Formålet med undersøkinga har vore å vurdere styringa
og kontrollen kommunane har med tenester med nasjonale mål. Det
har også vore eit mål å undersøkje i kva grad Kommunal- og regionaldepartementet
varetek det overordna ansvaret sitt for styring og kontroll i kommunane.
Kommunane har ei sentral rolle i den offentlege tenesteproduksjonen.
Konsekvensane av svak styring og kontroll med tenestene kan vere
alvorlege. Det kan bety at brukarane ikkje får dei tenestene dei
skal ha, at ein utnyttar ressursane lite effektivt, og at ein ikkje
når nasjonale mål.
For å vurdere styringa og kontrollen til kommunane
er det valt ut nasjonale mål innan tre tenesteområde, som alle er
viktige for innbyggjarane – grunnskolen, heimetenesta og avløpstenesta. Undersøkinga
omfattar i hovudsak perioden 2010–2012.
Mange kommunar har
svak styring og kontroll med tenester som er viktige for brukarane
Mange kommunestyre
får ikkje systematisk rapportering om tilstanden på viktige tenesteområde
Administrasjonssjefane i mange kommunar
har svak kontroll med tilstanden i tenestene
Kommunane utnyttar i liten grad dei moglegheitene
til kontroll med tenestekvalitet som ligg i forvaltningsrevisjon
Ulike statlege sektorkrav og storleiken
på kommunane påverkar styringa og kontrollen til kommunane
Kommunal- og regionaldepartementet har
i liten grad innhenta informasjon om bruken av lovpålagde styringsdokument
i kommunane og i liten grad medverka til å samordne krava til internkontroll
Mange kommunestyre får ikkje rapportering om tilstanden
eller kvaliteten på viktige tenesteområde med nasjonale mål. Halvparten
av kommunestyra får ikkje rapportering om tilbodet til demente og
kompetansen i heimetenesta, og endå færre får rapportering om ernæring
og legemiddelhandtering. Over halvparten av kommunestyra får ikkje
rapportering om leidningsfornying eller overløp og lekkasjar i avløpsnettet.
Kommunestyra set også i liten grad mål om kvalitet
på viktige tenesteområde med nasjonale mål. Over halvparten av kommunestyra
set ikkje mål om tilbodet til demente, kompetanse i heimetenesta
eller fornying av avløpsnettet, og få kommunestyre set mål om ernæring
og legemiddelhandtering.
Kommunestyra set i større grad mål og får også i større
grad rapportering innan grunnskolen. I denne sektoren er det lovpålagt
å rapportere til kommunestyret med utgangspunkt i obligatoriske
indikatorar. Kommunestyra i store kommunar set i større grad mål
og får i større grad rapportering om tilstanden enn i små kommunar.
Mange kommunar nyttar i liten grad dei lovpålagde
styringsdokumenta – årsbudsjett og årsrapport – til å setje mål
og rapportere om resultat på viktige område. Desse dokumenta skal gje
kommunestyret tilstrekkeleg styringsinformasjon for å kunne gjere
nødvendige prioriteringar og vurdere resultata av verksemda i kommunen.
Det er ikkje sett krav om detaljeringsgrad når
det gjeld styringsinformasjonen i kommunane. Den enkelte kommune
må sjølv vurdere detaljeringsgraden og omfanget av rapporteringa
ut frå lokale behov. Informasjonen må likevel vere tilstrekkeleg
til å vurdere om tenestene er gode nok, slik at kommunen kan setje
i verk nødvendige tiltak.
Slik Riksrevisjonen vurderer det, er målretta
og tilstrekkeleg styringsinformasjon på sentrale område viktig for
at kommunestyra skal kunne vareta ansvaret sitt for at brukarane
får tilfredsstillande tenester. Styringsinformasjonen er ein nødvendig
føresetnad for å kunne vareta omsynet til lokaldemokrati, optimal
utnytting av ressursane og overordna nasjonale interesser som ligg
til grunn for formålsparagrafen i kommunelova. Utan tilstrekkeleg
informasjon kan ikkje kommunestyra gripe inn, prioritere og foreta
nødvendige endringar. Konsekvensen av svak folkevald styring kan
vere at brukarane ikkje får tilfredsstillande tenester, og at ein
ikkje når nasjonale mål.
