Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram
ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg har med andre
land. Ei slik melding skal leggjast fram årleg. Meldinga vart første gong
lagt fram i 1995. Vi viser i den samanheng til St.meld. nr. 49 (1994–1995)
om dei årlege fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land. I denne
meldinga la Fiskeridepartementet vekt på å gje ei omtale av det
rammeverket som vart inngått i tilknyting til utvidinga av den norske økonomiske
sona på 1970-talet, og som ligg til grunn for dei årlege kvoteforhandlingane.
Desse avtalane er ikkje særskilt omtalte i denne meldinga.
Meld. St. 25 (2011–2012) omtalar kvoteavtalane for
2012, og norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale
forvaltningsorganisasjonar, og gjer vidare greie for bestandsutrekning, rådgjeving,
tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar for dei viktigaste
bestandane som Noreg deler med andre land. Meldinga omtalar òg dei
kontrolltiltaka som er sette i verk for å kontrollere norsk og utanlandsk
fiske på avtalte kvotar, i tillegg til kontrollsamarbeidet med andre
land og tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Til
sist gjev meldinga ei oversikt over i kva grad norske og utanlandske
fiskarar utnytta kvotane sine i 2010 og 2011, og kva slags fartøygrupper
som fiskar på dei kvotane Noreg har i sonene til andre land.
Kvoteavtalane for 2012 finst på Fiskeri- og
kystdepartementet sine heimesider: http://www.regjeringa.no/fkd.
I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale
for 2012 har partane bestemt ein totalkvote for nordaust-arktisk
torsk på 751 000 tonn, som er ein auke frå 2011. Partane justerte
i 2009 den etablerte forvaltningsstrategien ved at det er lagt inn
ein mekanisme som skal sikre at kvotefastsetjinga òg tek høgd for
periodar med sterk vekst og oppskriving av bestanden. Det er sett
av ein torskekvote til tredjeland på 104 286 tonn. Med overføring
av ein del av den russiske kvoten til Noreg, er den samla norske
kvoten av torsk nord for 62°N på 339 857 tonn.
Hysebestanden er i god forfatning, og totalkvoten
er auka frå 2011 til 318 000 tonn for 2012 Den norske kvoten er
på 153 253 tonn etter overføring frå Russland.
Ei hovudsak for samarbeidet mellom Noreg og Russland
om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2011 har, som i 2010,
vore arbeidet for ein styrka kontroll med uttak og omlasting av fisk
i Barentshavet. I samband med forhandlingane om ein kvoteavtale
for 2012 vart partane einige om å vidareføre arbeidet for å halde overfisket
i Barentshavet og Norskehavet på eit lågt nivå, og vidareføre og
implementere ei rekkje av dei tiltaka partane tidlegare har vore
einige om. Partane diskuterte òg utkastproblematikken. I 2009 avtalte
partane felles maskevidd, og i 2010 kom partane fram til felles
minstemål og prosedyrar og kriterium for stenging og opning av fiskefelt.
Torskebestanden i nord er i svært god forfatning, og sidan 2009
har det ikkje vore registrert noko ulovleg overfiske av torsk og
hyse i Barentshavet.
I forhandlingane om ein kvoteavtale mellom Noreg
og EU for 2012, vart kvoten på torsk i Nordsjøen sett til 26 475
tonn. Dette er i tråd med den reviderte gjenoppbyggingsplanen. Kvoten
må òg sjåast i samanheng med arbeidet for å betre beskatningsmønsteret
og redusere det reelle uttaket av torsk. I tråd med forvaltningsplanane
er totalkvoten for hyse auka til 39 165 tonn, medan seikvoten er
noko redusert til 79 315 tonn. Nordsjøsildbestanden er i god forfatning.
Totalkvoten vart sett på 405 000 tonn, som inneber ein auke på 50
prosent frå 2011. Noreg har for 2012 inngått kvoteavtalar med EU om
fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen
av Nordsjøen.
Noreg har vidare inngått ein tosidig kvoteavtale for
2012 med Grønland. Det er for 2012 òg utveksla kvotar med Island
i tråd med «Smottholavtalen» og den tilhøyrande tosidige avtalen, medan
òg trepartsavtalen er vidareført mellom Noreg, Island og Grønland
om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen.
På same måte som i fjor vart det ikkje inngått ein bilateral avtale
med Færøyane for 2012 grunna usemje om makrellspørsmålet.
Det vart òg i 2011 gjennomført fempartsforhandlingar
om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland,
og inngått ein avtale for 2012. Det var òg underteikna ein firepartsavtale
for kolmule for 2012.
