Innleiing

Helse- og omsorgsdepartementet foreslår i proposisjonen å flytte gjeldande regulering av epikriseutsending frå helse- og omsorgstenesta frå pasientjournalforskrifta og inn i helsepersonellova. Endringa er i all hovudsak regelteknisk og ei rettskjeldemessig forsterking ved at føresegna blir flytta frå forskriftsnivå til lovnivå.

Vidare blir det foreslått å endre helsepersonellova slik at det blir opna for eit avgrensa høve til å utlevere teiepliktige opplysningar til bruk i læringsarbeid og kvalitetssikring.

Departementet foreslår òg nokre omgrepsmessige og tekniske endringar i helseberedskapslova, helseregisterlova og folkehelselova.

Høyringsnotatet med forslag til lovendringar blei sendt på høyring i november 2012 med høyringsfrist i januar 2013. Helse- og omsorgsdepartementet har fått inn høyringsfråsegner frå 50 instansar.

Endring av reguleringa knytt til helsetenesta si utsending av epikrise

Plikta til å sende ut epikrise er i dag regulert i pasientjournalforskrifta. Helsepersonellova inneheld inga eksplisitt regulering av dette, sjølv om slikt høve til utlevering til ein viss grad kan tolkast inn i dei generelle reglane i helsepersonellova, jf. for eksempel § 25 og § 45.

Departementet foreslår at det i helsepersonellova blir teke inn ei ny føresegn som i all hovudsak vidarefører den reguleringa av epikrisar som i dag er teken inn i pasientjournalforskrifta § 9. Departementet foreslår at føresegna blir teken inn som ny § 45 a i helsepersonellova.

Samanlikna med pasientjournalforskrifta § 9 blir det i ny § 45 a foreslått nokre språklege og redigeringsmessige endringar som ikkje har noko å seie reint materielt, jf. mellom anna at rekkjefølgja på dei ulike ledda i dei gjeldande reglane i forskrifta blir foreslått endra i forslaget til lovregel.

Det blir òg foreslått nokre endringar som til ein viss grad kan seiast å vere av materiell art. Etter departementet si vurdering kan forholdet mellom første ledd og tredje ledd i § 9 i pasientjournalforskrifta framstå som uklart og dels overlappande. Det blir derfor foreslått at det i første ledd andre punktum i føresegna går fram at det ved utskriving frå helseinstitusjon skal «oversendes epikrise til innleggende eller henvisende helsepersonell, til det helsepersonellet som trenger opplysningene for å kunne gi pasienten forsvarlig oppfølgning, og til pasientens faste lege». Det er nytt i forslaget til ny lovregel at det blir tydeleg presisert at epikrisen skal sendast til dei tre nemnde personellkategoriane.

Departementet foreslår òg at det i § 45 a blir teke inn ein forskriftsheimel i tredje ledd i føresegna.

Endring av helsepersonellova for å opne for avgrensa utlevering av teiepliktige opplysningar til bruk i læringsarbeid og kvalitetssikring

Helse- og omsorgsdepartementet har fått fleire førespurnader frå helsepersonell og personellorganisasjonar som meiner at det er uheldig at læringsarbeid og kvalitetssikring blir gjort vanskeleg på grunn av at reglane om teieplikt i helsepersonellova i dag er snevre når det gjeld utlevering av opplysningar.

Eit eksempel på situasjonar der det ut frå ein lærings- og kvalitetssikringstankegang kan vere ønskjeleg med utlevering av teiepliktige opplysningar, er når ambulansepersonell har frakta ein pasient til sjukehus og etterpå ønskjer å få stadfesta om dei helsefaglege undersøkingane, vurderingane og behandlingstiltaka dei gjorde, var korrekte. Etter gjeldande lovregulering har sjukehuset berre i avgrensa grad høve til å utlevere slike opplysningar.

Eit anna eksempel som illustrerer denne problemstillinga, gjeld personell ved akuttmottaka ved sjukehusa. Ut frå ein lærings- eller kvalitetssikringstankegang vil helsepersonell i akuttmottaket ha behov for å få stadfesta om dei helsefaglege undersøkingane, vurderingane og behandlingstiltaka som blei gjorde, var korrekte.

Også tilsette på ein sjukeheim som medverkar til at ein bebuar blir innlagd på sjukehus, eller sjukepleiarar som arbeider ved ei kommunal legevakt, kan ha interesse av å få tilbakemelding frå sjukehuset om dei vurderingane, undersøkingane og behandlingstiltaka som er gjorde, var korrekte.

Det kan òg tenkjast situasjonar innanfor den kommunale helse- og omsorgstenesta der det kan vere ønskjeleg med utlevering av opplysningar til bruk i læringsarbeid og kvalitetssikring, for eksempel når ambulansepersonell vel å frakte ein pasient til ei kommunal legevakt i staden for til akuttmottaket ved eit sjukehus, og etterpå ønskjer å få stadfesta om den vurderinga dei gjorde ved ikkje å frakte pasienten direkte til sjukehus, var korrekt.

Ein kan òg tenkje seg situasjonar der pasientar etter undersøking ved akuttmottaket ved sjukehuset får melding om at vidare undersøking og behandling kan skje ved den kommunale legevakta. I desse situasjonane kan personell i akuttmottaket ha behov for opplysningar frå den kommunale legevakta for å få stadfesta at dette var ei helsefagleg korrekt vurdering.

