Departementet ser positivt på at kommunane byggjer
ut lokaldemokratiet med ordningar som legg til rette for deltaking
mellom vala. Dette vil og bør vera ein viktig del av eit levande
lokaldemokrati i framtida. Slike ordningar for medverknad opnar
for at kommunen på ein betre måte kan gjera prioriteringar som samsvarer med
innbyggjarane sine behov og ønske for utviklinga av lokalsamfunnet.
Det er ikkje utan vidare nokon motsetnad mellom
individuelt, saksorientert politisk engasjement og politisk arbeid
innanfor rammene av det representative lokaldemokratiet. Utviklinga
inneber likevel ei utfordring for kommunane med omsyn til å kanalisera
innbyggjarane sitt engasjement inn i dei representative vedtaksprosessane.
Det er dei politiske organa i den representative kanalen som har
det endelege ansvaret for dei avgjerdene kommunen eller fylkeskommunen
gjer.
Departementet ser også positivt på at kommunane
eksperimenterer med nye deltakingsformer, og viser til støtte til
kommunale prosjekt som gjer at ein kan få prøvd ut ordningar som
gjer at innbyggjarane vert trekte inn i kommunale avgjerdsprosessar
på ulike måtar. Departementet kjem til å halda fram med å støtta
denne typen prosjekt.
Lokale rådgjevande folkerøystingar har ein lang tradisjon
i Noreg. Denne tradisjonen har utvikla seg sjølv om vi ikkje har
hatt eit generelt regelverk for slike val. Departementet meiner
likevel det er grunn til å lovfesta kommunane sin rett til å halda
lokale rådgjevande folkerøystingar. Ein viktig grunn er at moglegheita
til å gjennomføra slike røystingar etter departementet sitt syn
er underkommunisert. Ein slik regel vil òg ha sin naturlege plass
i kommunelova saman med reglane om innbyggjarinitiativ. Dette er
reglar som departementet meiner utfyller kvarandre.
Ei generell lovfesting av retten til å halda
lokale folkerøystingar bør likevel ikkje regulera korleis desse
skal gjennomførast. Det lyt framleis vera opp til kommunane sjølve
å avgjera dette ut frå lokale tilhøve.
Departementet meiner òg det bør etablerast ein heimel
for innsamling av data om lokale folkerøystingar. Eit slikt heimelsgrunnlag
vil gjera det mogleg å utvida den offisielle valstatistikken slik
at den inneheld opplysningar om lokale, rådgjevande folkerøystingar
i Noreg.
Kommunelova fekk i 2003 eit nytt kapittel 6A om
innbyggjarinitiativ. Føremålet med innbyggjarinitiativ er at innbyggjarane
i ein kommune eller ein fylkeskommune skal kunna setja nye saker
på den politiske dagsordenen.
Ei undersøking Lokaldemokratikommisjonen fekk
gjennomført, syner at det har vore nokså mange innbyggjarinitiativ.
Forskarane estimerer at 75 av alle kommunane i landet hadde hatt
innbyggjarinitiativ frå det tidspunktet ordninga trådde i kraft
1. juli 2003 til september 2005, det vil seia over ein periode på
vel to år.
Det er grunn til å tru at IKT i stor grad kan
vera med og utvikla lokaldemokratiet. Nettet er ei kjelde til informasjon
frå kommunane. Departementet meiner det er viktig at kommunane har
eit godt informasjonstilbod over Internett. Internett er eit eigna
medium for å informera om saker som skal opp i kommunestyret og
andre politiske organ og spørsmål som det vil vera allmenn interesse
både å få informasjon om og å få debattert. Departementet vil understreka
kor viktig det er å ta i bruk nettet andsynes barn og ungdom.
