Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra samferdselskomiteen om kapitalutviding i Telenor AS.

Dette dokument

Innhold

Bakgrunn

       Departementet foreslår i proposisjonen å utvide eigenkapitalen i Telenor AS med 2 mrd. kroner.

       Styret for Telenor AS la sommaren 1997 fram ei tilråding til staten om å tilføre selskapet 3 mrd. kroner i ny eigenkapital.

       Departementet er samd i at det er behov for ny eigenkapital. Departementet har likevel av styringsmessige grunnar funne det riktig å tilrå ein mindre kapitaltilførsel enn det styret i konsernet går inn for.

Formålet med kapitalutvidinga

       Formålet med kapitalutvidinga er å styrke grunnlaget for å oppnå høg verdiskaping gjennom verksemda til Telenor.

       Den direkte grunnen til det nye forslaget om å utvide eigenkapitalgrunnlaget i Telenor AS er at selskapet no ser for seg eit større potensial for å engasjere seg i lønsame prosjekt i utlandet, men som vanskeleg let seg realisere utan at selskapet blir tilført meir eigenkapital. Å utnytte dette potensialet er viktig for å utvikle Telenor sin kompetanse vidare på område der selskapet har oppnådd særlege konkurransefordelar og for å tryggje Telenor sin relative posisjon på den europeiske marknaden. Samstundes er det klart at denne ekspansjonen vil auke risikoen til selskapet i vesentleg grad.

       Ei gjennomføring av Telenor sine utvida investeringsplanar utan tilføring av ny eigenkapital, vil med realistiske overslag føre til at konsernet sin bokførte eigenkapitalprosent vil falle under målsatt nivå. Samferdselsdepartementet viser til at kravet til Telenor sin soliditet sist blei vurdert i samband med handsaming av St.prp. nr. 64 (1995-1996), der det var semje om at eigenkapitalprosenten ikkje burde falle under 42 %.

       Finansiell soliditet er ein viktig konkurransefaktor på ein telemarknad der aktørane gjennomfører omfattande posisjonering og restrukturering av verksemda som følgje av ei dynamisk teknologi- og marknadsutvikling og innføring av generell konkurranse både på regionalt og globalt nivå.

       Samferdselsdepartementet vil understreke at staten som eineeigar av Telenor normalt må vere villig til å tilføre selskapet ny eigenkapital dersom forretningsbilete tilseier det. Departementet ser det som ei fordel å følgje eigenkapitalutviklinga i selskapet nøye og heller gjere fleire og mindre justeringar i eigenkapitalen enn få og store.

       Telemarknaden gjennomgår for tida store endringar. Regjeringa må stadig vurdere dei eigarformene/alliansane som er mest høvelege til å oppnå dei telepolitiske måla på kort og lang sikt.

       Regjeringa vil komme attende til spørsmålet om delprivatisering før en evt. neste utviding av eigenkapitalen i Telenor.

       Regjeringa meiner at det utan omsyn til resultatet av forhandlingane om samanslåing av Telenor og Telia vil vere føremålstenleg å tilføre Telenor 2 mrd. kroner i ny eigenkapital no.

Mål og strategiar for Telenorkonsernet

       Dei overordna mål og strategiar for Telenorkonsernet blei sist fastlagte ved handsaminga av St.prp. nr. 64 (1995-1996), jf. òg St.meld. nr. 21 (1995-1996) Om Telenor AS. Regjeringa la fram ei ny melding om Telenor si verksemd i desember i fjor, jf. St.meld. nr. 17 (1997-1998) Om Telenor AS si verksemd.

       Det overordna målet for Telenor si verksemd er slik formulert i selskapet sin forretningside:

       « Telenor skal på et forretningsmessig grunnlag sikre at utviklingen i moderne telekommunikasjons- og informasjonsteknologi kommer norske kunder og det norske samfunn til gode. »

       Når det gjeld dei operasjonelle delmål, kan det visast til pkt. 3 i proposisjonen.

