Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå næringskomiteen om reindriftsavtalen 1995-96, om dekning av kostnader når det gjeld radioaktivitet i reinkjøt og om endringar i statsbudsjettet for 1995.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 199 (1994-1995)
  • Kildedok: St.prp. nr. 35 (1994-95)
  • Dato: 08.06.1995
  • Utgiver: næringskomiteen
  • Sidetall: 1

Innhold

Regjeringa legg i proposisjonen fram reindriftsavtalen for 1995-96 og gjer framlegg om dekning av kostnader når det gjeld radioaktivitet i reinkjøt.

       Forhandlingar om ny reindriftsavtale vart innleidde 1. desember 1994. Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) la da fram sitt krav til ramme og fordeling. Staten fremma sitt tilbod 18. januar 1995. Etter tingingar kom partane fram til avtale 23. februar 1995.

       I forhandlingane la partane som tidlegare vekt på å følgje opp St.meld. nr. 28 (1991-1992) En bærekraftig reindrift. Det vart særskild lagt vekt på å tilpasse budsjett og regelverk for dei ulike ordningane under reindriftsavtalen i høve til utviklinga i næringa.

       I tillegg til dei økonomiske krava fremma NRL igjen krav om rettshjelpsfond for reindrifta og gjennomgang av skatte- og avgiftsmessige tilhøve. NRL kravde òg forhandlingar om ny reinbeitekonvensjon mellom Noreg og Sverige.

       Avtalen har ei ordinær ramme på 77,0 mill. kroner. Det er det same som avtalen for 1994-95.

       Drifts- og beitetilhøva i 1993 vart rekna som relativt normale utan store problem. Beitekartleggjing med satelittbilete er vidareført. Det vert arbeidd med å kome fram til metoder for å rekne ut beitekapasiteten. Det vil ta tid før ein har nok data til å sjå trendar i utviklinga.

       Reintalet har gått ned dei seinare åra. Dei verkemidla som er sette inn gjennom reindriftsavtalen har såleis hatt positiv og ynskt effekt. Det er likevel framleis nødvendig å redusere reintalet i sentrale område i Finnmark for å sikre ei langsiktig berekraftig utvikling. I Finnmark låg reintalet 1. april 1994 på 147.400 dyr, som er 13.000 lågare enn fastsett øvre reintal. Tidlegslaktetilskotet har verka slik at vinterslaktinga nesten er borte. For å spare beita ytterlegare, må ein nå forskyve slaktinga frå sein haust til tidleg haust.

       Totalrekneskapen for reindrifta for 1993 og budsjett for 1994 viser hovudtrekka i utviklinga i næringa. Slakteuttaket var 86.900 dyr. Det er ein reduksjon på 10.700 dyr frå 1993. Størsteparten av reduksjon er grunna forskyving mot slakting tidleg i sesongen, og dermed lågt slakteuttak fyrste halvår. Også det totale slaktekvantumet gjekk ned. Likevel auka dei totale inntektene frå kjøt- og biprodukt med 4,2 %. Prisane har auka samstundes med at gjennomsnittsvekta på slaktedyra har auka. Auka etterspurnad i marknaden gjorde at gjennomsnittsprisen for heile landet auka med 8,4 % frå 1992 til 1993.

       Dei samla kostnadene i næringa var i 1993 nær uendra frå 1992. I førebels rekneskap for 1994 er det rekna med svak nedgang i både inntekter og kostnader.

       Nettoproduktet, som viste klar betring frå 1991 til 1992, har enno større betring frå 1992 til 1993. Resultatmåla « vederlag for arbeid og kapital » og « vederlag på arbeid og eigenkapital » viser òg ein markert auke frå 1992 til 1993. Det heng saman med både auke i produksjonsinntektene og statstilskot, og at kostnadsnivået er om lag det same som året før.

       Arbeidsforbruket i reindrifta viser fortsatt ein svak tilbakegang, men som tidlegare år er det store skilnader mellom område når det gjeld arbeidsforbruk.

