Bompengar utgjer eit viktig bidrag til bygging
av riks- og fylkesvegar, og det har vore ein vesentleg auke i bruken
av bompengar i perioden 2002–2011. I 2011 betalte trafikantane 6,6
mrd. kroner i bompengar, mens det i 2002 blei betalt inn 3,2 mrd.
kroner. Sentrale mål for innkrevjinga av bompengar er at den skal
skje med minst mogleg ulemper for trafikantane, lågast mogleg kostnader
og høgast mogleg inntening. Målet med undersøkinga har vore å vurdere
kor effektiv bompengeforvaltninga er. Undersøkinga omfattar perioden
2002–2011.
Automatiseringa av
bompengeinnkrevjinga har i stor grad medverka til at ein har nådd
målet om minst mogleg ulempe for trafikantane.
Målet om at bompengeinnkrevjinga skal skje med
lågast mogleg kostnader, er ikkje realisert.
Det er eit potensial for å auke bompengeinntektene
i eksisterande bompengeanlegg, utan å auke prisane.
Svakheiter ved Samferdselsdepartementet
si styring og oppfølging på området.
Svakheiter ved Statens vegvesen si oppfølging av
bompengeselskapa.
Store forskjellar i låne- og innskotsvilkåra
for selskapa.
Det er vesentlege manglar knytt til konkurranseutsetjinga
ved selskapa sine innkjøp av driftsoperatør.
I løpet av 2000-talet har stadig fleire bompengeselskap
teke i bruk det elektroniske betalingssystemet AutoPASS. Per mars
2012 har 42 av 52 bompengeselskap innført AutoPASS. Automatiseringa
av bompengeinnkrevjinga har medverka til god trafikkavvikling og
betre trafikktryggleik. Riksrevisjonen ser positivt på denne utviklinga.
I 2011 utgjorde driftskostnadene i bompengeselskapa
12,5 prosent av bompengeinntektene, noko som utgjer 818 mill. kroner.
Desse driftskostnadene kunne ha vore reduserte med ei meir effektiv
innkrevjing. Det er påvist følgjande:
Selskapa har betydelege
utgifter knytt til biletbehandling for køyretøy som passerer utan
gyldig brikke. Dette er kostnader som gir seg utslag i lønnskostnader
eller kostnader til driftsoperatør.
Selskapa har store tap på fordringar som
følgje av at trafikantar ikkje betaler for passeringar i automatiske
anlegg, eller ikkje betaler for utskriven tilleggsavgift. I 2011
utgjorde tap på fordringar 21 prosent av driftskostnadene, noko som
utgjer 172 mill. kroner.
Manglar ved det felles sentrale datasystemet (sentralsystemet)
for innkrevjing av bompengar har medført høge driftskostnader for
selskapa. Det har til dømes ikkje vore mogleg å sende ut e-faktura,
og det har påført mange selskap store porto- og trykkjerikostnader.
For eitt selskap utgjorde dette 43,5 mill. kroner i 2010.
Ordningar som er etablerte for å sikre
innkrevjing frå utanlandske trafikantar, er kostbare. For somme
selskap kostar innkrevjinga meir enn dei får inn i inntekter.
Driftskostnadene er i mange tilfelle vesentleg høgare
enn føresett i stortingsproposisjonane for dei aktuelle bompengeprosjekta.
I 2011 var dei årlege driftskostnadene (medrekna tap på fordringar)
for 17 bompengeselskap samla sett 42 prosent høgare enn føresett.
Det var ein føresetnad at driftskostnadene skulle reduserast
gjennom automatiseringa av bompengeinnkrevjinga. Driftskostnadene
sin del av bompengeinntektene og kostnaden per passering blei redusert
frå 2002 til 2005. Etter 2005 har driftskostnadene sin del av bompengeinntektene
og kostnaden per passering auka, og var i 2011 høgare enn i 2005.
Riksrevisjonen har gjort ein effektivitetsanalyse som
dokumenterer at det er store forskjellar i effektiviteten til selskapa.