       Samferdselsdepartementet vil understreke at Telenor sin primære marknad skal vere Noreg og norske kundar. For å kunne realisere dei strategiske hovudmåla som er lagt til grunn for utviklinga framover, må Telenor òg satse i utlandet. Aktivitetane ute skal bidra til å oppretthalde rolla som leiande tele-/IT-selskap i Noreg.

       På bakgrunn av Telenor sin relative storleik og dermed avgrensa evne til å bere risiko, skal internasjonale investeringar som hovudregel skje gjennom deltaking i konsortium og/eller alliansar.

Nærare om behovet for auka kapitaltilgang

       Forretningsmessige og samfunnsmessige moment som er vektlagt i vurderinga av behovet for auka kapitaltilgang:

a) Moderne, rasjonelle og effektive tele-/IT-løysingar er avgjerande for eit land si konkurranseevne.
b) Telenor er det industrielle lokomotivet innan tele-/IT-bransjen i Noreg.
c) Utnytting av potensialet for utvikling av kompetansebasert eksport.
d) Storleik er viktig.
e) Strategisk posisjonering.
f) Telenor har tilgang til gode investeringsprosjekt.
g) Finansiell soliditet er eit viktig konkurranseparameter i ein kapitalintensiv bransje.

       Samferdselsdepartementet meiner at den dynamiske utviklinga som karakteriserer den internasjonale tele-/IT-marknaden bør bli utnytta best mogleg. Norskbasert kompetanse har no ein sjanse til å verke til beste for ei framtidig næring som vil ha mykje å seie for utvikling av næringstrukturen i landet vårt.

       Telenor har høg kompetanse innan mobil- og satellittkommunikasjon, som er dei områda kor hovudtyngda av dei internasjonale investeringane skjer.

Investeringsplanar for 1997-99

       Totalt vil investeringane i Noreg i perioden 1997-99 venteleg komme opp i 12 mrd. kroner. Av dette er det budsjettert med 6 mrd. kroner til fastnettet, 2,3 mrd. kroner til mobilnetta og 1,6 mrd. kroner til IT og verdiauka tenester (VØT).

       Telenor sine totale invsteringar internasjonalt i 1997-99 vil komme opp i rundt 16 mrd. kroner.

       Det er satsinga innan mobilområdet som dominerer investeringsbudsjettet for utlandet.

Krav til avkastning og verdiutvikling

       Samferdselsdepartementet har sett eit krav til avkastning på Telenor sin eigenkapital på minimum 15 % før skatt i perioden 1996-97. I 1995 og 1996 oppnådde Telenor ei eigenkapitalavkastning på respektivt 18,5 og 17,8 %.

       Dei store internasjonale investeringsprosjekta til Telenor er kjenneteikna ved at dei truleg ikkje vil gi særlege bidrag til resultatet i rekneskapen før etter 5 år.

       Samferdselsdepartementet ser at det kan vere uheldig å operere med mange likestilte metodar for måling av avkastninga, og at ikkje alle metodar er like lette å gjennomføre i praksis. Avkastninga vil difor først og fremst bli målt ved å utføre regelmessige verdivurderingar av heile verksemda og ved den bokførte eigenkapitalrentabiliteten for konsernet under eitt.

       Samferdselsdepartementet har allereie som ledd i si eigaroppfølging gitt to konsulentar i oppdrag å utføre avhengige verdivurderingar av Telenor.

       Departementet meiner at det særleg i den internasjonale ekspansjonsfasen som konsernet no er på veg inn i, er behov for å legge større vekt på supplerande verdivurderingar. I den samanheng ser departementet det som særleg viktig at Telenor sjølv legg opp til å gjennomføre separate verdivurderingar av dei internasjonale engasjementa på regelmessig basis.

       Departementet vil inntil vidare leggje til grunn eit avkastningskrav på minimum 13 % før skatt. Det vil generelt vere slik at investeringane i utlandet må tilfredsstille høgare avkastningskrav enn i Noreg for å bli realiserte.

       Regjeringa arbeider med å utforme generelle retningslinjer for fastsetting av avkastningskrav for statlege selskap. Det kan difor bli aktuelt å komme attende til avkastningskravet også for Telenor i St.prp. nr. 1 (1998-1999).