Administrasjonssjefane delegerer i stor grad myndigheit
til dei tenesteutøvande einingane i kommunen. Dette føreset at administrasjonssjefen
har etablert rutinar og system som sikrar tilstrekkeleg styringsinformasjon
til å ha forsvarleg («betryggende») kontroll. Slik informasjon er
også ein føresetnad for å kunne rapportere vidare til kommunestyret
om tilstanden i tenestene.
Mange administrasjonssjefar får i liten grad
rapportering om tilstanden og kvaliteten på sentrale tenesteområde.
Nær halvparten av leiarane for heimetenesta rapporterer ikkje om
ernæring, og om lag ein av tre rapporterer ikkje om tilbodet til demente
eller legemiddelhandtering. Tilsvarande rapporterer få avløpsleiarar
om overløp eller lekkasjar. Dei fleste ungdomsskoleleiarane rapporterer
om læringsresultat og mobbing.
Brukarundersøkingar blir i avgrensa grad nytta til
å følgje opp kvalitet i heimetenesta og avløpstenesta. Brukarundersøkingar
blir i større grad nytta i grunnskolen, der kommunane er pålagde å
delta årleg i ei nasjonal elevundersøking. Evalueringar blir også
i avgrensa grad nytta til å følgje opp tenestene, men i noko større
grad til å følgje opp grunnskolen enn dei andre tenesteområda.
Det nasjonale informasjonssystemet KOSTRA blir
i varierande grad nytta til å følgje opp dei tenesteutøvande einingane.
Over halvparten av kommunane nyttar i stor grad KOSTRA til å følgje
opp skolen og heimetenesta, medan systemet i mindre grad blir nytta
til å følgje opp avløpstenesta. KOSTRA inneheld likevel få indikatorar om
resultat for brukarane.
Administrasjonssjefane nyttar i liten grad informasjon
om avvik til systematisk arbeid med forbetring av tenestene. I mange
kommunar innhentar ikkje den administrative leiinga oversikter over
ulike typar avvik i tenestene, og ein av fem kommunar har ikkje
noko avvikssystem som dekkjer tenestekvalitet.
Administrasjonssjefane ser i varierande grad
til at det er etablert internkontroll med utvalde sektorkrav i tenestene.
Eit fåtal av administrasjonssjefane ser til at det er etablert internkontroll
med ernæring i heimetenesta og med avløpstenesta. Administrasjonssjefane
ser i større grad til at det er etablert internkontroll med legemiddelhandtering
og med det psykososiale miljøet til elevane.
Få administrasjonssjefar har gjennomført skriftlege
risikovurderingar av kvaliteten i tenestene. Administrasjonssjefane
etterspør også i liten grad risikovurderingar frå dei tenesteutøvande einingane.
Riksrevisjonen vil peike på at risikovurderingar er viktige for
å identifisere kor i tenestene det er størst fare for uønskte hendingar eller
manglande måloppnåing.
Dei fleste administrasjonssjefane legg mest
vekt på effektiv økonomisk drift i styringa og oppfølginga av tenestene.
Dette er ein viktig del av internkontrollen til administrasjonssjefen,
og det kan medverke til at dei kommunale oppgåvene blir løyste på
ein kostnadseffektiv måte.
Riksrevisjonen meiner at på bakgrunn av funna er
det risiko for at mange administrasjonssjefar ikkje har tilstrekkeleg
grunnlag for kontroll med tilstanden i tenestene. Svakheiter ved
kontrollen til administrasjonssjefane kan føre til at ein ikkje avdekkjer
lovbrot, at ein ikkje får oversikt over problemområde, at ein ikkje
set i verk nødvendige forbetringsprosessar, at ein ikkje når nasjonale
og lokale mål, og at brukarane ikkje får tilfredsstillande tenester.