Partane vart heller ikkje i 2011 einige om ein makrellavtale
for 2012. Noreg og EU har ein bilateral avtale, og har halde fram
forhandlingane om ein ny kyststatsavtale som inkluderer Færøyane
og Island, med Russland som observatør.
Partane i NEAFC er einige om reguleringstiltak for
fiske av uer i Irmingerhavet og Norskehavet i 2012.
Noreg har i 2011 vore representert i ulike møte
i globale og regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar som CCAMLR
(Konvensjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis),
ICCAT (Den internasjonale konvensjonen for bevaring av atlantisk
tunfisk) og SEAFO (Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjon).
Noreg har i 2011 vore aktiv i ulike møte i både IWC
(Den internasjonale kvalfangstkommisjonen), og NAMMCO (Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen).
Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre
land er baserte på rådgjevinga frå ICES. Rådgjevinga frå ICES vert
utarbeidd av ICES sin rådgjevande komité for fiskeriforvaltning, ACOM.
ACOM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og
arbeidsgrupper i ICES, og gjev årlege råd om fangstmengder for dei
viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.
For alle dei viktigaste fellesbestandane har
vi etablert langsiktige forvaltningsplanar.
Noreg har i ei årrekkje hatt særskilte kontrollavtalar
med dei viktigaste samarbeidspartane i fiskerisektoren, mellom anna
med Russland og EU-landa.
Norske styresmakter har dei seinare åra innført ei
rekkje tiltak for å hindre ulovleg, urapportert og uregulert fiske.
Eit sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy
som har drive uønskt aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon.
Fartøy som har delteke i ulovleg, urapportert og uregulert fiske
i internasjonalt farvatn nektast lisens i Noreg si økonomiske sone.
Ein kan både nekte desse fartøya å føre norsk flagg under visse
vilkår, og nekte dei å lande fangst i norske hamner.
Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestandane
torsk, hyse, blåkveite og lodde nord om 62ºN godt i 2010 og 2011.
I Nordsjøen vart heile den norske kvoten av fellesbestanden
sild hausta i 2010 og 2011, medan ubrukt norsk kvote av fellesbestanden makrell
i 2009 vart overført til 2010. Frå og med 2011 er det innført kvotefleksibilitet
over årsskiftet i fisket etter makrell. Seikvoten vart godt utnytta
i 2010 og 2011.
I EU sitt farvatn vart den norske kolmulekvoten nytta
godt begge åra, medan norske linefartøy utnytta store delar av botnfiskkvotane
av blålange, lange og brosme både i 2010 og 2011.
I færøyske farvatn fiska norske fartøy 40 prosent av
botnfiskkvoten i 2010. På grunn av usemje i makrellforvaltninga
vart det ikkje inngått bilaterale avtaler mellom Noreg og Færøyane
i 2011. Difor har norske fartøy ikkje fiska i færøyske farvatn i
2011.
I 2010 vart loddefisket igjen opna ved Island.
I sesongen 2010/2011 vart det berre fiska lodde i islandsk sone
om vinteren i 2011. Den norske kvoten vart nytta godt. I sesongen
2011/2012 vart fisket starta i grønlandsk sone i juli 2011, for så
å halde fram i islandsk sone vinteren 2012. Kvoten vart òg her godt
utnytta.
I Barentshavet vart kvotane godt nytta i både 2010
og 2011.
Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert
om reker og sild i 2010, og reker i 2011.
Når det gjeld forvaltninga av norsk vårgytande sild
vart kyststatane i 2008 einige om å innføre kvotefleksibilitet over
årsskiftet frå og med 2008. Det vart opna for å føre over inntil
10 prosent av ubrukt kvote til neste år. Det vart òg gjeve høve
til å forskottere inntil 10 prosent på neste års kvote. Alt fiske
utover kvote skal trekkjast frå kvoten neste år. Færøyane og Noreg
var dei einaste landa som i 2010 og 2011 fiska på forskot på 2011-
og 2012-kvoten. Noreg fiska 42 213 tonn på forskot i 2010 og 28 658
tonn på forskot i 2011. EU, Island og Russland overførte unytta
kvantum til 2011 og 2012.
Russland utnytta 46 prosent av torskekvoten
i norsk økonomisk sone (NØS) i 2010, i 2011 utnytta dei 64 prosent.
