Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Europol og flyktningekrise drøfta i Haag

Leiar i utanriks- og forsvarskomiteen, Anniken Huitfeldt (A), deltok mandag 8. februar på eit møte i Haag for leiarane av europakomiteane i nasjonale parlament i Europa.

Leiar i utanriks- og forsvarskomiteen, Anniken Huitfeldt. Foto: Stortinget.

Dagsordenen for det såkalla COSAC-møtet inkluderte drøfting av kva som er europeiske politiske prioriteringar i 2016 og rolla til nasjonale parlament i parlamentarisk kontroll av Europol.

Den nederlandske utanriksministeren Bert Koenders og visepresident i Europakommisjonen Kristalina Georgieva innleia til ein debatt om europeiske prioriteringa for 2016 og framover. Utfordringa med flyktningekrisa og migrasjon i Europa og globalt og status for Schengen-samarbeidet vart tatt opp av mange i debatten. Fleire sa det er behov for å ta tak i årsakene til migrasjonen, få kontroll med yttergrensene og for samarbeid med Tyrkia og landa på Balkan. Fleire kommenterte også den pågåande diskusjonen om Storbritannias tilhøve til EU.

– Konflikten mellom Israel og Palestina er ein årsak til den ustabile situasjonen i Midtausten. Det er viktig med ei balansert tilnærming til dei to partane, men det må bli slutt på etablering av nye ulovlege busettingar fordi dette er eit brot på folkeretten, sa Huitfeldt i sitt innlegg.

På møtet var det også ein debatt om rolla til nasjonale parlament i samband med parlamentarisk kontroll eksemplifisert med Europol. Etter at det nå er semje om ei ny europolforordning, skal Europaparlamentet og nasjonale parlament etablere ein felles parlamentarisk kontrollkomité.   

– Eg deltek på COSAC fordi det er ein viktig møteplass der eg møter kollegaer frå mange andre europeiske land. Møtet gjev eit godt innblikk i kva saker som er øvst på dagsordenen i Brussel og i EU-landa, seier Huitfeldt.

COSAC samlar medlemmar av europakomiteane i nasjonale parlament i EU-landa med deltaking også frå Europaparlamentet og land som er kandidatar for EU-medlemskap. På møtet var Noreg saman med Island, Sveits, Georgia inviterte som observatørar. Neste COSAC-møte er juni i Haag.

Sist oppdatert: 08.02.2016 13:30
: