Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1975 (2023-2024)
Innlevert: 04.05.2024
Sendt: 06.05.2024
Besvart: 14.05.2024 av næringsminister Cecilie Myrseth

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Norge har nylig inngått eit strategisk industripartnerskap med EU. Innanfor dette rammeverket har Noreg svært gode føresetnader for å ta ein leiande posisjon i berekraftig utvinning av kritiske råmateriale, herunder også prosessering.
Kva konkrete tiltak vil regjeringa setje inn for å sørge for at Noreg kan ta ei leiande rolle i utviklinga av berekraftige råmateriale i Europa, sett i lys av at EU-land som Tyskland, Frankrike, Italia og Irland allereie har sett av midlar i milliardklassen til ei slik satsing?

Begrunnelse

EU har nyleg vedtatt eit nytt regulatorisk rammeverk om kritiske råmateriale, Critical Raw Materials Act (CRMA). CRMA vil tre i kraft i EU i løpet av mai 2024. EU trappar med dette kraftig opp satsinga på å gjere seg uavhengig av Kina og andre land utan fungerande demokrati når det gjeld tilgang på kritiske råmateriale.

Som utanforland til EU er det stor risiko for at Noreg kjem bakpå i denne felles europeiske satsinga, som kan bety svært mykje også for norsk verdiskaping og industribygging. EU legg vekt på at varer skal produserast med minst mulig miljøpåvirking og at ein skal sjå på verdikjedene heilskapleg. Det krev ei endring i «angrepsvinkel» i industripolitikken også i Noreg, der vi må legge større vekt på å skape sirkulære verdikjeder som sørger for at vi leverer mest mulig berekraftige, og i langt større grad arbeider på tvers av offentlige organ, bedrifter og virkemiddelapparat. Det handlar både om forsyningssikkerheit og om at det vi leverer til EU har berekraftsgaranti.

Støtte frå EU kjem til å gå gjennom EBRD (European Bank for Reconstruction and Development), der Noreg ikkje er med. Land som Tyskland, Frankrike, Italia og Irland har allereie sett av midlar i milliardklassen til å støtte råmaterialsatsing. Tyskland har sett av 1 milliard euro gjennom sin statlege investeringsbank (KFW) til investeringsstøtte i råmaterialverdikjeden (spesifikt sirkulære prosjekt). Italia fekk nylig godkjent 1,1 milliard euro til same formål.

Det taktskiftet i råmateriale-politikken som no har skjedd i EU og mange EU-land, har så langt underteikna kan sjå ikkje skjedd i Noreg.

Cristophe Pink, leiar for internasjonale relasjonar i Eyde-klyngen (Norwegian Center of Expertice Sustainable Process Industry), seier i eit ferskt intervju at «Vi må forstå at vi må levere på EUs premisser og ikke våre egne ønsker. Vi overlever ikke av å produsere for oss selv. Derfor må vi levere det EU etterspør, og på en måte de ønsker. (….) Jeg tror det er en forventning fra EUs side at vi må rigge oss bedre for å møte dem på avtalen om å levere. Og det må vi gjøre før sommerferien.» (Kjelde: eydecluster.com)

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Hurdalsplattforma uttrykker regjeringas ambisjon om å vidareutvikle samarbeidet med EU til å inkludere eit strategisk industripartnarskap. Dette industripartnarskapet blei underteikna av min forgjengar, daverande næringsminister Jan Christian Vestre, og Europakommisjonens eksekutive visepresident Maroš Šefčovič 21. mars i år. Det er ikkje tilfeldig at dette industripartnarskapet har eit særleg fokus på å støtte etablering og utvikling av ei berekraftig verdikjede for batteri og landbaserte mineral og råvarer.