Planlegging etter plan- og bygningslova skal leggja
til rette for kommunal og regional samfunnsutvikling og samordning
mellom sektorane, og fastsetja arealbruken i kommunane. Dette er
viktige vedtak for innbyggjarane. Plan- og bygningslova legg derfor
stor vekt på at innbyggjarar og grupper skal ha rett til å delta
aktivt i planprosessen. Reglane for medverknad er ulike for dei
ulike plantypane, og med sterkast krav for dei mest detaljerte planane.
Dialogbaserte demokratitiltak er tiltak som
tek sikte på å få i stand ein dialog mellom kommunen og innbyggjarane
slik at innbyggjarane gjennom argumentasjon og diskusjon med kommunen
kan vera med i avgjerdsprosessen før viktige vedtak skal gjerast.
Utforminga av slike dialogar varierer mellom kommunane. Døme på slike
tiltak er innbyggjarhøyring og deltakande budsjettering. Målet med
innbyggjarhøyringar er å få ei sak vurdert av ei tilfeldig utvald
gruppe ikkje-organiserte enkeltpersonar. Deltakande budsjettering
har innslag av innbyggjarhøyring. Meininga med denne metoden er
å opna opp kommunale budsjettprosessar.
Dei unge står ikkje utanfor den politiske arenaen, men
deltek i det demokratiske systemet gjennom meiningsdanning og bruk
av eit vidt spekter av politiske verkemiddel.
Barn og ungdom sin rett til deltaking og medverknad
er nedfelt både i Dei sameinte nasjonane (FN) sin barnekonvensjon
og i norsk lovgjeving.
Barne- og likestillingsdepartementet har sett
ned ei ekspertgruppe som skal gjera greie for kva moglegheiter ungdom
har for eit positivt fritidsmiljø og lokal deltaking og innverknad.
I 2004 hadde om lag 61 pst. av kommunane barne-
og/eller ungdomsråd, og 29 pst. hadde oppretta kommunestyre for
barn og unge.
For Regjeringa er det eit viktig prinsipp at
staten i minst mogleg grad skal lovregulera organiseringa i kommunane.
Kommunane skal stå fritt til å organisera om dei skal ha ei representasjonsordning
for barn og unge og korleis dei eventuelt skal organisera ho. Det
er i samsvar med gjeldande prinsipp om at staten i minst mogleg grad
skal regulera kommunal organisering, og at det derfor må vera opp
til kommunane sjølve å avgjera kva organ dei vil oppretta. Departementet
er dessutan tilfreds med at så pass mange kommunar har valt å oppretta
ungdomsråd eller anna representasjonsordning for barn og unge, og
meiner det er ein god måte å sikra at unge får fremja sitt syn i
lokalpolitiske prosessar.
Det er viktig at dei enkelte kommunane med samisk
folkesetnad legg særleg til rette for dette. Til dømes språkleg
og kulturelt mangfald i samband med levering av tenester. Det kan
også for denne innbyggjargruppa vera viktig at kommunal informasjon
vert publisert på samisk utanfor forvaltningsområdet for språkreglane
i samelova.
Det er på denne bakgrunnen viktig, særleg i
kommunar med samisk mindretal og/eller der den samiske folkesetnaden
ikkje er fullgodt representert i sentrale kommunale avgjerdsorgan,
at det vert lagt til rette for at samane på ulike måtar kan vera
med å påverka avgjerder som gjeld dei. Dette kan skje ved at kommunar
etablerer sameråd som vert trekte inn i avgjerdsprosessar som gjeld
saker med samisk relevans.
Det er hausta gode erfaringar med samarbeidsavtalar
mellom Sametinget og enkelte fylkeskommunar.
Det er departementet sitt syn at når innvandrarane
ikkje deltek i val eller oppnår representasjon i folkevalde organ
på lik line med resten av innbyggjarane, bør kommunane på ulike måtar
leggja til rette for at innvandrarane får innverknad på lokal styring
på anna vis. Innvandrarane sine behov for korleis kommunale tenester
skal utformast, krev at kommunen på ulike måtar går i dialog med
innvandrarane.
