Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte mandag den 17. juni 2013 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen

Dokumenter: 

Sak nr. 24 [20:03:40]

Innstilling fra kirke-, utdannings- og forskningskomiteen om endringer i opplæringslova og privatskolelova (spesialundervisning m.m.)

Talere

Votering i sak nr. 24

Votering i sak nr. 24

Komiteen hadde innstilt til Stortinget å gjøre slikt vedtak til

lov

om endringer i opplæringslova og privatskolelova (spesialundervisning m.m.)

I

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir det gjort følgande endringar:

§ 5-4 første ledd skal lyde:

Eleven eller foreldra til eleven kan krevje at skolen gjer dei undersøkingar som er nødvendige for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og eventuelt kva opplæring eleven treng. Undervisningspersonalet skal vurdere om ein elev treng spesialundervisning, og melde frå til rektor når slike behov er til stades. Skolen skal ha vurdert og eventuelt prøvd ut tiltak innanfor det ordinære opplæringstilbodet med sikte på å gi eleven tilfredsstillande utbytte før det blir gjort sakkunnig vurdering.

§ 5-5 andre ledd skal lyde:

Skolen skal ein gong i året utarbeide skriftleg oversikt over den opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven. Utviklinga til eleven skal vurderast ut i frå måla som er satt i eleven sin individuelle opplæringsplan. Skolen sender oversikta og vurderinga til eleven eller til foreldra til eleven og til kommunen eller fylkeskommunen.

§ 8-1 skal lyde:

§ 8-1 Skolen

Grunnskoleelevane har rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gi forskrifter om kva for skole dei ulike områda i kommunen soknar til. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

To eller fleire kommunar kan avtale at område i ein kommune soknar til ein skole i nabokommunen. Elles gjeld retten etter første ledd første punktum. Kommunane må gi likelydande forskrift om kva for område i kommunane som soknar til denne skolen. Kommunane skal opprette ein skriftleg samarbeidsavtale. Kommunestyret vedtar sjølv avtalen og endringar i denne. Samarbeidsavtalen skal minst innehalde fråsegn om:

  • a) opprekning av avtalepartane og kva kommune som skal drifte skolen som dei gitte områda soknar til

  • b) det økonomiske oppgjeret mellom kommunane, som kostnadar til skyssordning

  • c) varigheita på avtalen

  • d) reglar for å tre ut av og avvikle samarbeidet, og

  • e) anna som etter lov krev avtale.

Etter søknad kan eleven takast inn på annan skole enn den eleven soknar til.

Når omsynet til dei andre elevane tilseier det, kan ein elev i særlege tilfelle flyttast til ein annan skole enn den skolen eleven har rett til å gå på etter første leddet. Før det blir gjort vedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Når det er nødvendig, kan eleven flyttast til ein skole utanfor kommunen, men ikkje slik at eleven må flytte ut av heimen eller at skoleskyssen blir uforsvarelg lang.

Ny § 8-3 skal lyde:

§ 8-3 Forholdstal mellom talet på lærarar og talet på elevar

Departementet kan fastsettje nærmare forskrifter om forholdstal mellom talet på lærarar og talet på elevar per skole eller per kommune. Forholdstalet kan variere på ulike trinn.

§ 9a-7 nytt tredje ledd skal lyde:

Fristen for forelding er fem år for brot på reglar i dette kapitlet som gjeld psykososialt skolemiljø. Elles gjeld reglane i straffelova om opphør av straff ved forelding.

Ny § 9a-8 skal lyde:

§ 9a-8 Erstatningsansvar og bevisbyrde

Reglane i lov 13. juni 1969 nr. 26 om skadeserstatning kapittel 2 gjeld for saker om psykososialt skolemiljø etter reglane i dette kapitlet.

Hvis det i saker etter første ledd ligg føre tilhøve som gir grunn til å tro at skoleeigar ikkje har følgt opp reglane i eller i medhald av opplæringslova kapittel 9a om psykososialt skolemiljø, skal dette leggjast til grunn med mindre skoleeigaren gjer noko anna truleg.

Nåværende §§ 9a-8 og 9a-9 blir nye §§ 9a-9 og 9a-10.

Ny § 10-11 skal lyde:

§10-11 Personale som ikkje er tilsett i undervisningsstilling og som skal hjelpe til i opplæringa

Personale som ikkje er tilsett i undervisningstilling etter § 10-1 eller § 10-6 kan hjelpe til i opplæringa dersom dei får nødvendig rettleiing. Slik hjelp må berre skje på ei slik måte og i eit slikt omfang at eleven får forsvarleg utbytte av opplæringa. Personale som ikkje er tilsett i undervisningstilling skal ikkje ha ansvaret for opplæringa.

§ 13-10 andre ledd andre punktum skal lyde:

Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter § 2-12 skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører med heimel i § 14-4.

Kapittel 15 overskriften skal lyde:

Kapittel 15 Bruk av forvaltningslova.

Opplysningsplikt m.m.

Ny § 15-5 skal lyde:

§ 15-5 Plikt til å delta i arbeidet med individuell plan

Skolen skal, når det er nødvendig for å ivareta elevanes behov for eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod, delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i individuell plan heimla etter anna lov og forskrift.

II

I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskott blir det gjort følgande endringar:

Ny § 3-6a skal lyde:

§ 3-6a Plikt til å delta i arbeidet med individuell plan

Skolen skal, når det er nødvendig for å ivareta elevanes behov for eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod, delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i individuell plan heimla etter anna lov og forskrift.

Ny § 4-5 skal lyde:

§ 4-5 Personale som ikkje er tilsett i undervisningsstilling og som skal hjelpe til i opplæringa

Personale som ikkje er tilsett i undervisningstilling etter § 4-2 kan hjelpe til i opplæringa dersom dei får nødvendig rettleiing. Slik hjelp må berre skje på ei slik måte og i eit slikt omfang at eleven får forsvarleg utbytte av opplæringa. Personale som ikkje er tilsett i undervisningstilling skal ikkje ha ansvaret for opplæringa.

III

Loven blir satt i kraft på det tidspunkt Kongen bestemmer. De enkelte bestemmelsene kan settes i kraft på ulike tidspunkt.

Endringen i opplæringslova § 13-10 andre ledd andre punktum trer i kraft straks.

Presidenten: Det voteres først over I Ny § 8-3.

Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre har varslet at de ønsker å stemme imot.

Votering:Komiteens innstilling ble bifalt med 58 mot 41 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 00.19.09)

Presidenten: Det voteres så over øvrige paragrafer under I, og II og III.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.

Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.

Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet ble enstemmig bifalt.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli satt opp til andre gangs behandling i et senere møte i Stortinget.