Mineral og metall er ei føresetnad for gjennomføringa av det grøne skiftet. Tilgangen til kritiske mineral er avgjerande for mange av måla vi har satt oss, som å bygge ut fornybar kraft og industri og kutte klimagassutslepp. Noreg er ein viktig europeisk leverandør av kritiske råmateriale til grøne verdikjeder. Langsiktig og berekraftig forvaltning av ressursar er eit grunnprinsipp i regjeringas politikk. Regjeringa la derfor fram ein mineralstrategi i 2023. I strategien fastsett vi viktige mål for mineralnæringa og tiltak for å sikre den langsiktige berekrafta og vekstkrafta. Viktige innsatsområde er sirkulærøkonomi, sosial og miljømessig berekraft og tiltak for å sikre vidare utvikling av mineralnæringa. Eit av tiltaka i mineralstrategien er at regjeringa vil vurdere moglege økonomiske og næringspolitiske verkemidlar for å stimulere til auka utvinning av kritiske råvarer, økt verdiskaping i mineralnæringa, meir berekraftig mineralverksemd og korleis lokalsamfunn kan få meir igjen ved mineralutvinning. Regjeringa har følgt opp Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard og Norges geologiske undersøkelse med auka løyvingar for å sikre auka kartlegging, auka tempo i utviklinga av mineralprosjekt og realisering av fleire mineralprosjekt. Berre det siste året er verkemidlane som skal bidra til grønt industriløft, som inkluderer mineralnæringa, styrka med 20 mrd. kroner. Dette omfattar 15 mrd. kroner for å styrke Eksportfinansiering Norge, Innovasjon Norge, Nysnø, SIVA og Investinor som regjeringa fremma i statsbudsjettet for 2024 og i nysalderinga hausten 2023, og den nye ordninga med grøn industrifinansiering på 5 mrd. kroner som var ein del av einigheitsavtalen mellom regjeringspartia og SV i forhandlingane om statsbudsjettet 2024 i Stortinget. Samla sett er det altså gjort ei rekke tiltak på mineralfeltet sidan regjeringa tiltredde.

Ein av fem satsingsområde i strategien fokuserer på internasjonale partnarskap og samarbeid. Samarbeid med EU står i særstilling; norsk mineralverksemd og prosessindustri er allereie djupt integrert i den europeiske marknaden og mange av metalla og råvarene vi produserer i dag går dit. For å vidareutvikle og utnytte potensialet som ligger her legger industripartnarskapet opp til styrka samarbeid innan fleire områder som utvikling av riktig kompetanse, djupare integrasjon av verdikjeder, forsking og innovasjon, finansielle instrument og investeringsmoglegheiter, og promotering av høye miljømessige, sosiale og forretningsetiske standardar og praksisar.

Eit sentralt initiativ som partnarskapet har teke omsyn til er EUs nye forordning Critical Raw Materials Act (CRMA), som snart trer i kraft i EU. Allereie før dette forslaget låg på bordet i EU hadde Noreg, i kraft av industripartnarskapsdialogen, nær kontakt med Kommisjonen om denne. Fram til endeleg forslag var klart og ble vedtatt i EU har vi jobba både gjennom EØS/EFTA-sporet og utnytta dialogen om industripartnarskap. Regjeringa har identifisert norske interesser og aktivt arbeidet for å legge til rette for at norske bedrifter skal ha like konkurransevilkår som konkurrerande bedrifter i dei andre EØS-landa. Blant anna blei ein norsk posisjon til Kommisjonens forslag oversendt på eit tidleg tidspunkt. Dette har bidratt til konkrete utslag som sikrar norske interesser. For eksempel har aluminium komme inn på lista over kritiske råvarer, noko som var viktig for Noreg og norsk næringsliv.

Eit sentralt kapittel i CRMA handlar om å styrke verdikjedene for kritiske og strategiske råvarer ved å anerkjenne og implementere såkalla «strategiske prosjekter». Dette er prosjekt som særleg vil bidra til EUs forsyningssikkerheit innanfor dei aktuelle verdikjedene, og som vil auka EUs kapasitet til å utvinne, prosessere eller resirkulere strategisk viktige råvarer. Kommisjonen arbeider i eit høgt tempo med å iverksette tiltaka under forordninga, og allereie nå kan tiltakshavarar søke om ein slik anerkjenning. Dette gjeld også norske tiltakshavarar som har aktuelle prosjekt uavhengig av dei formelle EØS-rettslege prosessane.

Regjeringa følger Kommisjonens arbeid tett, og arbeidet med CRMA har høg prioritet i departementet. Regjeringa vil om kort tid sluttføre vurderingane om CRMA sin EØS-relevans, og vil med dette bidra til føreseielege rammevilkår for aktuelle aktørar.