Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Bak fra venstre: Christian Tybring-Gjedde, Trond Helleland, Kåre Simensen, Øyvind Halleraker og Svein Roald Hansen. Første rad fra venstre: Elin Rodum Agdestein, Liv Signe Navarsete, Anniken Huitfeldt og Regina Alexandrova. Foto: Stortinget.

Migrasjonssituasjonen og global sikkerheit i Brussel

Stortingets utanriks- og forsvarskomité besøkte Brussel 16.–17. mars. Utgangspunktet for besøket var det årlege bilaterale møtet mellom komiteen og Europaparlaments delegasjon for samarbeidet med Norge.

I tillegg hadde komiteen møter med generalsekretær i NATO, Jens Stoltenberg, leiaren i Europaparlaments utanrikskomité, Elmar Brok, representantar frå EUs utanriksteneste og dei norske delegasjonane til NATO og EU.

Komiteen møtte også uavhengige europapolitiske analytikarar. Ei hovudsak som gjekk igjen i alle møta var migrasjonskrisa og tilhøvet til Tyrkia. EU sitt toppmøte byrja same dag som komiteen var i Brussel, og den politiske dynamikken rundt ein avtale mellom EU og Tyrkia vart drøfta.

Må finne riktig balanse

Jens Stoltenberg la vekt at NATO må finne den riktige balansen på fleire dimensjonar framover. Dette gjeld både balansen av innsats i ulike område, mellom utstasjonerte og mobile troppar, mellom ressursinnsatsen til ulike NATO-land og mellom dialog og handlekraft overfor andre tredjeland. Han la samstundes vekt på at alle land må ta ansvar for å bidra inn i NATOs budsjett og at dette også gjeld Noreg.

– Det var nyttig å drøfte styrkinga av det norske Forsvaret med generalsekretær Stoltenberg, seier komitéleiar Anniken Huitfeldt.

I det bilaterale møtet med Europaparlamentet omfatta dagsordenen migrasjonssituasjonen, klima- og energipolitikk, den globale sikkerheitssituasjonen og vilkåra for handel med landbruksprodukt.

Norsk gass og vasskraft

Frå begge sider var det understreka at EU og Noreg har eit godt og omfattande samarbeid og at nær kontakt også mellom parlamentarikar er viktig. Det vart framheva at norsk gass og vasskraft er del av løysinga når EU arbeider for å sikre sine innbyggjarar stabil og trygg energiforsyning uavhengig av Russland.

– Det nære tilhøvet mellom Stortinget og Europaparlamentet blei understreka under dagens møte, seier komitéleiar Huitfeldt. – Vi hadde nyttig drøftingar om ei rekkje saksfelt, inkludert flyktningar og migrasjon, tilhøvet til Russland og energi og klima, legg ho til.

Global sikkerheit og migrasjonssituasjonen var tema også i mange av dei andre samtalene. Mange framheva at det er nødvendig med felles europeiske løysingar på utfordringane Europa nå står overfor. Samstundes er det viktig med demokratisk forankring av desse.

Sjå også Europaparlamentets pressemelding om det bilaterale møtet.

Stortingets utanriks- og forsvarskomité.

Sist oppdatert: 18.03.2016 13:42
: