I Stortingets møte 9. juni 2015 ble det gjort
slikt
I lov 9. juni 1989 nr. 32 om avleveringsplikt for allment
tilgjengelege dokument skal desse endringane gjerast:
Tittelen på lova skal lyde:
Lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege
dokument (
pliktavleveringslova)
§ 3 andre strekpunkt skal lyde:
Dokument: ei logisk avgrensa informasjonsmengd
som er lagra på eit medium for seinare lesing, lyding,
framsyning, overføring eller liknande.
§ 4 første ledd skal lyde:
Både fysiske og digitale dokument som er gjorde tilgjengelege
for allmenta skal avleverast i inntil sju eksemplar. Digitale grunnlagsdokument
kan krevjast avleverte i tillegg til utgjevingsmedium.
§ 4 tredje ledd skal lyde:
Kongen kan gjera unnatak frå eller avgrensa avleveringsplikta
og gje særskilde føresegner om talet på eksemplar,
kva form eller kvalitet avleveringseksemplar skal ha, og om kva
opplysningar som skal følgja dokumentet.
Ny § 4 a skal lyde:
§ 4 a Innsamling av digitale dokument
Norsk materiale som vert gjort allment tilgjengeleg
gjennom elektronisk kommunikasjonsnett, kan samlast inn.
Digitale dokument som er verna med passord, skal
ikkje samlast inn eller avleverast. Unnataket er dei tilfella der
det passordverna dokumentet ville ha vore omfatta av avleveringsplikt
om det vart utgjeve i eit anna format. Passordverna dokument som
ikkje er omfatta av avleveringsplikta, og som inneheld personopplysningar,
kan samlast inn eller avleverast dersom den personopplysningane
gjeld, har gjeve eit uttrykkjeleg og informert samtykke.
Når det er naudsynt for å gjennomføra digital
innsamling, kan det framstillast nye eksemplar uavhengig av åndsverklova.
Ny § 4 b skal lyde:
§ 4 b Handsaming av personopplysningar i det digitale nettarkivet
Informasjon som er lagra i nettarkivet, skal som hovudregel
ikkje slettast. Personar kan knyta merknader til personopplysningar
om dei sjølve som er lagra i nettarkivet.
Eit digitalt dokument som er lagra i det digitale nettarkivet
og som inneheld personopplysningar, kan krevjast klausulert eller
sletta dersom informasjonen er gjord allment tilgjengeleg ved ein
feil.
Eit digitalt dokument som er lagra i det digitale nettarkivet,
som er utgjeve utan ansvarleg redaktør, og som inneheld personopplysningar,
kan likevel krevjast klausulert eller sletta dersom eitt eller fleire av
vilkåra nedanfor er oppfylte:
a) Informasjonen ikkje har vore spreidd
utanfor ein lukka krins, og informasjonen aldri var meint å verta
gjord allment tilgjengeleg.
b) Informasjonen er lagt ut av ein tredjeperson
utan samtykke, og den omtalte sjølv ikkje har gjort informasjonen
allment kjend.
c) Det vil vera til vesentleg ulempe for den opplysningane
gjeld, at informasjonen blir oppbevart til forskingsføremål.
Informasjon som ikkje er allment kjend, og som omhandlar
mindreårige eller personar som er sette under verjemål, skal på
førespurnad klausulerast eller slettast.
Avslag på ein søknad om klausulering eller sletting
kan påklagast til ei særskild nemnd. Kongen gjev føresegner om ei
slik nemnd.
Ny § 4 c skal lyde:
§ 4 c Tilgang til det digitale nettarkivet
Det digitale nettarkivet kan nyttast til forsking
og dokumentasjon.
Digitale dokument i nettarkivet som er utgjevne utan
ansvarleg redaktør, og som inneheld personopplysningar som ikkje
er allment kjende, skal etter søknad berre gjerast tilgjengelege
for forskarar på særskilde terminalar hos Nasjonalbiblioteket.
Klausulerte digitale dokument i nettarkivet kan berre
gjerast tilgjengelege etter særskild avtale.
Kongen gjev føresegner om tilgang til det digitale nettarkivet.
Føresegnene i åndsverklova gjeld for tilgang til materiale som er
verna med opphavsrett.
§ 5 første ledd skal lyde:
Avleveringsplikt kan påleggjast utgjevar, produsent og
importør av dokument som vert gjort tilgjengeleg for allmenta.
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
Olemic Thommessen |
president |