1.1 Innleiing og hovudformålet med proposisjonen

Departementet legg i proposisjonen fram forslag til ny lov om verksemda i jordskifterettane, lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova).

Lova vil avløyse gjeldande jordskiftelov frå 1979. Gjeldande lov er revidert mange gonger, men er ikkje revidert på ein gjennomgripande måte før no. Lovforslaget byggjer på eit høyringsnotat utarbeidd av ei arbeidsgruppe i departementet. Forslaget byggjer òg på innspel frå ei referansegruppe, og alminneleg høyring. Det har vore allmenn oppslutning om at jordskiftelova bør reviderast.

Hovudformålet med forslaget er ei ny moderne jordskiftelov, som blir enklare og lettare å forstå for dei som skal bruke lova. Ved utforminga av lovforslaget er det lagt særleg vekt på at det er mange partar som prosederer sjølve for jordskifterettane. For å nå målet må språket bli klarare og lova må bli lettare å lese. Systematikken må betrast. Det må skiljast betre mellom materielle reglar (kva retten kan ta avgjerd om), og prosessuelle reglar (korleis retten skal behandle sakene).

Lovforslaget har reglar om heile verksemda i jordskifterettane, og om behandlinga av anke i lagmannsrettane. Jordskifterettane skal etter lovforslaget framleis vere særdomstolar. Lovforslaget inneheld mellom anna reglar om kva som er formålet med verksemda i jordskifterettane, korleis verksemda skal vere organisert, kva for sakstypar jordskifteretten skal behandle (jordskifte, rettsutgreiing, grensefastsetjing, skjønn og andre avgjerder etter andre lover), kva for reglar om saksbehandling som gjeld, korleis sakskostnadene skal fordelast, og korleis partane kan få prøvd avgjerdene i jordskifteretten for ein overordna rett som vil vere lagmannsretten.

Det er stort behov for ei enklare rettsmiddelordning. Etter gjeldande lov kan avgjerdene i jordskifteretten ankast til to overordna rettar (jordskifteoverretten og lagmannsretten), avhengig av kva tema anken gjeld. Ordninga er komplisert. I nokre sakstypar inneber ho òg risiko for at nokon lir rettstap. Departementet foreslår mellom anna på grunnlag av dette å slå jordskifteoverretten saman med lagmannsretten. Lagmannsretten skal styrkast med jordskiftefagleg kompetanse (jordskiftelagdommar).

Det er òg eit formål å oppdatere lova i høve til andre store lovrevisjonar dei seinare åra. Dette gjeld særleg tvistelova, plan- og bygningslova og matrikkellova.

Endringsbehovet knyter seg til dei materielle reglane. Lovforslaget fører i hovudsak vidare dei rettsendrande verkemidla jordskifteretten har. Desse verkemidla er byte av grunn og rettar, skiping og avløysing av sameige, omskiping og avløysing av rettar, bruksordning, felles tiltak og felles investeringar, etablering av lag med meir. Jordskifte er samleomgrepet for desse verkemidla. Blant forslaga til endringar er mellom anna ei utviding av den kompetansen jordskifteretten har, til å gjelde heile landet. Departementet foreslår òg at jordskifteretten får heimel til å skipe sameige mellom eigedommar. Departementet foreslår dessutan ein heimel til å lage reglar om sambruk (bruksordning) for eigarseksjonar. Departementet foreslår i tillegg å oppheve reglane om minneleg jordskifte og valdgiftsjordskifte.

Dei grunnleggjande vilkåra for jordskifte blir ført vidare i lovforslaget. Utgangspunktet er at det må liggje føre utenlege eigedoms- eller brukstilhøve på ein eller fleire av dei eigedommane som inngår i jordskiftet. Jordskiftet skal òg gi ei samla netto nytte, og jordskifteløysinga skal ikkje føre til at kostnadene eller ulempene blir større enn nytten for nokon eigedom eller bruksrett. Høvet til planar etter plan- og bygningslova skal framleis vere slik at jordskifteretten må leggje gjeldande plansituasjon til grunn når han skal velje jordskifteløysing. Jordskifteretten kan ikkje endre planar, reguleringar eller vernevedtak fastsett av offentlege myndigheiter.

Dei rettsfastsetjande sakstypane rettsutgreiing og grensefastsetjing blir òg ført vidare. Desse sakstypane utgjer ein vesentleg del av verksemda i jordskifteretten. Rettsutgreiing og grensefastsetjing er normalt ein del av grunnlagsarbeidet i jordskiftesakene, men jordskifteretten behandlar òg eit stort tal slike saker som eigne saker. Behovet for endring er mellom anna til stades når det gjeld vilkåra for rettsutgreiing, og ein samordna bruk av omgrep i jordskiftelova og matrikkellova når det gjeld kva for kategoriar av eigedom som jordskifteretten kan fastsetje grenser for.

