Presidenten: Etter
ønske fra justiskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir
begrenset til 5 minutter til hver partigruppe og 5 minutter til
medlemmer av regjeringen.
Videre vil presidenten
foreslå at det – innenfor den fordelte taletid – blir gitt anledning
til inntil fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av
regjeringen, og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den
fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.
– Det anses vedtatt.
Frida Melvær (H) [10:02:42 ] (ordførar for saka): Først av
alt vil eg takke komiteen for eit godt, langvarig og grundig samarbeid
i denne saka. Det er nok meir sjeldan at ei sak vert behandla over
eit tidsrom på 1,5 år i komiteen, men dette speglar nok omfanget
og kompleksiteten denne saka har i seg.
Komiteen har i
sitt arbeid prøvd å møte dei mange spørsmåla og innspela som har
dukka opp undervegs, med det største alvor og respekt og lagt vekt
på å vurdere desse nøye før vi leverte saka.
22. juli-saka
reiste ein omfattande prinsipiell diskusjon om straffelova sine
reglar om å vere tilrekneleg og om rettsspsykiatrien si rolle ved
avgjerd om tiltalte er tilrekneleg. Tilregnelighetsutvalget vart
oppnemnt ved kgl. res. av 25. januar 2013 og fekk i mandat å vurdere straffelova
sine reglar for det å vere tilrekneleg, psykiatrisk sakkunne og
særreaksjonane. Utvalet leverte 28. oktober 2014 utgreiinga si i
NOU 2014:10 Skyldevne, sakkyndighet og samfunnsvern, som så vart
sendt på høyring.
Dei viktigaste
endringane i straffelova og straffeprosesslova omhandlar den grunnleggjande
reguleringa av å vere tilrekneleg og å ha skuldevne der departementet foreslår
at straffelovas omgrep, jf. § 20 andre ledd bokstav a «psykotisk»
vert erstatta med omgrepet «alvorleg sinnslidelse». Omgrepet er
eit ikkje-medisinsk, rettsleg grunnvilkår og skal omfatte både alvorleg
psykiske, somatiske og organiske lidingar med verknader på sinnet.
Bakgrunnen for
forslaget er m.a. at det er vanskeleg å skilje mellom det medisinske
og juridiske psykoseomgrepet, og at mange som har ein psykosediagnose,
ikkje er psykotiske etter straffelova.
Det vert i tillegg
oppstilt eit tilleggsvilkår om at personen ikkje er tilrekneleg
på grunn av lidinga, og at retten i si vurdering skal leggje vekt
på graden av svikt i personens verkelegheitsforståing og funksjonsevne.
Dette vil tydeleggjere at det er symptomtyngda på handlingstidspunktet
som er avgjerande, ikkje om personen har ein diagnose og at det
er retten, ikkje dei sakkunnige, som avgjer spørsmålet om skuld.
Terskelen for
bruk av særreaksjon i helsevesenet vert seinka, og for å styrkje
samfunnsvernet vert skiljet mellom alvorlege og mindre alvorlege
lovbrot foreslått fjerna som grunnvilkår for særreaksjon, slik at
det avgjerande er kva framtidig fare lovbrytaren representerer, ikkje
kva lovbrot vedkommande har utøvd.
Kravet til habilitet
og kompetanse vert skjerpa, og nye reglar for mandatet til dei sakkunnige
og til sakkunnigerklæringa vert innført. Det er òg foreslått å utvide dei
sakkunnige sin rett til innsyn til relevante helseopplysningar.
Det vert innført
ei eiga forskrift om rettspsykiatriske undersøkingar og sakkunnige
og ei ny landsdekkjande organisering av rettspsykiatrien etter modell
av pilotprosjektet som er prøvd ut ved Brøset.
Regjeringspartia
er i all hovudsak positive til og nøgde med dei endringane departementet
foreslår i straffelova og straffeprosesslova og ser at lovendringane
vil føre til ei større treffsikkerheit for vurdering av straffritak,
styrkje samfunnsvernet og auke kvaliteten i rettspsykiatrisk sakkunnigarbeid.
Dette er viktig både for rettstryggleiken til den enkelte og for
samfunnet som heilskap.
Vi har likevel
registrert kritikken knytt til at straffelova sitt opphavlege uttrykk
«psykotisk» i proposisjonen vert foreslått endra til «alvorleg sinnslidelse».
Kritikarane av forslaget har vist til at uttrykket kan skape forvirring
om forskjellen mellom forståinga av uttrykket «alvorlig sinnslidelse»
i strafferetten og det likelydande uttrykket brukt i psykisk helsevernlov.
Vi meiner at ved å endre uttrykket «alvorlig sinnslidelse» til det
meir allmennspråklege uttrykket «sterkt avvikende sinnstilstand»
vil ein unngå at ei slik forvirring oppstår. Vi understrekar òg
at det er viktig å sikre at retten i praksis ikkje overlèt til dei
sakkunnige å ta stilling til om ein person er å rekne som utilrekneleg
og dermed skal fritakast frå straff. Eit tydelegare skilje mellom
det allmennspråklege rettslege uttrykket og det medisinskfaglege
uttrykket er nødvendig for å sikre dette.
