Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
På den andre plenumssesjonen i oktober tildelte Europaparlamentet Sakharov-prisen til Den internasjonale straffedomstolen og bad Kommisjonen stå opp mot dei amerikanske sanksjonane mot domstolen. Parlamentet drøfta toppmøtet førre veke og gjentok ynskje om eit offensivt langtidsbudsjett. Det ynskjer tettare samarbeid med Storbritannia og tek til orde for ein sjømilitær operasjon i Svartehavet som reaksjon på russiske åtak der. Det drøfta demonstrasjonane og opptøyane i europeiske byar og gav formelt samtykke til styrka passasjerrettar. Det vedtok også eit mandat for COP31-møtet.
Den internasjonale straffedomstolen
Torsdag annonserte Europaparlamentet at Den internasjonale straffedomstolen hadde fått Sakharov-prisen for 2026. Plenumsmøtet drøfta dei amerikanske sanksjonane mot domstolen i ein debatt med Irlands europaminister, Thomas Byrne, og Kaja Kallas, EUs høgrepresentant for utanrikssaker tysdag. Begge understreka at EU vil stå opp for domstolen og gjennomføre tiltak for å motverke sanksjonane, spesielt for å hjelpa verksemder. Begge viste samstundes til at det er seks månader til sanksjonane trår i kraft og at EU vil bruke denne tida til dialog. Det er viktig at verksemder ikkje overoppfyller sanksjonane eller etterlev dei alt nå. EU arbeider også med å bistå domstolen med å finne alternative it- og betalingssystem for å erstatte system som måtte bli ramma av sanksjonar.
Det var brei støtte til domstolen og EUs linje frå partigruppene i sentrum og til venstre i debatten. Fleire spurte om ikkje EU skulle iverksette tiltak i samsvar med ei forordning frå 1996 som skal verne interessene til fysiske eller juridiske personar i EU mot verknadene av lovgiving vedteken av tredjeland. Ytre høgre-gruppa (PfE) sa på si side at domstolen er inkompetent, partisk, antisemittisk og antivestleg og sa EU ikkje burde støtte ein slik institusjon. Den konservative gruppa (ECR) var meir positiv, men meinte domstolen brukte for lang tid på å behandle saker og burde blir meir uavhengig.
Kallas sa på slutten av debatten at EU arbeider langs fleire spor, inkludert å førebu eventuell innføring av tiltaka etter forordninga frå 1996, men at dette må eventuelt må skje på ein nøye gjennomtenkt måte. EU vil ha dialog med USA og også mot land som har slutta seg til domstolen. Det vil ha konsekvensar for tilhøvet til EU for land som vel å trekke seg ut av domstolen.
Debatt om toppmøtet og posisjonar for Erasmus+ og konkurranseevnefondet
Rådspresident António Costa og kommisjonspresident Ursula von der Leyen deltok onsdag i ein debatt om resultata frå møtet i Det europeiske råd førre veke. Møtet hadde fokusert på styrka europeisk konkurranseevne, EUs langtidsbudsjett, støtte til Ukraina og migrasjonspolitikk. Begge sa det hadde vorte gjort viktige framsteg på alle desse områda og viste til ei rekke EU-initiativ. Costa understreka mellom anna behovet for eit offensivt langtidsbudsjett og for å få ei rask semje om budsjettet. Von der Leyen var opptatt å styrke den indre marknaden, men også av å sikre rettferdige, globale konkurransevilkår, spesielt mot Kina. Ho sa EU vil ha dialog, men ikkje ville nøle med å innføre mottiltak. Ho varsla framlegg om eit nytt instrument som raskt kan avgrense tilgangen til den indre markanden dersom EUs interesser er truga. Talet på asylsøkarar og ulovlege migrantar har gått ned og fleire som ikkje skal ha opphold, blir returnert. Likevel varsla von der Leyen eit rammeverk for krisehandtering dersom det oppstår ekstraordinære migrasjonssituasjonar.
