Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og råder Stortinget til
å gjøre følgende
vedtak til lov
om endringer i opplæringslova og privatskolelova (spesialundervisning
m.m.)
I
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande
opplæringa blir det gjort følgande endringar:
§ 5-4 første ledd skal lyde:
Eleven eller foreldra til eleven kan krevje at skolen gjer
dei undersøkingar som er nødvendige for å finne ut om eleven treng
spesialundervisning, og eventuelt kva opplæring eleven treng. Undervisningspersonalet
skal vurdere om ein elev treng spesialundervisning, og melde frå
til rektor når slike behov er til stades. Skolen skal ha
vurdert og eventuelt prøvd ut tiltak innanfor det ordinære opplæringstilbodet
med sikte på å gi eleven tilfredsstillande utbytte før det blir
gjort sakkunnig vurdering.
§ 5-5 andre ledd skal lyde:
Skolen skal ein gong i året utarbeide
skriftleg oversikt over den opplæringa eleven har fått, og ei vurdering
av utviklinga til eleven. Utviklinga til eleven skal vurderast
ut i frå måla som er satt i eleven sin individuelle opplæringsplan. Skolen
sender oversikta og vurderinga til eleven eller til foreldra til
eleven og til kommunen eller fylkeskommunen.
§ 8-1 skal lyde:
§ 8-1 Skolen
Grunnskoleelevane har rett til å gå på den skolen som ligg
nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen
kan gi forskrifter om kva for skole dei ulike områda i kommunen
soknar til. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova
om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.
To eller fleire kommunar kan avtale at område
i ein kommune soknar til ein skole i nabokommunen. Elles gjeld retten
etter første ledd første punktum. Kommunane må gi likelydande forskrift
om kva for område i kommunane som soknar til denne skolen. Kommunane
skal opprette ein skriftleg samarbeidsavtale. Kommunestyret vedtar
sjølv avtalen og endringar i denne. Samarbeidsavtalen skal minst
innehalde fråsegn om:
a) opprekning av avtalepartane og kva
kommune som skal drifte skolen som dei gitte områda soknar til
b) det økonomiske oppgjeret mellom kommunane, som
kostnadar til skyssordning
c) varigheita på avtalen
d) reglar for å tre ut av og avvikle samarbeidet,
og
e) anna som etter lov krev avtale.
Etter søknad kan eleven takast inn på annan skole enn den
eleven soknar til.
Når omsynet til dei andre elevane tilseier det, kan ein
elev i særlege tilfelle flyttast til ein annan skole enn den skolen
eleven har rett til å gå på etter første leddet. Før det blir gjort
vedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Når
det er nødvendig, kan eleven flyttast til ein skole utanfor kommunen, men
ikkje slik at eleven må flytte ut av heimen eller at skoleskyssen
blir uforsvarelg lang.
Ny § 8-3 skal lyde:
§ 8-3 Forholdstal mellom talet
på lærarar og talet på elevar
Departementet kan fastsettje nærmare forskrifter om
forholdstal mellom talet på lærarar og talet på elevar per skole
eller per kommune. Forholdstalet kan variere på ulike trinn.
§ 9a-7 nytt tredje ledd skal lyde:
Fristen for forelding er fem år for brot på reglar i
dette kapitlet som gjeld psykososialt skolemiljø. Elles gjeld reglane
i straffelova om opphør av straff ved forelding.
Ny § 9a-8 skal lyde:
§ 9a-8 Erstatningsansvar og
bevisbyrde
Reglane i lov 13. juni 1969 nr. 26 om skadeserstatning
kapittel 2 gjeld for saker om psykososialt skolemiljø etter reglane
i dette kapitlet.
Hvis det i saker etter første ledd ligg føre tilhøve som
gir grunn til å tro at skoleeigar ikkje har følgt opp reglane i
eller i medhald av opplæringslova kapittel 9a om psykososialt skolemiljø,
skal dette leggjast til grunn med mindre skoleeigaren gjer noko anna
truleg.
Nåværende §§ 9a-8 og 9a-9 blir nye §§ 9a-9
og 9a-10.
Ny § 10-11 skal lyde:
§10-11 Personale som ikkje er
tilsett i undervisningsstilling og som skal hjelpe til i opplæringa
Personale som ikkje er tilsett i undervisningstilling
etter § 10-1 eller § 10-6 kan hjelpe til i opplæringa dersom dei
får nødvendig rettleiing. Slik hjelp må berre skje på ei slik måte
og i eit slikt omfang at eleven får forsvarleg utbytte av opplæringa.
Personale som ikkje er tilsett i undervisningstilling skal ikkje
ha ansvaret for opplæringa.
§ 13-10 andre ledd andre punktum skal lyde:
Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole
etter § 2-12 skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata
frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører
med heimel i § 14-4.
Kapittel 15 overskriften skal lyde:
Kapittel 15 Bruk av forvaltningslova.
Opplysningsplikt m.m.
Ny § 15-5 skal lyde:
§ 15-5 Plikt til å delta i arbeidet
med individuell plan
Skolen skal, når det er nødvendig for å ivareta elevanes
behov for eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod,
delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål
i individuell plan heimla etter anna lov og forskrift.
II
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til
statstilskott blir det gjort følgande endringar:
Ny § 3-6a skal lyde:
§ 3-6a Plikt til å delta i arbeidet
med individuell plan
Skolen skal, når det er nødvendig for å ivareta elevanes
behov for eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod,
delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål
i individuell plan heimla etter anna lov og forskrift.
Ny § 4-5 skal lyde:
§ 4-5 Personale som ikkje er
tilsett i undervisningsstilling og som skal hjelpe til i opplæringa
Personale som ikkje er tilsett i undervisningstilling
etter § 4-2 kan hjelpe til i opplæringa dersom dei får nødvendig
rettleiing. Slik hjelp må berre skje på ei slik måte og i eit slikt
omfang at eleven får forsvarleg utbytte av opplæringa. Personale
som ikkje er tilsett i undervisningstilling skal ikkje ha ansvaret
for opplæringa.
III
Loven blir satt i kraft på det tidspunkt Kongen bestemmer.
De enkelte bestemmelsene kan settes i kraft på ulike tidspunkt.
Endringen i opplæringslova § 13-10 andre ledd andre
punktum trer i kraft straks.