Føresegnene i kommunelova om internkontrollen
til administrasjonssjefane er overordna utforma, og det er ikkje
sett krav til særskilde system eller aktivitetar. Slik Riksrevisjonen
vurderer det, er system som sikrar relevant informasjon om tilstanden
og utfordringane i tenestene, uansett viktige element i ein tilfredsstillande
internkontroll.
Kontrollutvala skal blant anna sjå til at det
årleg blir gjennomført forvaltningsrevisjon i kommunane. Undersøkinga
viser at 16 prosent av kommunestyra ikkje behandla nokon forvaltningsrevisjonar
i 2011.
Kontrollutvala set i avgrensa grad i verk forvaltningsrevisjonar
der kvalitet i tenestene står i fokus. Forvaltningsrevisjonar omhandlar
i hovudsak økonomistyring og regelverksetterleving. Når få forvaltningsrevisjonar
omhandlar tenestekvalitet, kan det kome av avgrensa kapasitet og kompetanse
i revisjonseiningane. Det kan også kome av at kommunane er lite
bevisste på dei moglegheitene som ligg i å bruke forvaltningsrevisjon,
til å kontrollere kvaliteten i tenestene.
Kommunelova gjev kontrollutvalet eit vidt mandat
i val av tema for forvaltningsrevisjon, og det kan vere gode grunnar
til å leggje vekt på økonomistyring og regelverksetterleving. Slik
Riksrevisjonen vurderer det, har mange kommunar likevel eit forbetringspotensial
når det gjeld å utnytte dei moglegheitene som ligg i forvaltningsrevisjon,
til å kontrollere resultata av tenestene.
Kommunestyra set i større grad mål og får i større
grad rapportering om tenestekvaliteten i grunnskolen enn i heimetenesta
og avløpstenesta. Den administrative leiinga i kommunen innhentar
også meir styringsinformasjon om tenestekvalitet i grunnskolen enn
i heimetenesta og avløpstenesta.
Ulike statlege sektorkrav og tilrettelegging
av måleindikatorar påverkar i kva grad kommunane styrer etter mål
og resultat i dei ulike sektorane. Innan pleie- og omsorgssektoren
og avløpstenesta har staten i mindre grad medverka til å utvikle indikatorar
for kvalitet i tenestene eller stilt krav om bruk av slike, enn
innan grunnskolesektoren.
Kommunestyra i små kommunar får mindre rapportering
om tenestekvalitet enn kommunestyra i store kommunar. Administrasjonssjefane
i små kommunar innhentar også mindre styringsinformasjon enn i store
kommunar, og dei nyttar i mindre grad slik informasjon til oppfølging
av kvaliteten i tenestene.
Store og små kommunar kan ha ulike behov når det
gjeld omfanget av system og rutinar for styring og kontroll. Riksrevisjonen
vil peike på at alle kommunar er underlagde dei same lovkrava, og
at kommunestyret har den same plikta til å føre tilsyn med verksemda
i kommunen. Riksrevisjonen meiner at dette føreset tilstrekkeleg
rapportering om tenestekvaliteten på viktige område, uavhengig av
storleiken på kommunen. På same måte har administrasjonssjefane, uavhengig
av storleiken på kommunane, eit ansvar for å etablere system og
rutinar som kan sikre at ein når måla, og at ein overheld lover
og reglar.
Ansvaret til kommunestyret og administrasjonssjefen
er forankra i kommunelova. Kommunal- og regionaldepartementet har,
som forvaltar av lova, eit ansvar for å innhente informasjon om effektane
av kommunelova, vurdere om ho er formålstenleg, og sørgje for at
det blir gjennomført nødvendige tiltak.