       Den økonomiske og sosiale situasjonen for reineigarar i delar av Finnmark er framleis vanskeleg. Det går fram av totalrekneskapen at dei økonomiske resultata er dårlege. Det er vanskeleg å finne alternativ inntekt og sysselsetjing i regionen, og dette forsterkar vanskane. Det er risiko for ny overetablering i næringa før problema med påkjenning på beita er løyst. Partane er samde om å setje ned ei arbeidsgruppe som skal gå gjennom områdevis om det er mogleg å auke inntektene i reindrifta (punkt 2 i sluttprotokollen). Det skal særleg leggjast vekt på å gjere kvinnene si nyskaping synleg og å betre kvinnene sine inntekter.

       For å sikre ei berekraftig utvikling i reindrifta er det nødvendig at dei omleggingane som er sette i verk, held fram gjennom dei økonomiske verkemidla som skal gi høgt slakteuttak, tidlegare gjennomføring av slaktinga og satsing på utviklings- og investeringstiltak.

       Marknaden for reinkjøt er lett, og kvaliteten på kjøtet vert stadig betre. Det synest henge saman med betra beitesituasjon og reduksjon i reintal.

       Som ledd i Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark var totalt 52 driftseiningar avvikla til utgangen av 1994. Det representerer eit reintal på 12.226 dyr. Sjølv om ordninga med omstillingsløn har medverka til å redusere reintalet i Finnmark, førte det absolutte kravet om endeleg avvikling til at oppslutnaden ikkje vart enno betre. Reglane er derfor endra frå august 1994.

       Innspel frå styret for Omstillingsprogrammet er fulgt opp av partane ved at det er semje om å opprette eit arbeidsmiljøsenter og bedriftshelsetjeneste for reindrifta (punkt 3 i sluttprotokollen).

       Ressursstyring og tilpassing av reintalet til beiteressursane har vore sentralt tema i reindriftstingingane dei seinare åra. Det har òg vore eit avgjerande spørsmål i Stortinget si handsaming av reindriftsavtala. Nedgangen i reintal og forskyving til haustslakting i Finnmark har ført til ein reduksjon i presset på vinterbeitene med om lag 30 % gjennom dei siste fem åra.

       I ein protokoll til reindriftsavtalen for 1994-95 var partane samde om å be reindriftssjefen om ein grundig gjennomgang og vurdering av konsekvensane av eit øvre reintal for kvar driftseining som verkemiddel for å redusere reintalet i Finnmark. Utgreiinga, som låg føre 1. juni 1994, viser avgrensa effekt av eit generelt øvre reintal om dette ikkje vert kombinert med kvoteregulering, t.d. basert på eit historisk grunnlag for dei som har mindre rein enn øvre reintal. Reindriftssjefen skisserer som mogleg løysing at det totale reintalet vert regulert ved kvoteregulering av den einskilde driftseininga sitt reintal.

       NRL er samd i at reintalet må reduserast, men ikkje fastsetjing av eit øvre reintal for kvar driftseining. I staden gjorde NRL framlegg om eit eige program for Indre Finnmark med slakting av rein som ikkje har utvikla seg tilfredsstillande vektmessig grunna overbelasta beite. Partane er samde om å gjennomføre dette som eit prøveprosjekt i nokre distrikt (punkt 1 i sluttprotokollen). NRL skal utarbeide program for prosjektet og ha det overordna ansvaret for gjennomføringa. Ei fagleg leiing skal oppnemnast. Nokre utvalde reinbeitedistrikt skal gjere bindande avtale om registrering og veging av reinflokkar og slakting av produksjonsdyr under ei avtalt vekt.

       Etter omlegging til progressive slaktekrav, oppnår berre om lag halvparten av driftseiningane i Finnmark tilskot. Departementet meiner ein må inn med andre tiltak enn å skjerpe slaktekrava for å oppnå ytterlegare reduksjon i reintalet. Fleirtalet av reinbeitedistrikta i Finnmark har redusert reintalet til eit akseptabelt nivå, men ein del store reinbeitedistrikt overskrid grensene. Her må områdestyret/reindriftsstyret gjere vedtak om reduksjon i reintalet, og det kan verte aktuelt med tvangstiltak. Dei nye verkemidla som ligg i framlegget til revidert reindriftslov kan gi eit verdfullt supplement i slik samanheng.

       Det er framlegg om ei løyving til marknadsfremjande tiltak på 2,3 mill. kroner mot 2,5 mill. kroner i avtalen i fjor.

       Det er vidare framlegg om å setje av 32,2 mill. kroner til Reindriftens Utviklingsfond. Det gir rom for fortsatt sterk satsing på utvikling og investeringar i næringa. 5,5 mill. kroner av midlane vert sett av til forsking og rettleiing.

       Løyvingane til medlemsavgift til folketrygda og sjukepengeordninga vert vidareført uendra med 1,2 mill. respektive 0,6 mill. kroner. Løyvinga til distriktstilskot vert sett ned til 8,2 mill. kroner. Til tilskotsordninga til driftseiningar og tamreinlag, som omfattar produksjonstilskot og kalveslakttilskot, vert det sett av 15,0 mill. kroner. Det er ein auke på 0,3 mill. kroner i høve til avtalen for 1994-95. Produksjonstilskotet vert auka frå 29.000 kroner til 35.000 kroner pr. driftseining, og det vert delt likt mellom ektefeller/sambuarar som driv felles reindrift. Ordninga med progressive slaktekrav vert vidareført uendra. Det vert sett av 7,0 mill. kroner til tidlegslaktetilskot for Troms og Finnmark.

       Under frakttilskot skal tilskot til transport av levande rein avviklast så snart det er mogleg å slakte utan levande transport. Marknadsutvalet skal vurdere konsekvensar og tilpassingar ved å avvikle alle frakttilskot.

       I sluttprotokollen frå drøftingane omhandlar punkt 4 kostnadene ved tiltak mot radioaktiv forureining som følgje av Tsjernobyl-ulukka. Staten dekkjer kostnadene som følgje av radioaktivt nedfall. Det prinsipielle utgangspunktet er vedtaket om økonomisk skadeløyse som regjeringa fatta 31. juli 1986.

       Endeleg dekking av kostnadene har vore gjort etterskotsvis. Dei siste åra har det vore gitt ei disposisjonsløyving for å gi førebels dekking for tiltaka. Samla kostnader for slaktesesongen 1994-95 er venta å verte 7,5 mill. kroner. Det står vel 4,8 mill. kroner til disposisjon når det ikkje er teke med at det er mogleg å omdisponere 1,0 mill. kroner frå kap. 1151 post 80. Det er såleis behov for 2,7 mill. kroner til endeleg finansiering av slaktesesongen 1994-95.

       Departementet gjer framlegg om at det vert avsett 5,0 mill. kroner til å finansiere iverksetting av ei tiltakspakke for slaktesesongen 1995-96, svarande til dei tiltak som har vore iverksett tidlegare år. Av dette er 3,0 mill. kroner ei disposisjonsløyving etter mønster frå tidlegare, medan 2,0 mill. kroner vert overført frå kap. 1151 post 80.

       Reindriftsavtalen for 1995-96 fører til ein auke i budsjettpostane på kap. 1151 på 0,1 mill. kroner i 1995. I tillegg er det framlegg om at løyvinga til å dekkje kostnader som følgje av Tsjernobyl-ulykka for slaktesesongen 1994-95, samt førebels tiltak for sesongen 1995-96, vert sett til 3,0 mill. kroner.

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, viser til at partane, staten og Norske Reindriftssamers Landsforbund (NRL), har kome fram til semje om reindriftsavtala for 1995-96 med ei ramme på 77 mill. kroner, det same som avtalen i fjor.

       Komitéfleirtalet, alle med unntak av medlemen frå Framstegspartiet, ser samisk reindrift som ein berande faktor i samisk kultur, og har også i handsaminga i år lagt vekt på Sametinget sin uttalerett om reindriftsavtalen. Fleirtalet viser til at komiteen har vore representert under samlinga i Sametinget for å styrkje si eiga handsaming av proposisjonen.

       Fleirtalet er positivt til at oppbygginga av proposisjonen om reindriftsavtalen er noko endra. Arbeidet for å gjere denne årlege proposisjonen til ein betre politisk reiskap må vidareførast. Målsettingane om ei berekraftig reindrift fremma i St.meld. nr. 28 (1991-1992), kan fyljast betre opp gjennom årleg rapportering av måldata og ressursbruk i samband med reindriftsavtalen.

       Fleirtalet viser til tala frå totalrekneskapen for reindrifta, som syner ei viss betring i næringa sin økonomi. Det er viktig at omstillingsprogrammet vert vidareført, med ei aktiv omstilling av tidlegare reindriftsutøvarar og utvikling av nye inntektsbringande næringar, bygd på samisk kultur og tradisjon.

       Fleirtalet viser til punkt 1 i sluttprotokollen frå forhandlingane, der det går fram at partane er samde om at det vert igangsett eit prøveprosjekt for reduksjon og tilpassing av reinbestanden i Finnmark gjennom utslakting av produksjonsdyr som ikkje held kvalitetsmål. Fleirtalet er kjend med at det er NRL som har teki initiativet til dette og at det er NRL som skal ha det overordna ansvaret for gjennomføringa.

       Fleirtalet ser positivt på næringa sin vilje til å ta ansvar og koma med konkrete og konstruktive innspill når det gjeld tiltak som kan bidra til å gjera reindrifta i Finnmark økologisk berekraftig. Fleirtalet vil peike på at prosjektet inneber at ein går direkte på årsakstilhøva ved utslakting av dei dyr som belastar eit avgrensa beitegrunnlag utan samstundes å ha ein produksjon som er fagleg og økonomisk tilfredsstillande.

       Fleirtalet vil fylgje prosjektet med interesse med omsyn til dei resultat ein oppnår i dei områda der det er sers dårleg samsvar mellom reintal og beitegrunnlag. Fleirtalet ser det som viktig at det blir gjennomført tiltak i det omfang situasjonen tilseier i det einskilde reinbeitedistriktet. Dersom prosjektet vert vellykka, vil det etter fleirtalet si meining kunne vera aktuelt med ei gjennomføring i breiare skala.

       Fleirtalet har merka seg at partane er samde om at det i åra framover må gjerast noko med den låge inntekta i næringa, og at NRL set ned ei arbeidsgruppe. Gruppa skal gå gjennom områdevis og sjå på høva til å auke inntektene i reindrifta.Fleirtalet ynskjer å framheve at det er svært viktig å trekkja kvinner sterkare inn i reindrifta. Ikkje berre formelt gjennom ansvarstilhøve og det å stå som leiar i driftseininga, men også ved at arbeidstilhøve og arbeidsoppgåver med direkte tilknyting til utøving av drifta vert søkt lagt til rette og utvikla for kvinner.

       Fleirtalet viser til at det er semje mellom avtalepartane om å vidareføre den løyvingspraksisen som er etablert når det gjeld tiltak mot radioaktivitet i reinkjøt. Fleirtalet har merka seg at kostnadene ved tiltak er påverka dels av at tiltaksgrensa vart senka i 1994, og dels av at ein har kome til eit nivå der kostnadene i større grad enn tidlegare er avhengige av beitetilhøve, slaktetidspunkt osv.

       Fleirtalet er kjent med at det pågår eit arbeid i Miljøverndepartementet om nye erstatningsordninger for rein som går tapt pga. rovdyrskade. Fleirtalet reknar med ei avklaring i løpet av året.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti ser reindrift som en grunnleggende faktor i samisk kultur, men vil understreke at den må defineres langt videre enn kjøttproduksjon. Disse medlemmene vil understreke at tiltak som ivaretar kultur, språk og duodji må ses på som en integrert del av næringen. Disse medlemmene ser det som ønskelig at reindrift kan utføres i kombinasjon med andre inntektskilder, og mener et virkemiddel for å oppnå en bærekraftig reindrift kan være å se på familiens totalinntekt når produksjonstilskudd beregnes. Disse medlemmene mener situasjonen i dag er preget av at kjøttproduksjon premieres, mens kvinnedominerte tilleggsproduksjoner i liten grad fanges opp av støttesystemet.

