Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram
forslag om forlenging av eksisterande bompengeordning for Nord-Jærenpakka
med inntil fem år.
Nord-Jærenpakka er omtalt m.a. i St.meld. nr.
16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019, side 163–165. I
St.prp. nr. 58 (2008–2009), jf. Innst. S. nr. 230 (2008–2009), blei
det lagt til grunn at Nord-Jærenpakka skulle fullførast gjennom
innkrevjing av bompengar til utløpet av 2011.
Prioriteringane i St.prp. nr. 58 er følgde opp gjennom
Statens vegvesen sitt handlingsprogram for perio-den 2010–2013 og
Rogaland fylkeskommune sitt handlingsprogram for den same perioden,
og gjennom dei årlege budsjetta.
Det blei vist til at konseptvalutgreiinga (KVU) for
transportsystemet på Jæren, med påfølgjande ekstern kvalitetssikring
(KS1) vil gi grunnlag for vidare planlegging og drøfting av finansieringsløysingar
av større samferdselstiltak på Jæren, m.a. for det vidare arbeidet
med utforming av Jærenpakke 2.
Sluttføringa av arbeidet med konseptvalutgreiinga
og ekstern kvalitetssikring av denne tek lengre tid enn tidlegare
lagt til grunn. Det er ikkje mogleg å leggja eit forslag til Jærenpakke 2
fram for Stortinget innan utløpet av 2011. Rogaland fylkeskommune
la derfor hausten 2010 fram eit forslag til forlenging av eksisterande
bompengeordning for Nord-Jærenpakka. Det er lagt opp til å forlenga
eksisterande ordning med inntil fem år for å finansiera ei rekkje
tiltak både på riks- og fylkesvegnettet.
Sidan 1998 er det gjennomført rundt 100 prosjekt
og tiltak innafor Nord-Jærenpakka. Totalt er det investert om lag
6 mrd. kroner. Av dette er om lag 40 pst. finansiert med bompengar.
Tabell 3.1 i proposisjonen viser store vegprosjekt som vil vera
fullførte eller starta opp ved utløpet av 2011.
Den lokalpolitiske behandlinga av forlenging
av Nord-Jærenpakka går fram av pkt. 4 i proposisjonen.
Av store prosjekt og tiltak som er aktuelle
å gjennomføra ved forlenging av Nord-Jærenpakka:
E39 Eiganestunnelen
i Stavanger kommune: Førebels legg Statens vegvesen til grunn eit
kostnadsoverslag (styringsramme) på om lag 1,9 mrd. 2011-kroner.
Rv. 510 Kryssutbetring i Sømmevågen vest
inkl. Flyplassvegen: Kostnadene er førebels rekna til i storleiksorden
650 mill. kroner. Det blir vurdert å gjennomføra ei etappevis utbygging.
Fv. 44 Forus–Gausel: Kostnadene er førebels
rekna til i storleiksorden 670 mill. kroner, herav om lag 210 mill.
kroner for strekninga i Sandnes kommune og om lag 460 mill. kroner
for strekninga i Stavanger kommune.
Fv. 505 Skjæveland–Foss/Eikeland; Kostnadene er
førebels rekna til i storleiksorden 410 mill. kroner.
E39 Sandved–Hove: Kostnadene er førebels
rekna til i storleiksorden 450 mill. kroner.
Trafikkstyringstiltak: Det blir lagt opp
til å gjennomføra tiltak for å prioritera kollektivtrafikken i Forusområdet,
i hovudsak gjennom signalprioritering.
Gang- og sykkelvegar; Det blir lagt opp
til å vidareføra utbygginga av gang- og sykkelvegar etter den prioriteringslista
som ligg føre i dagens Nord-Jærenpakke.
Finansieringa av Nord-Jærenpakka frå 2012 er basert
på statlege midlar, fylkeskommunale midlar og bompengar.
I det foreslåtte opplegget for forlenging av
Nord-Jærenpakka som blei lagt fram for lokalpolitisk behandling
hausten 2010, var det lagt til grunn 610 mill. 2010-kroner i statlege
midlar i fireårsperioden 2012–2015. Samferdselsdepartementet vil
komma tilbake til prosjektet E39 Eiganestunnelen når alle avklaringar
ligg føre.