I tillegg ønskjer
vi at endringsforslaget skal motverke uheldige koplingar og assosiasjonar
mellom psykisk sjukdom og kriminell åtferd.
Eg vil til slutt
understreke at uttrykket «sterkt avvikende sinnstilstand» skal verte
forstått likt med uttrykket «alvorlig sinnslidelse» brukt i proposisjonen
og medfører såleis inga realitetsendring.
Eg vil med dette
ta opp forslaget frå Høgre og Framstegspartiet.
Presidenten: Representanten
Frida Melvær har dermed tatt opp det forslaget hun refererte til.
Lene Vågslid (A) [10:08:00 ] (leiar i komiteen): Fyrst og
fremst tusen takk til saksordføraren for arbeidet med ei sak som
har lege i komiteen i godt over eit år.
Kritikken mot
det forslaget som ligg i proposisjonen, og det nye forslaget som
Høgre og Framstegspartiet fremjar her i dag, har vore massiv. Kritikken
har retta seg dels mot at lovforslaget blir lagt fram for Stortinget
utan føregåande høyringsrundar, dels fordi lovteksten og drøftingane
er uklåre, og at ein overlèt for mykje til domstolane sitt frie
skjøn. Dels blir det òg frå ei rekkje høyringsinstansar peika på
at faren for vilkårlegheit og forskjellsbehandling er for stor når
det gjeld det vedtaket Stortinget mest sannsynleg kjem til å gjere
i dag.
Det blir hevda
frå fleire hald at det vedtaket Stortinget gjer i dag, kan føre
til at ein utvidar moglegheita til å erklære personar utilreknelege,
noko som eg ikkje har høyrt har vore eit politisk ynskje frå eit
einaste parti.
Arbeidarpartiet
meiner det er uansvarleg å gjere det vedtaket som fleirtalet legg
opp til i dag, med ei endring i straffeloven som blei endra i komiteen
utan alminneleg høyring i forkant.
Så er det viktig
for meg å understreke at eg ikkje trur det nødvendigvis er dei heilt
store politiske ueinigheitene om målet i saka, nemleg at personar
i størst mogleg utstrekning bør kjennast ansvarlege for sine handlingar, men
prosessen i saka er under all kritikk.
Me registrerer
at regjeringspartia har forsøkt å ta inn over seg mykje av kritikken
mot lovforslaget, men slik saksordføraren avslutta sitt førre innlegg,
understrekar ho at endringa frå komiteen om å endre omgrepsbruken
i § 20 ikkje fører til ei realitetsendring. Med andre ord behandlar
me framleis det same forslaget – med noko anna ordlyd.
Me har vore tydelege
på, både uformelt og formelt, at denne saka burde ha vore send tilbake
til Justisdepartementet for ei skikkeleg behandling. Hadde ein gjort det,
trur eg at utfallet i saka kunne ha vore eit heilt anna i dag. Det
at ein endrar omgrepet «alvorlig sinnslidelse» til «sterkt avvikende
sinnstilstand», ryddar for så vidt opp i noko av forvirringa, men
det hjelper ikkje stort så lenge ein òg er veldig tydeleg på at
alt i proposisjonen framleis ligg til grunn.
Justiskomiteen
heldt to høyringar til denne proposisjonen. Det er ikkje så veldig
vanleg, men me gjorde det ein gong til nettopp fordi det kom eit
nytt forslag. Alle høyringsinstansane, kanskje med unntak av éin,
var heilt tydelege på at Stortinget ikkje må gjere dette vedtaket,
at ein må sende denne saka tilbake for ei skikkeleg behandling.
Det er ikkje slik
at åtvaringane berre kjem frå opposisjonen. Riksadvokaten åtvarar
sterkt mot det vedtaket fleirtalet ser ut til å gjere i dag. Advokatforeningen
gjer det, ei rekkje rettspsykiatrar gjer det, Norsk Rettsmedisinsk
Forening gjer det – fagmiljø på begge sider, for å bruke dei orda,
innanfor både psykiatri og jus.
Vurdering av tilreknelegheit
blir med dette vedtaket for open og rimelegheitsorientert, slik
at det går ut over omsyn som tradisjonelt står sterkt i strafferettsområdet, nemleg
førehandsvisse og ikkje minst likskap for loven. Vidare vil verken
ordlyden eller forarbeidet her setje eit klårt kriterium for kva
tilreknelegheit faktisk skal bety.
For Arbeidarpartiet
er det ikkje aktuelt å støtte eit forslag som er fremja av eit mindretal
i dag, om endringar i tilreknelegheitsreglar, alvorlege endringar som
me eigentleg ikkje anar konsekvensen av. Tilbakemeldingane er at
me i verste fall oppnår det motsette av det partia uttykkjer at
dei vil. Derfor ber eg fleirtalet om å lytte til opposisjonen i
denne saka. Eg ber regjeringspartia lytte til høyringsinstansane,
til Riksadvokaten, som åtvarar på det sterkaste mot det vedtaket
ein kjem til å gjere i dag.
