Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Sogn og Fjordane. Foto: Rolf M. Sørensen.
For stortingsperioden 2025–2029 er det valt inn fire representantar frå Sogn og Fjordane.
Representantane er fordelte på følgjande parti: Arbeiderpartiet (1), Framstegspartiet (1), Senterpartiet (1) og Miljøpartiet Dei Grøne (1).
I Grunnlova står det at Noreg har 19 valdistrikt. I vallova er desse lista opp, og dei samsvarar med fylkesinndelinga i Noreg før regionreforma.
Oversikta under listar opp representantane med nummer frå det opphavlege valoppgjeret, som òg inkluderer statsrådar. Statsrådane blir fjerna frå oversikta, men nummereringa blir ståande uendra. I oversikta over dagens møtande representantar blir dei lista opp etter gjeldande representantnummer.




Kva vil statsråden gjere for at fleire ungdommar rundt om i landet kan få tilbod om tilrettelagt praktisk utdanning tilsvarande "fremtidens skole" i Vikersund?
Hvordan vil statsråden sikre at statlig støttet markedsføring av norske fjellområder (gjennom Innovasjon Norge og destinasjonsselskaper) og støtteordninger til organisasjoner med kommersielle interesser i villreinområder (blant andre DNT) ikke bidrar til forstyrrende eller økt ferdsel og ytterligere svekkelse av villreinens leveområder, og vil regjeringen vurdere å stanse eller legge om statlig finansiert markedsføring og aktivitet i villreinområder og randsoner som er i konflikt med villreinpolitiske mål?
Kart frå mellom anna Noregs vassdrags- og energidirektorat gjev kommunane nyttig kunnskap om naturfare ved planlegging av busetnad og næringsaktivitet, sjølv om detaljnivået i kartgrunnlaget ikkje alltid er nok til å fastslå konkret risiko. No melder fleire at krav om ekstra naturfarekartlegging blir for omfattande, og at sjølv små tiltak på eige hus og eigedom utløyser dyre naturfarekartleggingar. Kva vil statsråden gjere for å unngå at folk får krav om kartlegging for slike mindre tiltak?
Kva vil statsråden gjere for å sikre tilstrekkeleg veterinærdekning og tenkjer statsråden det er rimeleg at tap av dyr ikkje vert erstatta til tross for at dyreeigar har gjort det den kan for å få veterinær til det sjuke dyret?
Når vil regjeringa sende ut det varsla brevet til kommunane, statsforvaltarane og Helsedirektoratet, slik at Stortingets vedtak – og føresetnadane for Merkur-butikkane – vert følgd opp i praksis?