I det foreslåtte opplegget for forlenging av
Nord-Jærenpakka som blei lagt fram for lokalpolitisk behandling
hausten 2010, var det lagt til grunn ei fylkeskommunal ramme på
351 mill. 2010-kroner i fireårsperioden 2012–2015. Omrekna til 2011-prisnivå
utgjer dei fylkeskommunale midlane 359 mill. kroner.
Det er lagt til grunn ein årleg trafikkvekst
på 2,2 pst. i perioden 2010–2014 og 1,9 pst. etter 2014.
I dag omfattar innkrevjingsopplegget 21 bomstasjonar.
Fire bomstasjonar er plasserte på riksvegar, 15 på fylkesvegar og
to på kommunale vegar. Det er planlagt ytterlegare ein ny bomstasjon.
Med 5 års forlenga innkrevjing, uendra takstnivå og
endring av maksimal rabatt på 40 pst. til flat rabatt på 20 pst.
for abonnentar, stipulerer Statens vegvesen samla bompengeinntekter
i femårsperioden 2012–2016 til om lag 2,520 mrd. kroner. Kostnader
til innkrevjing og drift av bompengeselskapet er rekna til om lag
160 mill. kroner. Følgjeleg er det lagt til grunn om lag 2 360 mill.
kroner til investeringar i løpet av ein femårsperiode. Det er ikkje
lagt til grunn låneopptak, jf. St.prp. nr. 14 (1998–1999).
Det er førebels lagt til grunn eit bompengeuttak i
2012 på om lag 260 mill. 2012-kroner. I tråd med Prop. 1 S (2011–2012)
er det for riksvegar føresett 150 mill. kroner til prosjektet rv.
510 Solasplitten. Det er vidare lagt til grunn 37 mill. kroner til
prosjektering og andre førebuande arbeid på prosjektet E39 Eiganestunnelen
med sikte på anleggsstart i 2013. Vidare er det i 2012 også lagt
til grunn bompengar til prosjekter og tiltak på fylkesvegnettet
og til planlegging av både riks- og fylkesvegprosjekt.
Samferdselsdepartementet viser til at Nord-Jæren
er eit av dei sterkaste vekstområda i landet. Prognosane for befolkningsutviklinga
tyder på at befolkningsveksten vil skje svært raskt, noko som gir
særskilte transportutfordringar.
Samferdselsdepartementet viser til at høyringsforslaget
presenterte tre alternativ for forlenging av Nord-Jærenpakka der
alle alternativa la opp til fire års forlenging. I tillegg var det
lagt opp til ei forlenging på to år for å fullfinansiera E39 Eiganestunnelen,
ev. ytterlegare eitt år for å fullfinansiera E39 Sandved–Hove, dersom
det ikkje blir tilslutning til ei Jærenpakke 2. Kommunane er ikkje
samde om val av opplegg. Samferdselsdepartementet meiner at transportutfordringane på
Jæren må sjåast i ein regional samanheng på tvers av kommunegrensene.
Departementet sluttar seg derfor til fylkestinget sitt vedtak som
inneber inntil 5 års forlenging, uendra takstnivå og endring av
maksimal rabatt på 40 pst. til 20 pst. flat rabatt for abonnentar.
Dersom Stortinget sluttar seg til ei ny trafikantordning
(Jærenpakke 2) innan fem år, vil denne avløysa vidareføringa av
dagens ordning. Dei økonomiske pliktene knytt til igangsette prosjekt innafor
Nord-Jærenpakka vil derfor bli overførte til den nye bompengeordninga.
Dersom det ikkje blir tilslutning til ei Jærenpakke 2, føreset Samferdselsdepartementet
at bompengeordninga for Nord-Jærenpakka blir oppretthalden til føresette bompengebidrag
til igangsette prosjekt og kostnadene ved avviklinga av bompengeordninga,
er finansierte.
Samferdselsdepartementet viser til at det har vore
ein stor auke i kostnadene for fleire av prosjekta sidan fylkeskommunen
utarbeidde opplegget for forlenging av Nord-Jærenpakka. I ei bompengepakke
må omfanget av utbygginga tilpassast den økonomiske ramma. Som tidlegare skal
endelege prioriteringar innafor Nord-Jærenpakka skje gjennom dei
årlege budsjetta.
Etter at Stortinget har gjort vedtak om forlenging av
Nord-Jærenpakka vil Statens vegvesen Vegdirektoratet og bompengeselskapet
inngå ein tilleggsavtale i tråd med føresetnadene i proposisjonen.