I debatten var det støtte blant gruppene i sentrum til behovet for rettferdig konkurranse og for eit offensivt budsjett. Sentrum høgre-gruppa (EPP) tok til orde for eit europeisk perspektiv i budsjettdiskusjonane. Sentrum venstre (S&D) var samd i behovet for styrka yttergrenser, men sa samtidig EU må sikre retten til asyl. Ytre høgre-gruppene var kritiske til framlegget til langtidsbudsjett og sa det er viktig å slå ring om landbruks- og regionalstøtte. Ytre høgre er også skeptiske til styrka kopling mellom budsjettstøtte og rettsstat og meinte dette opna for ideologisk utpressing. Den konservative gruppa (ECR) sa EU hadde gjort mye galt dei siste åra, mellom anna knytt til migrasjonspolitikk og politikk som hadde svekka konkurranseevna. Europa er nå i ferd med å rette opp sine feil, ikkje minst takk vere Meloni.
Torsdag vedtok Europarlamentet sin forhandlingsposisjon for utdanningsprogrammet Erasmus+ og ynskjer ei større ramme for programmet enn det Kommisjonen har gjort framlegg om. Saksordførar og skyggesaksordførarar for konkurranseevnefondet er også samde om ein posisjon for konkurranseevnefondet, men denne må formelt vedtakast av ansvarleg komité og plenum.
Effektar av russiske åtak på EU, spesielt i Svartehavet
Mellom anna på grunn av åtaka på to skip utanfor Bulgaria 6. oktober, var det tysdag ein debatt om effekten av russiske åtak i EU. EUs høgrepresentant for utanrikssaker, Kaja Kallas, sa Russland taper på slagmarka. I staden går landet etter sivile mål i Ukraina og EU. Åtaka i Svartehavet trugar ukrainsk korneksport. Dette er alvorleg for Ukraina som mister eksportinntekter. Det trugar også matsikkerheita globalt og kjem samtidig som andre konfliktar og klimaendringar også trugar verdas matproduksjon og forsyningskjeder. Det er svært alvorleg at Russland bruker mat som våpen på denne måten.
I debatten var partia i sentrum samde om at EU må ta situasjonen i Svartehavet på alvor og ta initiativ til ein operasjon som kan sikre sjøfarten der. Det er viktig å halde oppe presset mot Russland og støtte Ukraina. Det kom også kritikk mot Trumps dieselavtale med Putin og det vart understreka at Trump også har eit ansvar for situasjonen. Både ytre høgre og delar av ytre venstre tok til orde for forhandlingar og diplomatiske løysingar og sa EU ikkje må bidra til å eskalere situasjonen. Desse gruppene fekk kritikk frå sentrumspartia for ikkje å vere tydelege på at det er Russland som har ansvaret for at krigen held fram. Ytre høgre var elles også opptatt av å opne opp igjen transportruter i Svartehavet for å hindra at ukrainsk korneksport skaper ubalanse i EU-marknaden. Nordiske medlemmar av ytre venstre-gruppa var tydelege i kritikken av Russland.
På slutten av debatten oppmoda Kallas alle om å ta opp Russlands bruk av mat som våpen også med landa som er avhengige av kornimport, spesielt i Afrika. Ho aviste påstandane om at EU ikkje har ein fredsplan eller ynskjer fred og sa det berre er Russland som ikkje vil ha fred. I forhandlingar må Europa sitte ved bordet og ein avtale må sikre ei varig og rettferdig løysing. Ho sa også at sanksjonane mot Russland fungerer. Det beste provet på det er at Russland ynskjer sanksjonane fjerna.
Torsdag vedtok Parlamentet med stort fleirtal ein resolusjon som fordømmer Russlands opptrapping av krigen mot Ukraina i Svartehavet. Parlamentet kritiserer den svake responsen frå den bulgarske regjeringa og meiner EU må gje meir støtte til Romania og Bulgaria for å kunne oppdage og spore dronar. EU bør vurdere ein sjømilitær operasjon i regionen.
