Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Jette F. Christensen, Gunvor Eldegard og lederen Martin Kolberg, fra
Høyre, Erik Skutle og Michael Tetzschner, fra Fremskrittspartiet, Tom
E. B. Holthe og Helge Thorheim, fra Kristelig Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan,
fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Venstre, Erik Lundeby,
fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, og fra Miljøpartiet
De Grønne, Rasmus Hansson, viser til grunnlovsforslag Dokument
12:28 (2011–2012) Grunnlovsforslag om endring av § 57 i Grunnlova
(berre norske borgarar skal reknast med ved mandatfordelinga) om
endring av § 57 i Grunnlova samt forslagsstillar si grunngjeving. Forslaget
inneber at berre innbyggjarar med norsk statsborgarskap skal reknast
med ved mandatfordelinga, i staden for alle innbyggjarar, som er
høvet i dag.
Komiteens fleirtal,
alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Senterpartiet, viser
til at nesten 10 prosent av innbyggjarane i Noreg er utanlandske
statsborgarar. Ifølgje SSB passerte talet på utanlandske statsborgarar ein
halv million i 2014, og utgjorde dermed 9,9 prosent av folketalet
i Noreg ved årsskiftet.
Fleirtalet har merka seg at innbyggjarar
utan norsk statsborgarskap er nokså jamt fordelt i landet i dag,
sjølv om det er variasjonar. I hovudstaden utgjer utanlandske statsborgarar
15,8 prosent av innbyggjarane i kommunen. Utanom Oslo er det fylka
Rogaland, Akershus, Buskerud og Finnmark som har den største delen
utanlandske statsborgarar sett i høve til folketalet: over 10 prosent
i kvart av fylka. Lågast del utanlandske statsborgarar har Nord-Trøndelag
med under 6 prosent.
Fleirtalet meiner at vårt representative demokrati
inneber at Stortinget skal representere alle innbyggjarar, ikkje
berre norske statsborgarar, berre dei med røysterett eller berre
dei som har røysta på valdagen. Fleirtalet meiner
det ikkje er ønskjeleg å endre det systemet vi har i dag og går
inn for at forslaget ikkje vert vedteke.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Senterpartiet mener praktiseringen av dagens mandatfordeling
ikke er i tråd med Grunnlovens intensjon. Det at det er forskjell
på antall stemmeberettigede og hvem som er i beregningsgrunnlaget
for mandater fra valgdistriktet, er uheldig. Selv om Grunnloven
§ 57 bruker begrepet «antall innbyggere», mener disse medlemmer at
man må se hen til § 50 som sier at bare norske borgere kan stemme
ved stortingsvalg.
Disse medlemmer mener derfor
at Grunnloven § 57 bør endres slik at det er antallet norske statsborgere
i valgdistriktet, og ikke antallet registrerte innbyggere, som sammen
med valgdistriktets areal skal legges til grunn for fordelingen
av antall mandat fra de ulike valgdistriktene.
Disse medlemmer foreslår på denne
bakgrunn at Dokument 12:28 (2011–2012) bifalles.