Kulturdepartementet legg med dette fram proposisjon
om å reisa eit nybygg på Vestbanen for Nasjonalmuseet for kunst,
arkitektur og design. Proposisjonen presenterer resultatet av ein
prosess som starta i 2004–2005. Forslaget er å reisa eit museumsbygg
med eit bruttoareal på 54 600 rutemeter innanfor ei kostnadsramme
på 5 327 mill. kroner og med ei styringsramme på 4 690 mill. kroner,
i prisnivå juli 2013.
Nybygget til Nasjonalmuseet er eit krevjande prosjekt
med høge funksjons- og kvalitetskrav på ei rekkje felt. Bruk av
solide materialar som naturstein utvendig og tregolv i utstillingsareala gjev
nybygget eit markant preg. Den lysande «Alabasthallen» gjev bygningskomplekset
eit særprega uttrykk. Det er sett strenge og omfattande krav til
tryggingstiltak i bygningen. Fleire hendingar både heime og i utlandet
dei seinaste åra har understreka kor overlag viktig det er å ta
tryggingstiltak i museum på stort alvor. Strenge klimakrav medfører
behov for VVS-løysingar som er meir kostnadskrevjande enn i vanlege
kontorbygningar. Det er lagt stor vekt på ein energi- og klimapositiv
profil for bygget.
Nybygget legg stor vekt på universell utforming.
Nybygget på Vestbanen inneber at Nasjonalmuseet
får bygningsmessige rammevilkår som styrkjer institusjonen som forvaltar
og formidlar av viktige nasjonale samlingar av visuell kunst. Innanfor
eit samla bygningskompleks skal museet kunna formidla ulike sider
ved den visuelle kunsten både i eit historisk perspektiv og i eit meir
reindyrka samtidsperspektiv.
Målet med nybygget på Vestbanen er å skapa eit vitalt,
nasjonalt forskings- og formidlingssenter for dei visuelle kunstartane.
Nasjonalmuseet skal vera ein nyskapande møteplass der eit breitt samansett
publikum skal oppleva og få kunnskap om dei visuelle kunstartane.
Nybygget på Vestbanen skal markera Nasjonalmuseet som ein utstillings-
og formidlingsarena på internasjonalt nivå.
Nasjonalmuseets samfunnsfunksjonar kan konkretiserast
med omgrepa samfunnsminne og møtestad.
Nybygget til Nasjonalmuseet skal gjera museet synleg
i bybiletet og understreka at museet er ein viktig samfunnsinstitusjon.
Det samla museumsanlegget skal ha eit arkitektonisk nivå som viser at
Nasjonalmuseet er ein ambisiøs og kvalitetsmedviten institusjon.
Nybygget skal utformast på ein måte som tek omsyn til og samspelar
med dei freda stasjonsbygningane på Vestbanen, Oslo rådhus og Rådhusplassen.
Totalt sett skal nybygget vera eit museumsanlegg som vert lagt merke
til, både nasjonalt og internasjonalt.
I utgreiingsarbeidet som ligg til grunn for
forprosjektet, har det vore definert ei rekkje effektmål som prosjektet
skal svara på, m.a. følgjande punkt:
Nasjonalmuseet skal
få bygningsmessige rammevilkår som legg til rette for eit aktivitets-
og utstillingsnivå som gjer det mogeleg å auka publikumstalet frå
ca. 500 000 til 750 000 årleg.
Nasjonalmuseet skal setjast i stand til
å visa 10–15 pst. av dei faste samlingane, samstundes som museet
kan tilby publikum både nasjonale og internasjonale temporære utstillingsprogram.
I dag er det berre nokre få prosent av dei faste samlingane som
er tilgjengelege.
Statsbygg har sidan 2010 hatt i oppdrag å vurdera
kva som kan vera aktuell aktivitet i Nasjonalgalleribygningen når
Nasjonalmuseet flyttar ut. Dersom det ligg til rette for det, ønskjer
Universitetet i Oslo at Nasjonalgalleriet skal vera del av den bygningsporteføljen
som skal liggja til grunn for det vidare utviklingsarbeidet for
Kulturhistorisk museum. Regjeringa har enno ikkje teke stilling
til dei nye planane frå Universitetet i Oslo. Dersom det ikkje vert
aktuelt å nytta bygningen til funksjonar med tilknyting til universitetet,
vil andre statlege behov verta vurderte.
Ein viser her til proposisjonen.
Tufta på Statsbyggs forprosjekt tilrår ekstern kvalitetssikrar
at prosjektet bør ha ei styringsramme (P 50) på 4 690 mill. kroner
i prisnivå juli 2013. Då er meirverdiavgift ikkje rekna inn. Nasjonalmuseet
er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret og skal driva avgiftspliktig
verksemd i dei nye lokala. Heile bygget skal nyttast til avgiftspliktig
verksemd. Statsbygg får dermed frådrag for inngåande meirverdiavgift både
for oppføringskostnader og driftskostnader for det arealet som skal
leigast ut.