Behandlinga av skjønn, anten det skjer i samband med jordskifte, eller som eiga sak, er òg ein vesentleg del av verksemda i jordskifteretten, og skal halde fram. Behovet for endring er i det vesentlege knytt til endringar i bruk av omgrep og systematikk, og til kva for rettsinstansar som skal behandle skjønn etter ulike lover. Departementet foreslår at jordskifteretten skal vere den einaste førsteinstans for behandlinga av skjønn eller andre avgjerder etter fleire særlovar. Det såkalla «lensmannsskjønnet» skal avviklast i fleire av særlovene. Når det gjeld kompetansen til å avgjere om det skal svarast erstatning for skade valde av rein, foreslår departementet å føre vidare ordninga med at partane kan velje mellom tingretten og jordskifteretten.

Departementet ser ikkje behov for større endringar i organisatoriske reglar som gjeld første instans. Ut frå omsynet til å redusere kostnadene ved behandlinga i retten, er det foreslått nokre endringar i reglane om sakskostnader og samansetjinga av retten i den enkelte saka. Departementet foreslår at retten som hovudregel skal setjast med ein jordskiftedommar, utan meddommarar. Retten kan likevel setjast med sakkunnige meddommarar når ein part krev det, eller jordskiftedommaren meiner det trengst for å få ei forsvarleg behandling av saka.

Reglane om samansetjinga av lagmannsretten er nye. Fordi ein legg opp til at alle sakstypar skal behandlast i lagmannsretten, må retten setjast saman slik at ankeinstansen får rett kompetanse i høve til det saka gjeld, og retten bør heller ikkje vere overdimensjonert i høve til anke. Når det er anka over jordskifteavgjerder, skal retten som hovudregel setjast med ein jordskiftelagdommar og fagkunnige meddommarar. Dette sikrar den jordskiftefaglege behandlinga av desse sakene i ankeinstansen. Ved behandlinga av anke over dom (for eksempel i tvistar), orskurd og vedtak, skal lagmannsretten setjast saman på vanleg måte med juridiske fagdommarar, men slik at jordskiftelagdommaren kan vere ein av dei tre fagdommarane dersom førstelagmannen fastset dette.

Reglane om saksbehandling vil òg etter den nye lova bestå dels i eigne reglar som er tilpassa behovet i jordskifterettane, dels av eit utval av reglane i tvistelova. Dei sentrale prosessuelle prinsippa som er nedfelte i tvistelova, skal òg gjelde for saksbehandlinga i jordskifterettane. Dette gjeld mellom anna prinsippa om at retten berre kan byggje avgjerdene på fakta som partane har hatt oppmoding til å uttale seg om, retten partane har til å føre bevis direkte for retten, likebehandling av partane, ei effektiv og ikkje for kostbar behandling og så vidare. Andre grunnleggjande prinsipp er plikta retten har til å grunngi avgjerdene, og det høvet partane har til å få avgjerder overprøvd av høgare rettsinstansar. Ein grunnleggjande forskjell mellom dei alminnelege domstolane og jordskifterettane, er at jordskifterettane kan behandle saker utan at det er tvist mellom partane. Dette særtrekket ved jordskifterettane skal førast vidare. Behovet for endring knyter seg mest til klargjering og forenkling av reglane. Dette er mellom anna gjort ved at reglane om saksbehandling er skilde ut i eit eige kapittel i lovforslaget.

Prinsippa for fordeling av sakskostnader skal førast vidare. Det er ikkje behov for grunnleggjande endringar av desse. Eit hovudprinsipp er at sakskostnader knytt til jordskifte skal fordelast mellom partane etter nytten dei har av jordskifteløysinga. Prinsippet gjeld òg ved behandling av grensefastsetjing og rettsutgreiing. Ved behandlinga av tvistar skal ein følgje dei alminnelege reglane i tvistelova. Behovet for å halde sakskostnadene nede, gjer at ein òg bør gi reglane om sakskostnader i småkravsprosessen verknad når det gjeld tvist om mindre verdiar.

1.2 Oversikt over innhaldet i dei ulike kapitla

I proposisjonen kapittel 2 behandlar departementet bakgrunnen for lovforslaget. Departementet gjer greie for arbeidet med høyringsforslaget. Landbruks- og matdepartementet oppnemnde i 2006 ei arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å gå gjennom lova. Departementet framhevar i mandatet for gruppa mellom anna at det er gjennomførd ei rekkje enkelståande endringar som har gjort gjeldande jordskiftelov uoversiktleg. Målsetjinga med revisjonen skulle vere å skape ei ny jordskiftelov som høver med tida og tilhøva og dei behova eigarar, rettshavarar og samfunnet elles har. Alle delar av jordskiftelova skulle vurderast.

Departementet gjer greie for den alminnelege høyringa. Det kom inn mange uttalar, og dei var til dels svært detaljerte og omfattande. Hovudinntrykket frå høyringa er at høyringsinstansane er samde om at jordskiftelova treng revisjon. Høyringsinstansane tilrådde òg hovudlinene i forslaga. Ei rekkje høyringsinstansar har likevel til dels omfattande kritiske merknader til konkrete forslag. Nokre meiner høyringsforslaget burde vore laga av andre enn tilsette i departementet, helst av eit offentleg utval. Andre meiner høyringsforslaget bygde på ein open og konstruktiv prosess. Nokre av instansane meiner lovforslaga burde sendast på ny høyring. Det er gjort greie for konsultasjonane med Sametinget og Norske Reindriftsamers Landsforbund om lovforslaget.

