I Stortingets møte 10. juni 2010 ble det gjort slikt
Lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy
vert endra slik:
§ 8 første ledd skal lyda:
(1) Når det vert gjeve godtgjersle eller einerett ved
tildeling av løyve, skal det nyttast konkurranse så langt det følgjer
av lova her, lov 4. desember 1992 nr. 121 om fri utveksling av tjenester
innen sjøtransport § 1 tredje ledd, lov 16. juli 1999 nr. 69 om
offentlige anskaffelser og forskrifter gjevne med heimel i desse
lovene.
§ 22 femte ledd skal lyda:
(5) Med dei avgrensingane som følgjer av § 8 første
ledd, fastset fylkeskommunen kontraktsform og retningsliner
som skal gjelde ved inngåing av kontraktar om godtgjersle.
§ 22 sjette ledd vert oppheva.
§ 23 skal lyda:
§ 23 Administrasjonsselskap
Fylkeskommunen kan gjere vedtak om at godtgjersle til rutetransport
skal gå til eit selskap som administrerer rutesambanda i fylket.
§ 22 femte ledd gjeld tilsvarande.
§ 24 skal lyda:
§ 24 Riksvegferjer
Departementet har ansvar for å yte godtgjersle til ferjer
i riksvegsamband. For departementet gjeld § 22 femte ledd
tilsvarande.
§ 27 andre ledd skal lyda:
(2) Behovsprøvd løyve etter §§ 6 og 7 gjeld i ti år. Ved
bruk av konkurranse ved tildeling av løyve, eller når det følgjer
av forskrift gjeve med heimel i denne lova, gjeld løyve for den
tid inngått kontrakt om offentleg tenesteyting gjeld. Løyve som
er gjevne når denne lova tok til å gjelde, gjeld for den tida dei
er gjevne for. Løyvestyresmaktene kan ta att eit løyve
før løyvetida er ute i samband med innføring av konkurranse for
vedkommande rute eller ruteområde.
§ 27 tredje ledd vert oppheva.
I lov 11. juni 1993 nr. 100 om anlegg og drift av jernbane, herunder
sporvei, tunnelbane og forstadsbane (jernbaneloven) skal ny § 7d
lyda:
§ 7d (Offentlig persontransport
med jernbane)
Departementet kan gi forskrift om gjennomføring og utfylling
av EØS-avtalen vedlegg XIII punkt 4a (forordning (EF) nr. 1370/2007
om offentlig persontransport med jernbane og på vei og om oppheving
av rådsforordning (EØF) 1191/69 og 1107/70, med senere endringer).
Iverksetjing og overgangsføresegner
Lova trer i kraft frå den tid Kongen fastset.
Dag Terje Andersen |
president |