Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
2. oktober er det høgtideleg opning av det 171. storting. Dette bildet er frå fjorårets opning.
Det er H.M. Kong Haakon som føretek den høgtidelege opninga av Stortinget. Seremonien i Stortinget har tradisjonar tilbake til Grunnlova av 1814.
H.M. Kongen opnar Stortinget med trontalen. Trontalen gjer greie for hovudtrekka i regjeringa sitt arbeidsprogram og politikk for det kommande året. Etter trontalen blir meldinga om rikets tilstand lesen opp av eit medlem av regjeringa.
Det skal ikkje vera drøftingar i Stortinget så lenge H.M. Kongen er til stades på Stortinget. Difor ventar stortingspresidenten med å føreslå korleis trontalen skal behandlast til etter at han har forlate stortingsbygningen. Ein deputasjon på sju stortingsrepresentantar tek imot H.M. Kongen når han kjem inn døra på Stortinget og følgjer han ut att etter opninga.
I stortingssalen er stortingsrepresentantar, regjeringa, representantar for embetsverket, det diplomatiske korpset og pressa til stades.
Vi legg også til rette for at publikum kan følgje den høgtidelege opninga på storskjerm på Eidsvolls plass.
Alle journalistar og fotografar som ønskjer å dekke den høgtidelege opninga av Stortinget, må fylle ut og sende inn akkrediteringsskjema dersom dei ikkje er medlemmer av Stortingets presselosje.
Medlemmer av Stortingets presselosje må også fylle inn skjemaet dersom dei ønskjer å fotografere frå galleriet eller Løvebakken.
Akkreditering skjer via dette skjemaet. Fristen for akkreditering til den høgtidelege opninga er endeleg, torsdag 1. oktober kl. 10.00.
Alt av fotoutstyr som skal brukast under opninga i stortingssalen må vere på plass i stortingssalen før klokka 08.45 fredag 2. oktober.
Vi ber media, også medlemmer av presselosjen, om å bruke inngangen frå Akersgata. Alle som skal dekke opninga frå Løvebakken eller galleriet blir følgde inn. Det gjeld også medlemmer av presselosjen.
Siste frist for oppmøte i Akersgata er kl. 12.20. Alle må ta med legitimasjon og pressekort ved oppmøte. Det er ønskeleg med fint antrekk.
Dersom du har akkreditert deg og likevel ikkje vil nytta plassen, ber vi om at du melder frå på e-post til presse@stortinget.no.
1. Løvebakken: Gi beskjed ved akkreditering dersom dette er ønskeleg. Tilgang innanfor tilviste plassar.
2. Galleriet: Gi beskjed ved akkreditering dersom dette er ønskeleg. Desse plassane er reserverte til fotografar. Det er ei avgrensa mengde plassar. Dei som ikkje får plass på galleriet, får automatisk plass på Løvebakken. Alle som skal stå på galleriet blir følgde opp og får eigne kort som må berast synleg. Hugs igjen at fotoutstyr som skal brukast på galleriet må vere på plass i salen før klokka 08.45 på fredag. Fotografar må bruke lydlaust utstyr. Det er ikkje anledning til å ta bilete når utstyret blir plassert i salen.
I presselosjen er det vanleg tilgang for skrivande presse. For pressa blir det også mogleg å følgje opninga frå eit møterom like ved vandrehallen. Det er ikkje høve til å vera i vandrehallen under opninga.
Stortinget sørgjer for TV-signal via Stortingets kommunikasjonsknutepunkt, til fri disposisjon for alle medium. Det blir filma frå Karl Johansgate, Løvebakken, resepsjonen og vandrehallen i tillegg til stortingssalen. TV-sendinga blir levert utan tekst og kommentarar. Det er planlagt å ligge ute med bilete frå kamerakran og kontentumlyd frå ca 1230.
Kontaktperson for TV-produksjonen: Thomas Andresen, tlf: 415 19 262.
TV-sendinga vil også vere tilgjengeleg på Stortingets nett-TV. Nett-TV kan videreformidlast av alle medium etter avtale om oppretting av publiseringspunkt.
Meir informasjon om vidareformidling av nett-TV.
Kontaktperson for nett-TV: Bjørn Holta, tlf: 971 58 040.
Under møtet i stortingssalen må det berre nyttast lydlaust utstyr. Det er ikkje mogleg å forlate salen under møtet.
I Stortingets mediearkiv blir det lagt ut foto frå opninga som er til fri bruk mot kreditering.
Les meir informasjon om den høgtidelege opninga på nettsidene våre.