Solveig Horne (FrP) [10:12:52 ] : Det er viktige lovendringer
Stortinget vedtar i dag. Reglene om utilregnelighet er en grunnleggende
del av vårt strafferettslige regelverk, og det er både riktig og
viktig med en helhetlig gjennomgang av reglene om både skyldevne,
samfunnsvern og sakkyndighet.
Formålet med lovendringene
er at de skal skape en større treffsikkerhet ved identifisering
av de lovbrytere som ut fra begrunnelsen for straff ikke skal være
ansvarlige, altså de utilregnelige som ikke kan klandres for sine handlinger.
I tillegg er en viktig side ved dette lovarbeidet at lovendringene
skal styrke samfunnsvernet og øke kvaliteten i rettspsykiatrisk
sakkyndighetsarbeid.
Det er viktig
å ha med seg det historiske bakteppet for lovendringene som behandles
i dag. 22. juli-saken avdekket svakheter ved straffelovens regler
om utilregnelighet og skapte en diskusjon om rettspsykiatriens innflytelse
ved avgjørelsen av om tiltalte er utilregnelig eller ikke.
I Fremskrittspartiet
er vi positive til de endringene regjeringen foreslår i straffeloven
og straffeprosessloven knyttet til skyldevne, samfunnsvern og sakkyndige.
Vi mener at disse bidrar til å oppfylle formålet om å skape større
treffsikkerhet ved identifisering av utilregnelige lovbrytere. Lovendringen
vil også, slik vi ser det, styrke samfunnsvernet og øke kvaliteten
i det rettspsykiatriske sakkyndigarbeidet. Det er svært viktig for
å sikre den enkeltes rettssikkerhet, men også for samfunnet som
helhet.
Jeg er glad for
at det er en samlet komité som understreker at det ikke er politiske
uenigheter om sakens formål, og det er viktig. En samlet komité
mener at personer i størst mulig utstrekning bør stilles til ansvar
for sine handlinger, og ønsker videre å tydeliggjøre domstolenes
rolle og ansvar. Det er et viktig signal at en samlet komité mener
at samfunnet har full rett til å verne seg mot farlige utilregnelige,
og er enig om at intensjonen med forslaget skal være at færre frifinnes.
For oss i Fremskrittspartiet
er det også viktig at det lovforslaget departementet har fremmet,
legger opp til å styrke samfunnsvernet gjennom å senke terskelen
for bruk av særreaksjoner i helsevesenet, slik at det fra nå av er
den framtidige faren for lovbrudd som skal begrunne særreaksjonsordningen.
Det er svært viktig for at særlig offeret i strafferettssaker opplever
at det blir tatt tilstrekkelig vare på og hensyn til. Samtidig er
det viktig for samfunnet for øvrig, og et styrket samfunnsvern er
selve målet med denne regelendringen.
Det er verdt å
merke seg at departementet i proposisjonen åpner for at forslaget
vil kunne føre til at flere utilregnelige dømmes til særreaksjon.
Det er også et viktig og riktig grep av regjeringen å foreslå lovendringer som
skal bidra til å styrke kvaliteten i de sakkyndiges arbeid. Det
skal stilles strengere krav til de sakkyndige. Det er bra at det
innføres en egen forskrift om rettspsykiatrisk undersøkelse og sakkyndige,
fordi dette vil bidra til å tydeliggjøre hvilke krav som gjelder
for det sakkyndige arbeidet, samtidig som det også skal gjøre regelverket lettere
tilgjengelig for brukerne. Det innføres et minimumskrav til innhold
for de sakkyndiges mandat ved rettspsykiatrisk undersøkelse, i tillegg
til minimumsregler for hvordan de sakkyndiges erklæring skal utformes.
Innføring av disse kravene vil helt klart styrke kvaliteten på de
sakkyndiges arbeid og i større grad bidra til riktigere og mer etterprøvbare
avgjørelser ved domstolene.
Som både saksordføreren
og komitélederen har vært inne på, har det vært en krevende sak.
Jeg er veldig glad for at Stortinget nå endelig skal gjøre dette
vedtaket. Det er ikke til å legge skjul på at det er en krevende sak
å behandle, men jeg er glad for at vi får behandlet den, og at det
blir vedtatt. Framtida vil vise om den treffer slik intensjonen
og formålet med loven skal gjøre, som er å styrke samfunnsvernet
og øke kvaliteten i det rettspsykiatriske sakkyndighetsarbeidet.
Emilie Enger Mehl (Sp) [10:17:41 ] : Først vil jeg takke saksordføreren
og komiteen for jobben med denne saken, for det har vært en krevende
sak for komiteen.
Som flere har
vært inne på, er det egentlig ikke uenighet om selve målet med saken,
som er å stille flest mulig til ansvar for sine handlinger, men
Senterpartiet mener at prosessen har vært altfor dårlig. Det forslaget som
komiteen nå står igjen med, er uklart. Det kan få utilsiktede konsekvenser.
