Berre halvparten av elevane på femte trinn i grunnskulen kan
symje 200 meter. Det viser ei undersøking som Gjensidigestiftelsen
og Norges Svømmeforbund fekk utført i 2013. Det er altså minst 150 000 born
i Noreg frå fyrste til femte klasse som ikkje kan symje. Noreg ligg
langt etter Danmark og Sverige med tanke på kor mange born og unge
som er symjedyktige. I Sverige er 86 prosent av born og unge symjedyktige.
Noreg er eit land med lang kyst, og eit folk som i mange situasjonar
vil ferdast i og langs vatn. 119 personar i Noreg døydde som følgje
av drukning i 2013. Talet er det høgaste sidan 2004 då 141 personar
drukna. Ser ein på gjennomsnittet dei siste åra, skjer det om lag
92 drukningsulykker i året i Noreg. Det er eit svært høgt tal, om
ein samanliknar med nabolanda. Ifølgje tal frå Norsk Folkehjelp
drukna 38 personar i Noreg dei fem fyrste månadane i 2014. Statistikken viser
at flest personar druknar mellom mai og august. Undersøkingar viser
at fall frå land/brygge i elv/sjø/vatn er den dominerande årsaka
ved drukningsulykkene. Forslagsstillarane meiner at betre symjeopplæring
kan redusera denne dystre drukningsstatistikken. Forutan at manglande
symjeferdigheiter aukar faren for drukningsulykker i Noreg, er også
manglande symjeferdigheiter sosialt stigmatiserande og hindrar borna
frå sosiale aktivitetar som til dømes padling, fiske og strandliv.
Symjeopplæring er ein del av skulen sitt ansvar i dag:
Læreplanen sitt kompetansemål etter
4. årstrinn er at eleven skal kunne «vera trygg i vatn og vere symjedyktig»
og «ferdast ved og på vatn og gjere greie for farane».
Læreplanen sitt kompetansemål etter 7. årstrinn er at eleven
skal kunne «utføre grunnleggjande teknikkar i symjing på magen,
på ryggen og under vatn, samt «utføre enkel førstehjelp» som for eksempel
hjerte-lungeredning.
Læreplanens kompetansemål etter 10. trinn er at eleven skal
kunne «symje på magen og ryggen og dukke» samt «forklare og utføre
livberging i vatn og livbergande førstehjelp».
Men undersøkingar viser at så mange som halvparten av elevane
på femte trinn ikkje kan symje 200 meter. Det viser at altfor mange
born og unge ikkje får den opplæringa dei har krav på etter læreplanen og
opplæringslova.
Forslagsstillarane meiner at symjeferdigheiter er ein ferdigheit
som alle elevar skal kunne tileigne seg i skulen, og at det er eit
offentleg ansvar å gi alle elevar ein slik moglegheit. Mange born
i Noreg lærer seg å symje av foreldra, gjerne på feriereiser eller
ved at dei blir påmeldt private symjekurs. Dette er sjølvsagt positivt.
Men dette gjeld langt ifrå alle born og unge, og dei sosiale skilnadane
er tydelege. Særleg viser det seg at born med innvandrarbakgrunn
i mindre grad lærer seg å symje av familie og vener. Forslagsstillarane
meiner difor at alle elevar må sikrast retten til god og individuelt
tilpassa symjeopplæring i skulen.
Forslagsstillarane meiner det er eit problem at myndigheitene
ikkje har gitt ein klar definisjon på symjedyktigheit. Å vere symjedyktig
er eit kompetansemål etter læreplanen, men det finst ikkje ein definisjon
på kva det betyr å vere symjedyktig. Norges Svømmeforbund meiner
at å vere symjedyktig må definerast til å kunne symje 200 meter.
Forslagsstillarane stiller seg bak dette kravet. Berre slik kan kommunane
som skuleeigarar målast på evna til å gjennomføre symjeopplæringa
i tråd med læreplanen, og alle elevar få tilpassa symjeundervisning.
Det er mange eldre symjeanlegg i Noreg, og mange treng rehabilitering
eller å bli skifta ut. Den raud-grøne regjeringa innførte i 2008
rentekompensasjonsordninga for skule- og symjeanlegg. Ordninga var
fram til 2014 administrert gjennom Kommunal- og regionaldepartementet.
Ny regjering vidareførte ordninga, men overførte ansvaret til Kunnskapsdepartementet.
Ordninga skal fortsatt forvaltast av Husbanken. Formålet med ordninga
er å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å rehabilitere og
investere i skuleanlegg og symjehallar som vert nytta som ein del
av skulen sitt opplæringstilbod.
Forslagsstillarane er kjende med at rentekompensasjonsordninga
har fungert dårlegare for symjeanlegg, då ordninga i kommunane vert
prioritert til skulebygg. I tillegg er erfaringane i mange kommunar
at nye skular svært sjeldan blir bygd med skulebasseng, noko som
fører til at talet på symjearenaer no vert redusert.
Forslagsstillarane meiner det må meir målretta, økonomiske verkemiddel
til for å ta igjen vedlikehaldsetterslepet på symjeanlegg, og sikre
nødvendige nybygg. Derfor må rentekompensasjonsordninga forbetrast
for symjeanlegg i kommunane. Symjeanlegg blir i stor grad nytta
av publikum til uorganisert, fysisk aktivitet og blir brukt mykje
av skular, barnehagar og andre kommunale tilbod. Ei slik satsing
er difor òg eit viktig folkehelsetiltak.
For å sikre god symjeopplæring i skulen er det viktig med god
tilgang til symjehallar, men det er også viktig med gode lærarar
som sikrar god kvalitet i symjeundervisninga. Forslagsstillarane
viser til behovet for kompetansehevande tiltak for lærarar som skal
undervise i symjing og livberging. Det er i dag stor kompetanse
i ulike idrettsorganisasjonar og frivillige organisasjonar i å drive
symjeopplæring. Forslagsstillarane meiner at det må oppmuntrast
til og leggjast til rette for eit samarbeid mellom skule/barnehage
og idrettsorganisasjonar og andre frivillige organisasjonar som
driv med symjeopplæring og utdannar symjeinstruktørar, fordi dette
kan vere ein god måte å sikre kvalitet og kompetanseoverføring på
når det gjeld symjeopplæring i skulen.
Forslagsstillarane meiner det er behov for ei konkret satsing
med tydelege politiske målsettingar for symjeopplæringa. Det må
utarbeidast ein konkret handlingsplan med både overordna målsettingar
og klare tiltak for å sikre betre symjeferdigheiter blant born og
unge . Målet med handlingsplanen må vere at elevar på femte trinn
skal vere symjedyktige innan 2020, det vil seie kunne symje 200
meter, og at kompetansemåla for 7. trinn og 10. trinn blir innfridd
for alle elevar. Planen må omhandle fylgjande tiltak:
Innføre statleg definisjon på symjedyktigheit
– å kunne symje 200 meter.
Gjennomgå læreplanen sine kompetansemål for symjing for
å lage ferdigheitskrav også tidlegare enn 4. klasse, slik at ein
startar symjeundervisninga tidlegare enn i dag.
Innføre «symjeknappen» igjen. Alle kommunar må innføre ferdigheitsprøver
i symjing for å sikre at alle elevane er symjedyktige og for å sikre
tilpassa symjeundervisning til den einskilde elev.
Gjennomføre kompetansehevande tiltak til lærarar for å betre
kvaliteten i symjeundervisninga, gjerne i eit samarbeid med idretten.
Innrette statlege garantiordningar og rentekompensasjonsordninge
for skulebygg og symjeanlegg slik at rehabilitering og nybygg av
symjeanlegg vert prioritert i kommunane.
Forslagsstillarane fremmar på denne bakgrunn fylgjande
forslag:
1. Stortinget ber regjeringa fremma
ein konkret handlingsplan for å styrkje symjeundervisninga i Noreg
og betre symjeferdigheitene hjå born og unge slik at drukningsulykker
kan reduserast.
2. Stortinget ber regjeringa definere symjedyktigheit til
å kunne symje 200 meter, og settje mål om at alle elevar på 5. trinn
skal vera symjedyktige innan 2020.
3. Stortinget ber regjeringa sikre at kommunar tar i bruk
symjeferdigheitstestar – «symjeknappen» - for at alle elevar skal
få individuelt tilpassa symjeundervisning.
4. Stortinget ber regjeringa innrette statlege garantiordningar
og rentekompensasjonsordningar for skulebygg og symjeanlegg slik
at rehabilitering og nybygg av symjeanlegg vert prioritert i kommunane.