Kommunane har dels etter lovpålegg, dels etter eige
initiativ, teke i bruk ei rekkje verkemiddel for medverknad frå
dei som nyttar seg av kommunale tenester.
Departementet sluttar seg til kommisjonen si vurdering
om at brukarmedverknad kan vera eit viktig innslag i lokaldemokratiet.
Mange spørsmål som gjeld den daglege drifta i kommunen kan avgjerast
med medverknad frå mottakarar av kommunale tenester. Dette er spørsmål
som sjeldan kjem opp på den politiske dagsordenen i kommunen sine
representative organ, sidan dette oftast gjeld saker som administrasjonen
og tenesteutøvarane med bakgrunn i profesjonell kompetanse og skjønn
tek stilling til. Det er her ikkje snakk om å ta makt frå folkevalde,
men å gje dei som mottek kommunale tenester større innverknad på
det administrasjonen og profesjonelle aktørar tradisjonelt har teke
stilling til. Slik medverknad og styring gjev fleire lekfolk høve
til å delta i kommunal verksemd, og kan såleis vera med å styrkja
forholdet mellom kommunen og innbyggjarane og stimulera engasjementet
for politisk deltaking i kommunen.
Resultat av medverknad frå mottakarane av kommunale
tenester vil også gje viktig informasjon som grunnlag for politiske
avgjerder i kommunestyret og andre politiske organ.
I utgangspunktet er det eit prinsipp at staten
ikkje skal vedta ordningar som pålegg kommunar særskilde organ
ut over dei reglane i kommunelova som gjeld dei overordna styringsorgana
i kommunen. Men det finst to ordningar som skal sikra to spesielle
grupper innverknad i kommunale vedtaksprosessar.
Kommunane er pålagde å ha ei representasjonsordning
for menneske med nedsett funksjonsevne. Regjeringa vil ikkje gå
inn for å gjera endringar i det gjeldande regelverket om representasjonsordning
for funksjonshemma.
Etter lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd
er alle kommunar og fylkeskommunar pålagde å ha eldreråd. Det kan
vera grunn til å vurdera om dagens lovfesting av eldreråd skal halda
fram.
Eldre har i dag røysterett og dei kan også stilla
til val til kommunestyret. Det kan hevdast at det skal vera eit
mål for eldre å aktivisera seg partipolitisk og også kjempa for
ein plass på vallistene som sikrar dei ein plass i kommunestyret. Det
kan også hevdast at det ikkje bør vera særordningar så lenge dei
på lik line med andre borgarar har rettar i forhold til valkanalen.
På den andre sida ser departementet tungtvegande
grunnar for å halda på ordninga med eldreråd. Eldre er sterkt underrepresenterte
i kommunestyra og fylkestinga. Derfor bør eldreråda framleis vera
ein arena der eldre kan fremja interessene sine, ikkje minst ut
frå at dei har viktige interesser å hegna fordi dei representerer mottakarar
av kommunale tenester, både innanfor eldreomsorga og på andre område.
Departementet legg også vekt på den store motstanden kommunane og
andre høyringsinstansar viste mot Lokaldemokratikommisjonen sitt
framlegg om å oppheva lovpålegget om at kommunane skal ha eldreråd.
På denne bakgrunnen vil Regjeringa gå inn for
å halda fast på lovfestinga av at kommunane skal ha eldreråd.
Regjeringa oppfattar friviljuge organisasjonar som
ein viktig byggjestein for lokaldemokratiet. Dei støttar opp om
eit lokalt samfunnsengasjement og skaper deltakingsarenaer i det
lokale samfunnslivet. Regjeringa meiner at kommunane gjennom samarbeid
med friviljuge organisasjonar kan verta betre i stand til å mobilisera til
friviljug innsats til beste for den enkelte og fellesskapet.