Toppmøtet mellom EU og Storbritannia i november
Den irske EU-ministeren, Thomas Byrne, og handelskomissær Maroš Šefčovič deltok tysdag i ein debatt i forkant av det kommande toppmøtet mellom EU og Storbritannia 20. november. Byrne viste til at tilhøvet mellom EU og Storbritannia har vorte sterkare det siste året og at EU ynskjer eit så tett samarbeid som mogleg. Han viste til felles verdigrunnlag, mellom anna demonstrert gjennom støtta til Ukraina. Det er inngått eller blir drøfta, tettare samarbeid på ei rekkje område. Dette omfattar britisk deltaking i Erasmus+, avtale om eit sikkerheits- og forsvarspartnarskap, britisk deltaking i låneprogram for Ukraina og forhandlingar om ein veterinæravtale, om klimakvotar, ungdomsutveksling og elektrisitetsmarknaden. Det er også rom for tettare helseberedskapssamarbeid, justis- og politisamarbeid og felles innsats mot menneskesmugling.
Šefčovič sa også at samarbeidet var styrka den siste tida. Det er viktig i dagens globale situasjon. EU ynskjer å vidareutvikle samarbeidet, men han understreka at det skal skje med utgangspunkt i EUs interesser. Det vil vere basert på full implementering av avtalene som vart inngått i samband med brexit, nye avtaler og samarbeidet om støtte til Ukraina. Det er rom for å fjerne handelshindringar knytt til verdikjedar. Det er viktig å unngå nye handelsbarrierar i arbeidet med å styrke økonomisk sikkerheit i Europa. Samarbeidet om å takle den globale overkapasiteten i stålindustrien er eit døme på eit viktig samarbeid.
I debatten var spesielt sentrum høgre (EPP), sentrum venstre (S&D), Den liberale gruppa og Den grøne gruppa, positive til eit tettare samarbeid på så mange område som mogleg. Fleire ynskte Storbritannia tilbake som EU-medlem og sa brexit ikkje hadde hatt nokon av dei positive effektane som brexit-tilhengjarane hadde lova. Dessutan var det nyleg avdekka russisk påverknad i brexit-kampanjen. Den konservative gruppa (ECR) var positiv til samarbeid, men understreka dette må vere basert på gjensidig nytte og eit balansert tilhøve. Samtidig vart det spurt om kva strategi EU hadde for Storbritannia når det hadde kravd store økonomiske bidrag frå landet for at det skulle få delta i eit forsvarssamarbeid som også EU ville ha nytte av. Ytre høgre sa brexit hadde vore ein demokratisk siger og eit frigjeringsprosjekt, men at britiske regjeringar ikkje hadde utnytta potensialet som brexit hadde gjeve. Ytre høgre etterlyste også tiltak for å hindre ulovlege migrantar og var også kritiske til avtalen mellom EU og Storbritannia om Gibraltar. Ytre venstre var positiv til eit betre tilhøve, men understreka også at EU må ta vare på interessene til innbyggjarane i Nord-Irland og langfredagsavtalen.
Demonstrasjonar og opptøyar i EU-land
Ved opninga av plenumsmøtet måndag var det fire grupper som tok til orde for debatt med bakgrunn i demonstrasjonane og opptøyane i fleire europeiske land i dagane før. Ordlyden på framlegga til dagsordenspunkt illustrerte gruppenes syn på situasjonen og kven som har ansvaret for det som skjedde. Det var til slutt sentrum høgres framlegg som fekk fleirtal: «France, Italy and Belgium: Latest anti-democratic violence by radical far-left groups, implications on public order and the legitimate right to protest.»