Kommunal- og regionaldepartementet har i liten grad
innhenta informasjon om korleis kommunane bruker dei sentrale lovpålagde
styringsdokumenta – årsbudsjett og årsrapport. Departementet har
heller ikkje rettleidd om bruken av styringsdokumenta. Desse dokumenta skal
blant anna sikre relevant informasjon for kommunestyret og andre
brukarar.
Mange administrasjonssjefar har utfordringar med
oppfølging og kontroll av kvaliteten i tenestene. Kommunal- og regionaldepartementet
har fremma forslag om å innføre eit krav i kommunelova om rapportering
om internkontrollen i årsmeldinga til kommunane. Dette tiltaket
vil kunne medverke til å utvikle internkontrollen i kommunane.
Kommunal- og regionaldepartementet har eit ansvar
for at verkemiddelbruken til departementa på dei ulike ansvarsområda
skal vere samordna, heilskapleg og konsistent, slik at kommunane
ikkje får motstridande styringssignal. Mange kommunar opplever ulike
sektorkrav om internkontroll som ei utfordring. Staten har utarbeidd
mange krav til internkontrollen i kommunane, utan at desse er samordna
ut frå eit kommuneperspektiv. Det er positivt at Kommunal- og regionaldepartementet
har varsla at ein skal innhente kunnskap om statlege krav til internkontroll
i kommunane. Riksrevisjonen vurderer det slik at det er behov for
tiltak som kan medverke til eit meir samordna regelverk for internkontroll.
Riksrevisjonen har merka seg at Kommunal- og regionaldepartementet
vil vurdere om KOSTRA dekkjer behovet for styringsinformasjon i
kommunesektoren og staten, og om informasjonsinnhentinga er effektiv.
Riksrevisjonen vurderer det slik at det er behov for å vidareutvikle
KOSTRA, slik at systemet får fleire indikatorar som gjev meir informasjon
om resultatkvaliteten på dei kommunale tenestene. Dette vil gje
både staten og kommunane betre styringsinformasjon om korleis ein
når nasjonale mål på sentrale område, og det vil redusere behovet
til kommunane for å utvikle eigne kvalitetsindikatorar.
1. Riksrevisjonen meiner
det er behov for tiltak som kan medverke til større bevisstheit
om det ansvaret kommunestyra har for styring og kontroll. Det er
spesielt behov for tiltak som kan medverke til at kommunestyret
får nødvendig styringsinformasjon på viktige område. Ein bør særleg
tilpasse tiltak til dei behova og utfordringane som små kommunar
har. Aktuelle tiltak som Riksrevisjonen meiner Kommunal- og regionaldepartementet
bør vurdere, er:
hente inn meir kunnskap om korleis kommunane bruker
dei lovpålagde styringsdokumenta – årsbudsjett og årsrapport – til
styring etter mål og resultat
gje rettleiing om styring, spesielt med
tanke på behovet for målretta og tilstrekkeleg styringsinformasjon
til kommunestyret
2. Kommunal- og regionaldepartementet
bør setje i verk ytterlegare tiltak som kan støtte internkontrollen
til administrasjonssjefane. Ein bør særleg tilpasse tiltaka til
behova og utfordringane i små kommunar.
3. Kommunal- og regionaldepartementet bør medverke
til eit meir samordna og forenkla regelverk for internkontroll for
kommunesektoren, som også er tilpassa behovet til små kommunar.
4. Kommunal- og regionaldepartementet bør medverke
til at KOSTRA får fleire indikatorar som gjev informasjon om resultatkvaliteten
på dei kommunale tenestene.
Når det gjeld tilrådinga frå Riksrevisjonen
om tiltak som kan medverke til større bevisstheit om det ansvaret
kommunestyra har for styring og kontroll, svarer statsråden at det
ikkje er stilt krav om at kommunane skal leggje mål- og resultatstyring
til grunn for verksemda. Departementet vurderer mål- og resultatstyring
som eitt av fleire aktuelle styringsprinsipp. Kommunane står fritt
til å velje korleis dei ønskjer å styre innanfor gjeldande lover
og reglar. Departementet har ikkje planar om å endre regelverket
på dette området.
