Etter «lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og
pengevesenet (sentralbankloven)» § 1 fyrste ledd skal Noregs Bank
vere utøvande og rådgjevande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken.
Banken skal gje ut setlar og mynt, fremje eit effektivt betalingssystem,
og dessutan overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene. Banken
har òg viktige oppgåver innanfor kapitalforvaltning. Etter sentralbanklova
§ 30 andre ledd skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet,
som så skal leggje dette fram for Kongen og gjere det kjent for
Stortinget. Årsmeldinga til Noregs Bank for 2009 følgjer som utrykt
vedlegg til denne meldinga.
Representantskapet har i samsvar med sentralbanklova
§ 5 fjerde ledd fjerde punktum kome med fråsegn om protokollane
frå hovudstyret og tilsynet med banken. Fråsegna er teken inn som vedlegg
til årsmeldinga og rekneskapen frå banken.
Etter sentralbanklova § 5 tredje ledd skal representantskapet
føre «tilsyn med bankens drift og at reglene for bankens virksomhet
blir fulgt». Representantskapet uttalar seg om drifta til banken
i årsmeldinga til banken. Det kjem fram i fråsegna for 2009 at representantskapet
ikkje har avdekt forhold som gjev grunnlag for særskilde merknader
etter sentralbanklova § 30 andre ledd.
Representantskapet uttalar òg at det i brev
til Finansdepartementet i desember 2009 tok initiativ til ei vurdering
av om det er mogleg med ei utvida og direkte rapportering til Stortinget,
og om det er mogleg å overføre kompetansen til å fastsetje godtgjersle
for representantskapet, til Stortinget. Representantskapet uttalar
at det kan tydeleggjere og styrkje representantskapet si stilling
som tilsynsorgan for Stortinget. Finansdepartementet er samd i desse
vurderingane. I samband med at departementet den 26. mars 2010 la
fram meldinga om forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2009, la
ein fram forslag til endringar i sentralbanklova for å leggje til
rette for dette, jf. Prop. 101 L (2009–2010) Endringar i sentralbanklova.
Det følgjer av sentralbanklova § 2 fjerde ledd
at «Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse
etter lov 7. mai 2004 nr. 21 om Riksrevisjonen og instruks fastsatt
av Stortinget». Etter § 12 i denne instruksen skal statsråden, snarast
mogleg etter å ha motteke papira, sende årsrekneskapen for banken,
årsmeldinga frå hovudstyret, utsegn frå representantskapet om protokollar
frå hovudstyret og eventuelt om andre forhold som gjeld banken,
og dessutan statsråden si utgreiing om nytting av styringsrett hos
departementet og regjeringa i saker som gjeld Noregs Bank, til Riksrevisjonen.
Departementet sender desse dokumenta til Riksrevisjonen når departementet har
motteke dei frå Noregs Bank. Riksrevisjonen får òg kopi av korrespondansen
mellom departementet og Noregs Bank i saker om instruksjon og saker
der ein let vere å instruere. Noregs Bank vart ikkje instruert med
heimel i sentralbanklova § 2 tredje ledd i 2009.
Det er i pkt. 5.1 i meldinga gjort greie for
leiing og administrasjon, samt versemda til Noregs Bank i 2009.
Komiteen tar redegjørelsen
til orientering.
Noregs Bank sitt arbeid for finansiell stabilitet har
fire viktige element:
Overvake faren for
alvorlege forstyrringar i det finansielle systemet.
Peike på tiltak som kan førebyggje ustabilitet.
Arbeide for å halde oppe tilliten til betalingsmidlane.
Vere førebudd på å handsame kriser.
Ein viser til meldinga for nærare omtale.
Komiteen tar redegjørelsen
til orientering.
Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank vere eit
utøvande og rådgjevande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken.
Banken skal gje ut setlar og mynt og fremje eit effektivt betalingssystem.
Vidare skal Noregs Bank overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene.
Dei noverande retningslinene for pengepolitikken
vart fastsette i forskrift ved kronprinsregentens resolusjon av
29. mars 2001 med heimel i sentralbanklova § 2 tredje ledd og § 4
andre ledd, jamfør boks 5.1. Nærare grunngjeving og utdjuping av
retningslinjene vart trekte opp i St.meld. nr. 29 (2000–2001) Retningslinjer
for den økonomiske politikken, som vart lagd fram den same dagen.