Proposisjonen kapittel 3 inneheld ei framstilling av tidlegare og någjeldande jordskiftelovgiving. Departementet gir òg ei framstilling av kva jordskifte er, og kva som er spesielt med jordskifterettane samanlikna med dei alminnelege domstolane. Departementet gir dessutan oversikt over dei sakstypane som jordskifteretten behandlar: jordskifte, rettsutgreiing, grensegang og skjønn. Dei grunnleggjande vilkåra for jordskiftesakene går departementet òg gjennom. Det same gjeld reglane om saksbehandling, anke og sakskostnader.

Jordskifte er ein rettsleg prosess knytt til grunneigedommar. Prosessen endar med ei rettsleg avgjerd gjort av jordskifteretten, som er ein domstol. Bakgrunnen for å halde ei jordskiftesak er at eigedommane er utenlege, eller vil bli det som følgje av eit tiltak, og at dei verkemidla som kan brukast i eit jordskifte, er eigna til å løyse problema.

I prosessen brukar ein dei rettsendrande verkemidla ein tradisjonelt omtalar som jordskifte. Som rettsendrande verkemiddel reknast ombyting av grunn mellom grunneigarar, oppløysing av sameige, avløysing av bruksrettar, føresegner om bruken av areal og rettar (bruksordning) med meir.

Jordskifterettane behandlar òg andre saker. Ei hovudgruppe er dei rettsfastsetjande sakstypane grensegang og rettsutgreiing, der retten fastslår kva som er rettstilstanden. Slike saker fell utanfor det tradisjonelle jordskifteomgrepet, men behandlast likevel av jordskifterettane. Jordskifteretten behandlar dessutan skjønnssaker, for eksempel om fastsetjing av erstatning ved ekspropriasjon eller vern der skjønnet anten er ein del av jordskiftesaka, eller skal haldast som eige sak. Jordskifteretten behandlar i tillegg spørsmål om avløysing og omskiping av servituttar.

Departementet gir i proposisjonen kapittel 4 ei kort oversikt over rettstilstanden i andre land. Det mest vanlege i andre europeiske land er at jordskifteverksemda blir utført av eit frittståande forvaltingsorgan. I Noreg skjer arbeidet i ein domstol. Denne grunnleggjande forskjellen gjer at utanlandsk rett får avgrensa relevans, særleg når det gjeld reglane om saksbehandling. Likskapen er større når det gjeld kva for oppgåver som er lagt til jordskifteorgana i land det er naturleg å samanlikne Noreg med.

Departementet gjer i proposisjonen kapittel 5 greie for det synet høyringsinstansane og departementet har på behovet for lovendringar. Dette gjeld mellom anna systematikken i lova. Departementet har valt den same systematikken og strukturen på den nye jordskiftelova som arbeidsgruppa foreslår i høyringsnotatet. Høyringsinstansane har i det alt vesentlege støtta opp om dette forslaget. Gjeldande jordskiftelov skil ikkje tydeleg mellom materielle reglar og reglar om saksbehandling. Dette gjer at lova ikkje er så lett å orientere seg i, særleg for partar som prosederer sjølve. Reglane om saksbehandling i gjeldande jordskiftelov er laga for jordskiftesakene, men skal òg gjelde tilsvarande for andre sakstypar, så langt dei høver. Dette bidreg til å komplisere lova. I lovforslaget er dei reglane om saksbehandling som er felles for alle sakstypane, skilde ut og plasserte i eit eige kapittel. Reglar om saksbehandling som berre gjeld enkelte sakstypar er knytt opp mot dei mate-rielle reglane. Departementet meiner dette gjer det enklare å orientere seg i lova, og styrkjer rettstrygg-leiken.

Departementet ser ikkje behov for grunnleggjande endringar i dei verkemidla som tek sikte på å skape meir tenlege eigedommar for partane gjennom jordskifte. Jordskifteretten skal framleis fastsetje grenser for faste eigedommar og rettar, og gjere rettsutgreiingar. Kompetansen til å halde skjønn og ta andre avgjerder bør oppretthaldast, men departementet foreslår visse endringar i den parallelle (overlappande) kompetansen til å halde skjønn, som jordskifteretten har i dag. Departementet foreslår mellom anna at dei såkalla «lensmannsskjønna» blir avvikla på enkelte område, og at jordskifteretten skal få eksklusiv kompetanse på desse områda.

Departementet meiner det er behov for nokre endringar i terminologien i lova og foreslår ein del nye omgrep, og fleire av dei er definerte i lova.

