Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå justiskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 1995 under diverse kapitel administrert av Justis- og politidepartementet.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 59 (1995-1996)
  • Kildedok: St.prp. nr. 18 (1995-96)
  • Dato: 30.11.1995
  • Utgiver: justiskomiteen
  • Sidetall: 1

Innhold

      I proposisjonen vert det lagt fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapitel i statsbudsjettet for 1995.

       Rehabiliteringa av lokala til Høgsterett har blitt forseinka, og ei stor del av eingongsutgiftene til investeringar vil måtte overførast til 1996. Det vert gjort framlegg om at heile den unytta løyvinga på kap. 61 postane 01 og 11 kan overførast til 1996. Dei budsjetterte meirutgiftene til leige og drift på 4,3 mill. kroner vil av same grunn ikkje vere aktuelle i 1995. Det vert foreslått at ca 2,4 mill. kroner av desse midla vert omdisponerte til løn og drift. Rehabiliteringa av Høgsterett sin bygning er vorte dyrare enn føresett. Det vert foreslått at utgiftene til rehabiliteringa vert dekka ved omdisponering av inntil resten av dei frigjorde midla til leige og drift.

       Kap. 411 Registereininga i Brønnøysund post 21 Spesielle driftsutgifter vert foreslått auka med 1,95 mill. kroner, mot tilsvarande auke på kap. 3411 Registereininga i Brønnøysund post 03 Oppdrag.

       På kap. 414 Undersøkings- og domsutgifter post 11 Varer og tenester er det ein reduksjon i utgiftene som har samanheng med nedgang i talet på straffesaker. Det vert foreslått ein reduksjon av løyvinga med 15 mill. kroner.

       Kap. 415 Regjeringsadvokaten post 21 Spesielle driftsutgifter dekkjer m.a. utgifter til oppdrag Regjeringsadvokaten tar på seg. Det har vore ein nedgang i talet på oppdrag i 1995 og det vert difor foreslått ein reduksjon av løyvinga med 0,9 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon på kap. 3415 Regjeringsadvokaten post 03 Oppdrag.

       Kap. 416 Konfliktråd post 60 Overføringar til kommunane vert foreslått redusert med 5 mill. kroner. På grunn av forseinka prosjektering og kortare driftsperiode enn planlagt er det ikkje behov for å nytta midla som vart overførte frå 1994 til 1995 fullt ut.

       Kap. 418 Fri rettshjelp post 01 Lønn og godtgjersler vert foreslått redusert med 0,8 mill. kroner på bakgrunn av førebelse rekneskapstall. Post 70 Fri sakførsel har vore for lavt budsjettert m.a. på grunn av feilføring, og det vert foreslått ei auke av løyvinga med 22 mill. kroner. Post 71 Fritt rettsråd har vore for høgt budsjettert på grunn av feilføringa som er nemnd under post 70. Det er dessutan handsama færre saker under denne posten enn på same tid i fjor, mellom anna på grunn av ein nedgang i talet på utlendingssaker. Løyvinga på posten vert derfor foreslått redusert med 55 mill. kroner.

       Søndre fengselsdistrikt har fått tilbod om ei gåve på 150.000 kroner frå Arendal vernelag. Departementet går inn for at ein skal ta imot gåva og at summen vert ført på kap. 430 post 11 og kap. 3430 post 03. Totale salsinntekter ved sal av tenestebustader under kap. 430 er på ca 4,6 mill. kroner. Desse midla vert foreslått nytta til vedlikehald saman med 1,1 mill. kroner som følgjer av innføring av marknadsleige for tenestebustader. Ila landsfengsel har praktisert nettoføring av utgifter på 11-posten. Slike utgifter skal bruttoførast, og omlegginga fører til at Ila landsfengsel vil inntektsføre kr 450.000 på kap. 3430 post 03 mot tilsvarande utgift på kap. 430 post 11. Totalt foreslår Justisdepartementet ei tilleggsløyving på 6,3 mill. kroner under kap. 430 post 11 og ei tilsvarande auke av løyvinga under kap. 3430 post 03.

       Dei seinare åra har fleire innsette fått eit tilbod om soning etter fengselsloven § 12 i hybelhusa som vert drevne av Kriminalomsorg i fridom. KIF har så langt ikkje fått refundert klientavhengige kostnader for slike innsette. Dette har ført til ein inntektssvikt under kap. 3435 Kriminalomsorg i fridom post 03 Andre inntekter på om lag 1,1 mill. kroner. Det vert foreslått at KIF nå skal få refundert desse utgiftene etter tilsvarande satsar som kommunane betaler. Ein foreslår etter dette å auke kap. 3435 post 03 med 1,1 mill. kroner, som vil vere halvparten av dei inntektene refusjonsordninga vil gje. Tilsvarande utgifter under kap. 430 post 11 vil det vere dekning for innafor den øyremerka løyvinga til § 12 -soning. Det vert også foreslått å styrke driftsbudsjettet til KIF under kap. 435 post 11 med 1,1 mill. kroner mot dekning innafor eksisterande løyving på kap. 430 post 11.

       Kap. 3440 Politi- og lensmannsetaten post 01 Gebyr vert foreslått auka med 22,3 mill. kroner ut frå rekneskapstala så langt. Posten gjeld inntekt frå handsamingsgebyr for pass, våpenløyve og lotterisaker.