Kor stor del av bilistane som bruker brikke, er den faktoren som
i størst grad påverkar effektiviteten. Dette viser at det er eit
potensial for å effektivisere bompengeforvaltninga.
Riksrevisjonen konstaterer at målet om lågast mogleg
kostnad ikkje er realisert. Riksrevisjonen peiker på at Samferdselsdepartementet
og Statens vegvesen dermed ikkje har tatt det overordna ansvaret
dei har for å sikre at innkrevjinga av bompengar skjer med lågast
mogleg kostnad.
Bompengeinntektene har auka betydeleg frå 2002
til 2011. Dette kjem både av at det er fleire bompengeprosjekt og
at trafikken har auka kraftig. Det er samstundes påvist at innteninga
kunne ha vore endå høgare.
Svakheiter ved den
tekniske løysinga på innkrevjingsutstyret har ført til inntektstap
for selskapa. Eitt selskap tapte 10,5 mill. kroner i inntekter som
følgje av feil ved innkrevjingsutstyret i perioden 2008–2012. Vidare
taper selskapa inntekter på grunn av uleselege bilete. Det kan vere
feil eller manglar ved innkrevjingsutstyret eller vêrtilhøve som
gjer det umogleg å lese skilt. Dersom fleire brukte brikker, kunne
ein unngå dette.
Svakheiter ved vedlikehalds- og driftstenestene har
medverka til lågare inntening. Tidlegare serviceavtale for drift
og vedlikehald av innkrevjingsutstyret gjaldt frå kl. 8 til 16 på kvardagar,
og feil ved utstyret blei ikkje retta opp før neste vekedag. Vedlikehaldsavtalane
frå og med 1. juni 2012 gjeld heile døgnet alle dagar.
Stikkprøvekontrollar har vist at trafikantar
med tunge køyretøy som har abonnement for lette køyretøy, påfører
bompengeselskapa eit inntektstap. Det blir i liten grad gjennomført
kontrollar for å sjekke at trafikantane har riktig brikkeabonnement.
Riksrevisjonen meiner det er positivt at det
i 2011 og 2012 er sett i verk fleire tiltak som vil kunne medverke
til ei meir effektiv bompengeinnkrevjing frå norske og utanlandske køyretøy.
Til desse tiltaka høyrer det skandinaviske samarbeidsprosjektet
om brikkebruk (EasyGo) og arbeidet med å innføre ei ordning med
obligatorisk brikke for tunge køyretøy over 7,5 tonn. Dei nye vedlikehaldsavtalane
som gjeld heile døgnet alle dagar, og faste møte med utstyrsleverandørane
kan i større grad sikre god kvalitet på innkrevjingsutstyret. Det
skal også gjennomførast fleire kvalitetskontrollar av utstyret.
I kriteria for innkjøp av vegkantutstyr er kvaliteten vekta høgare
enn tidlegare.
Riksrevisjonen føreset at Samferdselsdepartementet
og Statens vegvesen sørgjer for at tiltaka gir dei resultata som
er planlagde. Riksrevisjonen framhevar vidare at ein i tillegg må
vurdere å setje i verk tiltak for å sikre ei høgast mogleg inntening.
Samferdselsdepartementet gir i liten grad styringssignal
om sjølve bompengeinnkrevjinga, og framhevar at Vegdirektoratet
har eit overordna styringsansvar, mens departementet berre har ei svært
overordna rolle. Ein gjennomgang av referat frå etatsstyringsmøta
mellom Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen i åra 2005–2011
viser at innkrevjinga av bompengar i liten grad er tema på møta.
For å kunne utøve det overordna ansvaret på ein god måte, ser Riksrevisjonen
det som viktig at Samferdselsdepartementet i større grad legg vekt
på bompengeinnkrevjinga i si oppfølging av Statens vegvesen.
Statens vegvesen si oppfølging av dei enkelte bompengeselskapa
er mangelfull. Berre éin av dei fem regionane gjennomfører dei årlege
møta som er føresette i bompengeavtalen mellom kvart enkelt selskap
og Statens vegvesen. Det varierer også i kva grad regionane gir
skriftleg tilbakemelding på rapporteringa frå bompengeselskapa.