Russland fiska 69 prosent av hysekvoten sin i NØS i 2010, medan
dei i 2011 hadde ei utnytting på 88 prosent. Dei fiska 117 428 tonn
og 78 528 tonn norsk vårgytande sild i NØS i 2010 og 2011.
Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og
i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild,
makrell, kviting, raudspette og tobis. Ifølgje offisiell fangststatistikk
har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av torske-
og seikvotane sine i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane
i Skagerrak har òg vore gjennomgåande høg for EU.
Grunna usemje om makrell vart det ikkje inngått ein
kvoteavtale mellom Færøyane og Noreg for 2011. Færøyane fekk like
fullt tilgjenge til å fiske kolmule og sild gjennom høvesvis fempartsavtalen
og kolmuleavtalen. Færøyane utnytta kvotane for torsk, hyse, sei
og sild i NØS nord om 62°N fullt ut i 2010. I Nordsjøen vart òg
kvotane for sei og sild godt utnytta i 2010. I 2011 fiska færøyske
fartøy 50 prosent av sildekvoten nord om 62°N.
Grønland utnytta torskekvotane godt i 2010 og 2011.
Grønlandske fartøy fiska 956 tonn sei i 2010, og 440 tonn sei i
2011.
Island overfiska torskekvoten i NØS nord for 62°N
med 6 prosent i 2010. I 2011 utnytta Island 99 prosent av denne
kvoten. Fisket etter sild nord for 62°N har falle frå 65 prosent
kvoteutnytting i 2010 til 36 prosent i 2011. Island har dei siste
åra fiska ein større del av silda i si eiga sone.
I hovudsak utnyttar Sverige dei bilaterale kvotane
sine godt i norsk del av Nordsjøen. Fisket deira er i stor grad
retta mot kvotane av torsk, sei, makrell, sild og reker.
Det er tre overordna mål som ligg til grunn
for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessar og internasjonale
ressursforvaltningsfora.
Å fremje norske prinsipp
for forvalting av levande marine ressursar, i første rekkje prinsippet
om berekraftig forvaltning basert på best tilgjengeleg vitskapleg
kunnskap og prinsippet om økosystembasert forvaltning.
Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling
av felles regulerte bestandar, i første rekkje basert på sonetilhøyrselprinsippet.
Å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan
dei forvaltningsregime som Noreg deltek i.
Det er fleire saksfelt som har fått mykje merksemd
dei seinare åra. For det første vil regjeringa i denne meldinga
gjere greie for kampen mot ulovleg, urapportert og uregistrert fiske.
Dette er ei sak regjeringa har arbeidd med i fleire år, og arbeidet
vil halde fram. For det andre har Noreg dei seinare åra særleg sett
utkast av fisk på dagsordenen. Eit tredje område det er naturleg
å omtale særskilt er internasjonale havmiljøprosessar der Noreg
etter kvart har fått ei sentral rolle.
Utvidinga av nasjonal fiskerijurisdiksjon til
200 nautiske mil på slutten av 1970-talet førte til ein overgang
frå fleirsidige forhandlingar innan ramma av NEAFC til forhandlingar
mellom dei kyststatane som saman har suverene rettar til fiskebestandane.
Dette inneber at såkalla tredjeland, som ikkje har kyststatsrettar
i det aktuelle området, ikkje tek del i avgjerder om forvaltninga
av bestandane slik dei gjorde tidlegare. Kyststatane har ei plikt
til å fremje ei forsvarleg ressursforvalting som samstundes skal
ta omsyn til dei økonomiske behova til kystbefolkninga. Norske styresmakter
legg vekt på dette når den norske fiskeripolitikken vert utforma.
I tråd med dette fører Noreg årleg tosidige og fleirsidige forhandlingar
med ei rekkje land om forvaltning og vern av fiskebestandar, om
gjensidig fangstløyve og fiskekvotar, og om einsidig løyve for fiskarar
i nokre land til å fiske i dei norske 200 nautiske mil-sonene.
Stortinget ga 11. juni 1996 samtykke til ratifikasjon
av FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982 og FN-konvensjonen
av 4. desember 1995 om fiske på det opne hav, som supplerer FN sin
havrettskonvensjon av 10. desember 1982. FN-avtalen om fiske på
det opne hav forpliktar òg til samarbeid om forsvarleg forvaltning
av vandrande og langt migrerande bestandar. Noreg har difor i aukande
grad teke del i samarbeidet i ulike relevante internasjonale organisasjonar.
Noreg og Russland skreiv den 15. september 2010
under ein avtale om maritim avgrensing og samarbeid i Barentshavet
og Polhavet. Avtalen regulerer òg samarbeid om utnytting av moglege grenseoverskridande
petroleumsførekomstar i desse havområda. Avtalen tok til å gjelde
den 7. juli 2011, sjå fig. 2.1 i meldinga.
Den 28. august 2009 vart det semje om ein tekst for
ein global bindande avtale om hamnestatstiltak for å førebyggje,
hindre og eliminere ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Generalforsamlinga
i FAO vedtok avtalen 22. november 2009, og Noreg skreiv under avtalen
same dagen. Avtalen trer i kraft når 25 statar har slutta seg til. Forslag
til vedtak om samtykke til ratifikasjon av avtalen vart fremma for
Stortinget i Prop. 54 S (2010–2011), og vedteke 26. april 2011.
I mange år har den største utfordringa i forvaltningssamarbeidet
mellom Noreg og EU vore at partane til dels forvaltar nordsjøbestandane
på ulik måte. Noreg har eit utkastforbod i sine fiskerireguleringar,
og har innført reguleringar for å unngå uønskt bifangst. EUs fiskarar
er derimot pålagde å kaste ut fisk som er under gjeldande minstemål,
fiska i strid med gjeldande bifangstreglar eller er av ein art der
kvoten allereie er oppfiska. Innsatsen mot utkast vil truleg prege
det allereie tette forvaltningssamarbeidet mellom partane i åra
framover, og EU er i gong med å revidere sin felles fiskeripolitikk.
I denne samanhengen har Europakommisjonen foreslått å innføre eit
utkastforbod.
Noreg har òg teke initiativ for å få denne saka
på dagsordenen globalt. Generalforsamlinga til FN bad i 2008, basert
på eit forslag frå Noreg, FAO sin fiskerikomité (COFI) om å vurdere
ein handlingsplan mot utkast. Dette la grunnlaget for at FAO på
møtet i fiskerikomiteen i februar 2011 vedtok internasjonale retningslinjer
for å redusere bifangst og utkast av fiske.
Noreg har òg fremja forslag til tiltak i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar.
Mellom anna har Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC)
vedteke eit utkastforbod i internasjonalt farvatn for dei viktigaste
artane som vert regulert av NEAFC. Vedtaket var eit viktig steg
mot ei berekraftig og ansvarleg forvaltning av fiskebestandar i
internasjonalt farvatn.
Ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske)
er ei alvorleg utfordring for ei forsvarleg utnytting av fiskebestandane
og for marine økosystem både lokalt, nasjonalt, regionalt og globalt.
UUU-fiske skjer ikkje berre på bestandar som Noreg som kyststat
har eit forvaltningsansvar for, men over heile verda. Omgrepet UUU-fiske
famner vidt og gjeld både forvaltningsmanglar og ulovlege handlingar.
Primært vert UUU-fiske handtert internasjonalt gjennom FN sin matvareorganisasjon
(FAO) og i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane (RFMOar).
Den nye havressurslova tok til å gjelde 1. januar 2009.
Lova gjev nye og utvida heimlar i kampen mot UUU-verksemd og opnar
mellom anna for å kunne straffe eigne borgarar og juridiske personar
for handlingar utførde i jurisdiksjonsområda til andre land. Vidare
innfører lova tvangsmulkt og lovbrotsgebyr. Ny forskrift om bruk
av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr tok til å gjelde 1. mars 2012.
Fiskeridirektoratet er i ferd med å styrkje
den nasjonale inspeksjonen gjennom å utvikle eit elektronisk system
for risikovurdering, ELORV. Ferdig utvikla vil systemet risikovurdere
aktørane i fiskerinæringa kontinuerleg og sikre at dei rette objekta,
både på hav og land, vert kontrollerte. Resultatet vil verte ein
meir treffsikker ressurskontroll og dermed ein effektivisert kontrollinnsats
både ved landing og i etterføljande kontrollar.
Å overvake aktiviteten i Barentshavet er høgt prioritert
og det er laga ei løysing for å koordinere risikovurderingar i sann
tid i området. Dette skjer i samarbeid mellom Kystvakta, Forsvaret, Fiskeridirektoratet
og Russland. Arbeidet vert gjort i form av dagleg overvaking, risikoanalysar og
analysar av totaluttak. Det vert òg arbeidd for å få på plass ein
avtale om fullstendig utveksling av sporingsdata med Russland for
å oppnå best mogleg innsyn i den samla fiskeriverksemda.
Delar av UUU-veksemda er rein kriminell verksemd
og vert omtala som fiskerikriminalitet. Slik verksemd kan omfatte
både økonomisk kriminalitet, miljøkriminalitet og organisert kriminalitet.