Det er særleg når det gjeld rettsmiddelordninga, departementet ser behov for større endringar. Gjeldande ordning, med to ankeinstansar, er komplisert og vanskeleg å finne ut av for dei som får med ankesakene å gjere. I enkelte sakstypar er det ein risiko for at partane lir rettstap. Hovudgrepet i forslaget er at rettsmiddelordninga endrast frå eit «to-spora» system, med jordskifteoverrett og lagmannsrett, til eit enklare system der lagmannsretten er einaste ankeinstans. Med berre ein ankeinstans kan ein ikkje anke til feil instans. Det inngår i ordninga at lagmannsrettane skal styrkast med jordskiftefagleg kompetanse, det vil seie med jordskiftelagdommarar.

Proposisjonen kapittel 6 gjeld namnet på lova, formål, verkeområde, definisjonar, saksinnhald og sakstilknyting.

Departementet foreslår at det geografiske verkeområdet for den nye jordskiftelova ikkje skal endrast nemnande. Lova skal framleis gjelde faste eigedommar og råderettar over fast eigedom i heile landet, utan omsyn til kvar eigedommane ligg, eller kva for planstatus som gjeld. Visse avgrensingar frå dette utgangspunktet følgjer likevel av særlovgivinga. I kapittelet behandlar departementet kva det kan reisast sak om, altså det saklege verkeområdet for lova og kven som kan reise sak. Kva det kan reisast sak om, følgjer av reglane om kompetansen retten har etter den nye jordskiftelova og særlovgivinga (mellom anna reindriftslova, servituttlova og veglova). Krav om sak for jordskifteretten kan setjast fram av den som eig fast eigedom, eller har rett knytt til fast eigedom, eller som er festar. Det er foreslått særlege reglar for reindrifta og for offentleg myndigheit.

Proposisjonen kapittel 7 gjeld organisering av jordskifterettane, samansetjinga av jordskifteretten i ulike saker, og den lovnaden jordskiftemeddommarane skal gi. I kapittelet behandlar departementet inndelinga av riket i jordskiftesokn. Inndelinga skal som før fastsetjast av Kongen. Spørsmålet om kvar ei sak høyrer heime (verneting), og spørsmålet om tenesteområdet for dei som arbeider i jordskifteretten, følgjer inndelinga i jordskiftesokn. Departementet drøftar høvet mellom jordskiftelova og domstollova, og i kva for lov dei ulike organisatoriske reglane bør stå. Departementet foreslår at den nye jordskiftelova skal innehalde reglar om høvet mellom lovene. Departementet meiner Domstoladministrasjonen (DA) bør fastsetje bemanninga ved den enkelte jordskifteretten. Dette går allereie fram av domstollova, og treng inga eiga regulering i jordskiftelova. Kapittelet gjeld elles talet på faste embete for jordskiftedommarar, tilkalling av jordskiftedommar og oppnemning av jordskiftedommar i ei enkelt sak, ordninga med jordskiftedommarfullmektigar som er ein parallell til dommarfullmektigordninga i tingrettane, lovfesting av praksisen med teknisk personale ved jordskifterettane, og kva for reglar ein bør ha for leiing av den enkelte jordskifteretten.

Departementet drøftar kva for krav til kvalifikasjonar ein skal stille til det dømmande personellet i jordskifterettane. Departementet foreslår å halde fast ved at jordskiftedommarane skal ha jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå. Dette utdanningsnivået er på line med nivået for andre dommarar, for eksempel i tingretten eller i lagmannsretten. Dette for å sikre at dømmande personell har reell fagleg kompetanse på høgt nivå. Departementet foreslår ikkje karakterkrav, ettersom utnemning av jordskiftedommarar uansett vil skje etter grundig saksbehandling. Departementet foreslår heller ikkje eigne reglar om nedre aldersgrenser for dømmande personell i jordskiftelova. Departementet foreslår likevel at reglar om aldersgrenser blir tekne inn i domstollova.

Departementet går inn for eit særskilt utval av meddommarar i kvart jordskiftesokn. Departementet meiner dette legg til rette for ein meir aktiv bruk av dei som er i utvala, enn om ein har eit utval for kvar kommune. Omsynet til likestilling mellom kjønna er teke vare på gjennom krav om at alle kommunar i jordskiftesoknet skal peike ut minst ein medlem av kvart kjønn til utvalet, og alltid like mange av kvart kjønn. Departementet foreslår ikkje å slå saman utvala for jordskiftemeddommarar og skjønnsmedlemmer. Dette har samanheng med at utvalet av skjønnsmedlemmer òg gjeld for andre skjønn enn dei som går for jordskifteretten.

Samansetjinga av jordskifteretten i den enkelte saka er drøfta. Hovudregelen i lovforslaget er at retten skal setjast med jordskiftedommaren som einedommar. Dette er ei harmonisering i høve til sivile saker for tingretten, og det kan bidra til å halde sakskostnadene nede for partane. Retten kan likevel setjast med jordskiftemeddommarar når ein av partane krev det, eller om jordskiftedommaren meiner det trengst for å få ei forsvarleg behandling av saka. Omsynet til bruk av lekdommarar i domstolane er såleis teke vare på. Jordskiftemeddommarar skal vere hovudregelen i tiltaks- og vernejordskifte, der det regelmessig vil vere behov for skjønnsmessige vurderingar. Utgangspunktet er to meddommarar, men partane kan krevje fire meddommarar, eller jordskiftedommaren kan fastsetje dette om han meiner det trengst. Tilsvarande skal det vere meddommarar i skjønn og andre avgjerder som er til behandling i samband med jordskifte. I dei tilfella skjønn og andre avgjerder etter andre lover går som eiga sak, følgjer saksbehandlinga reglane i skjønnsprosesslova, der hovudregelen er fire meddommarar.

Departementet foreslår mellom anna at meddommarane framleis skal oppnemnast, og ikkje trekkjast, fordi oppnemning gir best kontroll på at meddommarane er kunnige i det saka gjeld. Departementet foreslår å føre vidare kravet om kunnige meddommarar frå gjeldande jordskiftelov.

Proposisjonen kapittel 8 handlar om jordskifte og fordeling av planskapt netto verdiauke med vidare. Departementet gir ei kort innføring i kva jordskifte er. Etter lovforslaget er det endringar i dei verkemidla jordskifteretten kan bruke for å bøte på dei utenlege eigedomstilhøva som partane tek opp. Jordskifteretten kan byte om på grunn og rettar, skipe og oppløyse sameige, gi reglar for og avløyse rettar over fast eigedom, skipe bruksordningar, fastsetje felles tiltak og felles investeringar, skipe lag og fastsetje vedtekter med meir.

Det vert gjort framlegg i dette kapittelet om ei tydeleggjering av kva partane har råderett over i ei jordskiftesak. Partane har hand om kva slags utenlege eigedomstilhøve dei ønskjer at jordskifteretten skal bøte på, men retten fastset kva slags verkemiddel som er eigna for å løysa det utenlege. Det vert gjort framlegg om endringar i tilhøvet mellom omskiping og avskiping etter servituttlova og omforming og avløysing etter jordskiftelova. Det vert gjort framlegg om å endre verkemidla om jordskifte slik at dei får ei meir generell utforming til forskjell frå gjeldande reglar som i stor grad byggjer på opprekning av ulike typetilfeller. Framlegget utvidar jordskifteretten sin kompetanse. Vidare vert det gjort framlegg om ein heimel for at jordskifteretten kan opprette realsameie, og en heimel for at jordskifteretten kan gjennomføre bruksordning for eigarseksjonar. Etter framlegget skal jordskifteretten ut over dette få heimel til å avskipe negative servituttar dersom servitutten er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing. Rollefordelinga mellom jordskifteretten og kommunen er mellom anna tydeleggjort gjennom endringar i reglane om planskapt netto verdiauke. Jordskifteretten sin kompetanse i slike saker vil vere å fordele den planskapte verdiaukinga i eit geografisk område som er fastsett ved plan dersom planmyndigheita i planen har bestemt at utbygginga er avhengig av slik fordeling. Gjeldande reglar om minneleg jordskifte og voldgiftsjordskifte vert foreslått oppheva. Det same gjeld for gjeldande reglar om utflytting.

Proposisjonen kapittel 9 gjeld rettsutgreiing. Reglane om rettsutgreiing blir i hovudsak ført vidare i lovforslaget, men med litt andre formuleringar enn i gjeldande jordskiftelov. Med rettsutgreiing i lovforslaget er meint fastsetjinga jordskifteretten gjer av innhaldet i rettar og eigedomstilhøve som eiga sak. Departementet foreslår å ta bort det særlege vilkåret i gjeldande jordskiftelov, om at rettsutgreiing berre kan utførast «når dette er nødvendig av omsyn til ein rasjonell bruk av området». Det er nok for å krevje rettsutgreiing at dei som har interesser knytt til eigedomsrett eller bruksrett i eit område, treng ei avklaring av rettstilhøva. Jordskifteretten kan fastsetje innhaldet i rettar og eigedomstilhøve som eiga sak i sameige, i område der det er sambruk eller er uklart om det er sambruk mellom eigedommar, ved registrering av uregistrert jordsameige, i område med reindrift i det samiske reinbeiteområdet, og i område der det er sambruk av uteareala som ligg til eigarseksjonar. Rettsutgreiing er normalt (saman med grensefastsetjing) del av grunnlagsarbeidet i jordskiftesakene. Rettsutgreiing kan behandlast som eiga sak, eller i kombinasjon med grensefastsetjing. Som etter gjeldande reglar skal jordskifteretten etter lovforslaget kunne avgjere tvist om underliggjande rettshøve.

Proposisjonen kapittel 10 gjeld grensefastsetjing. Reglane i lovforslaget førast i hovudsak vidare frå gjeldande jordskiftelov. Endringane ligg i det vesentlege i korleis ein brukar ulike omgrep.

Departementet foreslår å harmonisere bruken av omgrep i jordskiftelova og matrikkellova når det gjeld kva for eigedommar jordskifteretten skal kunne fastsetje grensene for. Det er gjort ved at det er vist til dei aktuelle paragrafane i matrikkellova. Det er òg foreslått at jordskifteretten kan fastsetje grenser for fast eigedom og rettar som eiga sak i samisk reinbeiteområde.