Tidspunkt for kapitalutvidinga

       Det vil normalt vere slik at Telenor ikkje kan velje tidspunkt for investeringane i utlandet. For at konsernet skal kunne utnytte investeringspotensialet er det difor avgjerande å ha finansiell styrke til å kunne forplikte seg når høve oppstår.

       Samferdselsdepartementet tilrår at det i 1998 blir fatta vedtak om å utvide eiegenkapitalen i Telenor AS med 2 mrd. kroner, og at den nye eigenkapitalen blir fordelt med 60 % til aksjekapital og 40 % til reservefond.

      Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sigrun Eng, Eirin Faldet, Sverre Myrli, Gunn Olsen, Ola Røtvei og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fra Fremskrittspartiet, Thore Aksel Nistad og Christopher Stensaker, fra Kristelig Folkeparti, Rigmor Kofoed-Larsen og Jan Sahl, fra Høyre, Ellen Gjerpe Hansen og lederen Oddvard Nilsen, fra Senterpartiet, Jorunn Ringstad, fra Sosialistisk Venstreparti, Inge Myrvoll og fra Venstre, May Britt Vihovde, har merket seg at Samferdselsdepartementet foreslår å utvide egenkapitalen i Telenor med 2 mrd. kroner. Formålet med denne utvidelsen er å « styrke grunnlaget for å oppnå høy verdiskapning gjennom virksomheten til Telenor ».

       Komiteen har videre merket seg at departementet understreker at staten som eneeier må være villig til å tilføre selskapet ny kapital dersom forretningshensyn tilsier det.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeiderpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, meiner eit sterkt og konkurransedyktig Telenorkonsern er den beste garantien for at utviklinga av moderne telekommunikasjons- og informasjonsteknologi kjem heile Noreg til gode. Å sikre dette selskapet kapitaltilførsle i ei tid med dynamisk utvikling i næringa er såleis ikkje berre ei viktig industri- og næringspolitisk målsetting. Det er viktig å sikre breiare samfunnspolitiske målsettingar, m.a. at det i heile landet er likeverdige levevilkår for borgarane og at det finst ein infrastruktur som gir grunnlag for konkurransedyktige verksemder.

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil peke på at den direkte grunnen til det nye forslaget om å utvide egenkapitalgrunnlaget i Telenor AS er at selskapet nå ser for seg et større potensial for å engasjere seg i lønnsomme prosjekter i utlandet, Disse medlemmer vil understreke at dette vanskelig lar seg realisere uten at selskapet blir tilført mer egenkapital.

       Disse medlemmer vil vise til at det er en målsetting at teletjenestene innenlands skal ligge i front teknologisk og i produktutvikling, for å kunne tilby næringsliv og husstander i Norge best mulige tjenester. Dette er ikke minst viktig for å sikre konkurransedyktige vilkår for næringslivet i distriktene. I dagens situasjon er det gjennom Telenor at det er mulig å sikre slikt tilbud til hele landet. Disse medlemmer ser derfor Telenors engasjement i utenlandske markeder også som ledd i en strategi for å kunne oppnå målsettingene om best mulig teletjenester innenlands.

       Disse medlemmer vil peke på at ved en gjennomføring av Telenors utvidede investeringsplaner vil egenkapitalprosenten falle under 42 %, som det ved behandlingen av St.prp. nr. 64 (1995-1996) var enighet om skulle være nedre grense for egenkapitalprosenten.

       Disse medlemmer vil peke på at Telenor hadde en positiv utvikling i omsetning og resultat i 1996. Resultatet før skatt ble 2.354 mill. kroner som er en økning på 251 mill. kroner i forhold til 1995. Avkastningen på sysselsatt kapital ble 14,9 %. Avkastningen på egenkapitalen ble 17,8 %. Disse medlemmer mener at staten gjennom eierskap av Telenor AS bør få en god avkastning på sin pengeplassering.

       Disse medlemmer støtter derfor departementets forslag om å øke egenkapitalen i Telenor med 2 mrd. kroner. Disse medlemmer vil understreke at på et senere tidspunkt vil det kunne være aktuelt med en ytterligere økning av egenkapitalen i Telenor.