Jeg mener at det ikke er forsvarlig å vedta. Vi mener derfor at
saken ikke bør behandles i dag, men sendes tilbake til regjeringen.
Saken handler
om å ha skyldevne, dvs. om man er strafferettslig tilregnelig og
kan dømmes til straff. Som vi alle vet, kommer saken i kjølvannet
av 22. juli-rettssakene og tilregnelighetsutvalget, som ble satt
ned for å vurdere straffelovens utilregnelighetsregler. Konklusjonen deres
var at psykosevilkåret og den medisinske modellen for utilregnelighet
ved psykisk sykdom burde beholdes. I tillegg ble det foreslått en
regel som dels angir en rettslig presisering av lovens psykosekriterium,
og dels angir at tilstander som likestilles med psykose, skal omfattes.
Likevel sendte
regjeringen en proposisjon til Stortinget om et helt nytt forslag,
hvor straffelovens begrep «psykotisk» ble erstattet med grunnvilkåret
«alvorlig sinnslidelse». Det var altså et nytt forslag – med et
nytt begrep og en ny lovparagraf – som ikke hadde vært på høring
før saken ble sendt til Stortinget. Det forslaget ble kraftig kritisert
i den første høringen justiskomiteen hadde etter at saken kom til
Stortinget. I stedet for å sende saken tilbake til regjeringen ble
det laget et nytt forslag hvor begrepet «alvorlig sinnslidelse»
skal erstattes med «sterkt avvikende sinnstilstand» som kriterium. Men
også det forslaget fikk slakt i høringen. Vi hadde to høringer.
Begge har slaktet regjeringens forslag. Komiteen ble av nesten alle
høringsinstansene – unntatt én – som var til stede på siste høring,
sterkt rådet til å sende saken tilbake til regjeringen.
Det vi behandler
i dag, er en alvorlig, dypt inngripende sak, som får store konsekvenser
for strafferetten. Jeg er ikke sikker på om alle her er klar over
hvor store konsekvenser det er snakk om. Når regjeringens forslag har
fått så sterk kritikk i to høringer, og når det ikke hadde vært
på høring før saken kom til Stortinget, synes jeg det er helt utrolig
at vi står her og skal vedta et forslag som vi har fått så sterke
advarsler mot. Saken har vært til behandling i Stortinget i over
ett år. Det viser at saken er vanskelig, men jeg mener at det i
seg selv ikke er et argument for å vedta noe i dag. Vi har også
fått klarhet i gjennom høringene at det lovverket som eksisterer
i dag, fungerer. Det er ikke noen hast med å få på plass et nytt lovverk.
Det er Stortinget
som vedtar lover i dette landet, og det er Stortinget som må bestemme
hvor terskelen for utilregnelighet skal ligge. Slik det forslaget
som kommer til å få flertall i dag, nå står, er bestemmelsen så
uklar at domstolene ikke har noen god veiledning om hva Stortinget
faktisk har ment. Regjeringspartiene Høyre og Fremskrittspartiet
skriver rett ut i merknadene sine at «terskelen for kor alvorleg
ein tilstand må vere for å kunne bli rekna som utilrekneleg, skal
definerast av domstolane».
Det blir i praksis
opp til domstolene å bestemme hvem som etter norsk lov skal være
utilregnelig. Det mener jeg er å legge lovgivers oppgave over på
domstolene. Riksadvokaten har pekt på at verken ordlyden eller forarbeidene
oppstiller et klart kriterium for hva tilregnelighet skal bety.
Senterpartiet mener at det er helt uansvarlig å vedta en regel for
skyldevne som er så uklar, hvor det ikke er sikkert at det er mulig
for domstolene å skjønne hva Stortinget har ment, og hvor vi i praksis
legger oppgaven med å bestemme hva som skal være terskelen for ha
skyldevne i Norge, over på folk som ikke er politisk valgt, nemlig
domstolene.
Det er veldig
synd at regjeringen istedenfor å lytte til høringsinstansene og
opposisjonen velger å presse saken igjennom med et knapt flertall
i Stortinget, særlig fordi vi alle er enige om at vi vil endre tilregnelighetsreglene.
Dette er ikke en sak hvor det er store politiske skillelinjer. Vi
kunne ha fått til et bredt flertall i Stortinget hvis regjeringen
hadde vært litt mer ydmyk og sendt saken tilbake, slik at vi kunne
fått en grundig og forsvarlig behandling, i stedet for det vedtaket
som kommer til å bli fattet av regjeringspartiene i dag.
Statsråd Jøran Kallmyr [10:22:53 ] : 22. juli-saken avdekket
svakheter ved straffelovens regler om utilregnelighet og skapte
diskusjon om rettspsykiaternes innflytelse på om tiltalte er utilregnelig.
På den bakgrunn ble tilregnelighetsutvalget nedsatt, og de avga
sin utredning den 28. oktober 2014. Proposisjonen som Stortinget
nå skal ta stilling til, er en oppfølging av forslagene i den utredningen.
Jeg registrerer
at justiskomiteens flertall ikke stiller seg bak regjeringens forslag,
og at flertallet foreslår å sende proposisjonen tilbake til regjeringen.