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Arbeidarpartiet, Anne Marit Bjørnflaten, Susanne Bratli, Freddy
de Ruiter, Gorm Kjernli, Magne Rommetveit og Tone Merete Sønsterud,
frå Høgre, Øyvind Halleraker, Lars Myraune og Ingjerd Schou, frå
Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, frå Senterpartiet,
Janne Sjelmo Nordås, og frå Kristeleg Folkeparti, leiaren Knut Arild
Hareide, viser til at forlenging av eksisterande bompengeordning
er naudsynt fordi sluttføringa av konseptvalutgreiinga og ekstern
kvalitetssikring har teke lengre tid enn planlagt.
Fleirtalet viser til den lokalpolitiske
handsaminga og sluttar seg til forslaget om å forlenge eksisterande
ordning med inntil 5 års forlenging, uendra takstnivå og endring
av maksimal rabatt på 40 pst. til 20. pst flat rabatt for abonnentar.
Fleirtalet viser til at Nord-Jæren
er eit av dei sterkaste vekstområda i landet. Prognosane for utviklinga
i folketalet tyder på at veksten i folketalet vil skje svært raskt,
noko som gir særskilte transportutfordringar.
Fleirtalet vil peike på at arbeidet
med transportplanlegginga for regionen framover må gi høg prioritet
til miljøvenlege transportløysingar. Fleirtalet er
kjent med at det er betydelege køproblem i rushtidene på motorvegen,
ikkje minst i området ved Forus. Fleirtalet minner om
at planlegging av bybane på Nord-Jæren har motteke 6,5 mill. kroner
over statsbudsjettet, og fleirtalet ser fram til
avklaring i den saka. Det er naudsynt å prioritere satsingar som
gjev auka kollektivdel og auka sykkelbruk for å oppnå betydelege
reduksjonar i CO2-utsleppa.
Fleirtalet merkar seg at det
er utarbeidd ei konseptvalutgreiing for transportsystemet på Jæren,
og arbeidet med ekstern kvalitetssikring (KS1) pågår. Konseptvalutgreiinga
med påfølgjande ekstern kvalitetssikring vil inngå i grunnlaget
for Nasjonal transportplan for perioden 2014–2023, og gi grunnlag
for vidare planlegging og drøfting av finansieringsløysingar av større
samferdselstiltak på Jæren, m.a. for det vidare arbeidet med utforming
av Jærenpakke 2. Dersom Stortinget sluttar seg til ei ny trafikantordning
(Jærenpakke 2) innan fem år, vil denne avløyse vidareføringa av
ordninga i dag.
Fleirtalet viser til at endelege
prioriteringar skal skje gjennom dei årlege budsjetta. Fleirtalet sluttar
seg elles til forslaga i proposisjonen.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Jan-Henrik Fredriksen, Ingebjørg Godskesen, Bård Hoksrud og Arne
Sortevik, viser til at proposisjonen gjelder forlenget bompengeordning
for Nord-Jærenpakken i Rogaland og derved forlenget transportskatt
i regionen i ytterligere 5 år.
Disse medlemmer har merket seg
at samlet bompengeinntekt er stipulert til ca. 2 520 mill. kroner,
hvorav 160 mill. kroner skal brukes til å betale for kostnadene
ved innkreving. Det er altså lagt til grunn at inntil 2 360 mill.
kroner skal kunne brukes i femårsperioden. Legges fordeling som
fremvist i lokale forslag til utbygging til grunn, vil bompengeandelen
kunne utgjøre ca. 70 pst. av total finansieringsplan. Fra svar på
spørsmål 1og 2 fra Samferdselsdepartementet fremgår det at knappe
70 pst. av bompengene i perioden 1998–2011 er brukt til veitiltak, vel
10 pst. til kollektivtiltak og resterende ca. 20 pst. til gang-
og sykkelvei og til miljøtiltak. Det fremgår videre at den samlede
bompengeinnbetalingen i samme periode – altså 1998–2011 – antas
å bli 2 650 mill. 2011-kroner. Disse medlemmer peker
på at en utvidelse som foreslått henimot dobler bompengebetalingen
til 5 170 mill. 2011-kroner.
Etter disse medlemmers syn fremstår
Nord-Jærenpakken som en regional transportskatt. Ifølge de omtalte,
lokale forslagene til utbyggings- og finansieringsplan er statlige
bidrag totalt ca. 20 pst., fylkeskommunale bidrag ca. 12 pst. og bilistenes
bidrag ca. 68 pst. Det er uklart ifølge proposisjonen hvilke konkrete
prosjekter bompengene skal finan-siere i den utvidete perioden 2012–2015.