Departementet foreslår at kompetansen jordskifteretten har til å justere ulaglege grenser blir den same som matrikkelmyndigheitene har etter matrikkellova. Departementet foreslår òg at jordskifteretten skal kunne avgjere eventuelle gjerdespørsmål langs dei grensene som blir fastsette, slik at gjerder og plikt til å halde gjerde kan tilpassast dei nye grensene.

Som etter gjeldande reglar skal jordskifteretten etter lovforslaget kunne avgjere tvist om underliggjande rettshøve.

Kapittel 11 gjeld skjønn og andre avgjerder etter andre lover. Lovforslaget inneber inga innskrenking i dei heimlane jordskifteretten har til å halde skjønn i dag. Jordskifteretten held i dag skjønn når jordskifte skjer i samband med offentleg ekspropriasjon for å iverksetje tiltak (bygging, utbetring med meir) eller i samband med offentleg regulering av eigarrådvelde (vern). Jordskifteretten held òg skjønn etter reglane i ei rekkje særlover. Jordskifteretten held òg skjønn som eiga sak, når det er avtalt mellom partane. Departementet meiner omgrepet skjønn i fleire av særlovene er brukt om avgjerder der dei vurderingane retten skal gjere, ikkje er skjønn i tradisjonell meining. I nokre tilfelle er omgrepet skjønn brukt for å få fram at saka skal gå etter reglane i skjønnsprosesslova. Departementet foreslår at omgrepet skjønn berre skal brukast om avgjerder som gjeld fastsetjing av pengebeløp (erstatning, vederlag).

Departementet gjer greie for systematikken i reglane om skjønn og andre avgjerder etter andre lover. Reglane står i eit eige kapittel i lovforslaget. Departementet foreslår ein paragraf om heimelen jordskifteretten har til å halde skjønn i samband med tiltaksjordskifte og vernejordskifte, ein paragraf om skjønn i samband med jordskifte som følgje av tiltak fastsett av jordskifteretten i vassdrag, ein paragraf om skjønn som jordskifteretten held og andre avgjerder som jordskifteretten tek i samband med sak for jordskifteretten etter særlov, ein paragraf som gjeld dei skjønna og avgjerdene som jordskifteretten behandlar som eiga sak og ein paragraf om skjønn og avgjerder som partane har avtalt at jordskifteretten kan halde. Departementet foreslår òg ein heimel for retten til å bestemme at skjønn og andre avgjerder i samband med sak for jordskifterett skal behandlast som eiga sak. Departementet foreslår òg ein paragraf som regulerer kva for reglar om saksbehandling med meir, som gjeld for ulike skjønn og andre avgjerder.

I kapittel 11 drøftar departementet òg spørsmålet om den stadlege avgrensinga av kompetansen jordskifteretten har. Departementet foreslår å ta bort reglar som avgrensar kompetansen jordskifteretten har til eit nærare definert geografisk område (LNFR-område etter plan- og bygningslova).

Departementet behandlar kompetansen jordskifteretten har i høve til ulike typar skjønn. For skjønn i samband med vernejordskifte, foreslår departementet ei endring slik at kompetansen i jordskifteretten blir utvida til òg å gjelde spørsmålet om det skal ytast erstatning for avgrensingar i råderetten som følgjer av eit vernevedtak. Etter gjeldande reglar er det dei ordinære domstolane som avgjer dette. I særlovene som er nemnde i kapitlet, blir det ikkje gjort endringar i reglane om kva som skal avgjerast. Departementet foreslår likevel endringar når det gjeld kven som skal ta avgjerdene.

Proposisjonen kapittel 12 gjeld reglane om saksbehandling. Departementet gjer greie for hovudprinsippa for reglane om saksbehandling og tilhøvet til tvistelova. Reglane om saksbehandling er ein kombinasjon av reglar i tvistelova, og eigne reglar tilpassa behovet i saker for jordskifteretten. Tilhøvet mellom tvistelova og jordskiftelova er ordna slik at det i lovforslaget § 6-1 er lista opp kva for konkrete kapittel og paragrafar i tvistelova som skal gjelde så langt dei høver. Andre stader i lovforslaget kapittel 6 viser departementet direkte til enkelte av reglane i tvistelova, av omsyn til informasjon. Når det gjeld behandlinga av skjønn, inneber lovforslaget at skjønn som blir behandla i samband med sak for jordskifteretten, følgjer reglane om saksbehandling i jordskiftelova. Det at jordskifte og skjønn følgjer same reglar om saksbehandling i slike «kombinerte saker» forenklar behandlinga. Skjønn som eiga sak skal følgje skjønnsprosesslova, slik at behandlinga blir lik for alle skjønn som ikkje blir behandla i samband med jordskifte.