Samtidig er jeg glad for at et mindretall i justiskomiteen, representantene
fra Høyre og Fremskrittspartiet, støtter forslaget. Jeg mener det
er viktig for oppfølgingen etter 22. juli at disse forslagene nå
vedtas. Det er flere grunner til det.
For det første
er det viktig å få på plass en treffsikker regel om hvem som skal
fritas for straff på grunn av utilregnelighet.
For det andre
er det viktig å styrke samfunnsvernet.
For det tredje
er det viktig å øke kvaliteten i det rettspsykiatriske sakkyndighetsarbeidet.
Når det gjelder
straffelovens regler om utilregnelighet som følge av psykisk sykdom,
foreslår regjeringen at straffelovens begrep «psykotisk» skal erstattes
med vilkåret «alvorlig sinnslidelse». Dette skal omfatte både psykiske,
somatiske og organiske lidelser med virkninger på sinnet. Lovforslaget
oppstiller tilleggsvilkår om at personene må være utilregnelige
på grunn av denne lidelsen, og videre presiseres det uttrykkelig
i loven at retten ved skjønnsmessig vurdering skal legge vekt på
graden av svikt i personens virkelighetsforståelse og funksjonsevne.
Jeg har merket
meg at justiskomiteens mindretall foreslår å erstatte vilkåret «alvorlig
sinnslidelse» med «sterkt avvikende sinnstilstand». Som følge av
de tilleggsvilkårene som jeg nettopp nå har nevnt, vil ikke en slik
endring ha noen betydning for hvor alvorlig den samlede symptommengden
må være for å kunne gå fri fra straff. Jeg har derfor ikke noen
sterke motforestillinger mot den endringen som mindretallet har
gjort.
Det er flere problemer
med dagens regel. For det første rammer den både for mange og for
få personer – for mange fordi psykosediagnosen kan medføre henleggelse
av straffrihet selv om personens virkelighetsforståelse på handlingstidspunktet
ikke er så avvikende at vedkommende ikke kan klandres for lovbruddet.
Den rammer for få fordi personer som har en mental avvikstilstand
som er like forstyrrende for gjerningspersonens virkelighetsforståelse
og motivdannelse som psykosen er, kan straffes i dag. Eksempler
på dette er enkelte alvorlige tilfeller av autisme og demens. Ut
fra begrunnelsen for reglene om at den som mangler skyldevne, ikke
skal straffes, framstår dette som noe urimelig.
Regjeringens forslag
vil også tydeliggjøre at det er symptomtyngden på handlingstidspunktet
som er avgjørende for om vedkommende kan fritas for straff, og ikke
om personen har en bestemt diagnose.
Et annet problem
ved gjeldende praksis er at det er de sakkyndige som definerer innholdet
i et av straffelovens grunnvilkår for straff. En slik praksis er
ikke egnet til å sikre rettsavklaring og rettsenhet. Regjeringens
forslag vil derimot tydeliggjøre at det er retten som skal fastsette
innholdet i utilregnelighetsregelen, og ikke de sakkyndige. At definisjonsmakten
overføres til retten, vil legge til rette for at det gjennom rettspraksis
kan utvikles en fast og enhetlig terskel for hvor syk eller hvor avvikende
man må være for å bli ansett som utilregnelig. For å sikre en slik
utvikling mener jeg i likhet med justiskomiteens mindretall at det
er helt avgjørende at lovens vilkår beskrives i allmennspråklige
termer og ikke gjennom en medisinsk term, som psykotisk.
I lys av den kritikken
regjeringens forslag har mottatt i den offentlige debatten, har
jeg lyst til å understreke: Forslaget vil ikke innebære en relativisering
av terskelen for å bli ansett som utilregnelig, slik at personen går
fri, mens en annen person som er like syk, vil bli straffet. Som
justiskomiteens mindretall påpeker i innstillingen, er terskelen
generell, og den gjelder for alle. Det avgjørende er om gjerningspersonen
er så syk at vedkommende når opp til terskelen.
Presidenten: Det
blir replikkordskifte.
Lene Vågslid (A) [10:28:05 ] : Spørsmålet mitt er eigentleg
ganske enkelt. Det eg lurar på, er grunngjevinga for at det forslaget
som ligg i proposisjonen som kom frå regjeringa, ikkje blei sendt
på alminneleg høyring i forkant av stortingsbehandlinga.
Statsråd Jøran Kallmyr [10:28:25 ] : Det er altså slik at man
hadde utredet dette forslaget også, og det lå innenfor det som det
er normalt at man kan sende til Stortinget uten en egen høring.
Dette har vært omtalt tidligere i de forslagene som har blitt sendt
ut på høring. Det var ingen nyhet at dette kunne bli resultatet.
Man sender som
regel ut forslag nettopp for å få innspill fra andre. Så får man
innspill, og da er det naturlig at man av og til lytter til de innspillene
og endrer på det som lå i det opprinnelige høringsutkastet, fram
til man sender det over til Stortinget.