Rapportering kan vere eitt av fleire verkemiddel for
å oppnå god styring og kontroll. Samtidig må ein finne det rette
nivået for rapportering. Statsråden kan ikkje sjå at det er kritikkverdig
at kommunestyra ikkje får rapportar som dei etter lova ikkje er
pålagde å få. Statsråden peiker vidare på at manglande rapportering
til kommunestyret ikkje utan vidare gjev grunnlag for ein konklusjon
om manglande styring og kontroll eller eit dårleg tenestetilbod.
Kommunelova regulerer relativt nøye kva dei kommunale
styringsdokumenta – som årsbudsjett og årsrapport – skal innehalde.
Statsråden meiner det ikkje er grunn til å tru at desse dokumenta
gjennomgåande ikkje har det innhaldet som lova krev.
Når det gjeld tilrådinga om å bidra med rettleiing overfor
kommunane, viser statsråden til at departementet i perioden 2002–2007
har publisert tre rettleiarar om korleis kommunane kan styre verksemda
si. I tillegg er departementet i gang med å utarbeide ein rettleiar
om økonomiplanlegging i kommunane.
Statsråden stiller seg positiv til tilrådinga
frå Riksrevisjonen om at Kommunal- og regionaldepartementet bør
vurdere ytterlegare tiltak som kan støtte internkontrollen til administrasjonssjefane.
Statsråden er einig i at internkontrollen til administrasjonssjefen
er viktig, og viser til tiltak som alt er sette i verk, og som er omtalte
i Riksrevisjonens undersøking.
Statsråden opplyser at departementet kontinuerleg
arbeider med samordning av statleg politikk overfor kommunane, også
når det gjeld regelverk for internkontroll. Departementet vil halde
fram med dette arbeidet.
Elles er statsråden einig med Riksrevisjonen
i at det er potensial for forbetring når det gjeld forvaltningsrevisjonar
som kontrollerer resultata i tenestene.
Statsråden er einig i at Kommunal- og regionaldepartementet
bør medverke til at KOSTRA får fleire indikatorar som gjev informasjon
om resultatkvaliteten på dei kommunale tenestene. Det vil også framover
bli arbeidd med å utvikle resultatindikatorar, noko departementet
meiner er krevjande på grunn av eigenskapane til dei data som blir
samla inn.
Riksrevisjonen har undersøkt styringa og oppfølginga
til kommunane av viktige tenesteområde med utgangspunkt i nasjonale
mål som i stor utstrekning er lovpålagde krav. Mange kommunestyre
får ikkje informasjon om tilstanden i desse tenestene.
Riksrevisjonen registrerer at statsråden meiner
at manglande rapportering til kommunestyret ikkje utan vidare gjev
grunnlag for ein konklusjon om manglande styring og kontroll eller
eit dårleg tenestetilbod. Riksrevisjonen vil peike på at kommunane
gjennom lov og forskrift har fått i oppgåve å produsere vesentlege
nasjonale tenester. Kommunestyret er øvste ansvarlege for tenestene
i kommunane. Riksrevisjonen meiner derfor det er nødvendig at kommunestyret, uavhengig
av kva for nokre styringsprinsipp kommunen nyttar, får tilstrekkeleg
informasjon om tilstanden i tenestene lokalt. Styringsinformasjon
er ein nødvendig føresetnad for å vareta omsynet i formålet i kommunelova
om lokaldemokrati, optimal utnytting av ressursar og overordna nasjonale
interesser.
Konsekvensen av mangelfull styringsinformasjon
kan vere at kommunestyret ikkje har eit godt nok grunnlag til å
gjere nødvendige endringar og prioriteringar, noko som gjev risiko
for eit dårleg tenestetilbod og for at ein ikkje når nasjonale mål.
