Innstilling fra næringskomiteen om endringar i statsbudsjettet 2012 under Landbruks- og matdepartementet

Til Stortinget

Sammendrag

Landbruks- og matdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingar under enkelte kapittel og postar i statsbudsjettet for 2012.

Framlegg til endringar i løyvingar under kapittel og postar i 2012

Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet

Post 1 Driftsutgifter

I Prop. 1 S (2011–2012) for Landbruks- og matdepartementet blei det lagt til grunn ein auke på departementet sitt driftsbudsjett i samband med departementet si flytting frå regjeringsbygg R5 til R6. Statsbygg har seinare justert arealfordelinga, og dermed òg kostnadene til husleige og andre driftskostnader. Departementet gjer derfor framlegg om å redusere utgifta på posten med 7,8 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald

Landbruks- og matdepartementet har i 2012 seld eigedom på Kjeller i Skedsmo for 15,6 mill. kroner, jf. omtale under kap. 4100 post 40. Med bakgrunn i Prop. 1 S (2011–2012) legg departementet til grunn at utgifter i samband med salsprosessen blir dekte av salsinntektene. I 2012 har departementet hatt utgifter i samband med regulering og sal på 9,9 mill. kroner.

Samla gjer departementet framlegg om å auke løyvinga på posten med 10,1 mill. kroner.

Kap. 1115 Mattilsynet

Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser

Posten blei i Prop. 111 S (2011–2012) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2012 auka med 760 000 kroner for 2012. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga på posten med 1 mill. kroner grunna eingongspremiar for tidlegpensjon m.m.

Post 71 Tilskott til erstatningar

Tilskotta over posten dekkjer utgiftene Mattilsynet har til nødhjelp til dyr etter dyrevernloven § 6, og der utgifta ikkje kan drivast inn frå eigar.

Ved utgangen av september 2012 er det ført om lag 2,5 mill. kroner på kap. 1115. Departementet foreslår å auke løyvinga over posten med 2,6 mill. kroner, til 3,7 mill. kroner.

Kap. 1148 Naturskade – erstatningar

Post 71 Naturskade, erstatningar

2011 var eit år med mange og store naturskadehendingar. Løyvinga blei auka til 163 mill. kroner i samband med behandlinga av Prop. 111 S (2011–2012). Anslaget er no justert opp til 220 mill. kroner for 2012. Løyvinga er ei overslagsløyving, og departementet gjer framlegg om ein auke på 57 mill. kroner.

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

Post 50 Fondsavsetningar

Prognoser frå SLF viser eit overforbruk på 6 mill. kroner. Departementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga på posten med 6 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 1150 post 74 Direkte tilskott.

Departementet gjer òg framlegg om å styrkje LUF med 3,7 mill. kroner, svarande til inntekta på kap. 4150 post 70.

Post 71 Tilskott til erstatningar m.m.

Formålet med løyvinga er å gi økonomisk kompensasjon til føretak i jordbruket som har lidd tap som kjem av forhold føretaket ikkje rår over.

Prognosane viser no at utbetalingane i 2012 vil bli 40 mill. kroner høgare enn lagt til grunn i Prop. 1 S (2011–2012), og departementet gjer framlegg om å auke løyvinga på posten i tråd med dette.

Post 73 Pristilskott

Formålet med løyvinga er å styrkje bøndene sine inntekter og å jamne ut distriktsforskjellar som skuldast ulike dyrkingsvilkår og infrastruktur.

Prognosen frå Statens landbruksforvaltning viser eit mindreforbruk på 143,7 mill. kroner for 2012. Departementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga på posten i tråd med dette.

Post 74 Direkte tilskott

Forbrukarprognosane for 2012 viser eit underforbruk på 7,8 mill. kroner. Landbruks- og matdepartementet viser til omtalen under kap. 1150 post 50 Fondsavsetningar, og gjer framlegg om å redusere løyvinga på posten med 6 mill. kroner for å dekkje overforbruket på Landbrukets utviklingsfond (LUF).

Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet

Post 40 Sal av eigedom

Landbruks- og matdepartementet har i 2012 seld eit større utbyggingsareal på Kjeller i Skedsmo for 14,5 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om å opprette kap. 4100 post 40 for 2012 med ei inntektsløyving på 15,8 mill. kroner.

Kap. 4115 Mattilsynet

Post 1 Gebyr m.m.

Foreløpige utrekningar viser at gebyrinntektene under Mattilsynet vil bli lågare enn det var budsjettert med i Prop. 1 S (2011–2012). Departementet gjer framlegg om å redusere inntekta over posten med 16,9 mill. kroner, til 105 mill. kroner.

Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

Post 70 Tilbakebetalt tilskott til reguleringsanlegg

Omsetningsrådet gjorde i mai 2012 vedtak om tilbakebetaling på totalt 3,7 mill. kroner for fire reguleringsanlegg som ikkje lenger blir nytta til formålet. Departementet gjer derfor framlegg om å opprette kap. 4150 post 70 for 2012 med ei løyving på 3,7 mill. kroner.

Post 85 Marknadsordninga for korn

Nye anslag tyder på at inntektene blir høgare enn forventa, og departementet foreslår derfor å auke inntekta over posten med 9,3 mill. kroner, til 37 mill. kroner.

Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

Post 90 Avdrag på lån

Landbruks- og matdepartementet legg til grunn at inntektene frå arronderingssalet som starta hausten 2011, blir nytta til avdrag på det statlege lånet Statskog SF fekk i samband med oppkjøpet av Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, jf. Prop. 11 S (2010–2011). Prognosane for salet tilseier ei inntekt på 67 mill. kroner i 2012. Departementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga på posten med 23 mill. kroner.

Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

Post 70 Avgifter i matforvaltninga

Avgiftene i matforvaltninga fall bort med verknad frå 1. januar 2012.

Den budsjetterte inntekta på 117 mill. kroner i Prop. 1 S (2011–2012) er knytt til oppsamla utgifter frå 2011 som kom til innbetaling i 2012. Pr. 1. september 2012 var det rekneskapsført 151,5 mill. kroner på posten. Det er ikkje forventa ytterlegare innbetalingar i år, og departementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga over posten med 34,5 mill. kroner.

Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

Post 85 Utbytte

I Prop. 1 S (2011–2012) for Landbruks- og matdepartementet er det budsjettert med eit utbytte på 5 mill. kroner frå dei aksjeselskapa der departementet representerer statens eigardel. Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga over posten med 405 000 kroner.

Kap. 5652 Renter og utbytte – Statskog SF

Post 80 Renter

Rentene på lånet Statskog SF fekk ved kjøpet av selskapa Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, jf. Prop. 11 S (2010–2011), vil vere på om lag 22,5 mill. kroner i 2012. Departementet gjer derfor framlegg om ein auke av løyvinga på posten på 0,6 mill. kroner.

Andre saker

Auka tilsegnsfullmakt, naturskade

Oppdaterte prognoser viser at det vil bli gitt tilsegn om erstatningar i 2012 som ikkje vil komme til utbetaling same året. Landbruks- og matdepartementet foreslår derfor å auke tilsegnsfullmakta for 2012 med 65 mill. kroner, til 142 mill. kroner.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Else-May Botten, Lillian Hansen, Arne L. Haugen, Ingrid Heggø og lederen Terje Aasland, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Harald T. Nesvik og Torgeir Trældal, fra Høyre, Frank Bakke-Jensen, Svein Flåtten og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Sosialistisk Venstreparti, Alf Egil Holmelid, fra Senterpartiet, Irene Lange Nordahl, og fra Kristelig Folkeparti, Rigmor Andersen Eide, viser til Prop. 21 S (2012–2013) med forslag til endringer i statsbudsjettet 2012 under Landbruks- og matdepartementet.

Komiteen viser videre til at proposisjonen omhandler endringer på poster i statsbudsjettet som gjelder større/mindre utgifter og større/mindre inntekter enn budsjettert.