       Disse medlemmene viser til at omstillingsprogrammet ser ut til å medvirke til at reintallet går ned, men vil peke på at denne utviklingen lett kan bli motvirket av at de som blir igjen i næringen øker reintallet. Disse medlemmene mener at det med færre rein pr. beiteenhet er mulig å forbedre produktiviteten og inntektene i næringen, og at det derfor bør innføres et tak pr. driftsenhet. Disse medlemmene viser til at det har vært flertall for en slik politikk. I Innst.S.nr.193 (1992-1993) uttalte flertallet som besto av Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet følgende:

       « Derfor må det setjast eit øvre reintal for den einskilde driftseninga. Reduksjonen i reinflokken bør skje ut frå ein modell der det vert sett ei grense for kor mange rein ei driftseining normalt kan ha uten at det vert kravd reduksjon. Dei som har fleire rein enn denne grensa, vert pålagt å redusere t.d. ein prosentvis reduksjon. På denne måte vil dei største flokkane bli sterkast redusert. »

       Disse medlemmene viser til at statsråd Gunhild Øyangen sluttet seg til dette i Stortinget 1. juni 1993, og at komitéflertallet bestående av Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti fulgte opp synspunktene i Innst.S.nr.167 (1993-1994).

       Disse medlemmene viser også til flertallsmerknaden i Innst.S.nr.167 (1993-1994) der flertallet i næringskomiteen, alle med unntak av medlemmet fra Fremskrittspartiet, viste til at reindrifta må likestilles med andre næringer når det gjelder fradrag for faktiske kostnader i næring, og at departementet og næringsorganisasjonene måtte arbeide videre med dette spørsmålet for å finne løsninger som ivaretar både næringa og miljøet.

       Disse medlemmene viser også til Sosialistisk Venstrepartis merknad i samme innstilling om regulering av antall snøskutere og endringer i avgiftspolitikken.

       Disse medlemmene støtter arbeidet som er i gang med å få snøskuter godkjent som driftsmiddel i reindrifta.

       Komitémedlemene frå Senterpartiet meiner det er viktig at ein får kartlagt beitegrunnlaget for derved å ha betre grunnlag for å fastsetje reintalet i dei einskilde reinbeitedistrikta. Ut frå dette bør det leggjast større vekt på beitegransking og beitekartlegging.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener at signalene om øvre tak for rein pr. driftsenhet ikke er fulgt opp, og viser til at det ifølge tall fra Reindriftsadministrasjonen finnes enheter med offentlig kontrollert reintall opptil 2.500 rein. Etter dette medlems vurdering er utslag av denne typen en vesentlig årsak til reindriftsnæringens problemer.

       Dette medlem viser til at alle slaktetallene fra sesongen 1994/95 ennå ikke er klare, men tendensen viser at det er slaktet mindre enn forrige sesong. Dette viser etter dette medlems vurdering at økonomiske virkemidler ikke er tilstrekkelige når det gjelder regulering av reintallet.

       Dette medlem viser til tidligere merknader, blant annet i Innst.S.nr.167 (1993-1994), Innst.S.nr.167 (1991-1992) og Innst.S.nr.193 (1992-1993), der det uttrykkes sterk skepsis til den sterke mekaniseringen og omfattende gjerdebyggingen i reindriftsnæringen. Dette medlem vil understreke at bruken av snøskuter, barmarkskjøretøy og helikopter må begrenses. Dette medlem mener en ensidig fokusering på kjøttproduksjon vil føre til at reindrift i for stor grad blir et motorisert yrke for mannen.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet mener rammevilkårene i reindriftsnæringen ikke skal skille seg vesentlig fra det som er vanlig i andre næringer. Videre bør den fungere friest mulig uten skadelige reguleringer som kan hindre næringens utviklingsmuligheter i en mer konkurranseutsatt fremtid.

