Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram
forslag om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak som
inngår i utbygginga av vegnettet i Førde kommune i Sogn og Fjordane (Førdepakken).
Førdepakken omfattar prosjekt og tiltak på både riksveg, fylkesveg
og kommunal veg.
Vegnettet i Førde sentrum er ikkje dimensjonert for
dagens trafikk. Det er tidvis problem med å avvikle trafikken på
ein trygg og effektiv måte. I rushtida er det tett og saktegåande
trafikk. E39 går gjennom Førde sentrum og møter rv. 5 som går til
Florø.
Løysinga for trafikksituasjonen i Førde sentrum har
både eit kortsiktig og eit langsiktig perspektiv. På lang sikt er
det planar om å føre gjennomgangstrafikken på E39 utanom Førde sentrum.
I mellomtida er det lagt opp til at prosjekta og tiltaka i Førdepakken
skal gi betre vilkår for både gjennomgangs- og lokaltrafikken. Dette
vil ein oppnå mellom anna ved å skilje gang- og sykkeltrafikken
frå biltrafikken. Det er eit mål å etablere eit samanhengande sykkelvegnett.
Det vil også bli bygd avlastingsvegar. Fleire av prosjekta vil legge
til rette for utbygging i sentrum og nær sentrum.
Det er lokalpolitisk tilslutning til eit opplegg
for delvis bompengefinansiering av Førdepakken. Den lokalpolitiske
behandlinga er nærare omtala i kapittel 2 i proposisjonen.
I mai 2012 blei det inngått avtale mellom Sogn og
Fjordane fylkeskommune, Førde kommune og Statens vegvesen om Førde
som sykkelby. Målet er å gjere det trygt og attraktivt å sykle i Førde,
mellom anna gjennom eit samanhengande gang- og sykkelvegnett. Avtalen
går fram til utgangen av 2015. Førde kommune vurderer å søkje om
å vidareføre avtalen.
Forslaget til Førdepakke omfattar 20 prosjekt
og tiltak. Det er sett av ei ramme til uspesifiserte sentrumstiltak
(gang- og sykkelvegar og mindre utbetringar) og ei ramme til planlegging. Prosjekta
og tiltaka omfattar bygging av nye veglenker, bygging av gang- og
sykkelvegar, opprusting og utviding av eksisterande vegar, samt opprusting
av eksisterande gang- og sykkelvegar. Forslaget til Førdepakke med
aktuelle prosjekt som blei lagt fram for lokalpolitisk behandling
går fram av tabell 3.1 i proposisjonen.
Av dei 20 prosjekta og tiltaka ligg det føre
reguleringsplanar for 9 prosjekt/tiltak. Av desse skal fire reviderast/oppdaterast.
Reguleringsplanar vil bli utarbeidde løpande. Dei 20 prosjekta/tiltaka
og plasseringa av bomstasjonar går fram av figur 3.1 i proposisjonen.
Trafikkgrunnlaget som er lagt til grunn er nærare omtala
i kapittel 3 i proposisjonen. Årsdøgntrafikken (ÅDT) i innkrevjingsretninga
er vurdert til 15 750 køyretøy i referanseåret 2012. Tunge køyretøy
utgjer om lag 7 pst. av trafikken. Trafikkteljingar frå 2014 viser
ein moderat vekst i trafikken frå 2012 til 2014.
Dei siste åra har trafikkveksten i Førde vore
høgare enn den genererelle trafikkveksten i fylket. Det er venta
at trafikkveksten vil gå noko ned som konsekvens av bompengeinnkrevjinga.
Det er lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 0,5 pst. fram til
utgangen av bompengeperioden.
Finansieringsplanen omfattar statlege, fylkeskommunale
og kommunale midlar i tillegg til bompengar. Finansieringsplanen
er vist i tabell 5.1 i proposisjonen.
Det er lagt til grunn at refusjon av meirverdiavgifta
ved prosjekt og tiltak på fylkesvegar og kommunale vegar blir ført
tilbake til Førdepakken. Samla økonomisk ramme for Førdepakken er
om lag 1,65 mrd. kroner i 2015-prisnivå. Det er gjennomført ekstern
kvalitetssikring (KS2) av bompenge- og finansieringsopplegg.