Regjeringa deler Lokaldemokratikommisjonen sitt
syn om at det i stor grad må vera opp til kommunane å vurdera korleis
dei skal trekkja vekslar på lokale organisasjonar i utviklinga av lokaldemokratiet.
For å stetta kravet til openheit vert det stilt strenge
krav til offentlegheit i norske kommunar. Dette inneber også krav
om opne møte i folkevalde organ, noko som er skriftfesta i § 100 i
Grunnlova. Offentleglova stiller krav til både kommunane og fylkeskommunane
om innsyn i offentlege dokument. Eit av føremåla med lova er at
ho skal leggja til rette for å styrkja den demokratiske deltakinga
og tilliten til det offentlege.
Departementet meiner at det er ein føresetnad
for eit godt og levande lokaldemokrati at kommunen informerer innbyggjarane
sine og legg til rette for at innbyggjarane og media får tilgang
til kommunal informasjon når dei etterspør det. Berre på den måten
kan innbyggjarane gjera seg opp ei kvalifisert meining om den sitjande
politiske leiinga utfører oppgåvene sine på ein måte som gjer at
ein vil gje henne fornya tillit ved det neste valet. Informasjon
er også viktig for å skapa tillit mellom kommunen og innbyggjarane. Det
er i denne samanhengen også avgjerande at informasjonen er lett
tilgjengeleg og lett å skjøna. Kommunane bør vektleggja arbeidet
med å tilpassa informasjonen språkleg og i val av media overfor
dei individa og gruppene den er retta mot.
Regjeringa meiner at det er viktig med ein høg grad
av tillit mellom innbyggjarane og kommunen.
Kommunane har, og skal ha, stor fridom til å
organisera verksemda si. Denne fridomen fører med seg ansvar for
at kommunen har internkontroll og revisjon som fungerer godt.
Staten har òg eit ansvar for å leggja til rette
for høg tillit mellom innbyggjarar og kommune. Gjennom godt regelverk
kan staten leggja til rette for ein høg etisk standard i kommunal
verksemd. Hausten 2008 vil departementet leggja fram ein odelstingsproposisjon
med framlegg til endringar i regelverket for å medverka til auka rolleklårleik
og openheit i kommunesektoren.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti,
Senterpartiet og Venstre, støtter Regjeringen i at det fortsatt
skal være lovfestet eldreråd og representasjonsordning for mennesker
med nedsatt funksjonsevne i kommunene. Flertallet viser
til at i 2004 hadde om lag 61 pst. av kommunene barne- og/eller
ungdomsråd, og 29 pst. hadde opprettet kommunestyre for barn og
ungdom.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Høyre mener hver enkelt kommune selv bør har rett til
å bestemme hvorvidt den skal ha et eldreråd eller ikke.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser
til forslaget om innføring av såkalt sameråd og tar avstand fra
dette. Disse medlemmer understreker at vi her til
lands har et system med representativt demokrati hvor folket gjennom
valg medvirker til en forholdsmessig sammensetning av politiske
organer basert på de ulike listers oppslutning i valg. Disse
medlemmer er av den oppfatning at en opprettelse av slike
råd hvor man på bakgrunn av etnisitet eller kulturell tilhørighet
skal ha en særskilt uttalelse og beslutningsmyndighet er fundamentalt udemokratisk.
Det er disse medlemmers syn at borgere som tilhører
den samiske folkegruppen, som landets øvrige borgere, best utøver
sine demokratiske rettigheter gjennom regulære valg til de politiske
organer vi allerede har fremfor at man oppretter egne for nettopp
dem. Disse medlemmer viser til at minoritetene står
fritt til innenfor dagens system å stille egne lister til valgene
dersom de er av den oppfatning at det å tilhøre en etnisk minoritet
medfører særskilte politiske og samfunnsmessige utfordringer. Samer
har, på samme måte som andre, også muligheten til å påvirke de ulike
partiprogrammer og lister gjennom medlemskap i politiske partier,
programarbeid og nominasjonsprosesser. Det er disse medlemmers syn
at samer som andre norske borgere har rikelige muligheter til demokratisk
innflytelse gjennom det eksisterende politiske system og vil advare
sterkt mot en utvikling hvor folkegrupper skal ha særskilte politiske
rettigheter i egenskap av sin etniske tilhørighet.
