Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Mange endringsframlegg til direktivet om minstelønningar

Europaparlamentet har 918 endringsframlegg til utkastet til direktiv om tilstrekkelege minstelønningar i Europa. Arbeids- og sosialkomiteen drøfta desse 3. juni. Det er brei støtte til intensjonane bak framlegget og dei fleste politiske gruppene støttar også innføring av eit direktiv om minstelønningar. Samstundes er det ein del som framleis meiner det juridiske grunnlaget ikkje er godt nok avklart eller som er urolege for korleis eit direktiv vil påverke arbeidslivsmodellane i mellom anna Danmark og Sverige.

Saksordførarane kom med sine endringsframlegg i april, jf. også omtale i Stortingets EU/EØS-nytt 23. april i år. Nå er også endringsframlegga til dei andre medlemmane av Europaparlamentet lagt fram. Desse omfattar alt frå framlegg om å avvise heile direktivet til framlegg som går lengre enn Kommisjonen. Fleire har til dømes gjort framlegg om å auke kravet til dekningsgrad til 90 prosent slik også saksordførarane ynskjer. Ved ein lågare dekningsgrad må styresmaktene sette i verk tiltak for å auke dekningsgraden. Det er elles framlegg både om tiltak for å auke innsynet i lønningar og om å stille tilleggskrav knytt til lønningar og organisering i samband med offentlege innkjøp. Skandinaviske medlemmar av Europaparlamentet står bak ei lang rekke endringsframlegg både knytt til å avvise framlegget, forslaget om geografisk unntak og mange andre spørsmål. Mellom anna er det framlegg om å seie at direktivet ikkje gjev direkte rettar for enkeltpersonar. I debatten 3. juni var det likevel ingen skandinaviske representantar som hadde ordet. 

Dei to saksordførarane sa i debatten at direktivet kan gjere livet betre for millionar av europearar som er fattige sjølv om dei er sysselsette. Det vil bli kompliserte diskusjonar framover, men dei lova å lytte til alle aktørar. Samstundes meinte dei spørsmålet om heimelsgrunnlag er avklart og at det ikkje er nødvendig å gå nye rundar på dette.

Dei andre som hadde ordet støtta i stor grad saksordførarane. Dei fleste understreka målet om å redusere fattigdom, styrke organisasjonane i arbeidslivet og styrke dekningsgraden av kollektivavtaler. Ein del var opptatt av definisjonen av kva som er tilstrekkeleg minstelønn og at den må utformast slik at dette nivået ikkje blir for lågt.

Som i tidlegare debattar var representantar frå den konservative gruppa (ECR) og ytre høgre-gruppa Identitet og demokrati skeptiske til framlegget. Dei sa spørsmål knytt til lønn er eit nasjonalt ansvar og meiner dessutan Kommisjonen ikkje har kompetanse til å innføre eit direktiv på dette området. Også eit innlegg frå sentrum høgre-gruppa (EPP) tok til orde for ei nærare vurdering av heimelsgrunnlaget og bad om at Europaparlamentets eigne juristar måtte sjå på dette. Tidlegare har juristar i Rådet gitt klarsignal til framlegget på visse vilkår.

Kommisjonen sa i sin kommentar at framlegget vil vere viktig for mange arbeidstakar i Europa. Direktivet må gjelde for alle medlemslanda som får ein del felles rapporteringskrav, men der pliktene elles vil variere basert på arbeidslivsmodellen i kvart land. Direktivet er utforma i samsvar med EUs traktatar og med respekt for nasjonal suverenitet og rolla til partane i arbeidslivet. Ein del av framlegga knytt til offentlege innkjøpsprosessar kan ikkje innarbeidast i dette direktivet fordi det vil krevje ein anna heimel enn den det er gjort framlegg om.

Saksordførarane varsla på slutten av møtet at dei vil starte forhandlingar med skuggeordførarane så snart som mogleg. Dei vona å finne gode kompromiss i desse møta, men indikerte ikkje når det eventuelt kan vere klart for avrøysting i komiteen.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 09.06.2021 10:25
: