Innstilling fra næringskomiteen om endringar i EØS-høringsloven (elektronisk administrativt samarbeid)

Dette dokument

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Nærings- og fiskeridepartementet foreslår i proposisjonen ei lovendring som gjev forskriftsheimel til å gjennomføre europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1024/2012 Om forvaltningssamarbeid gjennom informasjonssystemet for det indre marked og om oppheving av kommisjonsvedtak 2008/49/EF (IMI-forordninga). Departementet foreslår å ta forskriftsheimelen inn i lov 17. desember 2004 nr. 101 om europeisk meldeplikt for tekniske reglar (EØS-høringsloven).

Forordninga regulerer ulike forhold knytte til informasjonssystemet for den indre marknaden (IMI) og søkjer å oppnå fire hovudmål:

  • å etablere eit horisontalt rettsgrunnlag for IMI og fastsetje felles reglar for ein mest mogleg effektiv bruk av systemet,

  • å etablere eit regelverk for personvern i IMI,

  • å leggje til rette for framtidig utvida bruk av IMI innanfor nye saksfelt,

  • å klargjere rollene til og forenkle kontakten mellom aktørane i IMI.

1.2 Bakgrunnen for forslaget

Europakommisjonen utvikla i 2008 eit elektronisk informasjonssystem for den indre marknaden (IMI) for å styrkje samarbeidet mellom styresmakter i EØS-statane på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Relevante styresmakter kan med IMI som verktøy effektivt utveksle informasjon om vilkåra for å drive økonomiske og næringsretta aktivitetar i dei respektive EØS-statane.

EØS-komiteen vedtok den 30. april 2015 å innlemme europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1024/2012 om IMI-forordninga i EØS-avtalen. Noreg var med på vedtaket med atterhald om samtykke i Stortinget, jf. kgl.res. av 24. april 2015. Utanriksdepartementet legg parallelt med dette lovforslaget fram ein proposisjon S om samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen. Dersom Stortinget samtykkjer, vil det innebere ei plikt til å gjennomføre forordninga i norsk rett. Etter EØS-avtalen artikkel 103 skal eit vedtak i EØS-komiteen som hovudregel gjennomførast innan utgangen av seks månader etter vedtaket i EØS-komiteen, dvs. innan 30. oktober 2015 i dette tilfellet. Ei uoffisiell norsk omsetting av forordninga er teken inn som vedlegg til proposisjonen.

1.3 Nærare om IMI

IMI er eit elektronisk verktøy som Europakommisjonen leverer. IMI skal lette forvaltningssamarbeidet mellom relevante styresmakter i EØS og mellom styresmaktene og ESA/Europakommisjonen. Programvara er gratis og enkelt tilgjengeleg gjennom IMI-portalen på Europakommisjonens heimeside.

I dag blir IMI nytta som elektronisk verktøy ved administrativt samarbeid innanfor virkeområda til fleire direktiv, medrekna yrkeskvalifikasjonsdirektivet, tenestedirektivet, pasientrettardirektivet og utsendingsdirektivet.

Kvart medlemsland har ein nasjonal IMI-koordinator. Nærings- og fiskeridepartementet er nasjonal IMI-koordinator i Noreg. Departementet har såleis eit overordna ansvar for IMI i Noreg og deltek i arbeidet på europeisk nivå.

Den ansvarlege styresmakta for det fagområdet IMI skal nyttast på, er også fagleg koordinator for sitt område.

1.4 Arbeidet med regelverket i EU og Noreg

Nærings- og fiskeridepartementet har følgt prosessen med vidareutviklinga av systemet, mellom anna ved å delta i Europakommisjonen si arbeidsgruppe IMAC-IMI.

IMI har så langt fungert på ulovfesta grunnlag. For å leggje til rette for eit framtidsretta system som forenklar samhandlinga mellom styresmaktene i EØS, fremja Europakommisjonen eit framlegg til IMI-forordning. Departementet sende Europakommisjonen sitt framlegg på høyring med høyringsfrist 30. november 2011. Av 25 høyringsinnspel hadde åtte høyringsinstansar konkrete merknader, og tilbakemeldingane var i all hovudsak positive. Med bakgrunn i forslaget til forordning og høyringsinnspela var Noreg med på å utarbeide ei felles EØS/EFTA-fråsegn, som vart sendt over til Europakommisjonen, Rådet og Europaparlamentet 12. mars 2012. I fråsegna gav EØS/EFTA-statane si støtte til IMI som verktøy.

Nærings- og handelsdepartementet sende den vedtekne forordninga på høyring 2. april 2013 saman med forslag til endringar i EØS-høyringslova og forskrift om å gjennomføre forordninga. Høyringsnotatet omfatta også forslag til å gjennomføre europaparlaments- og rådsforordning 1025/2012 om europeisk standardisering.

1.5 Departementet sine vurderingar

Erfaringane med IMI har, sett frå norsk ståstad, vore gode. Godt administrativt arbeid er vesentleg for forvaltninga av den indre marknaden. IMI, slik det fungerer i dag, forenklar sakshandsaminga og reduserer administrative byrder gjennom grenseoverskridande aktivitet for forvaltning, bedrifter og borgarar.

IMI inneber også utveksling av personopplysningar, og det reiser seg spørsmål knytt til personvern. Omsynet til den enkelte blir teke vare på gjennom utfyllande reglar om handtering og seinare sletting av personopplysningar. Spørsmål rundt prinsippet om offentleglova har også vore oppe. Bakgrunnen for dette er at det i forslaget til forordning var krav om at ei oppmoding frå ein medlemsstat om unntak frå offentlegheit skulle følgjast. Fleire av medlemslanda i EU meinte at det var utfordringar knytt til denne regelen. I den felles EØS/EFTA-fråsegna uttrykte også EØS/EFTA-statane uro for at grunnleggjande offentlegrettslege prinsipp kunne bli utfordra dersom denne regelen vart ståande i forordninga. Under voteringa over forordninga i Europaparlamentet vart regelen difor endra slik at det no er større rom for å undersøkje nærare om det er behov for å unnta eit dokument frå offentleggjering. Departementet meiner at regelen slik han no er formulert, kan sameinast med offentleglova.

For EØS/EFTA-statane er IMI enno ikkje teke i bruk for direktivet om pasientrettar. Årsaka er at direktivet ikkje har vore innlemma i EØS-avtalen. Så snart dette er på plass vil EØS/EFTA-statane nytte IMI på lik linje med EU-statane på dette området.

Slik det er gjort nærare greie for i proposisjonen, kan ESA først få tilgang til IMI for notifiseringar knytta til tenestedirektivet når forordninga no er ein del av EØS-avtalen. ESA har i dag ikkje tilgang til EU-medlemsstatane sine notifiseringar, og får såleis ikkje det naudsynte overblikket for å kunne vurdere notifiseringar frå EØS/EFTA-landa i forhold til EU-landa sine notifiseringar. Prinsippet om homogenitet mellom EU-pilaren og EØS/EFTA-pilaren tilseier såleis at ESA bør ha tilgang til IMI.

Den norske legeforening er uroa over at krinsen som har tilgang til personopplysningar, vil bli utvida etter kvart som IMI blir utvida og nytta på nye område for administrativt samarbeid. Ein IMI-aktør får berre tilgang til den eller dei modulane i systemet som aktøren har behov for ut frå sine ansvarsområde. Departementet strekar under at det berre er éin saksbehandlar i den enkelte saka som får tilgang til personopplysningane som blir registrerte. Utviding av IMI til nye saksfelt vil såleis ikkje gi fleire personar tilgang til personopplysningane i ei enkelt sak. Departementet meiner at personvernreglane i IMI-forordninga tar vare på rettane til den registrerte på ein tilfredsstillande måte.

1.5.1 Om den lovtekniske gjennomføringa

Det følgjer av artikkel 7 i EØS-avtalen at gjennomføringsplikta gjeld rettsakter som er «omhandlet i eller inntatt i vedlegg til denne avtale eller i EØS-komiteens vedtak». Ei forordning som er tatt inn i EØS-avtalen, skal såleis gjerast til ein del av den interne rettsorden. Etter artikkel 7 bokstav a skal ei forordning «som sådan gjøres til del av avtalepartenes interne rettsorden». Dette inneber at forordninga skal gjennomførast ved inkorporasjon. Inkorporasjon inneber at ein vedtek ei lov- eller forskriftsføresegn som fastset at forordninga i EØS-tilpassa form skal gjelde direkte i norsk rett.

Etter departementet si vurdering synest det formålstenleg å implementere forordninga i EØS-høyringslova. Det er gjort nærare greie for dei konkrete endringsforslaga i merknader til føresegner i lovutkastet. Sidan forordninga allereie har tredd i kraft i EU, foreslår departementet at lovendringa trer i kraft straks.

1.6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Innføring og gjennomføring av forordninga er ikkje venta å ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Eventuelle auka utgifter knytt til plikter i forordninga kan dekkast innanfor dei gjeldande rammene til dei fagansvarlege departementa.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, fra Høyre, Frank Bakke-Jensen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove Trellevik, fra Fremskrittspartiet, Morten Ørsal Johansen, Øyvind Korsberg og Jørund Rytman, fra Kristelig Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, fra Senterpartiet, lederen Geir Pollestad, og fra Venstre, Pål Farstad, har merket seg at forordningen regulerer ulike forhold knyttet til informasjonssystemet for det indre marked (IMI) og søker å oppnå fire hovedmål:

  • å etablere et horisontalt rettsgrunnlag for IMI og fastsette felles regler for en mest mulig effektiv bruk av systemet

  • å etablere et regelverk for personvern i IMI

  • å legge til rette for fremtidig utvidet bruk av IMI innenfor nye saksfelt

  • å klargjøre rollene til og forenkle kontakten mellom aktørene i IMI

Komiteen har også merket seg at EØS-komiteen den 30. april 2015 vedtok å innlemme europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1024/2012 om IMI-forordningen i EØS-avtalen, og dersom Stortinget samtykker, vil det innebære en plikt til å gjennomføre forordningen i norsk rett.

Komiteen er enig i at IMI vil lette forvaltningssamarbeidet mellom relevante myndigheter i EØS og mellom myndighetene og ESA/Europakommisjonen. Komiteen har merket seg at programvaren er gratis og enkelt tilgjengelig gjennom IMI-portalen på Europakommisjonens hjemmeside, og at IMI i dag blir benyttet som elektronisk verktøy ved administrativt samarbeid innen virkeområdene til flere direktiver, bl.a. yrkeskvalifikasjonsdirektivet, tjenestedirektivet, pasientrettighetsdirektivet og utsendingsdirektivet.

Nærings- og fiskeridepartementet er nasjonal IMI-koordinator i Norge. Departementet har dermed et overordnet ansvar for IMI i Norge og deltar i arbeidet på europeisk nivå.

Komiteen har merket seg at IMI så langt har fungert på ulovfestet grunnlag. For å legge til rette for et fremtidsrettet system som forenkler samhandlingen mellom myndighetene i EØS, fremmet Europakommisjonen et forslag til IMI-forordning. Videre har komiteen merket seg at Nærings- og fiskeridepartementet sendte Europakommisjonens forslag på høring med høringsfrist 30. november 2011. Av 25 høringsinnspill hadde åtte høringsinstanser konkrete merknader, og tilbakemeldingene var i all hovedsak positive.

Komiteen er enig i at erfaringene med IMI, sett fra norsk ståsted, har vært gode. Godt administrativt arbeid er vesentlig for forvaltningen av det indre markedet. IMI, slik det fungerer i dag, forenkler saksbehandlingen og reduserer administrative byrder gjennom grenseoverskridende aktivitet for forvaltning, bedrifter og borgere.

Komiteen har merket seg at IMI også innebærer en utveksling av personopplysninger, og at det reiser seg spørsmål knyttet til personvern. Under voteringen over forordningen i Europaparlamentet ble regelen endret slik at det nå er større rom for å undersøke nærmere om det er behov for å unnta et dokument fra offentliggjøring. Komiteen har videre merket seg at Nærings- og fiskeridepartementet mener at regelen, slik den nå er formulert, kan samordnes med offentlighetsloven. Komiteen er enig i at siden forordningen allerede har trådt i kraft i EU, bør lovendringen tre i kraft straks.

Komiteen har også merket seg at innføring og gjennomføring av forordningen ikke forventes å ha vesentlige økonomiske eller administrative konsekvenser. Eventuelle økte utgifter knyttet til forpliktelser i forordningen kan dekkes innenfor de gjeldende rammene til de fagansvarlige departementene.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak til lov

om endringar i EØS-høringsloven (elektronisk administrativt samarbeid)

I

I lov 17. desember 2004 nr. 101 om europeisk meldeplikt for tekniske regler m.m. blir det gjort følgjande endringar:

§ 1 første ledd første punktum skal lyde:

Loven skal motvirke ulovlige handelshindringer og bidra til fri bevegelighet i EØS’ indre marked for varer og informasjonssamfunnstjenester, og etableringer av slike tjenester, gjennom elektronisk administrativt samarbeid og et system for europeisk meldeplikt (EØS-høring) for forslag til tekniske regler.

§ 2 første ledd første punktum skal lyde:

Loven gjelder for elektronisk administrativt samarbeid i EØS og statlige forvaltningsorganers utarbeidelse og vedtakelse av tekniske regler.

Ny § 13 a skal lyde:

§ 13 a Elektronisk administrativt samarbeid i EØS

Departementet kan gi forskrifter om elektronisk system for elektronisk administrativt samarbeid i EØS, herunder bestemmelser om virkeområdet for og effektiv bruk av systemet og om personvern.

II

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.

Oslo, i næringskomiteen, den 5. november 2015

Geir Pollestad

Odd Omland

leder

ordfører