Det eneste som synes å være helt og fullt avklart er at bilistene
skal betale mer transportskatt de neste 5 årene, og at det også planlegges
en mer omfattende videreføring av den regionale transportskatten
omtalt som Jærenpakke 2.
Disse medlemmer registrerer stor
iver fra partiene i Stortinget som støtter bruken av bompenger;
Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Høyre,
Kristelig Folkeparti og Venstre, om å utvide bruken av den regionale
transportskatten også på Nord-Jæren i Rogaland.
Disse medlemmer minner om at
Norge er blitt et svært rikt land, men at et gammeldags og dårlig
vedlikeholdt veinett reduserer konkurransekraft og verdiskaping. Disse
medlemmer vil derfor vise til at Fremskrittspartiet mener
at en større del av Norges finansiell rikdom må investeres i norsk
realkapital i Norge, og at finansinvesteringene i et internasjonalt
urolig og risikofylt finansmarked bør reduseres.
Disse medlemmer viser til Fremskrittspartiets
alternative NTP 2010–2019, til Fremskrittspartiets forslag til alternativt
statsbudsjett for 2012 og til en rekke forslag fra Fremskrittspartiet
om å erstatte bruk av bompengefinansiering av veier med statlig
investering av veier. Disse medlemmer minner også
om at Fremskrittspartiet ønsker å omgjøre forvaltningsreformen slik
at tidligere riksveier tilbakeføres til staten og derved – etter
Fremskrittspartiets syn – også til statlig finansiering. Men disse medlemmer viser
også til at innenfor dagens ordning foreslår Fremskrittspartiet
å øke rammene for rentekompensasjon for å gjøre fylkeskommuner bedre
i stand til å bedre tilstanden på veier som ble overtatt av staten
og som fortsatt er i dårlig stand.
Disse medlemmer fremmer derfor
følgende forslag:
«1. Stortinget avviser
forlengelse av Nord-Jærenpakken i Rogaland slik det er beskrevet
i Prop. 28 S (2001–2012).
2. Stortinget ber regjeringen legge frem
egen sak om gjennomføring av de statlige veiprosjektene omtalt i
saken basert på statlig finansiering.
3. Stortinget peker på at veitiltak på
fylkesveier samt gang- og sykkeltiltak, miljøtiltak og kollektivtiltak
må finansieres innenfor rammen av fylkeskommunale og/eller kommunale
budsjetter eller gjennom særskilt statlig finansiering. Stortinget
forutsetter at det ikke åpnes for bruk av bompengefinansiering av
fylkeskommunale prosjekter eller programmer.»
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet
og Kristeleg Folkeparti, ser fram til at det blir søkt om belønningsmidlar
og om ein fleirårig avtale frå styringsgruppa frå Nord-Jæren. Fleirtalet viser
i dette høvet til Trondheim som mottek 370 mill. kroner i løpet
av 4 år, og til den 4-årige avtalen som kan tilføre trafikken i
Bergen 550 mill. kroner i belønningsmidlar. Fleirtalet vil likevel
minne om formuleringar i klimaforliket, og at avtalen som er signert
mellom partia på Stortinget («Klimaforliket») har eit utvetydig krav
om aktive handlingar for å redusere klimagassutslepp og lokale helsefarlege
utslepp frå vegtrafikken. I avtalen forpliktar Arbeidarpartiet,
Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet
og Venstre seg til følgjande:
«Partene er enige om at bevilgningen til belønningsordningen
for kollektivtrafikken dobles i statsbudsjettet for 2009, forutsatt
at det inngås bindende avtaler om lokale og regionale tiltak for
redusert biltrafikk.»
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet peker
på at regjeringens såkalte «belønningsordning» tildeler statlige
kollektivmidler basert på krav om bilreduserende tiltak. Fremskrittspartiet
ønsker ordninger med statlig likebehandling basert på behov for
transport – ikke basert på spe-sielle krav om transportform og restriksjoner.