Finansieringsplan for Førdepakken
| Mill. 2015-kroner |
År | 2014–2017 | 2018–2023 | Sum |
Statlege midlar | 19 | 139 | 158 |
Fylkeskommunale midlar | | 158 | 158 |
Kommunale midlar | | 158 | 158 |
Refusjon av meirverdiavgift | 48 | 145 | 193 |
Bompengar | 180 | 803 | 983 |
Sum | 247 | 1 403 | 1 650 |
I Førdepakken er det lagt vekt på at dei som passerer
bomstasjonane, får del i den samla nytten som Førdepakken vil gje.
Det er også lagt vekt på å unngå at mange får nytte utan at dei
er med på å betale.
I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka blir det
lagt opp til bompengeinnkrevjing heile døgnet i automatiske bomstasjonar
med einvegs innkrevjing. Innkrevjingsretninga er mot sentrum. Bomstasjonane
vil vere baserte på Autopass-systemet. Det blir lagt opp til å starte
innkrevjinga så snart som mogleg etter behandling i Stortinget.
Bompengar og bompengeopplegg er nærare omtala i kapittel 5 i proposisjonen.
I grunnlaget for den lokalpolitiske behandlinga er
det lagt til grunn ein utbyggingsperiode på åtte år. Det er føresett
låneopptak. Det er rekna med at akkumulert gjeld vil vere størst
i 2022. Denne er førebels rekna til om lag 300 mill. kroner. Det er
føresett at bompengeperioden blir på tolv år.
I proposisjonen er det førebels rekna med samla bompengeinntekter
på om lag 1 220 mill. 2015-kroner. Om lag 980 mill. kroner er føresett
nytta til å dekkje delar av investeringskostnadene, om lag 90 mill.
kroner til å dekkje lånerenter og om lag 150 mill. kroner til å
dekkje innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.
Garantisten sitt utlegg kan dekkjast gjennom
ein auke i realtakstane med inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden
med inntil fem år.
Samferdselsdepartementet meiner at dei økonomiske
føresetnadene som er lagt til grunn for pakken er realistiske, og
tilrår det lokale forslaget til utbygging og finansiering.
Som for andre bompengepakkar er det føresett
at omfanget av utbygginga blir tilpassa den økonomiske ramma på
om lag 1,65 mrd. kroner. Pakken skal styrast gjennom porteføljestyring. Dersom
kostnadene for nokre av prosjekta/tiltaka aukar, vil dette innebere
at andre prosjekt ikkje blir gjennomførte. Dersom enkelte prosjekt/tiltak
blir rimelegare enn føresett, blir det plass til fleire prosjekt/tiltak,
eller innkrevjingstida kan reduserast.
Ei overgangsordning for rentekompensasjon vil innebere
at Sogn og Fjordane fylkeskommune, som garantist for bompengelånet,
vil få tilbod om at takstane kan baserast på lågare lånerente enn
6,5 pst. Det er ein føresetnad at Førdepakken blir lagt inn i eit
av dei nye bompengeselskapa når desse er etablerte. På vanleg måte
vil det bli kravd at den fylkeskommunale garantien blir godkjent
av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Etter at Stortinget har fatta vedtak om delvis bompengefinansiering
av Førdepakken, vil Statens vegvesen Vegdirektoratet inngå avtale
med bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei
vilkåra som er lagt til grunn i proposisjonen.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Kjell-Idar Juvik, Ingvild Kjerkol, Sverre Myrli, Magne Rommetveit
og Eirin Sund, frå Høgre, Torill Eidsheim, leiaren Linda C. Hofstad
Helleland, Nils Aage Jegstad og Helge Orten, frå Framstegspartiet,
Ingebjørg Amanda Godskesen, Åse Michaelsen og Roy Steffensen, frå
Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, frå Senterpartiet, Janne
Sjelmo Nordås, og frå Venstre, Abid Q. Raja, har merka seg
at prosjektet «Førdepakken» i Sogn og Fjordane inneheld ei rekkje
prosjekt og tiltak som har vore etterlengta og høgst påkrevd for
å løyse trafikkutfordringane i og rundt Førde sentrum. Det vil bidra
til betre vilkår for gjennomgangs- og lokaltrafikken i tillegg til
at det er sett mål om å etablere eit samanhengande sykkelvegnett. Løysinga
for trafikksituasjonen i Førde sentrum har både eit kortsiktig og
eit langsiktig perspektiv.
