Ingjerd Schou. Foto: Europarådet.

Ingjerd Schou. Foto: Europarådet.

Solid norsk innsats snudde balansen i resolusjon om barnevern

Under sommarsesjonen i Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) deltok fleire stortingsrepresentantar i debatten om barnevern og diskusjonen om riktig balanse mellom barnets beste og behovet for å halde familiar samla.

Innsatsen til den norske delegasjonen bidrog til å snu resolusjonens vektlegging av familien til å først og fremst vektlegge barnets beste.

Rapporten og resolusjonen som var forfatta av rapportør Valeriou Ghiletchi, diskuterte omsorgsovertaking og europeisk barnevern sin innsats på dette området. Rapportøren var kritisk til det han såg som ein tendens til for lite omsyn til familien og innsats for å halde familiar samla i slike saker.

– Resolusjonen inneheld mange viktige punkt som også er reflektert i vår barnevernsreform, men det var viktig for delegasjonen å styrke prinsippet om at ei vurdering av kva som er barnets beste til ei kvar tid må kome først, også i forhold til spørsmålet om å halde familiar samla, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H).

Emilie Enger Mehl. Foto: Stortinget.
Emilie Enger Mehl. Foto: Stortinget.

– Ingen ønskjer å i utgangspunktet splitte familiar, men samstundes veit vi at i enkelte tilfelle er det dessverre slik at det er til det beste for eit barn å bli tatt ut av familien enten midlertidig eller for godt. I resolusjonens første utkast var det eit klart ønskje om å innskrenke denne muligheita ytterlegare i forhold til det som er tilfellet i dag. Omsorgsovertaking skjer allereie i dag i svært få, og bare i dei vanskelegaste tilfella.  Det var viktig for den norske delegasjonen ,og for mange andre som deltok i debatten, å snu resolusjonens ordlyd på dette område. Eg er glad for at vi lukkast med det,  seier Emilie Enger Mehl (Sp) som var den som presenterte og diskuterte dei norske endringsforslaga i debatten på vegne av delegasjonen.

Ingjerd Schou (H), Morten Wold (FrP), Lise Christoffersen (A) deltok også i debatten, og  anerkjente alle at også det norske barnevernet har utfordringar og kan bli betre på ulike områder.

Flyktningar og migrantar

Heile fire debattar om flyktning-og migrantkrisa, inkludert ein om den humanitære situasjonen i Syrias naboland, satt elles sitt preg på sesjonen.  Korleis unngå at store grupper av menneske utsett seg sjølv for farefulle ferd over Middelhavet, organisert av kyniske menneskesmuglarar, og korleis trygge at skip som har redda flyktningar og migrantar i havsnaud får legge til land i europeiske hamnar – var dei overordna spørsmåla i debattane.Eit sentralt aspekt i dette var den aktuelle diskusjon om å sjå på forslag om innlevering og handsaming av asylsøknader utanfor Europas grenser.

Sivilsamfunn, LHBTI, menneskerettsforsvararar

Elles på agendaen stod blant anna debattar om situasjonen for NGOar og menneskerettsforsvararar i Europarådets medlemsland, LHBTI rettigheiter i Russlandukrainske fangar fengsla i Russland på politisk grunnlag.

Korrupsjon og forholdet til Russland

Forholdet til Russland, som ikkje har deltatt i arbeidet i PACE sidan 2014 då det mista stemmeretten som følgje av annektering av Krim, og oppfølging av rapporten om korrupsjon i PACE, stod sentralt i talar frå PACEs president, Ministerkomiteens formannskap, dei ulike gjestetalarane og i spørsmålsrundar. Riktig handtering av desse utfordringane har betyding for PACEs og Europarådets framtid.


Sist oppdatert: 29.06.2018 14:16