Bakgrunn
Forslagsstillarane viser til Stortinget si handsaming av
Innst. 115 S (2022–2023), jf. Dokument 12:19 (2019–2020). Ved Stortinget
si handsaming oppnådde ikkje framlegget om grunnlovfesting av at
Noreg skal ha si eiga pengeeining, det nødvendige talet røyster
for å bli vedteke.
Noregs grunnlov er den nest eldste i verda som
har vore gjeldande utan avbrot. I novembergrunnlova av 1814 vart
penge- og myntstellet grunnlovfest i paragraf 110. Denne paragrafen
lydde: «Norge beholder sin egen Bank og sit eget Penge- og Myntvæsen,
hvilke Indretninger ved Lov bestemmes». Med denne føresegna skulle Noreg
sikrast eit sjølvstendig pengestell òg under personalunionen med
Sverige. Paragrafen stod slik fram til 1911, då han vart endra for
å grunnlovfesta Statens Reservefond.
Stortinget vedtok 17. april 1875 Lov om Pengevæsenet,
der § 1 fyrste ledd fyrste punktum lydde: «Grundlaget for Rigets
Myntsystem er Guld og Pengeenheden skal være en Krone, som deles
i 100 Øre». Noreg endra med dette eining frå spesidalar og skilling
til kroner og øre. I dag er pengeeininga i Noreg lovfest i sentralbankloven
§ 1-9.
Noregs Bank vart skipa ved lovsanksjon i Stortinget 14. juni
1816. Stortinget vedtok i Noregs Bank sitt 200-årsjubileum atter
å grunnlovfesta sentralbanken. Grunnlova § 120 a slår no fast at
«Noregs Bank er sentralbanken i landet».
Forslagsstillarane viser til Grunnlova § 1 fyrste punktum:
«Kongeriket Noreg er eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg
rike». Det å ha ei eiga pengeeining er eit av kjenneteikna ved ein
sjølvstendig nasjon.
Forslagsstillarane meiner difor Grunnlova bør
innehalda føresegner om at Noreg skal ha si eiga pengeeining. Forslagsstillarane
meiner at Noreg har hatt god nytte av å ha si eiga pengeeining og
vil vera tent med å halda på si eiga pengeeining i framtida for
å ha full sjølvråderett over penge- og myntsystemet og kunna bruka det
som nasjonalt styringsverkemiddel i økonomiske kriser.
Det er nærliggjande å grunnlovfesta ei føresegn
om at Noreg skal ha si eiga pengeeining, saman med grunnlovsføresegna
om sentralbanken. Forslagsstillarane gjer difor framlegg om at grunnlovfesting
av at Noreg skal ha si eiga pengeeining, blir teke inn i § 120 a
som nytt andre ledd.
Forslagsstillarane ser det som grunnleggjande
for ein suveren stat å ha råderett over sitt eige penge- og myntstell
og tek til orde for å gje pengestellet konstitusjonelt vern ved
å grunnlovfesta at Noreg skal ha si eiga pengeeining. Sentralbankloven
§ 1-9 fortel kva denne pengeeininga er.