Ein ser òg at fiskerikriminalitet i ein del tilfelle har bindeledd
til anna kriminell verksemd, som smugling av narkotiske stoff og
menneskehandel. Den globale kampen mot fiskerikriminalitet er komplisert
og involverer både politiet, påtalemakta og kontrollstyresmaktene.
Systematisk fiskerikriminalitet i stor skala er prega av enkelte
store internasjonale kriminelle aktørar. I arbeidet mot desse nettverka
må det leggjast til rette for samarbeid mellom politiet i seljar-
og kjøparland for å etterforske eventuelle kriminelle tilhøve.
Fiskeriforvaltningas analysenettverk (FFA) vart etablert
i 2009, og er eit konkret tiltak mot organisert kriminalitet knytt
til ulovleg fiske (Meld. St. 7 (2010–2011) Kampen mot organisert
kriminalitet). FFA skal sikre eit tettare samarbeid mellom ulike
etatar og bidra med oppdaterte, tverrsektorielle analysar innanfor
saksområdet. I tillegg til å produsere analysar om ulovleg uttak av
fisk frå havet, legg prosjektet òg vekt på annan fiskerirelatert
kriminalitet som til dømes ulovleg kapitalflyt som stammar frå omsetning av
ulovleg fanga fisk. Prosjektgruppa er samansett av fagpersonar frå
Politidirektoratet, ØKOKRIM, Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Kystverket,
Toll- og avgiftsdirektoratet og Skattedirektoratet.
I Prop. 1 S (2011–2012) heiter det at: «Norge
arbeider internasjonalt for at forvaltning av marine ressursar skjer
i tråd med anerkjente prinsipper som blant annet bærekraftig bruk,
føre-var-prinsippet og økosystembasert forvaltning. Dette gjelder
i våre egne fiskerisoner, på det åpne hav og i andre nasjoners fiskerisoner».
For å kunne nå dette målet for ressursforvaltninga, trengst det informasjon
om og kontroll med alt ressursuttak i norske jurisdiksjonsområde.
Fysisk kontroll med fiskeaktivitet er ein sentral del av det norske systemet
for kontroll og handheving. Dette inneber kontroll på alle nivå,
til havs, under landing og ved omsetning av fiskefangstar.
I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for
ressurskontrollen saman med Kystvakta og salslaga. I internasjonale
samanhengar vert det norske systemet med nært samarbeid mellom Fiskeridirektoratet,
Kystvakta og salslaga ofte framheva som ein vellukka modell for
ressurskontroll.
Utanlandske styresmakter har kontrollansvaret når
norske fartøy leverer fangst i utanlandske hamner og når norske
fartøy fiskar i jurisdiksjonsområda til desse landa. Hamnestatskontrollen som
vart innført i NEAFC frå 1. mai 2007 og i NAFO i 2009, gjev norske
styresmakter eit kontrollansvar når det gjeld å verifisere fangst
ved landingar frå norske fartøy i NEAFC- og NAFO-landa sine hamner.
Noreg skal òg hente inn slik verifisering ved landingar frå utanlandske
fartøy i norske hamner.
Frå 2006 har ein hatt elektronisk overvaking
av kvalfangsten. Inspektørbasert kontroll vert no gjennomført på
stikkprøvebasis på kvalfangstfartøya. For å få løyve til å delta
på selfangst er det eit krav at fartøyet har inspektør om bord under
heile fangsten. Det er ein viktig del av kontrolloppgåva å sjå til
at avlivinga skjer i samsvar med regelverket. I andre fiskeri har
Fiskeridirektoratet sett i verk ei ordning med inspektørar om bord
på enkelte norske og utanlandske fartøy i kortare eller lengre periodar.
På enkelte artar går det føre seg eit omfattande fiske i indre norske farvatn.
Det er difor ei ordning der inspeksjonsfartøy frå Fiskeridirektoratet
er til stades på desse fiskefelta.
Kystvakta har direkte tilgang til dei opplysningane
som er lagra i databasane i Fiskeridirektoratet. Opplysningane vert
under kontroll på feltet haldne opp mot opplysningane som går fram
av fangstdagboka til fartøyet, eventuelle sluttsetlar og innhaldet
i lasterommet eller lastetankane på fartøyet. Når desse opplysningane
ikkje er i samsvar med kvarandre kan Kystvakta reagere med åtvaring,
fartøyet kan haldast tilbake, eller saka kan meldast til politiet,
alt etter kor grov krenkinga er.