Reglane om saksbehandling byggjer på dei same prosessuelle prinsippa som tvistelova. Dette gjeld mellom anna prinsippa om at retten berre kan byggje avgjerdene på fakta som partane har hatt oppmoding til å uttale seg om (kontradiksjonsprinsippet). Partane skal òg ha rett til å føre bevis direkte for retten. Prosessen byggjer på at sakene skal behandlast på ein effektiv og ikkje for kostbar måte, og at partane skal behandlast likt. Andre grunnleggjande prinsipp er at retten har plikt til å grunngi avgjerdene, og at partane har høve til å få avgjerder overprøvd av høgare rettsinstansar. Lovforslaget byggjer òg på at jordskifterettane er uavhengige domstolar (særdomstolar). Ein grunnleggjande forskjell mellom dei alminnelege domstolane og jordskifterettane er at jordskifterettane kan behandle saker utan at det er tvist mellom partane. Dette særtrekket ved jordskifterettane blir ført vidare.

Avgjerda av realitetane i ei jordskiftesak er etter lovforslaget ei «jordskifteavgjerd». Dette er ei ny form for avgjerd i høve til gjeldande lov. Skjønn eller andre avgjerder som blir behandla i samband med sak for jordskifteretten etter kapittel 5 i lovforslaget, er òg ei jordskifteavgjerd. Når retten avgjer realitetane i spørsmål om grenser, eigedomsrett, servituttar med meir, skal retten seie dom. Avgjerder som gjeld saksbehandlinga er anten orskurd («kjennelse») eller vedtak («beslutning»). Reglane om formene for avgjerd dannar grunnlaget for den vidare behandlinga av sakene i ankeinstansen.

Kapittel 13 gjeld sakskostnader og gebyr. Partane skal etter lovforslaget framleis betale sakskostnader.

Departementet foreslår å føre vidare regelen om deling av kostnadene partane har. Kostnadene skal delast etter den nytten dei har av saka. I tiltaks- eller vernejordskifte skal tiltakshavaren eller vernemyndigheita betale sakskostnadene. Jordskifteretten kan leggje sakskostnader knytt til tiltaks- eller vernejordskifte på partar som får netto nytte. Lovforslaget regulerer ansvaret for sakskostnadene når ei sak blir trekt eller avvist, eller krav eller opplysningar kjem for seint. Da skal kostnadene leggjast på den som har valda kostnadene. Utgift som omsynet til berre enkelte eigedommar eller ein part har valda, kan jordskifteretten leggje på vedkommande aleine.

Lovforslaget fører vidare systemet med at skjønnsprosesslova gjeld for skjønn som går som eiga sak for jordskifteretten. Det gjeld òg for reglane om sakskostnader ved skjønn.

Lovforslaget fører òg vidare kostnadsreglane ved dom og rettsforlik i tvist. I begge tilfelle gjeld reglane i tvistelova. Regelen er at ved dom skal parten som vinn, få vederlag for eigne kostnader til advokathjelp i tvisten. Til vanleg vil eit rettsforlik òg avgjere spørsmålet om sakskostnader.

Lovforslaget lovfestar at staten har same ansvar for sakskostnader ved sak for jordskifteretten som ved sak for tingretten. Etter dette vil det ikkje vere nokon tvil om at partane kan krevje erstatning for det tap som feil frå jordskifteretten har påført dei. Slik sak må reisast for tingretten.

Når det gjeld fristen for å betale, inneheld lovforslaget ei harmonisering av lengda på fristen til det som gjeld for tingrettane. Fristen vil til vanleg vere 14 dagar. Dette er ei nedkorting med ein dag. Retten kan setje ein romslegare frist.

Lovforslaget fører vidare reglane om gebyr for sak for jordskifteretten. Gebyra er inngangsgebyr, grenselengdegebyr og partsgebyr. Føresegna om at jordskifteretten kan endre dei samla gebyra dersom arbeidet med saka avvik nemnande frå det vanlege, blir òg ført vidare.

Proposisjonen kapittel 14 gjeld rettsmiddel med vidare. Omgrepet rettsmiddel omfattar både anke og krav om gjenopning. Departementet foreslår at lagmannsretten skal vere ankeinstans ved avgjerd som jordskifteretten tek. Departementet foreslår som eit utgangspunkt at ein skal kunne anke avgjerdene jordskifteretten tek.

Forslaget til regel byggjer på at prosessforma må tilpassast det saka gjeld. Dette er ei naturleg følgje av at jordskifterettane fattar ulike slag avgjerder med ulike krav til prosess i første instans. Departementet foreslår at ei ankesak som gjeld jordskifte skal følgje reglane om saksbehandling i jordskiftelova så langt dei høver. Ved anke over dom, foreslår departementet at reglane i tvistelova skal gjelde. Er det anka over skjønn eller andre avgjerder etter lovforslaget kapittel 5, skal skjønnsprosesslova gjelde. Det kan ankast over fleire typar avgjerder i den same saka. I lovforslaget foreslår departementet at slik anke kan behandlast som ei sak for lagmannsretten dersom første-lagmannen fastset dette. Sjølv om saka blir behandla som éi sak, skal prosessreglane under behandlinga følgje den enkelte avgjerda som det er anka over.