       Dette medlem vil peke på at reindriftsnæringens statssubsidierte natur gjør at naturlige begrensninger satt av markedet ikke fungerer. Tilskudds- og reguleringsordningene er uheldige virkemidler som motvirker en helt nødvendig strukturrasjonalisering av reindriften. Ved å basere seg på forretningsmessige prinsipper, og dermed signalisere at dagens driftsmønster må endres, kan det oppnås et varig skifte og en tilfredsstillende tilpasning til markedet.

       Dette medlem konstaterer at antallet yrkesutøvere og dyr fortsatt er for høyt i forhold til beitegrunnlaget. Videre er arealforbruket i reindriftsnæringen, relatert til produksjonen, ekstremt høyt.

       Dette medlem vil hevde at en overgang til et markedsstyrt system vil sikre en nødvendig flokkreduksjon i forhold til tilgjengelige beiteresurser. Samtidig vil de gjenværende yrkesutøvere kunne bygge opp sikrere arbeidsplasser uten basis i offentlige støtteordninger. Dette medlem vil vise til de økonomiske virkemidler som skal bidra til et høyt slakteuttak, tidligere gjennomføring av slaktingen og satsingen på utviklings- og investeringstiltak m.v.

       Dette medlem mener at en overgang fra slike planøkonomisk styrte tiltak og over til et marked med reelle priser vil gi en positiv effekt inntektsmessig og være mindre konfliktfylt enn tvangstiltak.

       Dette medlem finner ikke at reindriftsnæringen er av avgjørende betydning for utviklingen av samisk kultur. En sammenblanding av kulturstøtte og næringssubsidier rettet mot en del av den samisktalende befolkning, svekker mulighetene for en generell, positiv utvikling av hele det området som har tyngden av landets samisktalende befolkning.

       Dette medlem registrerer at det fortsatt avsettes betydelige beløp fordi reinsdyr som inneholder mer enn 3.000 Bq/kg skal omfattes av tiltak som reduserer radioaktiviteten. Fremskrittspartiet har ved flere anledninger stilt spørsmålstegn ved om man er i ferd med å innføre en ny subsidieordning i form av et becquerel tilskudd kamuflert som et virkemiddel mot radioaktivitet.

       Dette medlem vil vise til uttalelser fra forskningsmiljøene om at det ikke finnes faglig grunnlag for å bruke store beløp på tiltak etter Tsjernobyl-ulykken.

       Dette medlem viser for øvrig til tidligere merknader og forslag knyttet til St.meld. nr. 28 (1991-1992) En bærekraftig reindrift.

       Dette medlem er ut fra ovenstående grunnleggende uenig i den politikk som føres overfor reindriftsnæringen og går imot den foreslåtte økt bevilgning og omdisponering som følge av reindriftsavtalen.

    Komiteen har elles ikkje merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I.

       På statsbudsjettet for 1995 vert det gjort følgjande endringar:

Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtala:
   51  Tilskot til Reindriftens Utviklingsfond
        vert sett ned med kr 200.000
         frå kr 32.600.000 til kr 32.400.000
   74  Tilskot til marknadsfremjande tiltak,
        kan overførast,
        vert sett ned med kr 100.000
         frå kr 2.500.000 til kr 2.400.000
   77  Tilskot til transport av rein
        vert auka med kr 400.000
         frå kr 1.800.000 til kr 2.200.000
   82  (Ny) Kostnader med radioaktivitet i kjøt,
        vert løyvt med kr 3.000.000


II.

       Stortinget samtykkjer i at det til dekking av kostnader som gjeld radioaktivitet i reinkjøt kan omdisponerast 4,7 mill. kroner frå kap. 1151 post 80 til kap. 1151 post 82.

Oslo, i næringskomiteen, den 8. juni 1995.

Svein Ludvigsen, Sigrun Eng, William Engseth,
leiar. ordførar. sekretær.