Lene Vågslid (A) [10:29:12 ] : Eg registrerer at statsråden
ganske klart står fast på det som regjeringa meiner. Betyr det at
statsråden meiner at Riksadvokaten og alle høyringsinstansane på
høyringa til justiskomiteen tek feil? På kva slags måte meiner i
så fall statsråden at f.eks. Riksadvokaten tek feil, særleg når
det gjeld at det vedtaket me vil gjere i dag, kjem til å kunne føre
til forskjellsbehandling og vilkårlegheit?
Statsråd Jøran Kallmyr [10:29:43 ] : I dag er det de rettssakkyndige
i hver enkelt sak som avgjør om det er skyldevne eller ikke. Det
er ikke dommeren. Dommeren har i liten grad mulighet til å overprøve
en rettssakkyndig avgjørelse. Dette fikk vi eksemplifisert i 22. juli-rettssaken,
hvor man fikk to forskjellige uttalelser fra de sakkyndige. Det
viser også at det i dag ikke er slik at man har likebehandling i
alle saker. Det kan avvike stort. Det var resultatet fra den sakkyndige.
Det er ingen enhetlig
terskel i dag, og det gjør det vanskelig for dommerne å se på om
det faktisk er slik at man har oppfylt lovens vilkår eller ikke,
og hvis man skal overprøve (presidenten klubber) sakkyndigrapporten, er
det vanskelig for en domstol å kunne ha bevis for akkurat det, for
man er egentlig ikke invitert til å gå inn i den avgjørelsen. Det
blir man når … (presidenten klubber igjen)
Lene Vågslid (A) [10:30:52 ] : Dette er ganske oppsiktsvekkjande.
Sist eg sjekka, var det dommarar som avsa dommar i norske rettssalar,
og ikkje sakkyndige. Det skjedde òg i 22. juli-rettssaka. Når det
gjeld påstandane som kom frå fleire høyringsinstansar under høyringa
blei det hevda frå tunge fagmiljø både på jussida og på psykiatrisk
side at desse nye reglane vil kunne føre til at langt fleire blir
erklært utilreknelege.
La oss seie at
det skjer. Vil statsråden vere villig til å evaluere lovendringane
på eit visst tidspunkt? Vil han fylgje utviklinga nøye og eventuelt
– viss det skulle få slike konsekvensar som eg trur statsråden heller
ikkje ynskjer – ta initiativ til å kome tilbake til Stortinget?
Statsråd Jøran Kallmyr [10:31:39 ] : Det er jo et hypotetisk
spørsmål, så da får jeg gi et hypotetisk svar på det. Hvis det er
slik at man ikke oppnår det man ønsker med loven, kan Stortinget
endre loven. Hvis det blir en aktuell problemstilling, vil man nok
komme tilbake.
Men jeg har faktisk
tro på at dette lovforslaget vil være mer treffsikkert enn gjeldende
rett. Jeg tror at det vil føre til at det blir færre henleggelser,
og at det blir flere som har skyldevne. Så vil det nok også være
noen som ikke har skyldevne, fordi de f.eks. har en alvorlig lidelse som
gjør at de ikke skal straffes.
Emilie Enger Mehl (Sp) [10:32:33 ] : Det har kommet mye kritikk
mot forslaget og det som flertallet i Stortinget kommer til å vedta
i dag, og da spesielt mot at det nye forslaget er veldig uklart.
På den siste høringen justiskomiteen hadde, sa Advokatforeningen
følgende:
«Lovgiver abdiserer i praksis fra
sin oppgave med å definere vilkårene for straff. Man overlater altså
til domstolene det som er et veldig viktig og prinsipielt vanskelig
tema.»
Da lurer jeg på:
Hva er statsrådens kommentar til det? Og mener statsråden at det
er riktig å legge en slik politisk avgjørelse over på domstolene?
Statsråd Jøran Kallmyr [10:33:15 ] : Det man her gjør i loven,
er at man angir hvilke momenter man skal tolke etter, hvilke vilkår
som skal gjelde. Og så er det slik at det vil alltid danne seg en
domspraksis – det vil det i de fleste strafferettslige saker.
Men vi har gitt
ganske klare vilkår her. Vilkåret er at det skal være en sterkt
avvikende sinnstilstand, og så er det et grunnvilkår at dette må
ha ført til at man var utilregnelig på gjerningstidspunktet. Dette
er et vilkår som står seg helt klart og tydelig, og jeg kan ikke
se at det er noen uklarheter rundt akkurat det.
Det er også viktig
at man legger vekt på andre ting, som hvorvidt man hadde muligheten
til å kunne planlegge handlingen og gjøre aktive grep, slik at man
har en virkelighetsforståelse som gjør at en her ikke kan si at dette
er en person som var utilregnelig på gjerningstidspunktet. Dette
tror jeg faktisk er ting som kan være med og føre til at flere som
kan gå fri, regnes for å ha skyldevne.
Emilie Enger Mehl (Sp) [10:34:24 ] : Forslaget har også fått
kritikk fordi man bruker ordet «utilregnelig» til å definere hva
som er utilregnelig, når man sier at den som er utilregnelig, er
en som på grunn av en sterkt avvikende sinnstilstand er utilregnelig.
