Komiteen viser til proposisjonen
og merknadene og rår Stortinget til å gjøre følgende
vedtak til lov:
om endringar i yrkestransportlova (krav om butid for
utferding av kjøresetel mv.)
I
Lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn
og fartøy vert endra slik:
§ 7 første ledd skal lyde:
(1) Den som mot vederlag vil drive persontransport i rute
med luftputefartøy, eller med anna fartøy over 8 m lengde tilsvarande
4 bruttotonn må ha ruteløyve. § 4 andre ledd bokstav b) og c) og
§ 6 andre ledd gjeld tilsvarande.
§ 26 skal lyde:
§ 26. Politiattest
Det skal krevjast ordinær politiattest
ved søknad om løyve etter denne lova, og etter at løyve er gitt
etter ein tidsperiode som vert nærare fastsett av departementet.
§ 37 a andre ledd skal lyde:
Kjøresetelen gjeld for heile landet og blir utferda av
politimeisteren eller den han gir myndigheit der vedkommande bur.
Det er ikkje nødvendig med ny kjøresetel ved skifte av bustad, jf. likevel §
37 c fjerde ledd.
§ 37 c skal lyde:
§ 37 c. Vilkår for tildeling
av kjøresetel m.m.
Den som skal få kjøresetel, må vere fylt
20 år og ha slik vandel at politiet ikkje finn vedkommande uskikka
til å virke som førar av slik motorvogn som nemnd i § 37 a.
For utlendingar krevst det 4 års butid i Noreg
før kjøresetel kan utferdast. Kravet om butid gjeld likevel ikkje
for
a) EØS-borgarar som legg fram politiattest
frå heimstaten sin,
b) utlendingar frå land utanfor EØS som har opphald
i eit EØS-land og som kan leggje fram politiattest og bevis på lovleg
opphald frå EØS-landet,
c) utlendingar frå land utanfor EØS med tidlegare opphald
i Noreg, der fråveret ikkje er av eit slikt omfang at det ikkje
kan gjennomførast tilfredsstillande vandelskontroll.
For tredjelandsborgarar som ikkje har fått opphaldstillating
før innreise til Noreg, skal butida reknast frå den datoen søknaden
om opphaldstillating vert registrert hos utlendingsstyresmaktene.
For EØS-borgarar, og tredjelandsborgarar som har fått opphaldstillating
før innreise til Noreg, vert butida rekna frå det tidspunktet som
følgjer av politiregisterforskrifta § 28-4 andre ledd.
Politimeisteren eller den han gir myndigheit kan bestemme
at det for å få kjøresetel for drosje kan krevjast avlagt prøve
som viser tilstrekkeleg kjennskap til løyvedistriktet. Er slikt
vedtak sett i verk, gjeld ikkje kjøresetel frå anna politidistrikt
utan påteikning frå politiet om at vedkommande har stått til kjentmannsprøven.
I kapittel 7A skal ny § 37 j lyde:
§ 37 j. Forskrift om kjøresetel
Departementet kan i forskrift gje nærare reglar om
kjøresetel.
II
Lova trer i kraft straks. Endringa av § 7 gjeld likevel
frå den tid Kongen fastset.