I Stortingets møte 10. november 2015 ble det
gjort slikt
§ 1 ERIC-forordninga
EØS-avtalen protokoll 31 artikkel 1 nr. 12 (forordning
(EF) nr. 723/2009 og forordning (EU) nr. 1261/2013) om Fellesskapets
rettslige ramme for et konsortium for en europeisk forskningsinfrastruktur (ERIC)
gjeld som lov med dei tilpassingar som følgjer av protokoll 31 og
avtalen elles.
§ 2 Verkeområde
Lova gjeld ikkje for Svalbard.
§ 3 Registrering
Eit konsortium for ein europeisk forskingsinfrastruktur
skal meldast til Foretaksregisteret seinast tre månader etter kunngjering
av stiftingsvedtaket, jf. forordninga artikkel 6 nr. 2.
§ 4 Avvikling
Vedtak etter forordninga artikkel 16 nr. 2 om å avvikle
eit konsortium for ein europeisk forskingsinfrastruktur skal meldast
til Foretaksregisteret innan 10 dagar. Foretaksregisteret skal registrere
meldinga og deretter kunngjere vedtaket i Brønnøysundregistra sin elektroniske
kunngjeringspublikasjon. I kunngjeringa skal kreditorane til konsortiet
varslast om at dei må melde krava sine til konsortiet innan seks
veker frå kunngjeringa. Adressa til konsortiet skal gå fram av kunngjeringa.
Alle kreditorar med kjend adresse skal så vidt mogleg varslast
særskilt av konsortiet.
Når eit konsortium under avvikling gir melding til Kommisjonen
etter forordninga artikkel 16 nr. 3, skal det samtidig gi melding
til Foretaksregisteret.
§ 5 Forskrifter
Departementet kan i forskrift gi nærare reglar for gjennomføring
av EØS-avtalen protokoll 31 artikkel 1 nr. 12 (forordning (EF) nr.
723/2009 og forordning (EU) nr. 1261/2013) om Fellesskapets rettslige
ramme for et konsortium for en europeisk forskningsinfrastruktur
(ERIC) og om tilhøvet til anna lovgiving.
§ 6 Ikraftsetjing
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
Olemic Thommessen |
president |