Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av E6 på strekninga Møllnes–Kvenvik–Hjemmeluft i Alta kommune.

Prosjektet inngår i utbygginga av E6 vest for Alta og utgjer strekninga frå Storsandnes til Alta. Dette er ein del av hovudferdselsåra både fram til Alta og vidare til andre stader i Finnmark. Utbygginga er viktig for utviklinga som no skjer i fylket. Dagens veg har til dels dårleg standard med fleire smale og svingete parti. Nokre parti med sterk stigning skaper tidvis problem for tungtransporten, særleg vinterstid. Strekninga har dei siste åra hatt ein høg ulykkesfrekvens. Eit viktig føremål med utbygginga er derfor å betra trafikktrykkleiken på strekninga.

Omtale av utbyggingen

Det er rekna med anleggsstart på prosjektet tidleg i 2011, med trafikkopning i 2013.

Prosjektet omfattar dels bygging av ny veg, og dels utbetring av eksisterande veg på ei om lag 9,3 km lang strekning mellom Møllnes og Hjemmeluft med bru over Kåfjorden. Brua over fjorden blir 390 m lang. Prosjektet vil korta inn E6 med om lag 6 km.

Prosjektet har vore gjennom ekstern kvalitetssikring (KS2). Samferdselsdepartementet legg etter dette til grunn ei styringsramme på 635 mill. kroner (2010-kroner), og ei kostnadsramme på 715 mill. kroner. Kostnadene er inkl. etablering av ein bomstasjon. Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for prosjektet er rekna til om lag -260 mill. kroner, med netto nytte over totale kostnader på -0,4. Netto nytte per budsjettkrone er ‑0,5.

Den lokalpolitiske behandlinga går fram av kapittel 4 i proposisjonen.

Finansieringsopplegg

Prosjektet skal finansierast med statlege midlar og bompengar. Av investeringskostnadene på 635 mill. kroner vil statlege midlar utgjere 475 mill. kroner og bompengar 160 mill. kroner.

I St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–1019 er det lagt til grunn at statlege midlar til utbygginga av E6 vest for Alta skal løyvast over ein eigen post, post 37, mellom anna for å bidra til meir rasjonell framdrift av prosjektet.

Gjennom behandlinga av Prop. 1 S (2009–2010) blei det løyvd 50 mill. kroner til prosjektet i 2010 på post 37, og gjennom behandlinga av Prop. 1 S (2010–2011) er det vedteke ei løyving på 100 mill. kroner for 2011. Prioriteringa av statlege midlar i 2010 og 2011 er under føresetnad av tilslutning til eit opplegg for delvis bompengefinansiering.

Det er lagt opp til ein bompengeperiode på 15 år med etterskottsinnkrevjing og innkrevjing i begge køyreretningar, gjennom automatisk bomstasjon. Innkrevjinga startar i 2013. Samferdselsdepartementet har nedsett ei arbeidsgruppe som skal sjå på personvernutfordringane i heilautomatiske bomstasjonar, og moglegheita for å utvikla ei anonym betalingsløysing som eit supplement til dagens AutoPass-løysing. Arbeidet pågår.

Med det føreslåtte innkrevjingsopplegget og dei føresetnadene som ligg til grunn i proposisjonen, vil trafikantane betala om lag 310 mill. kroner i bompengar over ein innkrevjingsperiode på 15 år. Av dei innbetalte bompengane vil 160 mill. kroner gå til utbygging av veg inkl. etablering av bomstasjon, 105 mill. kroner til å dekkja finansieringskostnader og 45 mill. kroner til innkrevjing og drift av bompengeselskapet.

Eventuell kostnadsauke skal dekkjast i samsvar med gjeldande retningsliner for bompengeprosjekt.

Alta kommune og Finnmark fylkeskommune har fatta vedtak om å garantera for ei lånegjeld på inntil 196 mill. kroner. Garantitida er sett til inntil 19 år.