Riksrevisjonen peiker på kor viktig det er at bompengeselskapa blir
følgde opp i tråd med bompengeavtalen, og at dei får tilbakemelding
på eit tenleg tidspunkt.
Vegdirektoratet utarbeider ikkje overordna analysar
på nasjonalt nivå av dei økonomiske dataa som er rapporterte inn,
med mindre dei konkret blir bedne om det. Samferdselsdepartementet
har heller ikkje bede om slike analysar. Det er derimot i 2012 sett
i gang eit prosjekt i Statens vegvesen som skal kartleggje kostnadsdrivarane
i automatiske anlegg. Riksrevisjonen meiner at kostnadsanalysar
er viktige bidrag for å få sett i gang tiltak for å redusere kostnadene.
Bompengeselskapa rapporterer årleg inn sentrale
rekneskapstal. Fleire av regionane i Statens vegvesen og selskapa
peiker på at det er uklart kva krav som gjeld for rapporteringa.
Selskapa rapporterer derfor på forskjellig måte, og det medfører
at Statens vegvesen ikkje får påliteleg og nøyaktig styringsinformasjon,
slik § 14 i økonomireglementet krev. Riksrevisjonen peiker på at
påliteleg rapportering er avgjerande for å sikre god styringsinformasjon.
Bompengeselskapa hadde i sum ei gjeld på over 19
mrd. kroner, og finanskostnadene (medrekna renteutgiftene) utgjorde
518 mill. kroner i 2010. Same året hadde selskapa 2,4 mrd. kroner
i innskot og finansinntekter på 74 mill. kroner. Det er påvist store
forskjellar i vilkåra for lån og innskot, og også ei lite aktiv
låneforvaltning hos enkelte selskap. Det viser at det er eit potensial for
lågare finanskostnader og høgare finansinntekter i bompengeselskapa.
Ei aktiv forvaltning er derfor svært viktig for finanskostnadene
og finansinntektene til selskapa. Regionane i Statens vegvesen følgjer
i liten grad opp låne- og innskotsvilkåra i selskapa og korleis
selskapa forvaltar dei. Riksrevisjonen føreset at regionane i Statens
vegvesen følgjer opp at selskapa forvaltar låna og innskota sine slik
at dei får best mogleg vilkår.
Det var 36 av bompengeselskapa som hadde sett bort
drifta til ekstern driftsoperatør i 2010. Selskapa sine samla kostnader
til driftsoperatør utgjorde 180 mill. kroner same år. Det tilsvarer
48 prosent av driftskostnadene for desse selskapa.
Innkjøpa av driftsoperatør til selskapa skal
gjerast i samsvar med lov om offentlige anskaffelser. For fem av
selskapa var avtalen forlengd utover det som gjekk fram av den opphavlege
avtalen. Det vil seie at tenesta ikkje har vore konkurranseutsett.
For eitt av selskapa gjekk den konkurranseutsette kontrakten ut
i 2002. Per august 2012 er det ikkje inngått ny kontrakt.
Regionane i Statens vegvesen følgjer i liten
grad opp at selskapa etterlever lov om offentlige anskaffelser.
Regionane har heller ikkje oversikter over når dei ulike kontraktane
går ut.
Å konkurranseutsetje tenester i tråd med lov
om offentlige anskaffelser er slik Riksrevisjonen ser det, eit sentralt
verkemiddel for å sikre lågast mogleg kostnad for bompengeselskapa
når dei skal kjøpe inn driftsoperatør. Riksrevisjonen understrekar
derfor at det er viktig at bompengeselskapa følgjer regelverket,
og at Statens vegvesen følgjer opp at innkjøpa blir konkurranseutsette etter
regelverket.