I tråd med forskrifta skal pengepolitikken sikte mot
stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske
krona. Den operative gjennomføringa av pengepolitikken skal i samsvar
med dette rettast inn mot låg og stabil inflasjon, definert som
ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Av
forskrifta følgjer det at pengepolitikken skal medverke til å stabilisere
utviklinga i produksjon og sysselsetjing og samstundes òg medverke
til stabile forventningar om valutakursutviklinga. I St.meld. nr.
29 (2000–2001) står det vidare at det er venta at konsumprisveksten
som ein hovudregel vil liggje innanfor eit intervall på pluss minus ei
prosenteining rundt målet for prisstiginga. Rentesetjinga til Noregs
Bank skal vere framoverretta i tid og ta tilbørleg omsyn til uvisse
knytt til makroøkonomiske prognosar og vurderingar. Når hovudstyret
i Noregs Banks fastset renta, skal det ta omsyn til at det kan ta
tid før endringar i politikken får effekt. Vidare skal hovudstyret sjå
bort frå forstyrringar av mellombels karakter som ein meiner ikkje
vil påverke den underliggjande pris- og kostnadsveksten.
Den langsiktige oppgåva til pengepolitikken
er å medverke til å gje økonomien eit nominelt ankerfeste. Forskrifta
etablerer fleksibel inflasjonsstyring som rettesnor for pengepolitikken. På
kort og mellomlang sikt må pengepolitikken vege omsynet til låg
og stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing.
I dei fleste situasjonar er det samsvar mellom omsynet til å stabilisere
prisstiginga og omsynet til ei stabil utvikling i produksjon og
sysselsetjing. Dersom det oppstår konflikt, må Noregs Bank utøve
skjønn og vege desse to omsyna mot kvarandre.
I pkt. 5.3.2 i meldinga gir Noregs Bank sine
vurderingar av utøvinga av pengepolitikken i 2009. Pkt. 5.3.4 gir
ei oversikt over vurderingar frå andre instansar, mellom anna Norges
Bank Watch og OECD. I pkt. 5.3.5 gir departementet sine vurderingar.
Komiteen vil understreke
at forskriften om pengepolitikken, vedtatt 29. mars 2001, ligger fast. Komiteen mener
at gjeldende retningslinjer for pengepolitikken til nå har vist
seg robust gjennom finanskrisen, og at de utgjør et godt rammeverk
for Norges Banks utøvelse av pengepolitikken. Sentralbankens operative
gjennomføring av pengepolitikken skal rettes inn mot lav og stabil
inflasjon, definert som en årsvekst i konsumprisene som over tid
er nær 2,5 prosent. Den langsiktige oppgaven for pengepolitikken
er å gi økonomien et nominelt ankerfeste.
Komiteen er av den oppfatning
at de gjeldende retningslinjene ikke var til hinder for at Norges Bank
markert kunne sette ned styringsrenta da utsiktene for inflasjon
og produksjon forverret seg høsten 2008. Rentereduksjonene medførte vesentlig
stimulans av den økonomiske aktiviteten, og bidro til å gjøre situasjonen
lettere for foretak og husholdninger med gjeld. Den ekspansive pengepolitikken
har således i avgjørende grad bidratt til å dempe nedgangen i norsk
økonomi. Komiteen er tilfreds med at Norges Bank
på denne måten fulgte opp retningslinjene om at pengepolitikken
skal legge vekt på stabilitet og sysselsetting.
Komiteen tar videre til etterretning
at Norges Bank, som følge av bedre utsikter for norsk økonomi, har
vært blant de første sentralbankene internasjonalt som har økt renten
etter finanskrisen. Sentralbanken begynte å sette opp renta i oktober
2009, og har varslet at renten kommer til å bli gradvis satt opp
fremover, som følge av sentralbankens inflasjonsprognoser der innenlandsk
etterspørsel utgjør en vesentlig faktor. Samtidig er det varslet
langvarige lave rentenivå i mange andre land. Komiteen er
bekymret for konsekvensene av et særnorsk høyt rentenivå over tid,
fordi det kan føre til en styrking av kronen som valuta, og en påfølgende
forverret situasjon for konkurranseutsatt næringsliv.
Komiteen mener det er viktig
for norske husholdninger og andre aktører i økonomien at Norges
Bank kommuniserer klart og forståelig om de vurderingene som ligger
bak rentebeslutninger, og i forhold til fremtidig renteutvikling,
slik at det er mulig å tilpasse seg på en god måte. Komiteen er
i den sammenheng fornøyd med praksisen Norges Bank har fulgt siden
høsten 2005, med å offentliggjøre egen renteprognose. Tydelig kommunikasjon
om intensjonene bak innrettelsen av pengepolitikken medvirker etter komiteens
vurdering til åpen og god kommunikasjon med omverdenen.