       Kap. 3449 Statens innkrevingssentral post 81 Bøter, inndragingar vert foreslått redusert med 15 mill. kroner. Inntektssvikten skuldast at talet på bøter så langt har vore færre enn venta. Post 82 Vegadministrasjonsgebyr vert redusert med 10 mill. kroner, og post 83 Tvangsmulkt ilagt av Noregs Bank etter lov om valutaregulering vert foreslått redusert frå kr 570.000 til kr 10.000, fordi talet på slike saker er blitt vesentleg lågare enn venta.

       Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar post 71 Erstatningsansvar m.m. vert foreslått auka med 28,4 mill. kroner. Løyvinga har samanheng med nokre store erstatningssaker.

       Kap. 472 Trussamfunn m.m. post 71 Tilskot til uregistrerte trussamfunn vert foreslått auka med 0,6 mill. kroner ut frå dei førebelse tala på medlemer som har rett til tilskot. Post 72 Tilskot til livsynssamfunn vert foreslått auka med 0,95 mill. kroner på grunn av auka tal på medlemer.

    Komiteen har merka seg departementet sitt behov for omprioriteringar, og sluttar seg til det framlagte forslaget.

       Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

       På statsbudsjettet for 1995 vert det gjort følgjande endringar:

A. Utgifter:

Kap 411 Registerenheten i Brønnøysund
  (jf. kap. 3410 og 3411)
  21  Spesielle driftsutgifter,
        økes med kr 1.950.000
        fra kr 6.050.000
        til kr 8.000.000
Kap. 414 Undersøkelses- og domsutgifter
  11  Varer og tjenester,
        reduseres med kr 15.000.000
        fra kr 233.520.000
        til kr 218.520.000
Kap. 415 Regjeringsadvokaten (jf. kap. 3415)
  21  Spesielle driftsutgifter,
        reduseres med kr 900.000
        fra kr 4.500.000
        til kr 3.600.000
Kap. 416 Konfliktråd
  60  Overføring til kommunene,
        kan overføres,
        reduseres med kr 5.000.000
        fra kr 25.343.000
        til kr 20.343.000
Kap. 418 Fri rettshjelp
  01  Lønn og godtgjørelser,
        reduseres med kr 800.000
        fra kr 3.994.000
        til kr 3.194.000
  70  Fri sakførsel,
        økes med kr 22.000.000
        fra kr 71.360.000
        til kr 93.360.000
  71  Fritt rettsråd,
        reduseres med kr 55.000.000
        fra kr 125.960.000
        til kr 70.960.000
Kap. 430 Kriminalomsorg i anstalt (jf. kap. 3430)
  11  Varer og tjenester,
        økes med kr 6.300.000
        fra kr 224.248.000
        til kr 230.548.000
Kap. 435 Kriminalomsorg i frihet
  (jf. kap. 3435)
  11  Varer og tjenester,
        økes med kr 1.100.000
        fra kr 23.417.000
        til kr 24.517.000
Kap. 471 Statens erstatningsansvar
  71  Erstatningsansvar m.m.,
        overslagsbevilgning,
        økes med kr 28.400.000
        fra kr 27.600.000
        til kr 56.000.000
Kap. 472 Trossamfunn m.m.
  71  Tilskudd til uregistrerte
        trossamfunn,
        overslagsbevilgning,
        økes med kr 600.000
        fra kr 1.800.000 til kr 2.400.000
  72  Tilskudd til livssynssamfunn,
        overslagsbevilgning,
        økes med kr 950.000
        fra kr 8.200.000
        til kr 9.150.000


B. Inntekter:

Kap 3411 Registerenheten i Brønnøysund
  (jf. kap. 411)
  03  Oppdrag, økes med kr 1.950.000
        fra kr 6.050.000
        til kr 8.000.000
Kap. 3415 Regjeringsadvokaten (jf. kap. 415)
  03  Oppdrag, reduseres med kr 900.000
        fra kr 1.020.000
        til kr 120.000
Kap. 3430 Kriminalomsorg i anstalt
  (jf. kap. 430)
  03  Andre inntekter,
        økes med kr 6.300.000
        fra kr 1.836.000
        til kr 8.136.000
Kap. 3435 Kriminalomsorg i frihet (jf. kap. 435)
  03  Andre inntekter,
        økes med kr 1.100.000
        fra kr 1.742.000
        til kr 2.842.000
Kap. 3440 Politi- og lensmannsetaten
  (jf. kap. 440)
  01  Gebyrer, økes med kr 22.300.000
        fra kr 117.700.000
        til kr 140.000.000
Kap. 3449 Statens innkrevingssentral,
  (jf. kap. 449)
  81  Bøter, inndragninger,
        reduseres med kr 15.000.000
        fra kr 375.000.000
        til kr 360.000.000
  82  Vegadministrasjonsgebyr,
        reduseres med kr 10.000.000
        fra kr 45.000.000
        til kr 35.000.000
  83  Tvangsmulkt,
        reduseres med kr 560.000
        fra kr 570.000
        til kr 10.000


II.

       Stortinget samtykker i at hele den unyttede bevilgningen under kap. 61 Høyesterett, postene 01 og 11, kan overføres til 1996.

Oslo, i justiskomiteen, den 30. november 1995.

Lisbeth Holand, Anita Apelthun Sæle, Olav Akselsen,
leiar. ordførar. sekretær.