Styringsdokumenta til kommunane – blant anna årsbudsjett
og årsrapport – skal sikre relevant informasjon om målsetjingane
og resultata av verksemda til kommunen. Riksrevisjonen legg til
grunn at dette også omfattar informasjon om tilstanden i tenestene.
På bakgrunn av funna i undersøkinga meiner Riksrevisjonen at Kommunal-
og regionaldepartementet bør få betre kunnskap om kommunane bruker
styringsdokumenta slik ein har lagt til grunn i kommunelova. Riksrevisjonen
meiner også at Kommunal- og regionaldepartementet bør gje kommunane
meir rettleiing om styring og bruk av styringsinformasjon. Ein bør
særleg tilpasse rettleiinga til behova og utfordringane til små
kommunar.
Riksrevisjonen registrerer at departementet
arbeider kontinuerleg med samordning av det statlege regelverket
overfor kommunesektoren. Riksrevisjonen meiner det er behov for
eit meir samordna og forenkla regelverk for internkontroll, og vil
peike på at dette arbeidet bør få auka prioritet. Eit meir samordna
og forenkla regelverk vil spesielt vere viktig for dei mindre kommunane.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Jette F. Christensen, Martin Kolberg og Marit Nybakk, fra Fremskrittspartiet,
lederen Anders Anundsen, Ulf Erik Knudsen og Øyvind Vaksdal, fra
Høyre, Per-Kristian Foss, fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H.
Langeland, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig
Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, og fra Venstre, Trine Skei Grande,
vil peke på at kommunene har en sentral rolle i den offentlige tjenesteytingen
og at brukerne er avhengig av at kommunen har styring og kontroll
med tjenestene som tilbys. Komiteen mener det er
alvorlig når Riksrevisjonens undersøkelse avdekker at mange kommuner
har svak kontroll og styring med tjenester som er viktige for brukerne.
For å få en oversikt over kommunenes styring
og kontroll, har Riksrevisjonen valgt ut tre tjenesteområder som
alle er viktige for innbyggerne – grunnskolen, hjemmetjenesten og
avløpstjenesten. Komiteen tar utgangspunkt i at Riksrevisjonen
har valgt ut disse tre områdene for å få et generelt bilde av kommunenes
styring med offentlige tjenester.
Komiteen er imidlertid enig med
departementet i at undersøkelsen i utgangspunktet ikke sier noe
om kvaliteten på det kommunale tjenestetilbudet så lenge konsekvensene
av manglende styring og kontroll ikke er en del av den. Komiteen mener
videre at det ikke nødvendigvis er slik at det en rapporterer inn
holder god kvalitet, og at det en ikke rapporterer inn har dårlig kvalitet.
Men komiteen mener likevel det er alvorlig at kommunene
ikke har kunnskap om kvaliteten på de tjenestene kommunens innbyggere
faktisk får. Etter komiteens mening er følgene av
manglende kontroll at lovbrudd ikke avdekkes, manglende oversikt
over eventuelle problemer og at nødvendige forbedringer heller ikke
iverksettes.
Kommunestyret er øverste ansvarlige for tjenestene
i kommunene. Riksrevisjonens undersøkelse har avdekket at mange
kommunestyrer ikke får rapportering om tilstanden på viktige tjenesteområder.
Det er etter komiteens mening alvorlig når halvparten
av kommunene i undersøkelsen ikke har fått rapportering om kvaliteten
på tilbudet til demente eller kompetansen i hjemmetjenesten. Videre
har fire av fem ikke fått rapportering om ernæring eller legemiddelhåndtering.
Særlig med henblikk på at Helsetilsynet har avdekket svikt i demensomsorgen
i hjemmetjenesten i kommunene i både 2010 og 2011, burde politikerne
i kommunene etterspørre kvaliteten på de tjenestene som tilbys.