       Disse medlemmer har merket seg at Regjeringen stadig vil vurdere eierformer og allianser som er mest formålstjenlige, og har med forundring merket seg at Regjeringen vil vurdere å delprivatisere Telenor AS.

       Disse medlemmer viser til Innst.S.nr.163 (1993-1994) der komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti blant annet uttalte følgende:

       « Dette medlem vil understreke at eit heileigd, statleg AS ikkje inneber privatisering av Televerket. Det vil fremleis vere mogleg med politisk styring av telesektoren. »

       Disse medlemmer viser også til at Senterpartiet i Innst.S.nr.163 (1993-1994) var imot å omdanne Televerket til et heleid statlig akseselskap.

       Disse medlemmer viser videre til Innst.S.nr.163 (1994-1995) der komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet uttalte følgende:

       « Disse medlemmer slutter seg til framlegget om å gjøre Televerket til et hundre prosent statseid aksjeselskap .... »

       Disse medlemmer viser til at Telenor er et viktig redskap for å oppnå de telepolitiske målene.

       Disse medlemmer mener at 100 % statlig eierskap av Telenor gir klarest statlig styring og at den statlige styringen vil svekkes vesentlig selv ved en liten privat eierandel. Disse medlemmer vil peke på at ved omdanningen av Telenor til et AS var det en klar forutsetning at dette skulle være et heleid statlig aksjeselskap. Disse medlemmer kan heller ikke se at privat deleierskap i avgjørende grad vil kunne tilføre kapital eller kompetanse som skulle gjøre det nødvendig å delprivatisere Telenor. Disse medlemmer mener at Telenor AS skal videreføres som et heleid statlig aksjeselskap.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre er enig i at Telenor bør søke å utvide sin egenkapital dersom det er et økonomisk og forretningsmessig grunnlag for det.

       Disse medlemmer kan imidlertid ikke se at departementet har fremført ett eneste reelt argument for hvorfor staten skal bruke 2 mrd. kroner på denne utvidelsen. I denne sammenheng kan disse medlemmer ikke se at det skulle være noen problemer med å hente inn denne kapitalen i det private marked.

       Disse medlemmer vil vise til at avkastningen på egenkapitalen for Telenor, i 1995 og 1996 var på ca 18 %. Disse medlemmer vil likevel gjøre oppmerksom på at om lag halvparten av Telenors fortjeneste kommer fra områder som er reelle monopoler. Disse medlemmer vil advare mot en utvikling der en økende andel av Telenors overskudd kommer fra områder som reelt sett er beskyttet mot effektiv konkurranse.

       Disse medlemmer mener at det ikke kan være riktig å benytte 2 mrd. kroner av statlige investeringsmidler til en kapitalutvidelse i Telenor som ikke får noen som helst betydning for statens kontroll over selskapet. Det finnes en rekke mer fornuftige investeringsformål for staten, eksempelvis teknisk utstyr til norske sykehus.

       Komiteen sine medlemer frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre har merka seg at departementet legg vekt på at det er no og i næraste åra at dei mest interessante investeringsprosjekt truleg vil syne seg på grunn av liberaliseringa og globaliseringa av tele-/IT-næringa. Telenors totale investeringar i perioden 1997-99 er rekna til 28 mrd. kroner, av dette vil rundt 16 mrd. kroner vere investeringar internasjonalt. For å sikre eigenkapitalprosenten over 42 %, slik det var semje om ved behandlinga av St.prp. nr. 64 (1995-1996), er det nødvendig å tilføre selskapet kapital.

       Desse medlemene vil peike på at framlegget til Samferdselsdepartementet om å tilføre 2 mrd. kroner i eigenkapital i denne omgang, gir samstundes tilfredsstillande styring med selskapet. I investeringspolitikken er det ulike omsyn som må vegast mot kvarandre: Ein offensiv investeringsstrategi i utlandet vil auke risikoeksponeringa. Det er ein klar føresetnad at den internasjonale satsinga ikkje skal gå utover oppgåveløysinga i Noreg. Men einsidig konsentrasjon om innanlandsmarknaden vil på si side innebere risiko for at selskapet blir isolert til ein relativt liten marknad i ein global industri.