Departementet legg til grunn at lagmannsretten bør setjast saman ulikt alt etter kva det er anka over, og etter kompleksiteten i den enkelte ankesaka. Første-lagmannen, meddommarane og jordskiftelagdommaren får særlege roller ved førebuing og behandling av anke. Lovforslaget gir førstelagmannen i oppgåve å fastsetje kven som skal førebu saka, kven som skal vere leiar av retten, samansetjinga av retten, til dette i visse høve òg talet på meddommarar. Dersom det er anka over fleire avgjerder, fastset førstelagmannen òg om dei skal behandlast som éi ankesak.

Lovforslaget legg til grunn at det kan vere meddommar ved behandling av anke. Meddommarane skal hentast frå jordskifteutvala. Talet på meddommarar vil variere alt etter kva saka gjeld. Departementet foreslår likevel ei løysing som er meir fleksibel enn gjeldande løysing. Det kan redusere sakskostnadene for partane om lova opnar for at talet meddommarar i den enkelte saka kan bli færre enn i dag. Retten kan for eksempel i ei jordskiftesak setjast saman med ein meddommar, ein jordskiftelagdommar og ein juridisk dommar.

Lovforslaget legg til rette for at jordskiftelagdommaren kan delta ved behandling av anke og overskjønn i alle saker som er avgjort i jordskifteretten. I nokre saker, for eksempel i jordskiftesaker, fastset lova at jordskiftelagdommaren skal delta, i andre saksfelt, for eksempel ved overskjønn, opnar lova for slik deltaking. Fleire høyringsinstansar foreslår at lova bør opne for at retten kan setjast med jordskiftelagdommar òg ved anke over tvist avgjort av tingretten dersom saka gjeld rettshøve knytt til fast eigedom. Departementet er samd i dette, og foreslår ei slik løysing.

Departementet foreslår ein regel om at anken kan avvisast, hevast eller opphevast under saksførebuinga. Departementet foreslår òg ein tilvisingsregel som mellom anna viser at silingsregelen i tvistelova gjeld ved dom. Ved anke over jordskifteavgjerd foreslår departementet at lagmannsretten kan nekte behandling av saka dersom retten finn det klart at anke ikkje ville kunne føre fram.

Anke til Høgsterett følgjer reglane i tvistelova kapittel 29 eller 30. Gjeld anken jordskifteavgjerd, eller skjønn eller andre avgjerder tekne i samband med jordskifteavgjerd, kan det berre ankast over feil i rettsbruken eller feil ved saksbehandlinga.

Departementets forslag til reglar om gjenopning av sak er drøfta. Det er behov for eigne reglar om dette for jordskifteavgjerd. Departementet foreslår å føre vidare regelen som gjeld i dag. Det inneber at den domstolen som gjenopnar saka berre skal gjere dei endringane som trengst for å rette opp mishøvet. Vil endringa ikkje stå i rimeleg høve til det ein kan oppnå ved gjenopninga, bør det vere mogleg å gjere opp endringane heilt eller delvis i pengar eller andre verdiar.

Proposisjonen kapittel 15 gjeld ymse reglar, overgangsreglar og ikraftsetjing. Reglane i lovforslaget kapittel 9 fører vidare fleire reglar i gjeldande jordskiftelov kapittel 12. I proposisjonen blir reglane om handteringa av pengevederlag drøfta. Departementet foreslår reglar som skal hindre at for eksempel panthavarar lir tap. Departementet foreslår òg reglar om overføring av skyldnader som knyter seg til eigedom som er med i jordskifte, om den meldeplikta jordskifteretten har etter kulturminnelova, og den myndigheita jordskifteretten har til å ta avgjerd om fordeling av skogfond.

Overgangsreglane inneber at saker som er til behandling i jordskifterettane når lova trer i kraft, skal behandlast ferdig etter reglane i gjeldande jordskiftelov. Anke som er innlevert før ikraftsetjinga, men som ikkje er behandla ferdig og avgjort, blir behandla ferdig av lagmannsretten som ankeinstans, og med lagmannsretten sett saman etter den nye lova.

Proposisjonen kapittel 16 gjeld administrative og økonomiske konsekvensar.

Endringsforslaga i lova tek sikte på at ei enklare og meir moderne lov skal føre til at måloppnåinga knytt til verdiskaping og arealbruk blir betre. Dei økonomiske og administrative følgjene av lovforslaget må sjåast i lys av dette.

Ansvaret for jordskiftelova høyrer inn under Landbruks- og matdepartementet, medan ansvaret for jordskifterettane og jordskifteoverrettane høyrer under Justisdepartementet. Dei økonomiske og administrative konsekvensane for drift av domstolane ligg under Justisdepartementet.

Domstoladministrasjonen har mellom anna gjort grundig greie for omstillingskostnader og varige kostnader i lagmannsrettane knytt til ny rettsmiddelordning, greia ut om endringar i gebyr, sakstilgang, saksbehandlingssystem, personale og organisatoriske løysingar.

Proposisjonen kapittel 17 inneheld spesialmerknader til lovforslaget.