Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Jette F. Christensen, Martin Kolberg og Marit Nybakk, frå Framstegspartiet,
leiaren Anders Anundsen, Ulf Erik Knudsen og Øyvind Vaksdal, frå
Høgre, Per-Kristian Foss, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir
H. Langeland, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, frå Kristeleg Folkeparti,
Geir Jørgen Bekkevold, og frå Venstre, Trine Skei Grande,
viser til at Kommunal- og regionaldepartementet i denne proposisjonen
fremjar framlegg om endringar i lov 28. juni 2002 nr. 57 om val
til Stortinget, fylkesting og kommunestyre (vallova) og i lov 25. september
1991 nr. 107 om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova).
Komiteen merkar seg at departementet
si evaluering av kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011 m.a. viser
at valdeltakinga gjekk noko opp samanlikna med 2007, og at auken
var større ved kommunestyrevalet enn ved fylkestingsvalet. Det vart
godkjend meir enn ein halv million førehandsrøyster. Meir enn 20
pst. av dei som røysta gjorde dette på førehand.
Etter vallova vert valdagen fastsett til ein måndag.
Kommunestyret kan sjølv, med tilslutnad frå minst 1/3 av medlemene,
gjera vedtak om at det på ein eller fleire stader i kommunen òg
skal haldast val søndagen før den offisielle valdagen. Nær halvparten
av kommunane heldt i 2011 val fordelt på to dagar og det er gjennomgåande
dei største kommunane som gjer dette. Komiteen merkar
seg derimot at departementet slår fast at forsking ikkje kan dokumentera
at det er nokon klår samanheng mellom valdeltaking og val gjennomført
over to dagar, men at departementet meiner det er ein verdi i seg
sjølv å gjera valet mest mogleg tilgjengeleg for veljarane. Komiteen sluttar
seg til denne vurderinga, men strekar under at det må vera opp til
den einskilde kommune sine folkevalde å avgjera om ein i kommunen
skal halda val over to dagar.
Komiteen stør departementet i
arbeidet med å leggja til rette for at alle veljargrupper skal ha tilgjenge
til vallokala og ha høve til å avlevera røyst utan å måtte be om
hjelp. Komiteen merkar seg at departementet fremjar
ei presisering i vallova av at røystegjevinga skal gå føre seg i
både eigna og tilgjengelege lokale. Komiteen stør
dette. Komiteen merkar seg vidare at det synest å
ha vore ei rekkje problem med den maskinelle oppteljinga av røyster. Komiteen vil
streka under at det er særs viktig at praksis og prosedyrar i vallokala
ved røysting er slik at dei to fyrste ledda i nytt framlegg til
paragraf 8-4 i vallova om framgangsmåte for røysting vert oppfylt,
då dette er ein føresetnad for at valet skal vera fritt og hemmeleg.
Valstyret har saman med dei einskilde røystestyra og valinspektørane
ansvaret for dette. Komiteen vil understreka at det difor
er viktig at dei einskilde røystestyra blir gjort godt kjent med
dei mest relevante paragrafane i vallova. Komiteen meiner
vidare det er viktig at samansetnaden av røystestyra vert dimensjonert
ut frå storleiken til valkretsen.
Komiteen vil streka under at
det er ønskjeleg med minst mogleg endringar i regelverket i samband
med avviklinga av val, både av omsyn til opplæringa for valmedarbeidarar
og for veljarane. Vidare er det etter komiteens syn
særs viktig at regelverket er enkelt å forstå og at veljarane lett
kan få tilgjenge til informasjon om kor tid, kvar og korleis ein
skal røysta. Dette vil, for å illustrera, medføra at reglar for
personrøyst ved stortingsval vert tilsvarande som ved val til kommunestyre
og fylkesting. Komiteen sluttar seg på denne bakgrunn
til departementet si vurdering av at det er føremålstenleg med mest
mogleg lik utforming av røystesetlar. Komiteen vil
her visa til Innst. 1 S (2009–2010) frå fullmaktskomiteen om fullmaktene,
der det i vedlegget frå den førebuande fullmaktskomiteen m.a. står følgjande
under punkt «6.5 Retting av stemmesedlene»:
«Komiteen peker på at det i noen fylker meldes om
velgere som har misforstått fremgangsmåten når de har rettet valgseddelen
i stortingsvalget. Dels har man strøket navnet på kandidater ved
å sette strek over navnet i stedet for kryss i ruten bak navnet,
dels er det kommet informasjon som tyder på at når man har ønsket å
endre rekkefølgen på kandidatene, har det i enkelte tilfeller skjedd
at det er satt kryss etter kandidatens navn, noe som innebærer at
kandidaten i stedet er blitt strøket.
Komiteen peker
på at det åpenbart er uheldig dersom velgerne misforstår fremgangsmåten
for retting av stemmeseddelen slik at rettingen enten ikke teller
med, eller at resultatet faktisk blir det motsatte av hva velgeren
ønsker. Selv om ulikt regelverk gjør det vanskelig å få en helt
ensartet utforming av stemmesedlene til de ulike typer valg, mener
komiteen det er ønskelig å vurdere endringer i utformingen av stemmesedlene
for å sikre at man unngår de nevnte misforståelsene. Så langt det
er mulig bør man finne frem til en felles fremgangsmåte for rettinger
av samme type. Komiteen ber departementet vurdere hvordan utformingen
av stemmeseddelen kan endres slik at man unngår enhver tvil om hvordan
velgerne skal gå frem når de retter på stemmeseddelen.»
Komiteen merkar seg at departementet
vil standardisera krava til utforming av røystesetlar som skal gjelda
ved stortingsvalet dette året. Komiteen merkar seg
vidare at departementet har hausta positive røynsler med elektronisk avmerking
i manntalet på valdagen. Komiteen stør dette arbeidet,
men strekar under at overgang frå manuell avmerking føreset tilgjenge
til straum og Internett og at det må vera naudløysingar som sikrar
dette eller tek høgde for at det elektroniske systemet kan falla
ut.
Komiteen viser til at departementet
ved kommunestyrevalet i 2011 i 20 kommunar i tillegg til valet i
Longyearbyen gjennomførde forsøk med nedsett røysterettsalder til
16 år. I proposisjonen vert det vist til at forskarane legg til
grunn ein positiv samanheng mellom lågare røysterettsalder og auka
valdeltaking. Samstundes gjer departementet det klårt at paragraf
50 i Noregs grunnlov krev at røysteføre ved stortingsval må vera
fylt 18 år. Komiteen merkar seg at departementet
gjer det klårt at det som følgje av dette ikkje kan gjerast forsøk
med nedsett røysterettsalder ved stortingsvalet i 2013. Komiteen vil her
visa til Dokument 12:4 (2011–2012) Grunnlovsforslag fra Snorre Serigstad
Valen, Frøydis Elisabeth Sund, Hallgeir H. Langeland, Jette F. Christensen,
Stine Renate Håheim og Trine Skei Grande om endringer i Grunnloven
§§ 12, 50 og 61 (innføring av 16 års stemmerett). Dette grunnlovsforslaget
vil bli handsama i samsvar med reglane for handsaming av grunnlovsforslag.
Komiteen merkar seg vidare at
framlegget frå departementet om endra fristar for innlevering av
vallister ikkje skal gjelda for årets stortingsval, men fyrst for
kommunestyrevalet og fylkestingsvalet i 2015. Komiteen stør
dette.
Komiteen er positiv til tiltak
som kan medverka til auka politisk deltaking og røystegjeving. Komiteen bed
difor departementet leggja til rette for å utvida ordninga med bemanna
stemmelokale på universitet og høgskular, folkehøgskular og vidaregåande
skular ved framtidige val.
Komiteen stør framlegget om at
staten tek over ansvaret for oppretting av manntalet og arbeidet med
oppdateringane som kjem frå Skattedirektoratet, som er ansvarleg
for folkeregisteret.
Komiteen viser til at det nye
elektroniske valadministrative systemet inneheld eit valadministrativt
system, system for maskinell teljing og eit system for røysting
på Internett. Datasystemet byggjer på nettbasert programvare og
vart ved sist val drifta hjå Brønnøysundregistrene. Komiteen merkar
seg at departementet konkluderer med at evalueringa viser at det
er naudsynt å betra systemet for maskinell teljing av røystesetlar
og at det valadministrative systemet kan betrast ytterlegare på
einskilde område. Med eit internettbasert valadministrasjonssystem
ser komiteen det som turvande at det ligg føre ei reserveløysing
i tilfelle internettsambandet fell ut. Komiteen stør
departementet i vurderinga av at det er føremålstenleg å ta i bruk
det nye elektroniske valadministrative systemet i samtlege kommunar
og fylkeskommunar alt i 2013, men registrerer at departementet likevel ikkje
ønskjer å påleggja den einskilde kommune dette gjennom lovvedtak. Komiteen merkar seg
at departementet opplyser at om lag 80 pst. av kostnadane i samband
med det nye sentrale elektroniske valadministrasjonssystemet i perioden
2008–2013 går til utvikling av valadministrasjonssystemet og skanningssystemet,
medan 20 pst. av kostnadsramma går til utvikling av system for internettrøysting.
Komiteen merkar seg at departementet
etter dei forsøk som har vore gjort med internettrøysting konkluderer
med at det er trong for fleire forsøk. Komiteen viser
til at det er knytt ei rekkje utfordringar til gjennomføring av
røysting ved hjelp av Internett. Sjølv om evalueringa viser at veljarane
av ulike grunnar er positive til elektronisk røystegjeving, viser
departementet m.a. til at fenomenet «family voting» har vorte meir
utbreidd internasjonalt dei seinaste åra. Internettrøysting gjev
dette fenomenet betre vilkår for utbreiing. Komiteen ser
dette som ein særs uønskt konsekvens av internettrøysting då dette utfordrar
det grunnleggjande prinsippet om frie og hemmelege val.
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet,
Martin Kolberg og Jette F. Christensen og medlemene frå Sosialistisk
Venstreparti og Senterpartiet merkar seg at departementet
viser til at forskarar meiner at forsøket ikkje gjev tilstrekkeleg
grunnlag til å vurdera dei demokratiske verknadane som ei eventuell
innføring av internettrøysting som tillegg til røysting i eigna
og offentleg vallokale vil ha. Desse medlemene finn
ikkje denne konklusjonen frå forskarane overraskande og vil streka
under at det framleis etter eventuelle fleire forsøk vil vera utfordringar
knytt til røysting ved hjelp av Internett. Desse medlemene merkar
seg at departementet legg opp til å avgrensa vidare forsøk til å
gjelda kommunar som ligg i same fylke som dei eksisterande forsøkskommunane.
Med den nye kunnskapen frå desse forsøka vil det
etter desse medlemene sitt syn vera mogleg å trekkja
ein endeleg konklusjon om internettrøysting er eigna til å auka
valdeltakinga samstundes som prinsippet om frie og hemmelege val
vert oppfylt.
Desse medlemene føreset at forsøka
med e-val/internettrøysting blir gjennomført i samsvar med våre
internasjonale forpliktingar for gjennomføring av val. Desse
medlemene legg til grunn at regjeringa inviterer OSSE/ODIHR-observatørar
til å følgja forsøka med elektronisk røystegjeving/internettrøysting,
og at vurderingane frå observatørane blir tillagt vekt i evalueringa
av forsøket. Dette særleg for å sikra at prinsippet om frie og hemmelege
val blir følgt og sosialt press ved røystegjeving unngått.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Høyre og Venstreviser til Stortingets
behandling av Dokument 8:128 S (2009–2010) Representantforslag fra
stortingsrepresentantene Erna Solberg, Michael Tetzschner og Trond
Helleland om å stanse forsøk med å avgi elektronisk stemme utenfor
valglokale. I Innst. 69 S (2010–2011) fremmet Fremskrittspartiet, Høyre
og Venstre forslag om stans av forsøk med å avgi elektronisk stemme
utenfor valglokale ved valget i 2011. Disse medlemmer har
fortsatt dette syn.
Disse medlemmer viser til at
spørsmålet om elektronisk stemme (internettstemmegivning) utenfor
valglokalet er grundig drøftet i ovenfor nevnte innstilling, og
i den påfølgende stortingsdebatten. Disse medlemmer vil
blant annet sitere fra innstillingen:
«Komiteen vil òg visa til at det er god grunn til
å hevda at kravet om frie og hemmelege val òg er heimla i sjølve
grunnlova, jf. professor Eivind Smiths bok Konstitusjonelt demokrati
(Bergen, 2009: Fagbokforlaget).
Komiteen viser til
at den nemnde Smith – på førespurnad frå stortingsgruppa til Høgre
– har levert ei djuptgåande og samvitsfull juridisk utgreiing om
tilhøvet mellom hemmelege val og elektronisk røystegjeving utanfor
vallokala. Utgreiinga konkluderer mellom anna med at:
‘adgang
til elektronisk stemmegivning i ukontrollerte omgivelser vil gå
på bekostning av prinsippet om frie og hemmelige valg. På denne bakgrunn
er det grunn til å stille spørsmål ved om det planlagte forsøket
står i strid med gjeldende lov, særlig rettsregler om retten til
frie og hemmelige valg som Norge er bundet av.’»