Komiteen har merka seg at alle
kommunane og fylkeskommunen sluttar seg til delvis bompengefinansiering
av Førdepakken. Komiteen registrerer at prosjektet
har ei samla økonomisk ramme på om lag 1,65 mrd. kroner i 2015-prisnivå,
og at det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av bompenge-
og finansieringsopplegg. Det er lagt til grunn statlege, kommunale
og fylkeskommunale midlar i tillegg til bompengar.
Komiteen viser til at det skal
vere ein føresetnad for alle bompengeprosjekt at det er samanheng
mellom nytte og betaling. Komiteen har merka seg
at det i Førdepakken er lagt vekt på at dei som betaler, får ta
del i den samla nytten, og at innbyggjarane skal oppleve opplegget
mest mogleg rettferdig.
Komiteen er oppteken av at bompengeinnkrevjinga
skal vere effektiv, og at kostnadene knytt til innkrevjing og finansiering
er så låge som mogleg. Låge kostnader vil kunne komme bilistane
til gode gjennom lågare bomtakstar eller kortare innkrevjingsperiode.
Medlemene i komiteen frå Arbeiderpartiet
og Senterpartiet vil i tillegg understreke at dei også er
opptekne av å få mest mogleg veg for pengane, og meiner at det økonomiske
moglegheitsrommet som følgje av lågare innkrevjingskostnader, til
dømes ved at ein legg lågare berekningsteknisk rente til grunn i prosjektet,
også bør kunne nyttast til å få meir veg ut av prosjektet dersom
lokale styresmakter ønskjer dette. Dette vil også komme bilistane
og kollektivtrafikken til gode.
Komiteen har merka
seg at det i tråd med lokalpolitiske vedtak blir lagt opp til einvegs
innkrevjing, timesregel og passeringstak på 30 passeringar per månad.
I tillegg er det peika på at det er ønskjeleg med oppstart så snart
som mogleg etter behandling i Stortinget. Erfaringsmessig går det
eit års tid frå Stortinget si behandling til innkrevjinga startar.
I Førdepakken ligg det då an til at bygginga av det første prosjektet
vil starte omtrent samtidig med at innkrevjinga av bompengar startar
opp. Såleis ligg det an til parallellinnkrevjing. Med dei finansieringsføresetnader
som er lagt til grunn for Førdepakken er det føresett ein bompengeperiode
på 12 år. I samsvar med bompengeavtalen vil retten til å krevje
inn bompengar opphøyre når selskapet har oppfylt sine forpliktingar.
Komiteen har merka seg styringsmodellen
for Førdepakken, der det er etablert ei eiga styringsgruppe med
mandat til å arbeide for framdrift, gjennomføring og tilstrekkeleg
finansiering for prosjekta i tråd med vilkåra i proposisjonen.
Det er allereie etablert bompengeselskap for dette
prosjektet, og det er naturleg at bompengeavtalen blir inngått med
eksisterande selskap. Komiteen viser til regjeringa
sin varsla prosess for samanslåing til færre bompengeselskap, og
at det då er naturleg at prosjektet inngår i eit av dei framtidige
bompengeselskapa når dei er etablerte.
Komiteen sluttar seg til forslaget
om delvis bompengefinansiering av prosjektet Førdepakken i Sogn
og Fjordane.
Komiteen viser til
proposisjonen og merknadene og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
1. Stortinget
samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å krevje inn bompengar
til delvis bompengefinansiering av Førdepakken i Sogn og Fjordane.
Vilkåra går fram av Prop. 137 S (2014–2015) og Innst. 394 S (2014–2015).
2. Samferdselsdepartementet får fullmakt
til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar
for finansieringsordninga.
3. Samferdselsdepartementet får fullmakt
til å fastsetje takstar basert på lågare rekneteknisk rente i tråd
med føringane i Prop. 137 S (2014–2015) og Innst. 394 S (2014–2015).
Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 15.
juni 2015
Linda C. Hofstad Helleland | Torill Eidsheim |
leiar | ordførar |