Omtale
av ordninga
Pensjon frå statskassa
er ei særordning som gjev Stortinget høve til å gi ei pensjonsyting
til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg
måte. Pensjonen byggjer ikkje på rettskrav, lov eller forskrift,
og blir gjerne omtala som gåvepensjon («billighetspensjon»).
Proposisjonen no
gjeld lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Dei er i hovudsak
sjølv borgarar i landet der dei arbeider. Nokre av dei lokalt tilsette
er norske borgarar, og nokre av desse har òg vanleg tenestetid i
Statens pensjonskasse frå 1. januar 1996 gjennom å ha medlemskap
i norsk folketrygd.
Lokalt tilsette ved
norske utanriksstasjonar skal som ein hovudregel sikrast gjennom
lokale trygde- og forsikringsordningar, jf. utanriksinstruksen.
Utanriksstasjonane
skal sjølv syte for at det blir oppretta lokale trygde- og forsikringsordningar,
og dei aller fleste er i dag omfatta av slike lokale ordningar.
Unnataksvis kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar,
eller at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg.
I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon
frå statskassa. Sjølv om pensjonsrettane til dei lokalt tilsette
er teke inn i arbeidskontrakten, kan tilhøve i tenestelandet, til
dømes politisk uro, høg inflasjon og stor uvisse med omsyn til bank-
og forsikringsordningar, føre til at vedkomande ikkje får den ytinga han
eller ho har opparbeidt seg rett til ved alderdom, uførleik eller
tap av forsørgjar.
Utanriksdepartementet
legg stor vekt på å sørgje for at stasjonane følgjer opp instruksen
så langt råd er, og sikrar at dei lokalt tilsette ved utanriksstasjonane
er med i lokale ordningar.
Det blir gjort klart
at pensjon frå statskassa berre blir gitt i særskilde høve der lokale
ordningar ikkje finst eller ikkje sikrar dei tilsette godt nok.
Utanriksdepartementet arbeider systematisk med innhenting av opplysningar
frå utanriksstasjonane om arbeidsvilkåra til lokalt tilsette, inkludert
pensjonsordningar.
Yting frå lokal pensjonsordning
skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa. Dette gjeld anten
utbetalinga er månadleg eller, som i visse tilfelle, som eit eingongsbeløp.