Kontroll med ressursuttaket på felles fiskebestandar
krev eit nært samarbeid mellom dei landa som deler ressursane. Eit
slikt samarbeid er inngått med begge dei to partane som Noreg deler
viktige fiskeressursar med: Russland og EU. Noreg har òg inngått
avtalar om kontroll direkte med enkelte medlemsland i EU og fleire
andre statar.
Kontrollavtalen som vart underteikna mellom Noreg
og Portugal 16. februar 2006, representerte ei oppdatering av slike
avtalar, og er den første avtalen Noreg inngår som òg omfattar gjensidig
rapportering av landingar av fisk frå tredjelands fartøy. Etter
dette tidspunktet er eksisterande avtalar reviderte etter tur for
å få med tredjelands fartøy. Dette er frå norsk side eit viktig
bidrag i arbeidet med å få kontroll med det ulovlege fisket i Barentshavet
og med landingar av fisk til europeiske hamner.
Satellittsporing av fiskefartøy var eit viktig framsteg
i kontrollarbeidet. Det ligg no føre satellittsporingsavtalar mellom
dei landa som har felles fiskeriinteresser i Nordaust-Atlanteren.
Utvida sporing og elektronisk fangstrapportering
er viktige element i samband med kontroll generelt og i kampen mot
ulovleg fiske. Noreg og EU signerte 23. februar 2010 ein avtale
om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata ved fiske
i kvarandre sine soner. Med bakgrunn i denne avtalen vart alle fartøy
over 15 meter pålagde å rapportere fangst- og aktivitetsdata elektronisk
ved fiske i kvarandre sine soner frå og med 1. januar 2011.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Else-May Botten, Lillian Hansen, Arne L. Haugen, Ingrid Heggø og lederen
Terje Aasland, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Harald
T. Nesvik og Torgeir Trældal, fra Høyre, Frank Bakke-Jensen, Svein
Flåtten og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Sosialistisk Venstreparti,
Alf Egil Holmelid, fra Senterpartiet, Irene Lange Nordahl, og fra
Kristelig Folkeparti, Rigmor Andersen Eide, viser til Meld.
St. 25 (201 1–2012) om fiskeriavtalene Norge har inngått med andre
land i 2012 og fiske etter avtalene i 2010 og 2011 m.m.
Komiteen viser til at dette er
en årlig melding fra Fiskeri- og kystdepartementet som legges frem
for Stortinget og som gir nyttig informasjon om fiskeripolitikken.
Komiteen er kjent med at fiskeriavtalene
bygger på et langsiktig forvaltningssamarbeid som gir grunnlag for
at vi i dag kan høste fra sterke fiskebestander og drive lønnsom
næringsaktivitet i havområdene våre. 90 pst. av den norske fangsten
kommer fra bestander som vi deler med andre. Komiteen ser
på internasjonalt samarbeid som avgjørende for en vellykket og bærekraftig
fiskeriforvaltning, og for nedkjemping av fiskerikriminalitet og
uregulert fiske.
Komiteen viser til at meldingen
omhandler kvoteavtalene for 2012, og norsk deltakelse i det flersidige
fiskerisamarbeid og regionale forvaltningsorganisasjoner. Det gis
videre informasjon om bestandsutregninger, rådgivning, tilstandsrapporter
og langsiktige forvaltningsplaner for de viktigste bestandene som
Norge deler med andre land. Meldingen omhandler også de kontrolltiltakene
som er iverksatt for å kontrollere norsk og utenlandsk fiske på
avtalte kvoter, i tillegg til kontrollsamarbeidet med andre land
og tiltak mot ulovlig, urapportert og uregulert fiske.
Komiteen merker seg at i tråd
med de etablerte rammeavtalene gjennomfører norske myndigheter hvert
år forhandlinger med andre land og i internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjoner.
De viktigste bilaterale forhandlingene for 2012 er ført med Russland,
EU og Grønland. Det er i tillegg ført forhandlinger med EU, på vegne av
Danmark og Sverige, om fiske i Kattegat, og med EU, på vegne av
Sverige, om en avtale om svensk fiske i norsk økonomisk sone.
Komiteen ser det som positivt
at innenfor rammene av Den blandete norsk-russiske fiskerikommisjonen
har Norge og Russland de senere årene gradvis utvidet fiskerisamarbeidet til
nye områder. Gjennom dette samarbeidet er en rekke konkrete tiltak
satt i verk for å bedre kontrollen med ressursene både på sjø- og
landsiden. Et eksempel er at det er etablert rutiner for økt samarbeid
mellom kontrollmyndighetene i de to landene, inklusiv utveksling
av informasjon om fangst- og landingsdata, noe komiteen ser
som positivt.