I debatten måndag kveld var det også eit tydeleg høgre-venstre-skilje. Sentrum og ytre høgre viste til vald og plyndring. Venstresida var skulda for å oppmuntre til vald og for manglande sympati med politi- og brannfolk som hadde vorte skada. Ytre høgre meinte også ukontrollert innvandring var årsaka til situasjonen og tok til orde for å inndra statsborgarskapet til dei som var skuldige i kriminell aktivitet. Sentrum venstre meinte regjeringa hadde svikta fordi den korkje hadde klart å beskytte retten til å demonstrere, men heller ikkje beskytte innbyggjarane frå vald og plyndring. Ytre venstre sa krisa er politisk og sa styresmaktene må innfri krava til elevar og studentar. Gruppa meinte politiet hadde overreagert og at dei mange skada ungdommane var alvorlegare enn skade på eigedom.
Endring av forordninga om kritiske råvarer
Europaparlamentet er klare til å forhandle med Rådet om endringar i forordninga om kritiske råvarer som vart vedteke i 2024. Kommisjonen har gjort framlegg om endringar for å klargjere og forenkle reglane og skal styrke EUs strategiske autonomi. Målet er raskare utvinning, foredling og resirkulering av kritiske råvarer. Parlamentet er samde i desse måla og tek til orde for å opprette eit senter for kritiske råvarer, mekanismar for prisstabilisering og ein klausul om eksportkontroll. Posisjonen vart vedteke med 470 mot 83 røyster og 108 som avsto. Regjeringa har vedteke at forordninga frå 2024 skal tas inn i EØS-avtalen, men dette har ennå ikkje skjedd.
Utsett rapporteringskrav knytt til metan
Parlamentet er også klare til å forhandle med Rådet om utsett innføring av rapporteringskrav knytt til metan. Fleirtalet på 341 mot 225 og 6 som avsto vil utsette reglane om overvaking og rapportering av metanutslepp for importørar av olje, gass og kol med tre år, to år meir enn det Kommisjonen hadde foreslått. Det vil seie at krava kjem i 2031, men Parlamentet ynskjer ikkje utsette krav for import av olje, gass og kol frå sanksjonerte land.
Styrka passasjerrettar
Europaparlamentet gav tysdag formelt samtykke til ei forordning som skal styrke passasjerrettar i Europa. Vedtaket skjedde nesten samrøystes med 652 mot to røyster og åtte som avsto. Mellom anna vil dette styrke forbrukarrettar for flybillettar kjøpt via portalar eller andre mellomledd, innføre eit felles EU-skjema for å krevje refusjon og kompensasjon og sikre betre vern av sårbare reisande. Semja må også vedtakast av Rådet og dei nye reglane skal trå i kraft i oktober 2027.
Meir og raskare jernbane
I ein ikkje-bindande resolusjon som vart vedteke med stort fleirtal tysdag, tek Europaparlamentet til orde for at alle større byar og regionar i EU skal koplast saman med høgfartsjernbane. Jernbane er viktig for å sikre meir berekraftig transport og klimanøytralitet og Parlamentet meiner det er nødvendig å sette av finansiering i EUs neste langtidsbudsjett. Parlamentet ynskjer også rimelege billettar og open prissetjing.
Forenkling for små verksemder
Europaparlamentet ønskjer at små verksemder skal sleppe å peike ut representantar som skal sikre etterleving av avfallsregelverket i kvar medlemsstat der dei sel produkta sine. Det er klart etter at Parlament tysdag nesten samrøystes godkjende forhandlingsposisjonen for endringar i reglane knytt til utvida produsentansvar for emballasje, batteri, tekstilar, sko, elektronikk og eingongsplast. Rådet godkjente sitt mandat onsdag og det er dermed klart for trilogforandlingar.
Mandat for COP31
Europaparlamentet vedtok torsdag eit mandat for COP31-møtet i Tyrkia 9. – 20. november. Det tek til orde for å få fart på den globale utfasinga av fossile brensel, auke klimafinansieringa og gjere den meir rettferdig for sårbare land. Det tek også til orde for å oppfylle tidlegare lovnader om klimatilpassing og finansiering av tap og skade.
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Erik Eriksen