På denne bakgrunn fremmes følgende
forslag:
Følgende bestemmelser skal på nynorsk lyde:
§ 6 første ledd annet punktum skal lyde:
Berre barn av dronning eller konge, eller av nokon som sjølv
har arverett, kan arve, og barnet må vere født i lovleg ekteskap.
§ 6 annet ledd skal lyde:
Den ufødde har òg arverett, og barnet tek sin plass i arvefølgja
så snart det kjem til verda.
§ 15 tredje ledd skal lyde:
Når Stortinget har gjort vedtak om mistillit, kan statsrådet
berre utføre dei gjeremåla som trengst for forsvarleg embetsførsle.
§ 19 skal lyde:
Kongen ser til at eigedommane og regala til staten blir nytta
og forvalta slik Stortinget har fastsett, og på den måten som er
nyttigast for samfunnet.
§ 21 tredje punktum skal lyde:
Embetsmenn som ikkje er norske borgarar, kan ved lov få fritak
frå denne plikta.
§ 22 første ledd første punktum skal lyde:
Statsministeren, dei andre medlemmene av statsrådet og statssekretærane
kan utan dom avsetjast av kongen etter at han har høyrt kva statsrådet
meiner om det.
§ 23 første ledd første punktum skal lyde:
Kongen kan gje ordenar til kven han vil, til påskjøning for framifrå
gagnsverk, som må kunngjerast offentleg.
§ 25 annet ledd skal lyde:
Landvernet og andre troppar som ikkje kan reknast som linetroppar,
må aldri brukast utanfor grensene til riket utan samtykke frå Stortinget.
§ 28 tredje punktum skal lyde:
Det kan likevel gjerast unntak frå behandling i statsråd for
eigentlege militære kommandosaker i den mon kongen fastset.
§ 29 første ledd skal lyde:
Hindrar lovleg forfall ein statsråd frå å møte og målbere saker
som høyrer til hennar eller hans fagområde, skal sakene målberast
av ein annan statsråd, som kongen konstituerer til det.
§ 30 annet ledd annet punktum skal lyde:
Kongen har plikt til å høyre meininga, men kan ta avgjerd etter
eige omdømme.
§ 31 annet punktum skal lyde:
I militære kommandosaker skal avgjerdene kontrasignerast av den
som har målbore saka, men elles av statsministeren eller, om statsministeren
ikkje var til stades i statsrådet, av den fyrste av dei medlemmene
som var det.
§ 36 annet ledd skal lyde:
Handlar ho eller han i strid med dette, misser vedkommande retten
til Noregs trone for seg sjølv så vel som for etterkommarane sine.
§ 41 første punktum skal lyde:
Er kongen utanfor riket utan å vere i felt, eller er han så sjuk
at han ikkje kan ta seg av regjeringa, skal den næraste arvingen
til trona stå for regjeringa som mellombels utøvar av kongemakta,
så framt ho eller han har nådd myndig alder for kongen.
§ 50 annet ledd skal lyde:
I kva mon norske borgarar som på valdagen er busette i utlandet,
men elles stettar vilkåra ovanfor, skal ha røysterett, blir fastsett
i lov.
§ 51 skal lyde:
Reglar om manntalsføring og om innføring av dei røysteføre i
manntalet blir fastsette i lov.
§ 53 skal lyde:
Røysteretten misser
a) den som blir dømd for strafflagde
handlingar, i samsvar med føresegner om dette i lov,
b) den som går i teneste for ei framand makt utan samtykke
frå regjeringa.
§ 57 annet ledd skal lyde:
Riket blir inndelt i 19 valdistrikt.
§ 57 femte ledd første punktum skal lyde:
Talet på stortingsrepresentantar som skal veljast frå kvart valdistrikt,
blir utrekna på grunnlag av høvet mellom innbyggjartalet og flatevidda
i distriktet på den eine sida og innbyggjartalet og flatevidda i
heile riket på den andre sida.