1. Samferdselsdepartementet
og Statens vegvesen bør setje i verk tiltak for å sikre ei meir
effektiv innkrevjing av bompengar. Tiltaka bør blant anna rettast
inn mot å auke omfanget av brikkebruk blant trafikantane. Tiltak
som er sette i verk, bør førast vidare, og resultata bør følgjast opp.
2. Samferdselsdepartementet og Statens
vegvesen bør klargjere kva styringsinformasjon departementet skal
få. Statens vegvesen bør vidare sikre påliteleg rapportering frå
bompengeselskapa gjennom å konkretisere rapporteringskrava og sjå
til at regionane følgjer dei opp.
3. Statens vegvesen bør rutinemessig utarbeide kostnadsanalysar
for drifta av bompengeselskapa. På bakgrunn av resultata frå desse
analysane må relevante tiltak setjast i verk.
4. Statens vegvesen bør følgje opp at det
enkelte bompengeselskap har ei så kostnadseffektiv innkrevjing som
råd. Dette omfattar ei oppfølging av:
Statsråden trekkjer i svarbrevet sitt til Riksrevisjonen
fram at undersøkinga tydeleg avdekkjer kvar det er potensial for
forbetringar. Samferdselsdepartementet vil sjå til at dette blir
følgt opp på best mogleg måte.
Statsråden stiller seg bak Riksrevisjonen sin konklusjon
om at det er eit potensial for effektivisering på kostnadssida.
Statsråden viser til at det på fleire av dei områda der Riksrevisjonen har
påpeikt svakheiter, allereie er sett i verk endringsprosessar eller
tiltak. Arbeidet med å innføre regionale eller fylkeskommunale selskap blir
trekt særskilt fram. Færre selskap gir ifølgje statsråden grunnlag
for stordriftsfordelar, og dette gir grunnlag for auka profesjonalisering, både
med omsyn til innkrevjingsordningar, låneopptak og kapitalforvaltning.
Tiltak for å auke delen av bilistar som bruker brikker,
blir blant dei viktigaste tiltaka for å sikre ein reduksjon på kostnadssida.
Det blir vist til arbeidet med å innføre obligatorisk bompengebrikke
på køyretøy over 3,5 tonn. Omsynet til at ein skal halde kostnadene
ved innkrevjing av bompengar på eit så lågt nivå som råd, tilseier
ifølgje statsråden at ein bør utvide påbodet om obligatorisk bompengebrikke
til å gjelde alle køyretøy. Det blir arbeidd med tekniske løysingar
for å auke anonymiteten i bompengesystemet.
Departementet vil følgje opp at dei tiltaka
som er sette i verk – som til dømes nye vedlikehaldsavtalar og faste
møte med utstyrsleverandørane av innkrevjingsutstyret – blir gjennomførte.
Når det gjeld påviste svakheiter ved Samferdselsdepartementet
si styring og oppfølging, uttaler statsråden at god rapportering
frå Vegdirektoratet er avgjerande for at departementet skal kunne
ta eit tydelegare styringsansvar. I rapporteringa framover skal
det i større grad fokuserast på effektane av dei tiltaka som blir sette
i verk for å betre bompengeforvaltninga. Frå og med 2013 vil departementet
derfor be om at rapporteringa frå Vegdirektoratet blir meir utfyllande,
og Vegdirektoratet må analysere dataa dei får frå bompengeselskapa.
Vidare skal departementet alltid gi tilbakemelding på rapporteringa.
Departementet vil også be om at bompengeforvaltninga blir teken
opp som eit eige punkt på nokre etatsmøte.
Frå og med 2013 er det lagt opp til ei mykje strammare
oppfølging av bompengeselskapa frå Statens vegvesen. Dokument og
rettleiingar som blir nytta i oppfølginga, blir for tida reviderte. Det
blir også lagt opp til ei tettare og meir kontinuerleg oppfølging
av rentevilkåra til bompengeselskapa. Statsråden trekkjer avslutningsvis
fram at Vegdirektoratet skal sikre betre rutinar for rapportering
om innkjøp og korleis dette blir følgt opp, i Statens vegvesen.
Riksrevisjonen har ingen ytterlegare merknader i
saka.