Samferdselsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg
om endringar i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn
og fartøy (yrkestransportlova).
Framlegget gjev heimel i yrkestransportlova
for krav om butid for utferding av kjøresetel til utanlandske førarar
av kjøretøy i løyvepliktig persontransport.
Departementet har lagt vekt på at transportnæringa
har fleire utanlandske førarar av både buss og drosje, og at dette
gjer behovet for eit butidskrav ekstra stort. Departementet meiner
at ei lovfesting av butidskravet etter handhevingsinstruksen er
godt eigna til å sikre at førarar har god vandel, og dermed sikre
tryggleiken for passasjerane.
Butidskravet som grunnlag for vandelsvurdering av
utanlandske borgarar som søkjer om kjøresetel for å utføre persontransport
på veg, følgde fram til 1. juli 2014 av handhevingsinstruksen frå
Politidirektoratet (rundskriv 2007/001 «Håndhevingsinstruks i førerkortsaker
mv.», omtalt som handhevingsinstruksen).
Framlegget vert gjort på bakgrunn av at det butidskrav
som har vore praktisert, ikkje kan gjerast gjeldande etter den nye
politiregisterlova, lov 28. mai 2010 nr. 16 om behandling av opplysninger
i politiet og påtalemyndigheten (politiregisterlova). Politiregisterlova
tredde i kraft 1. juli 2014. Butidskravet er dermed falt bort frå 1. juli
2014.
Etter politiregisterlova skal krav om butid
gå direkte fram av lov eller forskrift gjeve med heimel i lov, jf.
politiregisterlova § 36 andre ledd.
Etter politiregisterlova er det ikkje lenger
mogleg å leggje fram politiattest frå tredjeland (land utanfor EØS),
ettersom det ved krav om politiattest er meint norsk politiattest
med opplysningar frå det norske strafferegisteret. Justis- og beredskapsdepartementet
(JD) uttalar i forarbeida til politiregisterlova at ein regel om
butid skal ivareta omsynet til likehandsaming, og hindre at det oppstår
tilfeldige særordningar.
Det følgde av handhevingsinstruksen at politiet burde
krevje minst fem års butid i tilfelle der søkjaren ikkje kunne leggje
fram ein truverdig politiattest frå heimlandet sitt. Instruksen
opna for skjøn i dei einskilde sakene både når det gjaldt om det skulle krevjast butid og i vurderinga
av om ein utanlandsk politiattest var truverdig.
Vandelsprøvinga av utanlandske borgarar som ikkje
har budd i Noreg over tid vil, etter departementet si vurdering,
verte svekka utan eit butidskrav. Politiet vil då berre kunne vurdere vandelen
for den perioden vedkommande som søkjer om kjøresetel har budd i
Noreg. Det vil ikkje vere høve til å be om utanlandsk politiattest etter
politiregisterlova. For utlendingar med forholdsvis kort butid i
Noreg, vil vandelskontrollen vere av liten verdi sidan den berre
dekkjer vandelen i eit avgrensa tidsrom. Vandelskontrollen vil ikkje
avdekkje potensielt alvorlege straffbare handlingar vedkommande
kan ha gjort før han eller ho kom til Noreg.
Departementet vil framheve at ei svekka vandelsvurdering
vil kunne få negative konsekvensar for tryggleiken til passasjerane.
Departementet føreslår at det vert lovfesta
eit krav om minste butid i Noreg på fire år for å få kjøresetel.
Kravet gjeld ikkje for EØS-borgarar som legg fram politiattest frå
heimstaten sin.
Dette er i samsvar med politiregisterlova § 36 første
ledd nr. 1 som likestiller politiattest utferda i anna EØS-land
med norsk politiattest.
Kravet gjeld heller ikkje for tredjelandsborgarar som
har opphald i eit anna EØS-land enn Noreg, og som kan leggje fram
politiattest og prov på lovleg opphald frå dette landet, eller som
har tidlegare opphald i Noreg som ikkje er av eit slikt omfang at
det ikkje kan gjennomførast tilfredsstillande vandelskontroll.
Butidskravet skal bidra til å sikre tryggleiken
til passasjerane.
Bakgrunn for framlegget om butidskrav for utferding
av kjøresetel er nærare omtala i kapittel 2 i proposisjonen.
Samferdselsdepartementet sende 15. mai 2013 framlegget
på allmenn høyring.
27 av høyringsinstansane har gjeve fråsegn i
saka. 19 av desse hadde substansielle merknader til eitt eller fleire
av framlegga.
Åtte av dei høyringsinstansane som har gjeve fråsegn,
hadde ikkje merknader til framlegga.
Høyringsfråsegner og departementet sine vurderingar
til krav om butid for utferding av kjøresetel er nærare omtala i
kapittel 3 i proposisjonen.
Framlegget gjeld òg somme mindre endringar i yrkestransportlova.
For det første vert det gjort framlegg om at det skal krevjast politiattest
ved søknad om løyve, og at kravet gjeld ordinær politiattest. For
det andre vert det gjort framlegg om endringar som gjeld tilvisingar
og retting av skrivefeil. Desse endringane vil ha små eller ingen
materielle verknader.
Framlegget inneber ei forenkling av prosedyrane for
vurdering av krav om butid ettersom moglegheita til å nytte skjøn
ved vurderinga fell bort. Såleis fører framlegget til likehandsaming
av borgarar utanfor EØS. Dette er ein konsekvens av den nye politiregisterlova.
Ei slik forenkling av prosedyrane vil kunne redusere dei administrative
kostnadene ved ordninga med utferding av kjøresetel.
Etter departementet si vurdering vil framlegget til
lovendring samla sett ha små økonomiske og administrative konsekvensar.
Departementet viser her til at framlegget i hovudsak er ei vidareføring
av tidlegare praksis.