Komiteen tar for øvrig redegjørelsen
til orientering.
Komiteens flertall,
alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser til at regjeringen
har varslet at når økonomien tar seg opp igjen, må finanspolitikken
komme tilbake til 4-prosentbanen for bruken av oljeinntekter, for blant
annet nettopp å dempe presset på konkurranseutsatt næringsliv.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener
det er viktig for konkurransedyktigheten til norsk næringsliv å
sørge for fornuftige og samfunnsøkonomisk lønnsomme investeringer
i infrastruktur. Disse medlemmer mener handlingsregelens
utforming er til hinder for dette, sammen med Stortingets utgiftsbaserte
budsjettsystem hvor man ikke skiller mellom utgifter til investeringer
og utgifter til forbruk.
Komiteens medlemmer fra Høyre
og Venstre viser til at regjeringen har uttalt at oljepengebruken
skal ned. Disse medlemmer legger til grunn at det
vil få konsekvenser for 2011-budsjettet. Disse medlemmer mener
at det er realistisk å komme ned på 4 prosent-målet i løpet av 2012/2013,
dersom regjeringen følger disse medlemmers forslag om reduksjon
i offentlig sektor og stimulering av privat næringsliv. Disse
medlemmer mener dette vil bidra til at næringslivet får
stabil rente, valutakurs og rammebetingelser så likt som mulig med
våre konkurrenter. Disse medlemmer er bekymret for
tall som viser at norske lønninger øker betydelig mer enn våre konkurrentland.
Dette kombinert med høy kronekurs og noe høyere rente er på sikt
en oppskrift på avindustrialisering og noe som disse medlemmer mener
regjering og storting i større grad må ta på alvor.
Komiteens medlem fra Venstre viser
til sine generelle merknader under kapittel 2.2 hvor også den framtidige
utøvelsen av Norges Banks pengepolitikk og Norges Banks mandat drøftes.
Noregs Bank forvaltar valutareservane og har
av Finansdepartementet fått i oppdrag å sørgje for den operative
forvaltninga av Statens pensjonsfond utland. I tillegg forvaltar
Noregs Bank Statens petroleumsforsikringsfond for Olje- og energidepartementet.
Ved utløpet av 2009 forvalta Noregs Bank 2 985 mrd. kroner i dei
internasjonale kapitalmarknadene. Dei to største porteføljane er
Statens pensjonsfond utland og valutareservane til Noregs Bank.
Ved utgangen av 2009 utgjorde kapitalen i Statens
pensjonsfond utland 2 640 mrd. kroner. Noregs Bank forvalta fondet
etter retningsliner som er fastsette av Finansdepartementet, og
i høve til ein eigen forvaltningsavtale mellom banken og departementet.
Forvaltninga av Statens pensjonsfond utland for 2009 er omtala i Meld.
St. 10 (2009–2010) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2009.
Noregs Banks hovudstyre har fastsett retningsliner
for forvaltninga av valutareservane. Investeringsporteføljen utgjer
den største delen av valutareservane. Dei to andre delporteføljane er
pengemarknadsporteføljen og petrobufferporteføljen. Pengemarknadsporteføljen
er den mest likvide delen av valutareservane. Porteføljen var i
2009 i hovudsak plassert som sikra innskot i utanlandske bankar.
Pengemarknadsporteføljen utgjorde 52,2 mrd. kroner ved utgangen
av 2009. Petrobufferporteføljen samlar opp dei jamlege kjøpa til
Statens pensjonsfond utland. Plasseringane av petrobufferporteføljen var
avgrensa til renteinvesteringar i 2009.
Investeringsporteføljen skal i høve til retningslinene
som hovudstyret til Noregs Bank har vedteke, ha ein aksjedel på
40 prosent og ein rentedel på 60 prosent. Retningslinene for investeringsporteføljen
samsvarar elles i stor grad med retningslinene Finansdepartementet
har fastsett for Statens pensjonsfond utland.
