Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om at sentrale område for sørsamisk _tamreindrift i Nord-Trøndelag har aukande tap til rovvilt_ på grunn av store bestandar av bjørn, jerv, gaupe og kongeørn, og kva som er gjort for å oppfylle rovviltforliket
Datert: 17.10.2012 Besvart: 24.10.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell
Bjørn Lødemel (H): I rovviltforliket heiter det: "Det skal ikkje vere rovdyr som representerer eit skadepotensiale i prioriterte beiteområde for husdyr og kalvingsområde for tamrein". Sentrale område for sørsamisk tamreindrift i Nord-Trøndelag har framleis stort og aukande tap til rovvilt på grunn av store bestandar av bjørn, jerv, gaupe og kongeørn. Store delar av kalvingsområda for tamrein ligg innanfor rovviltområde som følgje av dagens forvaltningsplan.Kva har Miljøverndepartementet gjort for å oppfylle dette punktet i rovviltforliket?