§ 67 skal lyde:
Representantane som er valde på den ovannemnde måten, utgjer
Kongeriket Noregs Storting.
Alternativ 1:
§ 75 skal lyde:
Det høyrer Stortinget til
a) å gje og oppheve lover; å fastsetje
skattar, avgifter, toll og andre offentlege bører, som likevel ikkje
gjeld etter 31. desember året etter, om dei ikkje blir uttrykkeleg
fornya av eit nytt storting;
b) å ta opp lån på rikets kreditt;
c) å føre oppsyn med pengestellet i riket;
d) å løyve dei pengesummane som trengst til statsutgiftene;
e) å fastsetje kor mykje kongen skal få utbetalt til hoffstaten
sin kvart år, og fastsetje den kongelege familiens apanasje, som
ikkje kan vere i fast eigedom;
f) å få seg førelagt protokollane frå statsrådet og alle
offentlege meldingar og papir;
g) å få melding om dei folkerettslege avtalene som kongen
har gjort med framande makter for staten;
h) å kunne gje kven som helst påbod om å møte for seg i
statssaker, så nær som kongen og den kongelege familien; likevel
kan dei kongelege prinsessene og prinsane kallast inn dersom dei
har embete;
i) å revidere lister over mellombels løner og pensjonar
og gjere dei endringane som Stortinget meiner trengst;
k) å utnemne fem revisorar som skal sjå gjennom statsrekneskapane
kvart år og kunngjere utdrag av dei på prent; revisorane skal få
rekneskapane tilsende innan seks månader etter utgangen av det året
som Stortinget har gjeve løyvingar for; og å gje føresegner om ordninga
av desisjonsmakta overfor rekneskapstenestemennene til staten;
l) å utnemne ein som ikkje er medlem av Stortinget, som
etter nærare føresegner fastsette i lov skal føre kontroll med den
offentlege forvaltninga og alle som er i offentleg teneste, for
å hindre at det blir gjort urett mot den einskilde borgaren;
m) å gje innføddsrett.
Alternativ 2:
§ 75 skal lyde:
Det høyrer Stortinget til
a) å gje og oppheve lover; å fastsetje
skattar, avgifter, toll og andre offentlege bører, som likevel ikkje
gjeld etter 31. desember året etter, om dei ikkje blir uttrykkeleg
fornya av eit nytt storting;
b) å opne lån på rikets kreditt;
c) å føre oppsyn med pengestellet i riket;
d) å løyve dei pengesummane som trengst til statsutgiftene;
e) å fastsetje kor mykje kongen skal få utbetalt til hoffstaten
sin kvart år, og fastsetje den kongelege familiens apanasje, som
ikkje kan vere i fast eigedom;
f) å få seg førelagt protokollane frå statsrådet og alle
offentlege meldingar og papir;
g) å få melding om dei folkerettslege avtalene som kongen
har gjort med framande makter for staten;
h) å kunne gje kven som helst påbod om å møte for seg i
statssaker, så nær som kongen og den kongelege familien; likevel
kan dei kongelege prinsessene og prinsane kallast inn dersom dei
har embete;
i) å revidere lister over mellombels løner og pensjonar
og gjere dei endringane som Stortinget meiner trengst;
k) å utnemne fem revisorar som skal sjå gjennom statsrekneskapane
kvart år og kunngjere utdrag av dei på prent; revisorane skal få
rekneskapane tilsende innan seks månader etter utgangen av det året
som Stortinget har gjeve løyvingar for; og å gje føresegner om ordninga
av desisjonsmakta overfor rekneskapstenestemennene til staten;
l) å utnemne ein som ikkje er medlem av Stortinget, som
etter nærare føresegner fastsette i lov skal føre kontroll med den
offentlege forvaltninga og alle som er i offentleg teneste, for
å hindre at det blir gjort urett mot den einskilde borgaren;
m) å gje innføddsrett.
§ 77 skal lyde:
Når Stortinget har gjort same lovvedtaket to gonger på rad, går
vedtaket til kongen med oppmoding om sanksjon.