Komiteen har merket seg at justeringen bl.a. gjelder mindre kostnader på Landbruks- og matdepartementets driftsbudsjett i forbindelse med flyttingen fra regjeringsbygg R5 til R6, salg av eiendom i Skedsmo og Oppdal og økte pensjonskostnader og tilskudd til erstatninger under Mattilsynet. Komiteen har videre merket seg økte kostnader til naturskadeerstatninger og til gjennomføring av jordbruksavtalen.

Komiteen viser til post 71 Tilskott til erstatninger, som må styrkes med 40 mill. kroner, mens post 73 Pristilskott for å styrke bøndenes inntekter og jamne ut distriktsforskjeller, har et mindreforbruk på 143,7 mill. kroner.

Komiteen viser videre til en viss reduksjon av gebyrinntekter til Mattilsynet ved at gebyrbelagte oppgaver i kjøttkontrollen er overført fra Mattilsynet til det enkelte slakteriet.

Komiteen har forøvrig merket seg at inntekter fra Statskog SF sitt arronderingssalg er noe høyere enn budsjettert og at renter på lån økes med 600 000 kroner.

Komiteen viser ellers til at det er behov for å øke tilsagnsfullmakten for naturskade med 65 mill. kroner og er enig i dette.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2012 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1100

Landbruks- og matdepartementet:

1

Driftsutgifter, blir redusert med

7 763 000

frå kr 146 677 000 til kr 138 914 000

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 50, blir auka med

10 120 000

frå kr 2 595 000 til kr 12 715 000

1115

Mattilsynet:

22

Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser, blir auka med

1 000 000

frå kr 7 985 000 til kr 8 985 000

71

Tilskott til erstatningar, overslagsløyving, blir auka med

2 600 000

frå kr 1 131 000 til kr 3 731 000

1148

Naturskade – erstatningar:

71

Naturskade, erstatningar, overslagsløyving, blir auka med

57 000 000

frå kr 163 000 000 til kr 220 000 000

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m:

50

Fondsavsetningar, blir auka med

9 700 000

frå kr 1 149 653 000 til kr 1 159 353 000

71

Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving, blir auka med

40 000 000

frå kr 70 000 000 til kr 110 000 000

73

Pristilskott, overslagsløyving, blir redusert med

143 650 000

frå kr 2 290 100 000 til kr 2 146 450 000

74

Direkte tilskott, kan overførast, blir redusert med

6 000 000

frå kr 8 240 591 000 til kr 8 234 591 000

Inntekter

4100

Landbruks- og matdepartementet:

40 (Ny)

Sal av eigedom, blir løyvd med

15 849 000

4115

Mattilsynet:

1

Gebyr m.m., blir redusert med

16 900 000

frå kr 121 889 000 til kr 104 989 000

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.:

70 (Ny)

Tilbakebetalt tilskott til reguleringsanlegg, blir løyvd med

3 700 000

85

Marknadsordninga for korn, blir auka med

9 300 000

frå kr 27 700 000 til kr 37 000 000

4162

Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap:

90

Avdrag på lån, blir auka med

23 000 000

frå kr 44 000 000 til kr 67 000 000

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet:

70

Avgifter i matforvaltninga, blir auka med

34 500 000

frå kr 117 000 000 til kr 151 500 000

5651

Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet:

85

Utbytte, blir redusert med

405 000

frå kr 5 000 000 til kr 4 595 000

5652

Renter og utbytte – Statskog SF:

80

Renter, blir auka med

600 000

frå kr 21 900 000 til kr 22 500 000

Fullmakt til å pådra staten forpliktingar utover gitte løyvingar

II

Tilsegnsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Landbruks- og matdepartementet i 2012 kan gi tilsegn om tilskott utover gitte løyvingar, men slik at samla ramme for nye tilsegn og gammalt ansvar ikkje overstig følgjande beløp:

Kap.

Post

Formål

Samla ramme

1148

Naturskade – erstatningar

71

Naturskade, erstatningar

142 mill. kroner

Oslo, i næringskomiteen, den 5. desember 2012

Terje Aasland

Arne L. Haugen

leder

ordfører