Komiteen er tilfreds med at på
grunn av mange effektive tiltak er UUU-fisket i Barentshavet og Norskehavet
kraftig redusert de siste årene.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet,
viser til at kampen mot fiskerikriminalitet er komplisert og involverer
både politi, påtalemyndighetene og kontrollmyndighetene. Som et
resultat av regjeringens nordområdesatsing og vektlegging av evne
til suverenitetshevdelse og myndighetsutøvelse er bevilgningene
til Kystvakten økt betydelig de siste årene. Kystvaktens kapasitet
er forbedret som følge av moderniseringen, blant annet ved at de
nye fartøyene løser hele spennet av Kystvaktens oppgaver. Forslaget
til bevilgningsreduksjon for 2013 skyldes innsparing og reversering
av engangsbevilgning ifm. klassifisering av KV Senja. Flertallet er
tilfreds med at budsjettet til Kystvakten er videreført på samme
høye nivå og at det ikke legges opp til noen reduksjon i Kystvaktens
aktivitet når det gjelder seilingsnivå og evne til oppdragsløsning.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Høyre viser til at det derfor er med forbauselse at man
i forbindelse med budsjettet for 2013 kan lese at regjeringen foreslår
et betydelig kutt i Kystvaktens budsjetter, noe som igjen vil kunne
medføre en nedgang i høyst nødvendige kontroller og overvåkning
av våre havområder.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Høyre og Kristelig Folkeparti vil påpeke viktigheten av
at ressurskontrollen knyttet til fiskeriressursene håndheves på
en mest mulig effektiv måte og at de ressurser som er nødvendig
for å få dette til, stilles til rådighet. I Norge er det Fiskeridirektoratet
som har ansvaret for denne jobben sammen med Kystvakten og salgslagene.
Det er viktig i denne forbindelse å ha et sterkt fokus på den jobben
Kystvakten her skal gjøre all den tid det er de som er ute og foretar
den faktiske overvåking og kontroll på feltene. Her kan man avdekke
fusk med fangstdagbøker, feil maskevidde, ulovlig utkast m.m. Norge
har et godt utviklet kontrollsystem der man gjør mye riktig fra
mange hold. Dette har også vært med på å sørge for en god ressursutnyttelse
og en positiv utvikling i mange fiskebestander.
Komiteen merker seg
at det ble holdt ekstraordinær 41. sesjon i Moskva 8.–10. februar
i 2012. Sesjonen gjaldt i hovedsak arbeidet med å harmonisere det
tekniske regelverket for fiske i Barentshavet og Norskehavet, inkludert spørsmålet
om fiskevernsonen ved Svalbard. Et annet tema var utkast av fisk,
hovedsakelig fordi Norge reserverte seg mot den utkastformuleringen
som ble skrevet på den 40. sesjonen. Bakgrunnen for reservasjonen
var at formuleringen ga store bevismessige utfordringer for kontroll
med fisket. Komiteen er tilfreds med det.
Komiteen registrerer at det de
senere årene har utviklet seg en situasjon der torskekvoten Norge tilbyr
EU har økt mens bestandene EU gir Norge som motytelse, minker. Dette
har ført til at Norge i 2012 har holdt tilbake over 14 000 tonn torsk.
Komiteen ser med bekymring på
at det ikke er oppnådd enighet med Island og Færøyene på forvaltningen
av makrell og registrerer at det også i 2012 er ført forhandlinger
uten at partene har nærmet seg nevneverdig. I tillegg registrerer komiteen at
i 2011 og 2012 fortsetter disse landene å fastsette makrellkvoter
utenfor det etablerte forvaltningsregimet. Komiteen vil vektlegge
betydningen av at man også innenfor dette området oppnår enighet
og beklager at Island og Færøyene fastsetter makrellkvoter utenfor
det etablerte forvaltningsregime, da dette kan true bestanden.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Høyre og Kristelig Folkeparti har også merket seg at norske
og danske fiskerimyndigheter har valgt å utsette ikrafttredelsen
av den inngåtte avtalen med Norge om et utkastforbud i Skagerrak.