Komiteen har merket
seg at tall fra SSB viser at etter kommunestyrevalget i 2007 har
antallet kommunestyrerepresentanter med bakgrunn fra Afrika, Asia,
Latin-Amerika og Øst-Europa økt fra 92 til 140. Samme undersøkelse
viser at seks av ti innvandrere bor i en kommune hvor de i forhold
til andel stemmeberettigede er overrepresentert i sitt lokale kommunestyre.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig
Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, er enig i at minoriteter aktivt
må trekkes inn i den demokratiske prosessen og mener en viktig forutsetning
for dette er tilstrekkelig norskopplæring.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser
til forslaget om at innvandrere som ikke har deltatt i valg eller
oppnådd representasjon i folkevalgte organ, skal bli gjenstand for
tilretteleggelse for å sikre deres innvirkning på lokal styring
på annet vis. Disse medlemmer viser til vår merknad
om såkalt sameråd ovenfor og anfører at de samme prinsipper også
må komme til anvendelse på innvandrere. Videre er det disse
medlemmers oppfatning at det er en integreringspolitisk
fallitterklæring å ta til orde for særskilte demokratiske spilleregler
for grupper som innvandrer til kongeriket. Det er disse medlemmers syn
at man som innvandrer trenger å tilegne seg innsikt i det norske demokratiske
systemet og å utvikle ferdigheter i utøvelse av de rettigheter
man har innenfor dette systemet, fremfor at man fra storsamfunnets
side skal konstruere særrettigheter for innvandrergruppene, slik
Regjeringen her synes å legge opp til. Disse medlemmer er
av den oppfatning at storsamfunnet ikke skal føle et særlig ansvar
for at stemmeberettigede som ikke anvender sin stemmerett, eller
endog ikke har stemmerett overhodet, skal ha noen særskilte rettigheter
til å nå frem ad andre kanaler, slik meldingen her legger opp til.
Disse medlemmer fremmer følgende
forslag:
"Stortinget ber Regjeringen fremme forslag til endringer
av kommuneloven, slik at man sikrer at kommunene også i fremtiden
er gjenstand for politisk styring basert på demokratiske prinsipper
og folkestyret, og ikke er gjenstand for styring av organer hvis
legitimitet er tuftet på etnisitet og/eller kulturell tilknytning."
Komiteen mener det
er viktig med høy grad av tillit mellom innbyggerne og kommunen
fordi kommunen forvalter store ressurser på vegne av fellesskapet. Komiteen viser
i den sammenheng til at Regjeringen 12. desember 2008 la fram Ot.prp.
nr. 17 (2008–2009) Lov om endringer i kommuneloven og svalbardloven
om tillitsskapende forvaltning mv. i kommuner og fylkeskommuner,
som skal behandles i Stortinget vårsesjonen 2009.
Komiteens medlemmer fra Høyre mener rådgivende
folkeavstemninger må brukes med varsomhet da de unødig polariserer
den politiske prosessen.
Disse medlemmer mener deltagende
budsjettering kan bidra til uklare ansvarsforhold lokalt, samt underminere
de sentrale ansvarsprinsippene i det representative demokratiet. Disse medlemmer mener
allikevel det må være opp til den enkelte kommune i hvilken grad
og på hvilken måte man ønsker å involvere innbyggerne i budsjettprosessen.
Disse medlemmer mener det bør
gjennomføres jevnlige brukerundersøkelser i landets kommuner og
at resultatene i størst mulig grad også må bli tilgjengelige for
offentligheten.