Ekstern kvalitetssikrar tilrår at uvisseavsetninga bør
vera 900 mill. kroner. Ein viktig del av uvisseanalysen er knytt
til uvisse om marknadsutviklinga i byggjebransjen dei næraste fem–seks åra.
Vidare er det lagt vekt på at prosjektet er krevjande og at tomta
gjev ei rekkje utfordringar for sjølve byggjeprosessen. På den bakgrunnen er
forslaget om P 85 på 5 590 mill. kroner. På vanleg måte er det utarbeidd
ei prioritert kuttliste på 263 mill. kroner. Det medfører at tilrådd
kostnadsramme – P 85 med fråtrekk for kuttlista – er 5 327 mill.
kroner rekna i prisnivå juli 2013.
Statsbygg har ingen merknader til dei tala ekstern
kvalitetssikrar føreslår for prosjektet.
På denne bakgrunn føreslår regjeringa at styrings-
og kostnadsramma for nybygget på Vestbanen vert følgjande, rekna
i juli 2013-kroner:
Styringsramme (P 50) | 4 690 mill. kroner |
Uvisseavsetning | 900 mill. kroner |
P 85 | 5 590 mill. kroner |
Kuttliste | 263 mill. kroner |
Kostnadsramme bygg | 5 327 mill. kroner |
Innanfor kostnadsramma på 5 327 mill. kroner skal
prosjektet styrast etter eit målprioritering med følgjande rekkjefølgje:
1) kostnad, 2) kvalitet og 3) tid.
Hovudperspektivet i styringa av prosjektet er
at det skal gjennomførast innanfor styringsramma (P 50) på 4 690
mill. kroner og i samsvar med vedtekne planar for areal, funksjonar,
kvalitet, framdrift og økonomi. Det er utarbeidd prioriterte kuttlister
med ei ramme på 263 mill. kroner. Prosjektet skal effektuera desse
kutta for å halda styringsramma, dersom det vert naudsynleg.
Uvisseavsetnaden på 900 mill. kroner (skilnaden mellom
P 50 og P 85) skal berre kunna nyttast der-som det oppstår uføresedde
situasjonar i prosjektet, eller det kjem marknadssvingingar som
inneber at styringsramma må overskridast.
Departementet legg opp til tett dialog med Statsbygg
gjennom heile prosjektperioden, og det vil vera eit klårt mål å
ha god styring med kostnader og framdrift.
Når Nasjonalmuseet flyttar inn i nybygget, vil alle
delar av drifta få heilt andre rammevilkår enn det som er tilfellet
i dag. Reint praktisk vil alle funksjonane vera samlokaliserte,
og alle arbeidsprosessane vil vera langt meir rasjonelle og effektive
enn det som er mogeleg i dag. På den andre sida vil Nasjonalmuseet
ha aktivitetar i ein større bygningsmasse enn i dag. Konkret aukar bruttoarealet
frå ca. 38 000 rutemeter i noverande lokale, eksterne magasin inkludert,
til ca. 57 000 rutemeter, og då er Bankplassen 3 for Arkitektur
inkludert. Dette inneber at bygningsrelaterte driftskostnader vil
auka noko, samanlikna med situasjonen i dag. Overgangen frå fire driftsstader
til éin vil gje ein klår synergieffekt.
Nasjonalmuseet har i samarbeid med departementet
gjennomført ein førebels analyse av kva som kan vera ein realistisk
budsjettprofil når museet flyttar inn i nybygget. Analysen tyder
på at Nasjonalmuseet vil kunna få monaleg høgare eigeninntekter
i nybygget enn i dag. Hovuddelen av driftsbudsjettet vil likevel
måtta koma frå statleg driftstilskot. Litt avhengig av kor stort besøk
museet vil få i nybygget og dermed kor store eigeninntekter museet
kan skapa, vil tilskotsbehovet vera mellom 224 og 277 mill. kroner
(2013-kroner) til museumsdrifta, og då er husleigekostnader ikkje
medrekna. I 2013 får Nasjonalmuseet 272 mill. kroner i statleg driftstilskot,
inkludert tilskot til husleigekostnader.
Statsbygg har vurdert kompleksiteten i nybygget slik
at det er naudsynt med ca. seks års produksjonstid frå det tidspunktet
Statsbygg får oppdragsbrev om å starta arbeidet.
Straks det ligg føre stortingsvedtak om løyving til
prosjektet, vil Statsbygg setja i gang å detaljprosjektera med tanke
på å innhenta tilbod på dei første entreprisane. Då vil òg departementet koma
attende til Stortinget med detaljert framdriftsplan.
Kulturdepartementet tilrår Stortinget å vedta
at det skal byggjast eit nybygg for Nasjonalmuseet på Vestbanen
innanfor ei kostnadsramme på inntil 5 327 mill. kroner i prisnivå
juli 2013. Den vidare gjennomføringa av prosjektet skal tuftast på
ei styringsramme for Statsbygg på inntil 4 690 mill. kroner. Regjeringa
vil koma attende med forslag om startløyving.