Dette er meget beklagelig all den tid dette ville kunne være et
gjennombrudd overfor EUs fiskerimyndigheter på sikt. Inngåelsen
av denne avtalen ble også markedsført på denne måten fra den norske
fiskeri- og kystministerens side. Disse medlemmer er
av den oppfatning at det må legges et betydelig press på svenske
og danske fiskerimyndigheter for å implementere dette utkastforbudet.
Disse medlemmer mener at innen
dette er kommet på plass, bør hele avtalen settes på vent slik at
man har et press på seg for å komme til enighet.
Disse medlemmer mener det er
svært beklagelig at man ennå ikke har klart å komme frem til en
enighet mellom Norge og EU på den ene siden og Island og Færøyene
på den andre hva gjelder det totale uttaket av biomasse knyttet til
makrell. Den situasjon som her er oppstått som følge av at Island
og Færøyene nå krever en rett til å fiske betydelige mengder makrell
som de historisk sett ikke har krav på, gjør at situasjonen blir
svært uoversiktlig all den tid disse nå bare setter egne kvoter
som det ikke er tatt høyde for i fiskeriforvaltningen. Det er grunn
til å frykte at det betydelige overfisket som nå skjer på makrellbestanden
som følge av manglende avtaler, vil kunne medføre at det fremtidige
uttaket av biomasse vil bli redusert. Disse medlemmer er
kjent med at norske myndigheter har forsøkt å få til en enighet
med EU om et landingsforbud slik Norge har innført, uten å lykkes så
langt. Disse medlemmer vil be om at regjeringen intensiverer
sitt arbeid i så henseende og at man samtidig varsler om at det ikke
er aktuelt for Norge å gi etter i denne striden.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Høyre vil understreke betydningen av internasjonal markedsadgang
for den eksportrettede norske sjømatnæringen. Disse medlemmer mener
Norge bør prioritere arbeidet med et avtaleverk med EU og andre
nasjoner, da norske fiskeriinteresser er avhengig av avtaler som
gir langsiktighet både av hensyn til bærekraftig forvaltning og
økonomi. Disse medlemmer er bekymret over de signaler
som kommer fra ledende personer i den rød-grønne regjeringen, knyttet
til bruk av reservasjonsretten i flere EØS-saker og tydelige signaler
om økt proteksjonisme. Disse medlemmer mener selvfølgelig
ikke at den såkalte vetoretten ikke skal benyttes, men mener det
er uheldig at det trues med vetorett i så mange saker. Disse medlemmer er
bekymret for at dette på sikt kan undergrave EØS-avtalen og forholdet
til EU. Det vil kunne ha konsekvenser når vi skal fremme våre interesser
overfor andre land, selv om vi handelsteknisk opererer innenfor
et regelbasert handelssystem.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Høyre og Kristelig Folkeparti mener det ikke bør være slik
at markedsadgangen for en så stor næring, både nasjonalt og internasjonalt,
blir redusert til et tema for spesialister i Fiskeri- og kystdepartementet.
Vi trenger politisk lederskap og vilje til å være offensive i fiskeriforhandlinger.
Sjømat er, ved siden av olje, den næringen hvor Norge faktisk har
internasjonal gjennomslagskraft. Dette må utnyttes, blant annet
ved å komme tidlig inn og arbeide aktivt i prosesser i EU og i andre
internasjonale fora. Det må settes fokus også på bilaterale avtaler.
Disse medlemmer er bekymret for
utøvelsen av vår ressursforvaltning, fordi Kystvakten ofte har flere
skip på verksted enn i seiling. Regjeringens noe likegyldige innstilling
til hvor mange seilingsdøgn kystvakten bør ha, kan sende feil signaler
til andre nasjonaliteter med tanke på hvor høyt vi prioriterer ressurskontroll.
God ressurskontroll er en forutsetning for en forsvarlig forvaltning,
og dermed også for den langsiktige lønnsomheten i næringen. Derfor
er det viktig å styrke Kystvakten og signalisere viktigheten av deres
arbeid.
Disse medlemmer ønsker å få utredet
en endring i startdato for kvoteåret, dette fordi man slik oppnår
større fleksibilitet og tilpasning til markedets ønske om fersk
fisk året rundt. Et ønske om endringer i kvoteåret må vektlegges
i fiskeripolitiske forhandlinger med Norges internasjonale motparter.
Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre
slikt
vedtak:
Meld. St. 25 (2011–2012) – om fiskeriavtalane Noreg
har inngått med andre land for 2012 og fisket etter avtalane i 2010
og 2011 – legges ved protokollen.
Oslo, i næringskomiteen, den 22. november 2012
Terje Aasland |
Lillian Hansen |
leder |
ordfører |