Departementet foreslår å endre helsepersonellova slik at det blir innført eit avgrensa høve til å utlevere teiepliktige opplysningar i samband med læring og kvalitetssikring. Ei slik regulering blir foreslått i form av ein ny § 29 c i helsepersonellova.

Det blir vist til at eit slikt høve til å utlevere opplysningar kan innebere ei viss svekking av personvernet til den enkelte pasienten. Det blir derfor foreslått at høvet til å utlevere opplysningar skal avgrensast slik at inngrepet i personvernet til den enkelte blir minst mogleg. Mellom anna blir det foreslått at opplysningar berre skulle kunne utleverast dersom det kan grunngivast ut frå lærings- og kvalitetssikringsomsyn, og at opplysningar berre skal kunne utleverast til helsepersonell som har teke del i den totale ytinga av helsehjelp til pasienten før anna personell eller behandlingsnivå har teke over behandlingsansvaret for pasienten.

Det blir vidare foreslått at det ikkje skal vere høve til å utlevere opplysningar dersom den det gjeld, motset seg dette. Departementet meiner imidlertid at det ikkje skal vere eit vilkår for utlevering at ein har innhenta eksplisitt samtykke frå pasienten.

Departementet foreslår at det i forslaget til ny § 29 c andre ledd blir teke inn ei presisering om at det i pasientjournalen skal dokumenterast kven som har fått utlevert opplysningar, og kva for opplysningar som i så fall er utleverte.

Det blir foreslått presisert i lovregelen at det uansett ikkje skal utleverast fleire opplysningar enn det som er nødvendig og relevant for formålet.

Departementet peiker på at i dei tilfella som den foreslåtte § 29 c skal regulere, er ikkje helsehjelp til den enkelte pasienten formålet med utleveringa av opplysningar. Formålet er læring og kvalitetssikring for helsepersonell som ikkje skal medverke i den vidare helsehjelpa til pasienten. Slik departementet vurderer det, vil derfor ikkje helsepersonellova § 40 gi heimel for mottakaren av opplysningane til å behandle opplysningar om pasienten og helsehjelpa. Dette tilseier at opplysningane ikkje kan lagrast i personidentifiserbar form, og at mottekne opplysningar i personidentifiserbar form må slettast fortløpande. Departementet legg vidare til grunn at mottekne opplysningar ikkje skal kunne danne grunnlag for eit register der det inngår opplysningar om fleire pasientar vedkomande helsepersonell tidlegare har ytt helsehjelp til.

Departementet legg til grunn at både førespurnaden om å få utlevert opplysningar og sjølve utleveringa av opplysningar skal kunne skje anten munnleg eller skriftleg.

Personvernmessige konsekvensar av forslaga

Forslaget om lovregulering av høve til utlevering av teiepliktige opplysningar til bruk i læringsarbeid og kvalitetssikring kan ha visse personvernmessige konsekvensar. Det som er nytt med forslaget, er at slike opplysningar skal kunne utleverast til helsepersonell som har avslutta sitt bidrag til helsehjelpa.

Departementet legg til grunn at dei personvernmessige konsekvensane må seiast å vere små og at det her er snakk om utlevering av opplysningar med eit legitimt og svært viktig formål. Departementet viser òg til at det i forslaget til ny § 29 c i helsepersonellova blir foreslått ei presisering av at det i pasientjournalen skal dokumenterast kven som har fått utlevert opplysningar, og kva for opplysningar som er utleverte. Departementet legg til grunn at dei personvernmessige konsekvensane av forslaget må seiast å vere så små at dei fordelane ein kan oppnå ved forslaget i form av læring og kvalitetssikring, veg klart tyngre.

Administrative og økonomiske konsekvensar av forslaga

Etter departementet si vurdering vil forslaga i proposisjonen samla sett ha avgrensa administrative og økonomiske konsekvensar.

Tekniske og omgrepsmessige endringar i helseberedskapslova, helseregisterlova og folkehelselova

Helseberedskapslova

Departementet foreslår at § 2-2 første ledd blir endra slik at kommunen sitt ansvar for planlegging og krav til beredskapsførebuingar innanfor miljøretta helsevern går fram av helseberedskapslova direkte.

Helseregisterlova

Departementetforeslår at omgrepet «sertifisering» blir teke inn i det som etter endring 22. juni 2012 er helseregisterlova § 16 femte ledd. Helseregisterlova § 6 tredje ledd viser til § 16 fjerde ledd. Som følgje av at § 16 fjerde ledd ved Stortingets lovvedtak 72 (2011–2012) blei flytta til § 16 femte ledd, foreslår departementet at tilvisinga i § 6 tredje ledd blir endra til § 16 femte ledd.

Folkehelselova

Departementet foreslår at § 13 andre ledd om gransking blir endra slik at ordlyden blir tilsvarande det som sto i den tidlegare kommunehelsetenestelova § 4 a-7, dvs. at setninga om at «kommunen kan videre pålegge virksomhet å innhente ny vurdering som nevnt i § 10 annet ledd», blir teken inn som nytt tredje punktum.