Det bør nevnes at utredningen fra professor Smith
følger som vedlegg til Dokument 8:128 S (2009–2010).
Det siteres videre fra innstillingen:
«Komiteen legg stor vekt på at valhandlinga ålment
sett skal innebera personleg oppmøte i eigna og offentlege vallokale.
Val av folkevalde lyt ha ein dåm av høgtid over seg; valhandlingane
til borgarane skal skilja seg klårt og markert frå til dømes daglegdagse
private internettsøk og -transaksjonar i heimen og på arbeid. Komiteen vil
på generelt grunnlag ta sterk fråstand frå ei utvikling i retning
«privatiserte» valhandlingar. Heilt sidan 1814 har ordet valting
hatt ein særskild valør i norsk kultur, politikk og samfunnsliv.
Komiteen kan ikkje sjå at nokon har bore til torgs overtydande argument
for at tida er inne for vidsveimde og grunnleggjande endringar av
måten val til storting, fylkesting og kommunestyre vert gjennomførde
på.»
Disse medlemmer ser at det verken
i ovennevnte behandling av representantforslag, eller i den foreliggende
proposisjon fra regjeringen, er lagt frem tungtveiende argumenter
for at man skal hevde at internettstemmegivning er i samsvar med
intensjonen i valgloven, våre internasjonale forpliktelser og Grunnloven. Disse medlemmer viser
i den sammenheng til den juridiske betenkning av professor Eivind
Smith.
Disse medlemmer mener det er
et grunnleggende element ved demokratiet som styreform at det legges
til rette for at borgernes valg skal være frivillige og hemmelige. Disse
medlemmer mener de forsøk som nå er tenkt videreført, ikke
i tilstrekkelig grad kan sikre at disse hensyn ivaretas på en god
nok måte.
Kjøp av stemmer var diskutert inngående etter kommunevalget
i 2007 knyttet til blant annet valgoppgjøret i Drammen. Ved elektronisk stemmegivning
utenfor valglokalet frykter disse medlemmer at mulighetene
for kjøp og salg av stemmer og påvirkning av borgernes valg gjennom
tvang/press kan bli forenklet gjennom internettstemmegivning.
Disse medlemmer mener videre
at det er tvil om hvorvidt forsøkene kan gjennomføres innenfor gjeldende
lov, grunnlov og internasjonale forpliktelser Norge er bundet av.
Komiteens medlem fra Kristelig
Folkeparti har merket seg at departementet ønsker å ha forsøk
med elektronisk stemmegivning også ved valget i 2013 i de samme
kommuner som deltok i forsøket ved valget i 2011. Dette medlem er
tvilende til om ytterligere forsøk vil gi et bedre grunnlag for
å vurdere en eventuell permanent ordning med elektronisk stemmegivning. Dette
medlem mener derfor det ikke bør gjennomføres ytterligere
forsøk med dette i forbindelse med valget i 2013.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre fremmer
følgende forslag:
«Stortinget ber regjeringen stanse forsøket
med å avgi elektronisk stemme utenfor valglokale ved valget i 2013.»
Komiteens medlem fra Arbeiderpartiet, Marit
Nybakk, viser til at prinsippet om frie og hemmelige valg
er en viktig hjørnestein i demokratiet. Dette medlem viser
videre til at blant annet Europarådet og Organisasjonen for sikkerhet
og samarbeid i Europa (OSSE) gjennom valgobservasjon utfører et
verdifullt arbeid i skjøre og nye demokratier, nettopp for å sikre den
enkelte velgers integritet og rett til å stemme etter egen overbevisning. Dette
medlem mener at forsøk med elektroniske valg utenfor godkjent
valglokale bryter med prinsippet om frie og hemmelige valg. Dette
medlem viser til Innst. 69 S (2010–2011), jf. Dokument 8:128
S (2009–2010) og til debatten i Stortinget 19. november 2010.
Komiteen viser til
brev frå kommunal- og regionalministeren dagsett 15. mars 2013 vedk. Prop
52 L om endringar i vallova. Av brevet går det fram at det ved ein
feil ikkje er fremja lovfesta i § 8-4 (2) at veljarar som røystar
i den kommunen ein er manntalsført må få røystesetelen stempla for
å hindra at ein og same person kan røysta fleire gonger.
Komiteen fremjar difor forslag
om at § 8-4 andre ledd vert vedteken med følgjande ordlyd:
«(2) Velger som er manntallsført i kommunen legger
selv stemmeseddelen i en urne, etter at den
er stemplet. Stemmemottaker setter kryss i manntallet ved
velgerens navn.»