Det er en logisk brist der – det er vanskelig for domstolene å fastslå
hva som faktisk er ment.
Så jeg lurer på:
På hvilken måte mener statsråden at dette er så mye mer treffsikkert,
når høringsinstansene beskriver regelen som uklar, uforutsigbar
og vilkårlig?
Statsråd Jøran Kallmyr [10:34:54 ] : Det er ikke alle høringsinstansene
som gjør det. Man legger her opp til en terskel hvor det skal være
en vurdering av hvor syk gjerningspersonen er. Og er han så syk
at han kommer over terskelen for at man kan si at han er utilregnelig, vil
han ikke ha en skyldevne.
Så vil dette også
måtte sees sammen med at man gjør grep for å øke den rettspsykiatriske
kompetansen, slik at man også kan få klare råd om hvilken mental
tilstand gjerningspersonen har befunnet seg i på gjerningstidspunktet.
Men det viktigste er kanskje at det er dommeren som har det avgjørende
ordet. Dommeren har fått klare kriterier å vurdere saken ut fra,
i motsetning til i dag, der det er vanskelig å overprøve den rettssakskyndiges
rapport.
Presidenten: Replikkordskiftet
er omme.
De talere som
heretter får ordet, har en taletid på inntil 3 minutter.
Frida Melvær (H) [10:36:06 ] : Denne saka har vore gjenstand
for stor merksemd frå ulike aktørar undervegs i komitébehandlinga.
Komiteen har difor lagt vekt på å la flest mogleg få anledning til
å kome fram med synspunkta sine. Difor har det vorte lagt opp til
to høyringar i komiteen i tillegg til fleire separate møte, telefonsamtalar
og e-postar. Saka har òg vore gjenstand for fleire medieoppslag
og debattinnlegg.
I all hovudsak
er det slik at dei aktørane som gav innspel til NOU-en frå tilregnelighetsutvalget, NOU 2014:
10, held fast på dei respektive synspunkta sine, og eg kan difor
ikkje sjå at det er kome til vesentlege nye opplysingar som ikkje
alt er omtalte og vurderte i proposisjonen. Vi veit at høyringsinstansane
var omtrent delte på midten i innspela sine til NOU-en.
Eg vil understreke
at det er lovgjevar som fastset vilkåra for kva tid nokon skal reknast
for utilrekneleg, det er ikkje domstolane. Vilkåra går fram av det
resterande innhaldet i lovforslaget og proposisjonen.
I forslaget vert
det lagt opp til ei totrinnsvurdering der § 20 bokstav a, b eller
c vil vere gjenstand for den første vurderinga, altså:
sterkt
avvikende sinnstilstand
sterk
bevissthetsforstyrrelse
høygradig
psykisk utviklingshemming
Eg minner då igjen
om at vilkåret «sterkt avvikende sinnstilstand», bokstav a, skal
tolkast på same måte som det opphavlege føreslåtte uttrykket «alvorlig
sinnslidelse», som er nytta i proposisjonen.
I den andre vurderinga,
utilreknelegheitsvurderinga etter § 20 tredje ledd, skal graden
av svikt i verkelegheitsforståing og funksjonsevne vektleggjast.
Etter gjeldande
rett er det i prinsippet domstolane som skal ta stilling til om
gjerningspersonen er psykotisk i rettsleg forstand og dermed utilrekneleg.
Det er likevel ei utbreidd oppfatning at det i praksis er rettspsykiatrien,
og ikkje domstolane, som i dag definerer korleis omgrepet «psykotisk»
skal forståast – ikkje berre i medisinsk, men òg i rettsleg forstand.
Dette er noko som òg tilregnelighetsutvalget framhevar i arbeidet
sitt. Eit slikt system, der innhaldet i eit av grunnvilkåra for
straffansvar i praksis vert fortolka og utvikla av rettspsykiatrien,
er ikkje eigna til å sikre rettsavklaring og rettseinskap.
Å avgjere om nokon
er utilrekneleg og difor ikkje skal straffast med fengsel, er mellom
dei mest kompliserte spørsmåla vi møter i straffesakene. Her kryssar vanskelege
spørsmål kvarandre, om juss, medisin og rettspsykiatri. Som lovgjevar
trekkjer vi opp rammene for kva vilkår som må vere oppfylte for
at nokon skal reknast som utilrekneleg.
Emilie Enger Mehl (Sp) [10:39:19 ] : Jeg skal ikke si så mye
mer, jeg opplever at det meste har kommet fram med hensyn til hvor
opposisjonen og posisjonen står i denne saken. Det er bare ett spørsmål
jeg føler at regjeringspartiene ikke har besvart godt nok, og det
er ganske enkelt: Jeg skjønner ikke hva som haster så fælt. Hva er
det som er så tungtveiende for regjeringspartiene og de som i dag
danner flertall i denne saken i Stortinget, at man må vedta saken
nå, til tross for at vi har fått advarsler fra advokatmiljøene,
fra domstolene, fra Riksadvokaten, fra det rettsmedisinske miljøet,
og til tross for at vi egentlig ikke er uenige om målet. Jeg forstår
ikke hvorfor det er så viktig for regjeringspartiene å bli ferdig
med denne saken i dag. Det måtte da vært mye bedre at vi sendte
saken tilbake til regjeringen og fikk en grundig og forsvarlig behandling
av den. Dette kommer til å ha store konsekvenser for strafferetten
i Norge og for domstolene.
