Komiteens utkast til innstilling ble 27. mai
2014 oversendt utenriks- og forsvarskomiteen til uttalelse. Utenriks-
og forsvarskomiteen svarer følgende i sitt brev av 4. juni 2014:
«Utenriks- og forsvarskomiteen viser til næringskomiteens
utkast til innstilling datert 27. mai vedrørende Prop. 63 S (2013-2014)
Samtykke til ratifikasjon av en frihandelsavtale mellom EFTA-statene
og Colombia og en bilateral landbruksavtale mellom Norge og Colombia,
begge av 25. november 2008, og har følgende merknader:
Utenriks-
og forsvarskomiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk
Venstreparti, slutter seg til næringskomiteens utkast til innstilling
til Prop. 63 S (2013-2014) og har ingen ytterligere merknader.
Komiteens
medlem frå Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, viser
til at situasjonen for menneskerettar og arbeidstakarrettar i Colombia
er særs alvorleg. Politiske forfølgingar og drap har vore vanleg
i over 60 år. I følgje høyringsinnspelet frå Norsk Folkehjelp gjekk
talet på drepne fagorganiserte, menneskerettsaktivistar og leiarar
i bonde- og urfolksorganisasjonar opp frå 2012 til 2013. Colombia er
eit av dei farlegaste landa i verda å vere fagorganisert i.
Denne
medlem merkar seg at fagrørsle og sivilsamfunn i Colombia og Noreg
har uttrykt sterk motstand mot avtala. Denne medlem er for handelsavtaler,
men meiner at regjeringa bør føre ein samstemt nærings-, utviklings-
og utanrikspolitikk overfor Colombia, der respekt for menneskerettar
er gjennomgåande integrert.
Denne medlem viser til
at Colombia avviste ei forpliktande avtale med Noreg om menneskerettar og
arbeidstakarrettar. Det er positivt med ein MoU mellom Colombia
og Noreg, men denne gir verken høve til å monitorere eller sanksjonere
utviklinga av situasjonen for menneskerettar og arbeidarrettar framover.
Denne medlem viser til at evalueringar frå arbeidstakarrettsdelen
av frihandelsavtala mellom USA og Colombia, som har ein klausul
om menneskerettar og arbeidarrettar, viser svært dårlege resultat.
Ein evalueringsrapport utført for Kongressen i USA viste at manglande
oppfølging av avtala gjorde at arbeidarrettane i mange tilfelle
har blitt svekka etter at avtala trådde i kraft.
Denne
medlem noterer seg at motstanden mot frihandelsavtaler i Colombia
er omfattande. Motstand mot frihandelsavtala med USA var ein av
hovudparolane i dei store demonstrasjonane i 2013 som var dei største
i nyare colombiansk historie.
Denne medlem noterer
seg at arbeidsforholda i dei eksportretta næringane i landet er
karakterisert av manglande kontraktar, låge lønningar, lange arbeidsdagar
og helsefarlege tilstandar. Høyringsinnspelet frå Handelskampanjen
fortel at etablering av vasskraftanlegg, gruver og plantasjar kan
føre til at urfolk og småbønder blir drive på flukt og fratekne
rettar. Colombia er eit av landa i verda med flest interne flyktningar
og eigarskap til jorda er svært skeivt fordelt.
Denne
medlem viser til at Noreg legg til rette for fredsforhandlingar
mellom colombianske styresmakter og FARC. Denne medlem merkar seg
at det er knytt bekymring til at ei inngåing av frihandelsavtale
vil kunne påverke dei pågåande fredsforhandlingane negativt, då
Noreg inngår ei avtale som er omstridt mellom dei forhandlande partane.
Denne medlem er kjent med at avtala legg opp til symmetrisk
liberalisering og vil understreke at det er uheldig at det blir
stilt like krav til utviklingslandet Colombia og Norge som eit industrialisert
land. Avtala inkluderer investeringar, immaterielle rettar og offentleg
innkjøp i tillegg til handelsliberalisering. Denne medlem meiner
at Colombia som eit utviklingsland skal kunne bruke tilsvarande
politiske verkemiddel som Noreg hadde nytte av då vi utvikla oss
til eit industrialisert velferdsland.
Denne medlem
ser positivt på at Næringskomiteen inviterte til open
høyring om denne avtala. Auka informasjon og debatt vil bidra til
større openheit og ein breiare samfunnsdebatt om frihandelsavtalene.
Denne medlem meiner at grunnleggande menneskerettar,
inkludert arbeidstakarrettar, må bli respekterte og inngå i ein
handelsavtale før Noreg kan ratifisere denne. Denne medlem gir
difor ikkje sitt samtykke til Prop. 63 S (2013-2014) Samtykke til
ratifikasjon av en frihandelsavtale mellom EFTA-statene og Colombia
og en bilateral landbruksavtale mellom Norge og Colombia, begge
av 25. november 2008.»