Uten tilstrekkelig informasjon kan ikke kommunestyret gripe inn,
prioritere eller gjøre nødvendige endringer. Det er etter komiteens mening
et tankekors at det politiske nivået generelt får mye og god informasjon
om innsatsfaktorer og fordeling av ressurser, men lite informasjon
om kvaliteten på tjenestene slik det fremkommer av Riksrevisjonens
undersøkelse.
Komiteen vil peke på at resultatene
når det gjelder rapportering om ledningsfornyelse og overløp og
lekkasjer i 2011, heller ikke er bra når tre av fem kommunestyrer
ikke har fått rapporteringer om dette. Også på dette området må
det ses hen til at kommunesektoren har et betydelig etterslep i
vedlikeholdet av avløpsnettet og at mange anlegg er i så dårlig
forfatning at det truer funksjonaliteten. Med dette som bakteppe
bør det være i kommunepolitikernes interesse å få oversikt over
tilstanden også på dette området.
Komiteen er glad for at tilstanden
er bedre når det gjelder grunnskole, og registrerer at mer enn fire
av fem kommunestyrer har fått rapportering om tilstanden eller kvaliteten
når det gjelder læringsresultat og mobbing. Det viser at statlige sektorkrav
påvirker styringen og kontrollen til kommunene. Komiteen er
i likhet med Kommunal- og regionaldepartementet ikke overrasket
over at det i større grad blir rapportert på områder hvor det er
lovpålagt, enn der hvor det ikke er lovpålagt krav om rapportering.
Riksrevisjonens undersøkelse har avdekket at det
det er forskjeller mellom små og store kommuner hva angår styring
og kontroll med tjenester med nasjonale mål. Komiteen er
derfor tilfreds med at Riksrevisjonen i sin tilråding har lagt vekt
på at det tas særlig hensyn til små kommuner og at tiltak tilpasses
de behov og utfordringer som små kommuner har. Komiteen er
videre tilfreds med at flere av tiltakene Riksrevisjonen foreslår
til dels er imøtekommet fra Kommunal- og regionaldepartementet,
som for eksempel at departementet er i gang med å utarbeide nok
en rettledning til kommunene. Komiteen er videre
tilfreds med at kommunal- og regionalministeren er positiv til flere
av tiltakene Riksrevisjonen tilrår, som å sette i verk ytterligere
tiltak for å styrke internkontrollen, samordning av statlig politikk
overfor kommunene også når det gjelder mer forenklet og samordnet
regelverk for internkontroll, forbedringer av forvaltningsrevisjoner
som kontrollerer resultatene i tjenestene og at departementet vil medvirke
til at KOSTRA får flere indikatorer som gir informasjon om resultatkvaliteten
på de kommunale tjenestene.
Komiteen har merket seg at det
er uenighet mellom Riksrevisjonen og statsråden når det gjelder
nivået for rapportering til kommunestyrene, hvor departementet er
av den oppfatning at detaljert rapportering på alle kommunenes ansvarsområder
ikke uten videre gir god styring og kontroll. Komiteen er
enig i at rapportering er ett av flere virkemidler for å oppnå god
styring og kontroll og at kommuner skal ha friheten til å velge
hvordan de styrer virksomheten innenfor gjeldende lover og regler.
Samtidig mener komiteen i likhet med Riksrevisjonen
at det er nødvendig at kommunestyret får tilstrekkelig informasjon
om tilstanden i det lokale tjenestetilbudet, uavhengig av hvilket
styringsprinsipp en kommune benytter seg av. Komiteen kan
heller ikke se at det er noen motstrid mellom disse hensynene, men
vil slå fast at det viktigste må være at innbyggerne i enhver kommune
får de tjenester de etter loven skal ha og at nasjonale mål gjelder
for alle, uavhengig av hvilken kommune de bor i.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjøre
slikt
vedtak:
Dokument 3:7 (2012–2013) – Riksrevisjonens undersøking
av kommunane si styring og kontroll med tenester med nasjonale mål
– vedlegges protokollen.
Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den 23. april 2013
Anders Anundsen |
Martin Kolberg |
leder |
ordfører |