på en konsekvent måte påpeker brudd på folkeretten overfor land som gjør seg skyldig i dette. Det er påvist at Israel i måten det palestinske opprøret er blitt møtt på, har brutt en rekke internasjonale konvensjoner som skal beskytte sivile i konflikter.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

St.meld nr. 33 (2000-2001) - om Noregs deltaking i den 55. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 54. generalforsamling - vedlegges protokollen.

Oslo, i utenrikskomiteen, den 16. mai 2001

Einar Steensnæs

leder

Marit Nybakk

ordfører

Haakon Blankenborg

sekretær