Det heter seg
at all makt er i denne sal, og jeg føler sterkt på at etterpå skal
vi votere, vi trykker litt på knappene våre, og plutselig har vi
endret rettstilstanden for skyldevne på en måte som vi ikke aner
konsekvensen av. Det er faktisk det som skjer. Jeg mener at det
hadde vært mye klokere å tenke slik: én gang til, gå tilbake på
det, sende saken tilbake til regjeringen og komme tilbake til Stortinget
med ny behandling på et mye bedre grunnlag, som forhåpentligvis
kunne fått større tilslutning i det juridiske miljøet. For det som
skjer i dag, mener jeg er helt uforsvarlig.
Lene Vågslid (A) [10:41:24 ] : Eg er heilt einig med førre
talar. Eg synest òg det er synd at me har kome dit. Mitt inntrykk
er at denne saka er så pass tung og vanskeleg og at ein kanskje
etter kvart begynner å bli litt lei, så ein ynskjer å bli ferdig
og få ho vedteken.
Det som bør seiast,
er at det er veldig mykje bra i denne proposisjonen. Det er veldig
mykje bra når det gjeld samfunnsvern. Det er mykje me her er einige
om, f.eks. når det gjeld sakkyndigrolla. Det er me heilt einige om.
Men det er viktig ikkje å skape eit inntrykk av at det er sakkyndige
som avseier dommar i norske rettssalar. Det er det ikkje. Men at
den rettspsykiatriske rolla og sakkyndigrolla fekk seg ein god knekk
og debatt etter 22. juli, er det ingen tvil om. Det er difor det
er så synd at me i dag ikkje kjem fram til noko me kan einast om.
Det kunne me ha gjort viss regjeringspartia hadde lytta til oss
for eitt år sidan. Viss denne saka hadde blitt sendt tilbake på
eit tidleg tidspunkt, kunne me ha vore ein heilt annan plass no.
Dessverre kjem ein då til å gjere endringar som kan få konsekvensar
me enno ikkje veit resultatet av.
Eg har vore medlem
av justiskomiteen i seks år og har sete på Stortinget i nesten ti
år, og eg har sjeldan opplevd ein slik massiv motstand frå så tunge
fagmiljø som i denne saka. Den politiske risikoen som regjeringspartia
tek her i dag, vil eg ikkje vere med på, så eg ber dykk om å tenkje
dykk nøye om fram til votering. Det er ikkje for seint å snu.
Frida Melvær (H) [10:43:21 ] : Eg forundrar meg litt over tanken
frå opposisjonen om at vi har hatt slikt hastverk med denne saka.
Tilregnelighetsutvalget vart oppnemnt i 2013 og avleverte sin NOU
i 2014. Departementet har hatt saka liggjande i fleire år og har
behandla ho grundig der, før ho vart sendt over til komiteen for eitt
år sidan.
Komiteen har brukt
eitt år på denne saka, og eg meiner oppriktig at vi har gjort eit
grundig arbeid. Vi har late alle som har ynskt det, kome til orde
og seie si meining.
Eg vil òg understreke
at høyringsinstansane har vore delte på midten. Og det er klart
at dei som har vore mest ueinig i innstillinga og konklusjonane
frå departementet, har vore dei som tydelegast har teke til orde imot
når vi har møtt dei i høyringane som komiteen har hatt.
Det er likevel
sånn at framleis er høyringsinstansane delte på midten. Dei held
fast ved sine respektive syn. Vi har lytta til dei, vi har vurdert
dei og teke dei på alvor og konkludert med dei tilrådingane som
ligg føre for Stortinget til behandling i dag.
Eg meiner at opposisjonen
tek feil og uttrykkjer noko som er feil, når dei hevdar at vi har
hatt hastverk med denne saka.
Presidenten: Representanten
Lene Vågslid har hatt ordet to ganger og får ordet til en kort merknad,
begrenset til 1 minutt.
Lene Vågslid (A) [10:45:25 ] : Saka har ikkje akkurat gått
fort. Poenget er at ein har hastverk no. Det er utgangspunktet:
at når kritikken blir så sterk som han har blitt no, så lyttar ein
ikkje. Min klare påstand er at denne saka har lege i Stortinget
og i komiteen eitt år heilt utan grunn. Det har ikkje hatt nokon
verdi at ho har lege der i eitt år, all den tid den endringa regjeringspartia
såg ut til å kome fram til, i dag blir understreka med all tydelegheit
ikkje inneber noka realitetsendring.
Presidenten: Flere
har ikke bedt om ordet til sak nr. 1.