Marknadsverdien av investeringsporteføljen var 185
mrd. kroner ved utgangen av 2009. I 2009 var avkastninga på investeringsporteføljen
21,1 prosent målt i den valutakorga som svarar til samansetninga
av referanseporteføljen. Målt i norske kroner var avkastninga 3,7
prosent. Forskjellen kjem av at den norske krona styrkte seg i forhold
til valutakorga for referanseporteføljen. Forvaltninga gav ei meiravkastning på
5,6 prosenteiningar målt i forhold til kva ein ville fått ved å
investere i referanseporteføljen.
Marknadsverdien av Statens petroleumsforsikringsfond
var 19 mrd. kroner ved utgangen av 2009. Fondet skal i høve til
retningslinene investerast i renteberande verdipapir. Fondet hadde
i 2009 ei avkastning på 1,1 prosent målt i utanlandsk valuta, og
‑13,9 prosent når ein måler i norske kroner. Dette var 0,7 prosenteiningar høgare
enn avkastninga på den referanseporteføljen som Olje- og energidepartementet har
definert.
Det er bygd opp kontrollapparat for investeringsverksemda
både innanfor områda for kapitalforvaltning og pengepolitikk, og
i andre delar av sentralbanken. Valutareservane til Noregs Bank
og plasseringane for Statens pensjonsfond utland inngår i årsrekneskapen
til Noregs Bank og vert reviderte av Noregs Banks revisjon, jamfør
avsnitt 5.5 nedanfor.
Sjå meldinga om Statens pensjonsfond (Meld. St.
10 (2009–2010)) for meir utfyllande omtale av forvaltningsverksemda
til Noregs Bank i 2009.
Det er òg gjort nærare greie for kapitalforvaltninga
i banken si årsmelding og i ei eiga årsmelding for kapitalforvaltninga.
Forvaltninga av Statens pensjonsfond er òg omtala i statsrekneskapen.
Representantskapet seier at det som del av tilsynet
med Noregs Banks kapitalforvaltning har følgt opp dei tiltaka banken
har gjennomført når det gjelder risikostyring, mellom anna fastsetjing
av prinsipp og mandat for leiar av kapitalforvaltninga, og dessutan
organisering og etablering av rammeverk for risikostyring. Det vert
òg peika på at representantskapet, i dialog med Finansdepartementet,
har utarbeidd ein plan for uavhengig gjennomgang og attestasjon
av ulike område innafor den operative risikostyringa i Noregs Bank
Investment Management (NBIM).
Når det gjeld prioriteringar framover, uttalar
representantskapet at tilsynet med kapitalforvaltninga framleis
kjem til å ha høg prioritet. Representantskapet uttalar vidare at
det som ledd i fastsetjing av tilsynsplanen for 2010 og 2011 vil
vurdere vidareføring av den planen som vart lagd i 2009 for aktuelle
attestasjonsoppdrag for ekstern revisor.
Komiteen viser for
øvrig til de respektive partiers merknader i innstillingen fra finanskomiteen
til Meld. St. 10 (2009–2010) om forvaltningen av Statens Pensjonsfond
i 2009.
Komiteen tar redegjørelsen til
orientering.
Sentralbankrevisjonen er den lovbestemte revisjonen
for Noregs Bank etter sentralbanklova, organisert under representantskapet
i Noregs Bank. Riksrevisjonen har ansvaret for den overordna revisjonen
av Statens pensjonsfond utland og byggjer arbeidet sitt på mellom
anna materialet frå Noregs Banks revisjon. Noregs Banks revisjon
uttalar seg om retningslinene for porteføljane er følgde, og gjev
si revisjonsmelding til representantskapet. I tillegg gjev revisjonen,
i samsvar med forvaltningsavtalen, stadfestingar til Finansdepartementet
om kvartals- og årsrapportane frå Noregs Bank om forvaltninga av
fondet.
Finansdepartementet la 3. april 2009 fram Ot.prp.
nr. 58 (2008–2009) med framlegg til endringar i sentralbanklova
om ny rekneskaps- og revisjonsordning. Etter framlegget vert Noregs Bank
mellom anna rekneskapspliktig etter rekneskapslova, og representantskapet
skal velje ein eller fleire eksterne statsautoriserte eller registrerte
revisorar til å revidere rekneskapane til banken. Dette inneber
at ordninga som gjeld i dag med sentralbankrevisjon, vert avvikla.
Tabell 5.2 og 5.3 i meldinga viser Noregs Bank sitt
balanserekneskap ved utgangen av 2009, samanlikna med tilsvarande
tal for 2008.
Komiteen tar redegjørelsen
til orientering.