§ 79 skal lyde:
Når to storting med eitt val og minst to storting imellom har
gjort same lovvedtaket uendra utan at Stortinget i mellomtida har
gjort avvikande endeleg lovvedtak, og det då blir lagt fram for
kongen med dei orda at Hans Majestet ikkje vil nekte å sanksjonere
eit lovvedtak som Stortinget etter ei grundig vurdering held for
gagnleg, så blir det til lov endå om kongen ikkje gjev sanksjon
før Stortinget skilst.
§ 80 annet ledd skal lyde:
I samsvar med reglar i den ordenen Stortinget har vedteke, kan
forhandlingane takast opp att, men dei blir avslutta seinast siste
kvardagen i september.
§ 80 tredje ledd skal lyde:
Innan den tid kunngjer kongen for Stortinget avgjerda si om dei
lovvedtaka som ikkje alt er avgjorde (jf. §§ 77–79), med anten å
stadfeste eller å forkaste dei. Alle dei han ikkje uttrykkeleg godkjenner,
blir rekna som forkasta av kongen.
§ 81 første punktum skal lyde:
Alle lover (så nær som dei etter § 79) blir utferda i namnet
til kongen, under Noregs rikssegl og med desse orda: «Vi N.N. gjer
kunnig: at Oss er førelagt vedtak frå Stortinget dagsett dato som
lyder slik: (her kjem vedtaket).
§ 86 fjerde ledd skal lyde:
Dei som har teke sete i Riksretten som valde av Stortinget, blir
sitjande jamvel om tida dei er valde for, går ut før Riksretten
har avslutta saka. Like eins blir høgsterettsdommarar sitjande i
Riksretten jamvel om dei går av som medlemmer av Høgsterett.
§ 90 skal lyde:
Ein høgsterettsdom kan ikkje i noko tilfelle ankast.
§ 91 skal lyde:
Ingen kan utnemnast til medlem av Høgsterett før ho eller han
er 30 år gammal.
§ 100 annet ledd første punktum skal lyde:
Ingen kan haldast rettsleg ansvarleg for å ha motteke eller komme
med opplysningar, idear eller bodskapar om det ikkje lèt seg forsvare
halde opp imot den grunngjevinga ytringsfridommen har i sanningssøking,
demokrati og den frie meiningsdanninga til individet.
§ 100 fjerde ledd annet punktum skal lyde:
Brevsensur kan ikkje setjast i verk, så nær som i anstaltar.
§ 105 skal lyde:
Krev omsyn til samfunnet at nokon må gje frå seg sin faste eller
rørlege eigedom til offentleg bruk, skal ho eller han få fullt vederlag
av statskassa.
§ 114 første ledd skal lyde:
Til embete i staten kan det berre utnemnast norske borgarar som
talar språket i landet og
a) anten er fødde i riket av foreldre
som då var norske statsborgarar,
b) eller er fødde i utlandet av norske foreldre som då ikkje
var statsborgarar i noko anna land,
c) eller har opphalde seg i riket i 10 år,
d) eller får innføddsrett av Stortinget.
§ 115 annet ledd skal lyde:
Føresegnene i denne paragrafen gjeld ikkje ved deltaking i ein
internasjonal samskipnad der avgjerdene berre har reint folkerettsleg
verknad for Noreg.
§ 117 annet punktum skal lyde:
Dei nærare vilkåra for korleis han skal stå ved lag til størst
mogleg nytte for staten og gagn for landallmugen, blir fastsette
av det fyrste eller andre stortinget.
§ 119 annet ledd skal lyde:
Korleis denne grunnsetninga skal gjennomførast, og kva unntak
ho skal ha, blir fastsett i lov.
§ 121 første ledd tredje punktum skal lyde:
Ei slik endring må likevel aldri stri mot prinsippa i denne grunnlova,
men berre gjelde modifikasjonar i einskilde føresegner som ikkje
endrar ånda i denne konstitusjonen, og to tredjedelar av Stortinget
må vere samde i ei slik endring.