Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte torsdag den 29. mars 2012 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen

Sak nr. 15 [18:19:44]

Interpellasjon fra representanten Gunvor Eldegard til kunnskapsministeren:
«Regjeringa la før jul fram handlingsplan for likestilling. Det er veldig positivt. Eit tema i planen er at regjeringas mål er at fleire yrke og stillingar skal ha ein jamnare kjønnsbalanse, og at regjeringa ønskjer å stimulera til meir utradisjonelle utdanningsval for jenter og gutar innanfor vidaregåande opplæring og høgare utdanning. Handlingsplanen syner òg døme på gode prosjekt. Blant anna prosjektet «Jenter i bil og elektro», som har vart nokre år, har gitt gode resultat. Det ein òg ser, er at ein som oftast er avhengig av eldsjeler når ein set i gang prosjekt. Det er ingen i fylkeskommunen som styrer vidaregåande skule, som har eller tek eit ansvar for likestillinga. I dei fylka der det er eldsjeler, skjer det mykje spennande, elles lite.
Vil statsråden ta tak i denne problemstillinga, og kva tiltak vil ho gjera?»