       I denne situasjonen sluttar desse medlemene opp om framlegget om å tilføre Telenor 2  mrd. kroner i eigenkapital i denne omgang slik at selskapet kan gå vidare med sine investeringsplanar. Ut frå eit ynskje om å styre verksemda, er det betre med fleire mindre justeringar av eigenkapitalen enn få og store.

       Desse medlemene har merka seg den høge avkastninga Telenor-konsernet oppnådde i 1995 og 1996. No vil departementet inntil vidare leggje til grunn eit noko lågare avkastningskrav for konsernet totalt, m.a. som fylgje av eit lågare rentenivå og på grunn av avviklinga av resterande einerettar frå 1. januar 1998. Med eit avkastningskrav på minimum 13 %, som departementet legg til grunn, vil det finansielt vere tilfredsstillande for staten å plassere pengar i Telenor-konsernet.

       Desse medlemene meiner at spørsmålet om delprivatisering av Telenor-konsernet må behandlast uavhengig av korleis staten til ei kvar tid utøver sitt eigaransvar. Desse medlemene ser ikkje spørsmålet om delprivatisering som aktuelt i samband med denne saka, og vil elles vise til proposisjonen.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil peke på at tilførsel av privat kapital vil i tillegg ha den åpenbare fordel at Telenor i fremtiden vil kunne dra nytte av forretningsmessig og teknologisk kunnskap i privat sektor. Ved å hente inn privat kapital vil en samtidig bidra til å redusere den tiltakende faren for økt inflasjon i norsk økonomi, forutsatt at de statlige midler som nå er tenkt benyttet til kapitalutvidelse i Telenor ellers ville forblitt ubrukte.

       Disse medlemmer vil si nei til utvidelse av egenkapitalen med statlige midler og vil tilføye at det vil være naturlig å skille ut monopoldelen/nettdelen i et eget selskap etter mønster av Statsnett.

       Disse medlemmer vil i denne forbindelse vise til sitt forslag i Innst.S.nr.126 (1997-1998), jf. Dok.nr.8:56 (1997-1998).

       Komiteens medlemmer fra Høyre har merket seg at departementet mener det kan bli behov for flere kapitalutvidelser i fremtiden. Disse medlemmer forutsetter at eventuelle fremtidige behov for økning av egenkapitalen skjer ved å hente inn kapital i det private marked.

       Disse medlemmer slutter seg til det overordnede mål for Telenors virksomhet. Disse medlemmer er selvfølgelig også enige i at det er en fordel for selskapet at egenkapitalen er høy. Disse medlemmer vil imidlertid bemerke at en egenkapital på 42 % er klart over gjennomsnittet på børsen og må kunne karakteriseres som en høy egenkapital.

       Vedrørende avkastningen på egenkapitalen er det et mål at denne er høy.

       Disse medlemmer viser til ovenstående og vil tillate Telenor å hente inn 2 mrd. kroner i det private marked. Disse medlemmer går mot departementets forslag om at staten bidrar til kapitalutvidelsen.

       Disse medlemmer vil på denne bakgrunn fremme følgende forslag:

       « Telenor AS tillates å øke sin aksjekapital med 2 mrd. kroner. Aksjekapitalutvidelsen gjennomføres ved en emisjon i det private marked og til en markedsbasert kurs. »

Forslag fra Høyre:

       Telenor AS tillates å øke sin aksjekapital med 2 mrd. kroner. Aksjekapitalutvidelsen gjennomføres ved en emisjon i det private marked og til en markedsbasert kurs.

       Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

       På statsbudsjettet for 1998 gjøres slik endring:

Kap. 1390   Eigenkapital i Telenor AS  
    90 (ny) Eigenkapital,
      bevilges med kr 2.000.000.000


Oslo, i samferdselskomiteen, den 19. mars 1998.

Oddvard Nilsen, Ellen Gjerpe Hansen, May Britt Vihovde,
leder. ordfører. sekretær.