Disse medlemmer vil vise til
at Fremskrittspartiet i sitt alternative statsbudsjett for 2012
foreslår 500 mill. kroner ekstra til statlig kjøp av kollektivtransport
i Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim. For Stavanger/Sandnesområdet
vil dette gi ca. 65 mill. kroner årlig med Fremskrittspartiets forslag. Disse
medlemmer viser også til Fremskrittspartiets alternative
forslag til NTP 2010–2019 med omfattende utbygging av statlig og
deler av fylkeskommunalt veinett (tidligere «øvrige riksveier»),
og med avklart, langsiktig og forutsigbar statlig finan-siering
som alternativ til bruk av lokal transportskatt (omtalt som bompenger).
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet
og Kristeleg Folkeparti, viser til at Ryfylkesambandet på
rv. 13 («Ryfast») ikkje er ein del av denne proposisjonen, men vil
bli handsama som eiga sak. Fleirtalet merkar seg
òg at Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til prosjektet E39 Eiganestunnelen
når alle avklaringar ligg føre.
Komiteens medlemmer fra Høyre
og Kristelig Folkeparti vil vise til at Eiganestunnelen
er et dominerende prosjekt i saken om forlengelsen av bompengeordningen
for Nord-Jærenpakka, og forutsetter derfor at departementet så raskt
som mulig foretar de nødvendige avklaringer.
Komiteens medlemmer fra Høyre vil
også vise til at en viktig forutsetning for slik avklaring, er en
rask fremdrift i departementets arbeid med proposisjonen om Ryfastforbindelsen,
slik at også denne kan bli behandlet av Stortinget så snart som
mulig.
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet
og Kristeleg Folkeparti, meiner at ein i storbyområda ikkje
kan løysa dei trafikale utfordringane i framtida utelukkande gjennom
investeringar i veg. Det er difor eit påtrengande behov for betre finansieringsløysingar
for kollektivtransport i storbyområda i Noreg, samstundes treng
ein alternative transportløysingar.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet peker
på at det er nødvendig med bedre finansieringsløsninger for kollektivtransport
i storbyområdene. Disse medlemmer peker på at behovet
for kollektivtransport må dekkes både gjennom veibaserte og jernbanebaserte
løsninger. Disse medlemmer understreker spesielt
at såkalte bybaner (moderne trikk) som ikke kan kobles til nasjonalt
jernbaneverk, etter disse medlemmers oppfatning er
en lite egnet kollektivløsning. Disse medlemmer understreker
at i de største norske byene er moderne, sikre og miljøvennlige
veier fortsatt nødvendig for å sikre gode transportløsninger som
også omfatter bussbasert kollektivtransport.
Disse medlemmer peker på at staten
må ta langt større ansvar for finansieringen av kollektivtransport
i de største byene. Slik regjeringens opplegg er i dag får Oslo
særbehandling gjennom omfattende statlig kjøp av persontransport på
jernbane, mens de øvrige største byene som har langt mindre utbygget
jernbane får tilsvarende mindre statlig kjøp av kollektivtransport.
Komiteens medlemmer fra Høyre
og Kristelig Folkeparti går inn for at staten må ta et større
ansvar for finansiering og utvikling av kollektivtransporten i storbyområdene.
Komiteens medlemmer fra Høyre viser
i denne sammenheng til sin kollektivplan; «Levende byer – nye løsninger».
Forslag fra Fremskrittspartiet:
Forslag 1
1. Stortinget avviser
forlengelse av Nord-Jærenpakken i Rogaland slik det er beskrevet
i Prop. 28 S (2001–2012).
2. Stortinget ber regjeringen legge frem
egen sak om gjennomføring av de statlige veiprosjektene omtalt i
saken basert på statlig finansiering.
3. Stortinget peker på at veitiltak på
fylkesveier samt gang- og sykkeltiltak, miljøtiltak og kollektivtiltak
må finansieres innenfor rammen av fylkeskommunale og/eller kommunale
budsjetter eller gjennom særskilt statlig finansiering. Stortinget
forutsetter at det ikke åpnes for bruk av bompengefinansiering av
fylkeskommunale prosjekter eller programmer.
Tilrådinga frå komiteen vert fremma av Arbeidarpartiet,
Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti.
Komiteen viser til
proposisjonen og merknadene og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
1. Stortinget
samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å krevja inn bompengar
til delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak i Nord-Jærenpakka
i Rogaland etter vilkåra i Prop. 28 S (2011–2012) og Innst. 117 S
(2011–2012).
2. Samferdselsdepartementet får fullmakt
til å inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet og fastsetja nærare
reglar for finansieringsordninga.
Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 8. desember 2011
Knut Arild Hareide |
Hallgeir H. Langeland |
leiar |
ordførar |