Sammendrag fra Prop. 1 S Tillegg 4 (2010–2011)

Statens alminnelege lånebehov følgjer av forslaget til statsbudsjett for 2011. Det vert lagt opp til at finansieringsbehovet i 2011 i hovudsak vert dekt ved opptak av nye langsiktige lån innanlands. Av omsyn til marknaden for statspapir legg ein normalt opp til å glatte ut den langsiktige opplåninga over fleire år. Den kortsiktige opplåninga skal sikre at staten har tilstrekkeleg likviditetsreserve slik at ein kan dekkje daglege betalingar. Grunna ønsket om å jamne ut opptaka av langsiktige lån ber ein om fullmakt til å ta opp langsiktige innanlandske lån som kan avvike frå finansieringsbehovet i det enkelte året. For 2011 fremjar ein forslag om fullmakt på 50 mrd. kroner for opptak av nye langsiktige lån. Lån som inngår i staten si eigenbehaldning av statspapir for marknadspleieformål, er omfatta av desse fullmaktene. Uteståande i statskassevekslar varierer normalt gjennom året. Som følgje av byteordninga har uteståande i statskassevekslar auka kraftig, jf. kap. 1.3. Ein ber difor om romslege fullmakter for samla uteståande i kortsiktige lån i 2011, og fremjar difor forslag om ei ramme på 300 mrd. kroner. For andre kortsiktige lån ber ein om ei fullmakt der det ikkje vert sett ei særskild beløpsgrense. Ein ber i tillegg om at den generelle fullmakta til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar vert vidareførd. For nærare omtale viser ein til kapittel 2.2 i proposisjonen.

Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.